USA

For ein liten evighet maste Åshild om at eg måtte skrive eit innlegg om alt det gøye eg gjorde i Hollywood. Vanskelig oppgave. Her er det folk forventer å finne når ein skriver om Hollywood:DSC07459

Og dette var det eg faktisk gjorde i Hollywood:

-Sov.
-Hadde influensa.
-Brukte litt for masse penger.
-Drakk litt for masse kaffe (som eg opptil fleire ganger fikk spørsmål om eg ville ha krem på toppen: Nei, eg skal ikkje ha piska krem på kaffien!)
-Kræsja med folk som konstant stoppa for å se på dei irriterende stjernene på fortauet.

Det beste med heile Hollywood var faktisk at Hanne (som var så snill å låne meg leiligheten sin dei 2 nettene eg venta på Olav Emil) hadde 12 puter i senga si!
IMAG7156
…og når ein etter 3 uker på 8-mannsrom på hostell i Mexico med ei lita, klumpete lefse til pute ender opp i denne haugen (når ein både har døgna og får influensa) ser eg ærlig talt ikkje poenget med Hollywood.

Det 2.beste med heile Hollywood var når supermann plutselig stod bak meg i køen på butikken. Den dagen det skjer på Os…

Etter 3 dager i Hollywood kom omsider mannen. Det var stas (til og med meir stas enn å ha supermann bak seg i køen på butikken… Og supermann kjøpte tyggis forresten, om nokon lurte på det).  Etter enda to dager i Hollywood gikk turen videre til Las Vegas. Og bra var det, for det er begrensa hvor lenge det er gøy å være på eit sted der 95% av butikkene er souvenirbutikker og 100% av folkene der enten er teite turister eller selgere som vil kaste deg inn i souvenirbutikken sin…

DSC07793

Vegas var ein bra by. For den samme summen som ein bruker på 8-mannsrom på hostell i Mexico City får ein eit dobbeltrom med verdas største seng og rikelig med dopapir (Ædabæda Åshild!) i Las Vegas!
DSC07511Fornøgd mann på veg til Grand Canyon.

Frå Las Vegas er det også relativt kort vei til Grand Canyon. For ein stakkars vestlending som er sulten på naturopplevingar etter litt for lang tid i storbyen er ikkje det å forakte.

DSC07580

I USA er til og med den fine naturen privatisert, så ein må for all del ikkje glemme å ta med lommeboka (Noreg er ganske fint sånn sett, enn så lenge).

DSC07680 DSC07628

Hvert år «faller» 1-2 personer ned Grand Canyon. Vi ble heldigvis ikkje ein del av den statestikken, og kunne reise fornøyde tilbake til Las Vegas.

DSC07811
Nokon som fremleis lurar på kvifor amerikanerane er eit av verdas feitaste folkeslag?
DSC07726
Las Vegas by night.

Etter to fine dager i Las Vegas og ein fin dag ved Grand Canyon gikk turen tilbake igjen til California. Og det blir ikkje skikkelig biltur før ein treffer på litt «roadkill».
DSC07848DSC07845
Sjølv om vi begge har liv på samvittigheten var det heldigvis ikkje oss som traff på denne.
DSC07873Denne lille krabaten fant vi på gå-tur i ørkenen. Kjempegøy heilt til den fant ut at den skulle springe over armen min da eg la meg ned for å ta bilde.

Nå er vi vel fremme i Palm Desert (og det har vi faktisk vært i eit par dager nå), men sidan det er natt her nå tenker eg at vi sier at «forsettelse følger…»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s