Kva natta hadde å by på…

Det er vel bare å innse det: Det blir nok ingen toppbloggar ut av meg. Swaziland-innlettet ligg fremleis i «kladdeboka» og innlegget frå siste kvelden i Amsterdam kjem her 12 dager seinere (kanskje ikkje så ille etter min standard?)

Eg er generellt ingen fan av festbilder på internett, og eg er hvertfall ikkje fan av blogger med festbilder! Der er få ting i verda som er så lite spanande som å se på andre folk sine festbilder… Men er man i Amsterdam, så er man i Amsterdam (og da må det vel til).

Her er bilete frå ein av dei få tinga i verda som er mindre spennande enn å lese bloggar med festbilder: Nederlandsk teater med engelsk teksting.
Kort oppsummering: Teateret saug! Tekstinga var så langt vekke frå det som skjedde på scenen at det var umulig å se på scenen og tekstinga samtidig utan å få migreneanfall (og sjølv med migreneanfall tror eg ikkje det hadde gått).
Konklusjon: Om du vil være kulturell og intlektuell i Amsterdam, så les ei bok heller (sjølv om du får teaterbiletter til «spesialpris» mot at du fyller ut eit skjema der du må forklare nøyaktiog kor mykje du hata teateret etterpå…)
IMAG6137
Dette synes John Magnus om nederlandsk teater:
IMAG6139
Då vi var ferdige med teater fortsatte vi å være kulturelle. Her er John Magnus forran bl.a ein tinger som nokon hadde spruta maling på. Eg trur dei kallar det kunst…
IMAG6146
Og her er vel det eineste biletet av meg som viser kveldens outfit. Splitter ny (second hand) sølvkjole, ubergammel jakke (som for anledninga fungerte som veske), verdas finaste paljettbolero (under jakka) og sist men ikkje minst: verdas beste joggesko! Kun det beste er godt nok når eg skal på byn…
IMAG6149
Etter vi var ferdig med å posere forran malingsølet var det på tide å få noko godt i glaset. Sidan eg og John Magnus nettopp hadde oppdaga pisang/babanlikør/alkoholholdigdrikkesomsmakerlysegrønnekstratyggis fant vi ut at vi skulle bestille det. Samtalen mellom John Magnus og bartenderen var ca noko sånn som dette:
JM: To pisang, takk.
B: Med is eller vil du ha dei på nokon annan måte?
JM: Kva anbefaler du?
B: Ta noko anna!

Pisang blei det, til tross for bartender med dårleg smak.
IMAG6152
Her er bilete av kor hot John Magnus er og bartenderen som suser forbi og lagar pisang til alle kundane sine:
IMAG6156
Når vi var ferdig med å drikke pisang gikk vi på ein homonattklubb. Der hadde dei blålys og eg følte meg som heime til tross for at eg hadde pupper og det som verre er… (i motsettning til 95% av dei andre som var tilstede):
IMAG6168
John Magnus fikk suss og var blid og fornøgd (sikkert fordi leppestiften matcha de raude øynene… Homoar pleier å like at ting matcher).
IMAG6161
Så bestakk vi drag queen-DJ’en for å få høyre verdas ca 2. beste sang. Om det var den flotte paljettjakka eller dei 5 euroane hun falt for veit vi ikkje, men det gikk ikkje mange minuttane før sangen kom på høgtalerane…
IMAG6163
Her er sangen vi spanderte 5 euro for å danse til:

Og her er bildet som John Magnus ville ha som nytt profilbilde på facebook:
(Versegod!)
IMAG6159
Bilete av nattmaten må sjølvsagt med. Nederlendere kan virkelig dette med nattmat:
IMAG6175

Og sist men ikkje minst: Her er taktet på baren der eg og John Magnus venta på bussen. Den fikk kallenavnet «danskebåten», og det  med god grunn… Dei hadde ikkje spart på noko…IMAG6178

Alt i alt ein fin tur, med ein fin avsluttning. Siden eg har ein teori om at denne bloggen har eit relativt voksent publikum så kan eg nevne at vi tidligere på dagen (før vi var kulturelle og gikk på kjipt teater med påfølgende fest) var både på katolsk messe og i eit budistisk tempel (fordi det er bedre å be om tilatelse enn tilgivelse.)
Eg avslutter med eit bilete av ein dere sikkert kjenner godt, Jesus:
DSC04649

Har du vært i Amsterdam? Kva synes du?
Har du smakt pisang? Likte du det?
Har du vært på nederlandsk teater eller homobar i det siste?
Synes du eg burde lage eit eget innlegg dedikert til verdas finaste paljett-bolero?
Har du høyrd om Jesus?

(Ps. John Magnus: Om du leiter etter sykkelnøkkelen din, så har eg den. Kanskje litt upraktisk siden sykkelen er låst og eg er i vakre Noreg mens du er i flate Nederland… Bare nevner det)

13 thoughts on “Kva natta hadde å by på…

    • Tja… Eg veit ikkje kva eg skal si. Men vi traff ei dame på flyplassen som kunne masse om han. Blandt anna det at «å gå i kirka gjør deg like lite kristen som å gå i en garasje gjør deg til en bil» eller noko sånn…
      Kanskje Jesus kan få eit innlegg seinare.

  1. Dei tre fyrste spørsmåla veit du vel svaret på!
    JA, sjølvsagt må du lage innlegg om verdas finaste paljettbolero!
    Eg har høyrd om Jesus, eg har til og med lese boka om han! Eller, det vil seie, dei fyrste tre og ein halv mosebøkane, Job, Høgsongen, to av dei korte profetbøkane fordi dei hadde eit artigt namn (Haba-eit eller anna og ein til), evangelia, eit av breva til han kjipe og Openbaringa! So det so!

    Eg har heldigvis ekstranøkkel, elles hadde eg jo sitti stuck i containeren min enno.

  2. Nei. Veit ikkje
    Nei. Neppe.
    Nei og nei.
    Kanskje.
    Ja.

    Driv buddhistane og spør om lov først? (betre med tillating enn tilgjeving?)

    • Kult! Men du burde bli med meg på homobar og drikke pisang ein gang! Jesus kan og få bli med!

      Eg veit ikkje… Du kan jo google det!

      Og gled deg til å sjå kva folk har googla nå (sånn for å komme seg frem til meg). Denne uka har ny artighetsrekord!

    • Buddhistar trur jo ikkje på nokon gud, so eg kan ikkje sjå for meg at dei spør om korkje tillating eller tilgjeving. Meiner å hugse at einskilde retningar er oppteken av rådgjeving frå bodhisatvaar, derimot. Det er folk som har nådd Nirvana men valt å hengje i eit slag limbo for å gje råd til oss som ikkje har det.
      Og eg anbefalar heller å drikke bananjuice med litt grøn konditorfarge i enn å koke bananlikør

  3. Men det er jo ikkje homobar og pisang eg gler meg til! Eg gler meg til blogginnlegg om kva folk har søkt på vel!

    • Ååå… Kanskje det kjem i løpet av helga, men eg vil ikkje love noko for det pleier å ha en negativ effekt på folka i området der eg jobber… Og det vil vi jo ikkje!

Legg att svar til Olav Emil Avbryt svar