Mens vi venter…

Sponsorene har ikkje akuratt stått i kø, så eg har prioritert det kjipe voksenlivet (i kombinasjon med en god dose latskap) fremfor å skrive Swaziland-innlegget for andre gang… Eg har ikkje ombestemt meg for det kjem, men eg vonar at folk har smurt seg med ein god tode tolmodigheit!

Mens du venter kan du jo heller se denne filmen:

Filmen er frå ei elvekryssing i Khwai i Botswana.

Til dere som synes dette er galskap: Vi snakka med folk som var kjente i området som sa at det gikk ann og vi gikk over elva flere ganger, så vi viste hvor dypt det var. Desutan var dette eineste mulighet: Å køyre rundt hadde tatt fleire dager. (Bortsett frå at det muligens var ein veg rundt, men det fant vi ikkje ut før vi kom heim, så det teller ikkje).

Til dere som synes eg er pinglete og at dette er ingenting: Vi var ca midt uti ødemarka. Kun meg og mannen (og en bil med turister som helt random kom forbi) på ein plass utan mobildekning. Forsikringa på bilen dekker ikkje vannskader, så om vi hadde tabba oss ut så kunne det fort kosta masse penger og øydelagt heile ferien. Minst! Dessutan kunne vi ha drukna og blitt spist av krokodiller, tenk! Så det så!

Ellers da? Nei, ikkje så mykje… Gårsdagen ble brukt til å aksjonere på årsmøtet til arbeiderpartiet i Hordaland. Vi aksjonerte mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Folka var kjipe og bestemte seg for å stemme for kosekvensutredning, til tross for den supermassive motstanden frå dei syngande ungdommane utanfor. Arbeiderpartet i Hordaland tråkker i matfatet vårt! Håper folk i resten av landet er meir fornuftige…

Har du nokon gang blitt spist av ein krokodille? Synes du eg er pinglete? Og kva synes du om oljeboring i vakre nord?

13 thoughts on “Mens vi venter…

  1. Eg har aldri blitt spist av ein krokodille, og trur ikkje du er pinglete. Eg har jo sett deg lyfte ting på kontoret mange gonger! Eg var jo sjølv på aksjonen, så eg er nok veldig i mot oljeboring i vårt vene nord…

    • Hurra! Eg er glad du er uspiselig, og eg er glad du er tilbake! Eg har vært innom bloggen din supermange ganger og blitt lei meg hver gang eg har sett det teite, dustete innlegget om passbildet ditt! HURRA! Dette skal feires med KAKE!

  2. Om det er nokon som synst det der er pinglete, så er det nok fordi dei har litt problemar med å skilje mellom dei to fenomena «bil» og «båt». Det der er ein ganske heftig elvekryssing.

    Suss pus. Gler meg framleis til Swazilandinnlegget 🙂 .

  3. Det hadde sikkert vore kjempepraktisk akkurat dei 20 metrene på filmen, men mest upraktisk på dei andre 300 kilometrene.

  4. Eg gler meg valdsamt til Swaziland-innlegget. Sidan eg oppdaga at det finst eit land som heiter Swaziland (noko som var tidleg, eg var ein nerdeunge) har det vore ein draum å reise dit. Eg er med andre ord ytst misunneleg på deg og hadde gjerne blitt ete av ei krokodille for å kunne bytte med deg.

  5. Har aldri vorte åte av ein schnappi, nei.. Men det er i det minste noko eg kan vurdere, og livet blir for grått og usmakeleg..? Neida, det var berre eit vågalt utsegn! Og sjølvsagt tykkjer eg ikkje du er pinglete!! Du er mitt kjempekule idol, toppa med ein god porsjon awesomeness +++ Oljeborring i vakre nord er eg negativ til. Huff, vi lyt ty til betre løysningar i denne verda! Kva med torsken, ja, torsken?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s