Hei Украина! (Dag 1)

Forrige innlegg ble skrevet i Slovakia. Det føles som ein evighet siden! Ikkje fordi vi kjeder oss så mykje at tida går seint, men fordi vi har opplevd ekstremt mykje siden sist, og sitter igjen med mange inntrykk!

DSC06636
Grå og trist søndag morgon i Slovakia.Vi står opp tidlig for å komme oss av sted. Vegen til Ukraina er lang, og landegrenser må krysses. Siden vi skal ut av EU er dette en (for oss) litt uforutsigbar prosess, som kan ta lang tid.

DSC06685
Slovakia er eit land eg ikkje har hatt noko forhold til (og heller få forventninger). Eg sitter igjen med inntrykk av at det er eit flott land med masse flott natur. Deler av turen frå Slovakia til Ukraina gikk på motorvei med denne standaren. Hadde det ikkje vært for køyre- og kviletider og topphastighet på 90 km/t (på lastebilen) hadde vi vært fremme på null komma nix.

DSC06721
Ikkje alle veiene vi køyrde på var motorvei standard. Mykje av veiene vi køyrde på kunne minne om den norske standarden, og nokon plasser dårligere.

DSC06772
Eit lite stykke før grensa køyrer vi feil, men ender opp i ein liten landsby med ein spiseplass. Lokalbefolkninga er sjølvsakt nyskjerrige på køyretøyene vi tar med oss.

DSC06762
Og så håper eg språkkyndige Eivind kan fortelle oss kva som står på dette skiltet. Med litt vill gjetting tipper vi på «ulykkesstrekning», men ein veit jo aldri. Kanskje fallende biler er eit stort problem i Aust-Europa.

I løpet av køyreturen gjennom Slovakia får eg telefon heimefrå om at farmor er død. Dette var ikkje veldig uventa, men det er likevel spesiellt å få eit slik budskap når ein er så langt heimefrå og gjerne skulle vært der med familien.

IMG_20150329_195804
Etter 4 timer i tollen kunne vi køyre over grensa. Kombinasjonen av narkohund og ambulanse var spennende, og kontrollen av passet mitt nesten meir spennende: Sist eg var i Ukraina glemte dei å stemple meg inn i landet; Eg blei kun stempla ut. Det er då dei store spørsmåla i livet dukker opp. «Er eg egentlig Ukrainsk statsborgar?» og «Skal eg døy no?» Biletet er frå då Olav Emil imponerande rygga inn porten til barneheimen til applaus frå tilskuerene, ein gjeng frå Noreg som var på besøk.

DSC06778
Første kveld i Ukraina ble feiret med middag og eit «Du veit du er i Aust-Europa»-øyeblikk: Vi bestillte to bittesmå glass med den lokale spesialiteten (vodka) og fikk, som bildet viser, to små glass og ein relativt stor karaffel!

I skrivende stund er vi kommet til kvelden på dag nummer to. I dag har vi levert frå oss ambulansen, fått omvisning i ambulanser og på sjukehus og spist ein bedre middag med dei lokale heltene. Etter ein lang dag sitter eg igjen med så mange og sterke inntyrkk at eg tenker at denne dagen krevet eit eget innlegg (eller fleire). Eg føler meg kjempepriviligert som får vokse opp i eit av verdas beste land, og ikkje minst privilegert fordi eg får sjå og oppleve alt dette! Vi har virkelig vunnet i lotto, heile gjengen.

PS. Om du kan lese dette utan google translate er du antagligvis privelegert du og! Hugs det!

Advertisements

10 thoughts on “Hei Украина! (Dag 1)

  1. Det er heilt riktig Lina Kristine! Skiltet er på slovakisk og betyr ulykkesstrekning. Det du kan dedusere fra det skiltet er at ulykkene i Slovakia er litt meir voldsomme enn det vi er vant med.

    Slovakia var forøvrig mitt yndlingsland når eg var på interrail i fjor høst 🙂

    God tur videre!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s