Ting man må/kan/bør være redd for i Amsterdam:

Reiseføttene skal ut på tur igjen i morgon så tradisjonen tro (for alt som skjer meir enn to ganger er ein tradisjon, tenk!) her kjem eit innlegg om kva eg tror det er lurt å være redd for i Amsterdam.

Billeg alkohol:

Sidan Amsterdam ikkje er i Noreg er det god grunn til å tro at alkoholen er billeg der. Med andre ord er det god grunn for å være redd for å å ende opp som det her:

Fuck for forrest:
Dei norska aktivistene som blei kjent då dei pulte hadde samleie på scenen på quarten i 2004 treng kanskje ikkje nokon nærmere introduksjon. Sidan 2004 har dei flytta til Amsterdam, laga film og ifølge eit raskt søk på youtube er dei ikkje noko gode i engelsk. Eg ville ikkje møtt på disse i ei mørk bakgate (eller i ein kanal) i Amsterdam:

Hasj:
Hasj er eit narkotisk stoff som finnes i all mat (bl.a brownies) som blir servert i Amsterdam, derfor vurderer eg om eg skal ta med meg eigen mat…

John Magnus:
Eit bilete seier (atter ein gong) meir enn 1000 ord:
jmrd

Majones:
Om eg nokon sinne skulle finne på å skrive ei topp ti liste over ting eg hatar her i verda, er nok ikkje majones på toppen av den lista. Eg tar meg gjerne ei skive med litt majones i lystig lag, men er det noko eg ikkje kan fordra så er det majones i store mengder! Og ut ifrå bloggen til John Magnus ser det ut som det eineste ein spiser i Amsterdam er majones… i skikkeleg store mengder!

Nederlenderar:
I utgangspunktet tenker eg på nederlendere som eit relativt fredelig folkeslag. Litt sånn som dette:

Men sidan John Magnus har skrevet eit innlegg om nederlendere på bloggen sin har eg bestemt meg for å ikkje la meg lure! Uansett kor kosleg du ser ut, kjære nederlendar: EG SKAL FØRST UT AV BUSSEN! Du lurer ikkje meg!

Lista over ting er er redd for i Amsterdam er relativt kort i forhold til tilsvarende lister for Ukaraina og sørlige Afrika, så eg satser på at eg kjem heim i live til tross for at eg (også denne gangen) har droppa det som finnes av vaksiner på markedet.

Dagens spørsmål:
Har du savna meg (og blogginga mi)?
Har du nokon gang vært i Amsterdam?
Burde eg vært redd for noko meir? Evt. kva?
Liker du majones?

(Ps. Med unntak av bildet av John Magnus, så er alle dei andre bildene «stjålet» frå internett. Du kjem til den opprinnelige adressa om du høyreklikker på biletet)
(Ps 2: Eg har minst 3 innlegg, om eg ikkje hugsar feil, på vent i «arkivet» mitt, så eg lover å poste resten av «Afrika-blogginga» om ikkje så altfor lenge).

Advertisements

7 thoughts on “Ting man må/kan/bør være redd for i Amsterdam:

  1. – Savner deg hver dag vi ikke er sammen ❤
    – Aldri. Er på en slags liste, da.
    – Ramle full ned i en kanal?
    – Æsj. Kanskje litt i lystige lag.

    • Eg saknar deg og ❤ ❤ ❤ Du er yndlingstinaen min 🙂

      John Magnus er heilt enig i at ein bør være redd for å bli full og dette ned i ein kanal, men eg skal passe på han denne uka hvertfall…

  2. Woho, innlegg 😀 .

    1. Ja. Og så er det to veker til vi sjåast att. Huff. Og ja, det var på tide med blogg att (yay).
    2. Hmm… Har iallefall vore i Nederland. Og sidan Nederland er bittelite, og Amsterdam er kjempesvært, er det vel ein moglegheit for at vi streifa innom. Får spørje pappa.
    3. Vindmøller?
    4. I moderate mengder, under masse reker og sitronsaft. Namnam.

    • Ja, det var vel på tide… Eg saknar deg alereie, men eg trøster meg med nakne/lettkledde damer og litt John Magnus (som ikkje er naken).
      Har du vert i Belgia? Og kvifor skal eg være redd for vindmøller? Dei er jo ikkje farlige!

      • Sjølvsagt har eg vore i Belgia. Kven har vel ikkje det…

        Vindmøller lagar brumlelyd om natta, slik at det ikkje går an å sove. Så blir ein liggjande vaken heile natta, slik at ein sovnar på bussen neste dag. Så blir ein sitjande på bussen til endestoppet, der ein blir kasta ut. Så har ein ikkje pengar til billetten tilbake, slik at ein må ta til takke med livet som uteliggjar på endestasjonen til ei tilfeldig bussrute i Amsterdam. Difor må du vere redd for vindmøller.

        • Eg har ikkje det, din dust! Men bare vent!
          Den nærmeste vindmølla her er eigentlig bare ein resturant og lager ingen lyd (og er superlangt borte) så det blir ikkje noko problem! Dessutan har eg masse penger (håper eg). Og dessuten tar vi faktisk ikkje buss, men tog og trikk og sykkel og sånn lissom… Og man sovner bare ikkje på sykkelen! (Med mindre man er veldig full eller har røyka masse hasj, men det har jo ikkje vi…)

  3. Tilbakeping: Kjære googler (Del 1: Angst edition) | Leik og morskap

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s