I ein ambulanse i Mexico… (Del 2)

Dette er innlegg nummer to om ambulansehospiteringa i Mexico City. Om du ikkje har lest innlegg nr. 1 kan du lese det her.
IMAG7048


Vi er komen til dag nummer tre med hospitering og har fått beskjed om å møte opp ekstra tideleg. Vi har fått i oppdrag å stå i beredskap på ein «stor konferanse» på eit hotell. For å gjøre ein lang historie og tidenes lengste dag veldig kort: Vi stod over 12 timer i ein garasje og den eineste pasienten vi traff i løpet av dagen var ei dame som sannsynligvis hadde ein urinvegsinfeksjon! (Som alle veit er jo urinvegsinfeksjonar svært dramatiske greier…NOT!). Pasienten fekk to ibux og det var det… Vi fikk hvertfall skrevet eit par postkort den dagen.

IMAG7005
God tid til ein liten «fotselfie».

Etter tre dager i ein privat ambulansetjeneste der det vanligste spørsmålet som ble stilt var «Har du forsikringspapirer?» (Istadenfor til dømes: «Korleis har du det?», «Kvar har du vondt?» osv) innsåg vår kjære meksikanske kollega at vi ikkje var komen rundt halve jorda for å sjå dei dele ut ibux til folk med urinvegsinfeksjon. «Eg har vener i eit anna selskap. Der skjer det litt meir spanande ting! Der kan dykk sjå blod!» Det var kanskje ikkje akkurat det han sa (eller kanskje det var det! Eg kan jo egentlig ikkje spansk) men på dag nr. fire går vi frå den private ambulansetjenesten til ein halvprivat ambulansetjeneste/sivilforsvar-isj greie.

Mexico2

Viste du at det kvart år skjer over 4 millionar trafikkulukker i Mexico? Dag nummer fire er hvertfall dagen vi skal få være med på fire av disse (og vi får endelig sett litt bittelitt blod)! Vi blir satt av på eit busstopp der vi skal møte ambulanse nummer to. Med blålys og sirener er det såvidt vi klarer å hive oss inn i den allerede ganske fulle ambulansen før turen går til den første trafikkulukka.

IMAG7049
Eg er glad eg vanligvis jobber på ein plass som er litt lettere å uttale enn «Azcapotzalco».

Når vi kjem frem til ulukkesstaden er det første vi tenker at «dette har gått bra». Ein av ambulansefolka blir sittande lenge med ein av pasientane og lytter med stetoskop utanpå genseren hennar. Det viser seg seinare at kvinna er gravid i 1.trimester.
(For alle uerfarne: Å lytte med stetoskop er i seg selv en ganske vanskelig oppgave i eit stille rom. Når ein i tillegg prøver å høyre eit foster i trafikkstøy med fleire lag med kler oppå: Umogleg!). Kvinna fremstår som uskadd og men blir køyrd til sjukehus for kontroll.

Etter denne trafikkulykken går alt slag i slag og før vi veit ordet av det har vi vært med på fire trafikkulykker etter kvarandre. Ein motorsyklist som blei påkøyrd av ein bilist med diabetes (her får eg endeleg sjå blod når eg får beskjed om å måle blodsukker!), en front mot front ulykke og en politimann på motorsykkel som velta. Felles for alle ulykkene var at ingen av pasientene fremsto alvorlig skada, men vi lærte fort kor feil det meksikanske systemet virka: Pasienten som var minst skada (av alle pasientene i disse fire ulykkene) blei transportert til sjukehus. Ein av pasientane, ei 14 år gammal jente som potensielt kunne hatt alvorlege skader blei ikkje transportert til sjukehus i ambulanse fordi foreldra hennar ikkje hadde råd til å betale for ambulansen. Prisen på ein ambulanse i Mexico er avhengig av kven som henter deg. Er det ein privat ambulanse koster det fort ein formue, men om Røde Kors kjem er det gratis. Behandlinga er sjølvsagt deretter. Mangelen på system gjør og at ein aldri veit kven som kjem og henter deg, kva behandling du får og kva det vil koste.

Så var det på tide med lunsj då:
IMAG7065
Du trodde kanskje du viste kva taco er? Du tar feil! Dette er taco!

Tacoen du finner på ein gjennomsnittlig norsk ambulansestasjon ein laurdags kveld kan definitivt ikkje sammenlignes med tacoen en gjennomsnittling meksikansk ambulansearbeider spiser til lunsj ein fredags formiddag. Kva som var oppi gryta, lurer du kanskje på? Eg lurar heller på kva som ikkje var oppi gryta. Toros tacokrydder var iallefall ikkje til stede, men kva gjør vel det når ein har sukker, tarmer og innvoller ein kan kose seg med.

Etter 4 trafikkulykker på rappen og tidenes ekleste lunsj (som vi heldigvis slapp å spise fordi Åshild er vegeterianer! ❤ ) får vi beskjed om å køyre til metroen der nokon har fått bruddskader. Etter å ha «lest» litt for mykje meksikanske aviser (altså sett på svært detaljerte, groteske bileter) ser eg for meg ein lik klistra ut over jernbaneskinnene i ekte Mexico-stil!

Når vi kjem fram til staden sit ei dame med hoven ankel på fortauskanten. Det viser seg i løpet av alle hospiteringsdagene at det å ha illt i foten er svært vanleg i Mexico. Den alvorlege tilstanden (ja, du leser ironien mellom linjene her) krever ofte ambulanse og avansert behandling i form av smertestillende/betennelsesdempende krem og store mengder bandasje. Denne turen er utan unntak. Etter å ha blitt smurt inn og bandasjert blir dama frakta til lege for kontroll.

Etter dette får vi melding om at vi skal på eit «spesialoppdrag». Pasienten er ein kjenning av ambulansefolka og stemmninga blir god når ambulansen kjem frem og attpåtil har med seg blodne jenter.

Mannen har ein absess under kneet. Du veit, ein sånn svææær klump full av betennelse og gugge. Heldig som eg er får beskjed om at eg skal presse ut faenskapet. Mannen snakker dårleg engelsk og eg prøver å forklare at heime i Noreg er dette ei sjukepleiaroppgåve. Dei gir seg ikkje. Jobben skal gjøres!

Eg tar på meg hansker. Alle bileta frå absessfilmane på youtube passerer i revy. Eg blir kvalm og uvel (trykking på linken er på eige ansvar). Eg legger ein kompress over absessen og presser mens eg ser for meg folka på youtube som får denne kvite, illeluktande gugga spruta i anletet.

Eg presser som ein helt, men til ingen nytte. Meksikanerene ler av meg og kaller meg pingle (nei, eg aner egentlig ikkje kva dei faktisk sa, men eg ser for meg at det var noko i den duren.) Til slutt gir dei opp og ein av mannfolka overtar. Det er sjølvsagt ikkje lett å presse ut ein absess utan hull i, så etter eit tappert forsøk finner han ut at han må grave eit lite hull. Istadenfor å lage dette hullet med ein skalpell (som eg tror er normal prosedyre) så graver han seg heller eit lite hull med fingerneglen sin. Og eg som trodde at det ikkje kunne bli kvalmare enn meksikansk taco!

(Vi kaster sjølvsakt ikkje bort tida! Mens dette sjer får Åshild eit aldri så lite lynkurs i bandasjering fordi sonen til denne mannen tilfeldigvis og hadde litt illt i foten).

Etter litt pirking så renner pusset i strie straumar! Imens pågår den vanlege diskusjonen om kva vi har sett av turistattraksjonar i Mexico og kva vi skal sjå av turistatraksjonar i Mexico. Dei lurer og på korleis vi har det i Noreg og ikkje minst kva vi drikker i Norge. Og då er det sjølvsagt ikkje «vann og melk» dei vil høyre om, men dei alkoholholdige tinga. «Har dykk smakt rompope?» spør pasienten. «Nei» svarer vi som sant er. Det som skjer videre kan dere prøve å gjette dere til…

Sa nokon kulturkræsj?

IMAG7041
Etter ein lang dag med mykje inntrykk og arbeidsoppgaver som var litt meir enn å bare dele ut piller er vi godt nøgde, og ser frem til fleire arbeidsdager i ein litt travlere teneste enn det vi var i først.


I morgon er ein ny og spanande dag (ein av dei mest spanande etter mi meining).

Forsetjing følgjer…

8 thoughts on “I ein ambulanse i Mexico… (Del 2)

  1. Jeg er så glad for at våre bloggers veier møttes – hvordan det skjedde, er et mysterium for meg – men jeg ler så godt av hvordan du skriver 😀 🙂 Og opplevelsene deres. Masse masse lykke til videre, gleder meg allerede til neste oppdatering 🙂 Takk!!

      • Ååå, nå blei eg glad ❤ Tusen takk!

        Eg mistenker at våre bloggers veier møttes en dag eg kjeda meg litt og eg satt og leste gjennom masse relativt tilfeldige blogger og trykka "følg" på alle eg likte godt! Angrer ikkje på det 🙂
        Tusen takk ❤
        (Og takk for lykkeønskningene, men vi er vel heime nå, bare så det er avklart i tilfelle du ikkje hadde fått med deg den biten :p )

        • Takk som følger 🙂 ❤

          Ha ha, hadde ikke helt kobla at dere var hjemme igjen. Mulig at jeg har sett det og glemmer det fordi du skriver så levende 🙂

  2. Tilbakeping: I ein ambulanse i Mexico… (Del 3) | Leik og morskap

  3. . Jeg trodde nesten at du også var i Mexico nå. Hehe. Den tacoen så lite fristende ut 🙈 jeg er imponert hvordan du klarer huske alle detaljer . Wow 👍 skriver bra gjør du også. Skrev du dagbok ser borte ? . Glad jeg bor i Norge. Vi har det godt, bedre enn vi aner. Leser 3ern i morgen. :)) natti natti 🌛

    • Hehe, det hadde vært noe (sjølv om det er godt og varmt her og nå.)

      Tusen takk! Eg skreiv ikkje dagbok men blogg mens vi var der, men det jeg skriver om selve jobbe-delen er kombinasjon av hukommelse og stikkord. Men det skal sies at store deler av del 1 og 2 er skrevet rett etter vi kom heim, men alt som er frå del 3 og utover er hukommelse og stikkord 🙂
      Ja, vi har mykje å være takknemmelige for! Ein kan sei mykje om norsk helsevesen men uansett kordan vi snur og vender på det så har vi det faktisk bedre enn mesteparten av folka på kloden!
      Natta 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s