Amsterdam dag 2, 3, 4 – gjesteinnlegg frå John Magnus!

Her er me superduper-trendsetjarar, og kvifor? Det skal eg avsløre mot slutten av innlegget! Eg må forresten understrekje at eg skriv på telemarksnært-nynorsk, og vonar å ikkje støyte dykk kjenslevare vestlendingar på grunn av det.DSC04679

Det er viktig å starte dagen med ein god frukost. Lina er teit og vil ikkje smake på hollandsk ost, men som den glade homoen eg er smilar eg lell. Eg har jo gjester og kan gjere noko av det beste eg veit – ete naken!DSC04085

Her står Lina Kristine på toppen av det som ei gong var verdas høgaste protestantiske kyrkjetårn. Det er nesten like lite stas som å vere den tredje høgaste bygningen i Belgia! Fin utsikt var det, då.DSC04548

Me har funne grøn bananlikør! Skal ikkje meir til for å vere lukkeleg. DSC04394

Bananlikør og oransje fjør til trass, det blir liksom ikkje fest utan ein bergenser og Hello Kitty. Heldigvis har me skype.

DSC04347

Eg er flink til å vere turkis. Takk til tilfeldig hollender som lånte vekk sykkelen sin utan å vite det. Lina er redd for syklane her. LOL.

DSC04178

Her er trendsetjinga i full gang: Lina tafsar på Baruch Spinoza, fordi han meinte at svaret på det store spørsmålet «Kva finst?» er «Substans». Det er ganske kult og sexy. Etterpå at me hadde fotografert den store filosofien, ville alle turistane gjere det samme. Høhø.

DSC04673

No skal me vere kulturelle og gå på teater, og so skal me sjå kva natta har å by på! Vonar det blir bananlikør og fine menn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s