Kjære googler (Del 2: Mat/alkohol edition)

Da har eg omsider satt meg ned og fintellt alle stemmene. Det har vært en lang og hard avstemming, med masse stemmer, men endelig er resultatet her:

avstemming

Som dere ser var det kategorien «mat/alkohol» som gikk av med seieren, og hakk i hæl følger «diverse». Gratulerer til «Mat/alkohol». Bedre lykke neste gang til alle som stemte på «diverse».

«dill til lastebil»

Når ein tar eit kjappt biletesøk på google på «dill til lastebil» er dette resultatet ein får:
dill til lastebil

Kva ser vi her? Vi ser lastebiler, vi ser eit par ting som er superurelevante og vi ser dill. Stakkaren som søkte på «dill til lastebil» har nok ikkje funnet det han (eller hun?) var ute etter. Siden eg gjør nesten ALT i verda for leserene mine har eg tatt saka i egne hender. Her er det du leita etter:

DSC05128

Personlig foretrekker eg lastebil utan dill, men kvar sin smak. Uansett: Bon apetitt (men pass på tennene og ikkje rør ølen om du skal ut på lastebiltur).

Om ein til dømes skal på lastebiltur og ikkje har mulighet til å holde dillen fersk, så finnes det reserveløsninger:
dill

Lykke til med matlaginga!

«alkohol sylteagurk»

Alkohol er godt (neida mamma, eg bare tuller) men kvifor la sylteagurk ødelegge all morroa? Eg hatar sylteagurk og ville heller spist min egen fot enn å nærme meg ei sylteagurk, men om ein kjenner trangen og likevel vil ha noko, kan kanskje dette være eit greit sylteagurkfritt alternativ:
DSC05139

«billigste spriten som ligner på vodka»

Jeg skjønner nesten ikkje kvifor nokon har googla dette. Det blir jo nesten for enkelt:
701273

Om ein bestiller 15 flasker av dette vidundermiddelet på internett får ein ein literpris på ca 100kr. Da får ein deilig 75%sprit som du bare må vanne ned til 60% og vips så har du vodka. Hurra! Denne finnes også i praktisk reisestørrelse.

(P.S Antibac inneholder 75% alkohol og er hverken lovlig eller lur å drikke, så det tryggeste er nok å holde seg til vodkaen om ein absolutt må drikke teite ting. Den polske vodkaen er forresten eit billig alternativ til den norske vodkaen).

«pizza rømme istedenfor tomatsaus»

Pizza med rømme istedenfor tomatsaus er enkelt. Du bare bytter ut  tomatsausen med rømme. Om du ikkje gidder å lage pizzaen sjøl kan du reise til Ukraina. Der har dei ikkje hørt om tomatsaus (ulempa med Ukraina er at dei har hørt om dill).
IMAG4680

Ukrainsk pizza utan tomatsaus med med sylteagurk, dill og pølse. Omnomnomnot…

Men nå er det natt:
DSC05085

(Stua skal ryddes, så eg har ingen planer om å sove enda men det passa så godt med ein gjesp)

Har du drukket antibac i det siste? Liker du sylteagurk i ølen din? Synes du pusen er fin? Har du huska å stemme?

Kjære googler (Del 1: Angst edition)

Å blogge på wordpress-plattformen er ganske flott (sjølv om eg ikkje gjør det så ofte for tida). Til ein kvar tid har eg oversikt over kvar mange som besøker bloggen min, kvar i verda dei befinner seg og korleis dei kjem seg inn hit. Relativt mange kjem hit av eiga fri vilje (altså ved å skrive vevlogg-adressa inn i adressefeltet) eller via facebook, mens ein relativt liten del av alle som kjem på besøk kjem via søkeplattformen eg nå skal vie litt meir oppmerksomheit: Google!
kart
Kart som viser kvar i verda leserene mine er.

Vi går alle gjennom perioder i livet der vi lurer på noko, og da kan google være ein god venn i nøden. Nokon lurer på kva juleønske er på tysk mens andre vil vite meir om kor hard ein hai kan bite. Ein liten andel andel av alle som lurar på ting og bruker google for å finne svar på dei store spørsmåla i livet havner på min blogg, og sidan wordpress er så fantastisk gir dei meg ei liste over kva folk lurar på.

Siden mitt kall her i livet er å hjelpe folk og sidan eg for tida er sjuk og ikkje får gjort så mykje av nettopp det tenkte eg at dette var eit fint tidspunkt å starta spalta «Kjære googlar». Her skal eg etter beste evne prøve å hjelpe alle som nokon gong har kommet seg inn på vevloggen min via google.

Lista over kva folk har googla er lang, så for at ting ikkje skal bli altfor kaotisk skal eg prøve å kategorisere litt. Eg har merka meg at ein andel av leserene mine sliter med diverse ting dei er redd for, og sidan det er kjipt å være redd skal eg prøve å hjelpe alle reddharane der ute først:

«vist du er redd sykdom kan du få gul bæsje»
Eg må innrømme at min kunnskap om dette er relativt begrensa blant anna fordi:
1.Eg er ikkje redd for sjukdom.
2.Eg er jente. Altså: eg bæsjer ikkje!
Men eg har gjort litt research og funnene mine viser at du kan få gul bæsj blandt anna av høyt inntak av morsmelk. Og ifølge min gode venn lommelegen er det heilt normalt at bæsj varierer i farge, men om du har gul bæsj over lengre tid bør du kontakte legen din (da har du kanskje god grunn til å være redd for sjukdom?)
1269523746292_422
Dette bildet kjem øverst om ein googler «Gul avføring». Om du er redd for sjukdom/har gul bæsj kan du trykke på biletet og komme inn på ein flott artikkel VG har skrevet om kva dei forskjellige bæsjetypene betyr.

«gode ting for å vere redd for»/«ting man bør være redd for»
Det er lurt å være redd for ting man kan dø av. Om man ikkje er redd for ting ein kan dø av blir ein fort eit offer av naturlig utvalg.

«redd for danskebåten»
Danskebåten er ein fasinerende plass (som eg skal skrive meir om ved ein seinare anledning: Det er mange som lurer på ting om danskebåten). Gunnene til å være redd for danskebåten kan være mange.
1. Danskebåten er ein båt. Båter kan synke. Om danskebåten skulle finne på å synke er det ein viss risiko for å døy, og det er ikkje særlig koslig. Folk flest vil jo ikkje dø. Danskebåten har ikkje sunket i det siste, så vi får håpe det forsetter sånn.
2. Danskebåten er ein båt med ein høy andel av rare folk. Mange synes at danskebåten er ein flott måte å komme seg frå A til B samtidig som ein ikler seg hawaiskjorter og danser natta lang.  Nokon blir til og med så fulle at dei kjem inn i resturanten og lurar på om det var her rommet deres var. Med andre ord: God grunn til å bli engstelig. Harryfaktoren er høy og det samme er alkoholinntaket hos enkelte. God grunn til å rømme… nei, vent! Båt! Æsj!
3. Om du har parkeringsangst og køyrer lastebil ville eg vært ekstra redd for danskebåten. Men her kan eg nok ikkje komme med nokon gode tips, men kanskje mannen min har nokon.
4.Danskebåten har enkeltsenger. Ganske trist om ein er redd for å sove aleine (eller redd for å sove trangt). Eigentlig ganske trist uansett…
5. Inga internettdekning!

Tips til deg som er redd for å reise med danskebåten (hvis du vil trosse frykten din):
Bestill lugar sånn at du kan stikke av frå all galskapen! Båten er og full av billeg alkohol som kan hjelpe deg med å roe nervane. Ta evt. med ded noko oppblåsbart hvis det blir så ille at du må komme deg bort.
IMAG4412
Hvis du ikkje vil roe nervane med alkohol hjelper det å ha nokon som koser på deg. Her er klein danskebåtsengekos foreviga.

«redd for å reise»
Å leve er farleg, ein kan døy av det! Reising kan vel være farlig det og men statistikken sier klart og tydeleg at dei fleste ulykker skjer i eller i nærleiken av heimen. Med andre ord er det ingen grunn til å sitte heime. Kom deg ut og reis! Så lenge ein tar forhåndsregler og holder seg unna stader som til dømes regnskogen i Kongo bør det gå fint.

DSC01584 IMAG5027 IMAG4759-1

Her er eit par innlegg som går litt nærare inn på kva ein bør forberede seg på og være redd for på diverse turer:

I tilegg har eg innleget «Tingene man burde vært redd for på bilferie i Botswana/Sørafrika/Namibia/Swaziland/Mosambikk» liggende i arkivet mitt. Det kjem kanskje (eller kanskje ikkje). Vurderte og å lage eit tilsvarende innlegg om Amastedam, men det eineste ein trenger å være redd for der er galne syklister og sår rumpe, så da er det kanskje litt overflødig.

Eg avslutter med bilete av ein redd pusekatt:

090920112031

(Innlegget er skrevet klokka 5 om natta i heftig pencillin-rus så eg fråskriver meg alt ansvar for den elendige nynorsken… som vanleg!)