I ein ambulanse i Mexico… (Del 3)

Dette er innlegg nr 3. i ein serie av fleire innlegg om ambulansehospitering i Mexico City. Om du ikkje har lest dei andre innlegga kan du lese innlegg nummer ein her og innlegg nummer to her.


Vi er komne til dag nummer 5 med hospitering, og atter eit beredskapsoppdrag. Denne gongen skal vi ikkje sitje 12 timar i ein mørk, kald garasje og sjå på at folk med urinvegsinfeksjon får ibux, men vere tilstades på eit sykkelløp. Og folk med sykkel har jo ein tendens til å kveltre av og til…

IMAG7063

Jobben vår går kort fortalt ut på å tusle rundt i gata, drikke brus, spise og kose oss, men slippe alt vi har i hendene og løpe kvar gang kommentatoren byrjar å brøle «AMBULANCIA AMBULANCIA». (Sjå for deg Baywatch, berre med litt meir klede på og utan alt vatnet!)

Har du høyrd historia om «Gutten som ropte ulv»? Eg har ikkje tall på kor mange gongar vi sprang gjennom gatene, men dei fleste gangene var det til inga nytte. Folk kom seg stort sett på beina att og sykla vidare. I løpet av heile formiddagen med beredskap vart det plastra eit skrubbsår og ein stakkar som hadde knukke kragebeinet fekk seg ein bandasje før han kom seg til lege på eigenhand.

IMAG7061
Dette biletet oppsummerar eigentleg dagen ganske bra.

Når vi er ferdige på dette oppdraget går turen attende til stasjonen der vi får ein omvisning. Selskapet som vi hospiterar hos minnar som tidlegare nemnt om noko liknande sivilforsvaret (om vi skal prøve å «oversetje» dette til norske forhold). Vi får sjå ungar som vert trent opp, noko som ser ut som ein ekstremvariant av speidaren, og vi får sjå sentralen der det sit folk og følgjer med på overvåkingsvideoar over dekningsområdet.

I løpet av dagane med hospitering (og spesielt på dag nummer fire, der vi opplevde fire trafikkulukker etter kvarandre) har vi sett kor ulike det norske og det meksikanske systemet er, og kor ulikt norsk og meksikansk ambulansepersonell tenkjer. Sidan bloggen min blir lest av «alle» har eg ikkje gått heilt i dybden på desse forskjellane (enno), sidan dette kanskje er for spesielt interesserte, men på det neste oppdraget vi er med på får vi verkelig se desse forskjellane.

Spanskkunskapane våre er som tidlegare nemnt ganske avgrensa, men vi får beskjed om at vi skal på atter ein «choque» (eller kræsj som det heiter på godt norsk). Når vi kjem fram blir vi møtt av ein blodig, men oppegåande mann og ein moped som ligg på bakken. Det visar seg at mannen har drukke ein del før han kveltra på mopeden.

Mannen blir vist inn i ambulansen og vår kjære makker byrjar å vaske vekk blodet han har i andletet.. Han rekkjer meg blodtrykksapparatet og eit stetoskop. Allereie når pasienten kom gåande inn i bilen la eg merke til at han holdt armen i ein litt «unaturleg» stilling, og når eg ser han på nært hald er eg ikkje lengre i tvil om at armen er brekt. Eg peikar på armen og viser han til vår meksikanske venn som er travelt oppteken med å vaske blod, og med eitt innser han han kanskje har viktigare ting å gjere enn å vaske blod.

Pasienten blir med ein gong lagt på såkalt backboard (du veit, denne harde båra eg nemnte i eit tidlegare innlegg, som vi legg pasientar på for å stabilisere ryggen når vi mistenkjer skade), får på seg nakkekrage og armen blir spjelka. Under transporten tek vi målinger som viser at det står relativt bra til med pasienten, og eg får beskjed om at vi gjerne kan ta bilete saman med pasienten om vi vil det (Ja, du gjetta rett: Vi valde å la det vere).

Når vi kjem til sjukehuset stiller vi oss i kø i ein skranke, og ein person (som seinare viser seg å vere lege) insisterer på å opne spjelken for å sjå på brotet før pasienten skal på røntgen. Pasienten, som ikkje har fått noko smertestillande, er tydeleg smertepåverka. Etter dette blir vi sendt vidare på røntgen.

IMAG7066Vår gode venn Oscar poserar med ein «norsk» og ein «meksikansk» hanske. Kvifor han ser så misnøgd ut veit eg ikkje, vi trengte jo ikkje ein gong å stå i kø på røntgenavdelinga!

Etter at dei har teke det dei treng av bilete skal pasienten leggjast inn. Akuttmottaket består av to avdelinger. Ei for kvinner og ei for menn. Pasienten blir lagt i seng og før vi reiser vidare må vi ha med oss utstyret vårt: Pasienten blir flytta frå backboard til seng, nakkekragen blir teke av og spjelken blir bytta ut med pappesker og gaffatape medan pasienten hylar av smerte!

Hadde dette vore i Noreg hadde vi henta ein ny nakkekrage frå lager og venta på resten av utstyret til det var klart (evt. lånt utstyr), men sidan det meksikanske systemet eigentleg ikkje er noko system, er utstyret viktigare enn pasienten, dessverre.
(Ikkje misforstå meg: i Noreg lever vi i overflod, medan dei i Mexico gjer det beste ut av det dei har! Eg klandrar dei overhovud ikkje).

IMAG7067
Pappeskene ligg klare til neste pasient som kjem inn med brotskader…

Atter ein lang dag med mykje inntrykk og nye erfaringar er over.  Eg har hatt min siste dag i dette ambulanseselskapet. Før vi får lov å gå heim må det litt posering til.

IMAG7074

Det er kanskje ikkje synleg, men dette bildet er tatt i det kleinaste augneblunken i heile mitt 25 år korte liv:

Fotografen (på spansk): Alle sammen, sei klitoris!
Eg og Åshild: Hahaha, WHAT?!?
Fotografen: Did you understand that?

Jepp, det var den dagen dei lærte at klitoris er eit internasjonalt ord.

Dag nummer seks er vi tilbake til selskapet vi byrja med. Vi startar dagen med frukost ved ein av byens mange metrostasjonar. Medan vi står der ligg plutseleg dama som lagar frukosten vår på golvet i vogna si. Vi forstår ikkje kva som blir sagt, men kroppspråket hennar skrik at ho har krampe og smertar i foten. Ho får hjelp til å setje seg inn i ein parkert bil meda ein av ambulanseheltene løper (!) for å hente bandasje og isspray. Etter ein runde med issprayen og unødvendig mange lag med bandasje er dama på beina att og vi ender opp med gratis frukost (hurra!).

Som nemnt i det første innlegget hospiterar vi i eit selskap med mange ulike typar ambulansar. Denne dagen har vi fått eit transportoppdrag.

Når eg fortel folk at eg er ambulansearbeidar får eg ofte høyre ting som «Oooi, korleis klarar du det?» og «Huff! Du må sjå mykje fælt». Av ein eller annan grunn er den allmenne oppfattinga at vi som jobbar i ambulansen vassar i blod, død og forderving. Sanninga er heldigvis ein heilt annan, ein stor del av oppdraga består av såkalla vanlege turar der vi køyrer gamle tante Olga frå sjukeheimen til legetimen sin og attende (o.l).  Dette er dagen vi lærer at transportoppdrag i Noreg og transportoppdrag i Mexico er to heilt forskjellige ting!

Denne ambulansetjenesten har ein eigen ambulanse til transportoppdrag. Denne er kun utstyrt med ein båre og rullestol. Vi køyrer til ein av byens betre strok og stoppar ved eit stort, flott hus. Kun ein gong tidlegare har vi vore heime og henta nokon, då vi henta ein dame som bodde i eit svært lite og overfylt hus med fleire born. Denne gongen skal vi hente ein mann som bor åleine med hushjelpen sin i eit kjempestort og flott hus. I motsetnad til den gjennomsnittlege meksikanar snakkar mannen flytande engelsk.

Mannen har parkinson og er sengeliggjande. Vi hjelper han over i rullestolen og køyrer han i heis ned i 1.etasje der båra står. Vi trillar mannen ut i bilen og byrjar å køyre. Vi får inntrykk av at det er lenge sidan sist mannen var ute, og han verkar nøgd med å komme seg ut av huset.

Vi køyrer gjennom byen og kjem omsider fram til det som viser seg å vere verksemda der mannen var ansatt før han pensjonerte seg. Mannen blir trilla inn og signerar ein kontrakt før vi køyrer han heim att. Med andre ord var det ingen medisinsk grunn til at mannen fekk ambulanse. Han måtte vere tilstades for å signere ein kontrakt og han hadde pengar nok til å betale for ambulansen. (Dette gjer litt inntrykk på ein stakkar bortskjemt nordmann når ein har i bakhovudet at ei skada 14 år gammal jente to dagar i forvegen ikkje fekk ambulanse fordi foreldra hennar ikkje hadde råd til å betale for det).

Ambulanseoppdraget blir avslutta heime hos mannen der mannen betalar tilsvarande 600 NOK for turen. 600 kr høyrest kanskje ikkje mykje ut, men i Mexico tilsvarar dette oppimot ei månadsløn for ein dårleg utdanna, hardtarbeidande person. For å samanlikne, kostar ein tur på metroen 2 kroner og 50 øre.


I morgon kjem innlegget om den siste hospiteringsvakta, då vi hadde ei døgnvakt hos meksikansk røde kors, så følg med!

Fortsetjing følgjer…

6 thoughts on “I ein ambulanse i Mexico… (Del 3)

  1. Det er ganske sterkt å lese hvor store kontrastene er, og hvor lett man blir vant med hvordan vi har det. Og som du påpeker, vi er virkelig utrolig heldige. Ser for meg at det er nyttig å ha gjort noe som dette, for å få litt perspektiv på ting. Alt godt 🙂

    • Ja, sjølv om ein kanskje ikkje gjør den store forskjellen mens ein er der så sitter ein jo igjen med lærdom som ein har noko igjen for (og forhåpentligvis pasientene eg møter på heime og).

      Kontrastene er vanvittige! Vi er ikkje klar over kor godt vi egentlig har det! Vi har mykje å være takknemmelige for, ingen tvil om det!
      Takk 🙂

  2. Selv om eg hadde satt pris på ett bilde med dere sammen med pasienten, så er jeg litt glad for at dere la vær. Skal nå heller aldri si klitoris noe sted som helst (ikke at eg sier det, men du vet, bare for sikkerhetens skyld).

    Utrolig å lese det siste med en som har råd til ambulanse, og den 14 år gamle jenten…. Det gir inntrykk!

    • Meksikanere har litt andre antenner enn oss så om ein veit kva ein skal google, så er det ikkje vanskelig å finne bilder av skadde meksikanere (og det som verre er!).

      Haha, nei det er heldigvis ikkje det ordet ein bruker oftest. Verre med «æsj» og sånn 😛 «Klitoris» har liksom ikkje for vane å «dette» ut av meg nå eg får mat f.eks 😛 (Heldigvis!)

      Ja, det gir masse inntrykk. Samtidig som eg unner den gamle mannen med god råd den turen så er det trist å tenke på at ikkje alle er like heldige, desverre… Verden er urettferdig!

  3. Vi har det godt i Norge. Du må ha endret ditt syn på hvor godt vi egentlig har det i Norge etter slike opplevelser. Tenk at de må betale en hel månedslønn 😦 Enig med deg, verden er virkelig urettferdig .

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s