Livstegn frå Polen

På disse turene (eg er på min 2. men begynner allerede å føle meg litt småerfaren) er det lett å føle at ein suser frå land til land, nesten utan stopp. Nå begynner eg å føle at eg har vært litt for lenge i Polen. Etter at vi kryssa grensa frå Ukraina til Polen har de siste to dagene vært fulle av lastebilrelaterte ting. For Olav Emil sin del: Hardt arbeid, venting, fortolling av varer, telefoner og misforståelser. For min del: Venting og candy crush!

DSC07138
Flinke lastebil-mannen køyrer lastebil på dei utroligste steder. Her i Augustow (sånn ca) i Polen.

DSC07119
Det blir ikkje skikkelig lastebiltur utan snø og forsinkelser! Mannen er selvfølgelig skikkelig trist!

DSC07117
Heldigvis blir mannen fort blid igjen. Kanskje fordi han snart kan køyre videre til neste plass med enda fleire forsinkelser? Legg forresten merke til lastebildingsen som hadde laga eit skikkelig stort hull i bakken, fordi Polen er supergjørmete med masse sludd.

DSC07147
Heldigvis hadde den gjørmete plassen fine storker som kona kunne ta bilde av mens mannen og alle manne-mennene lasta bilen og banna på polsk. («Korva» eller noko sånn… Det betyr vist «svin» sjølv om det høyres meir ut som «pølse».)

DSC07135
Turen videre går til eit tettsted utanfor Lods (som egentlig skrives med rare polske bokstaver). Her klarer eg til alt hell å kvinne meg opp til en dobbel intervalltreningsøkt til tross for snøstormen ute (som heldigvis er over idet eg begynner). Joggeturen blir avslutta med at eg lærer at enkelte polakker ikkje er veldig service-innstilte (i motsettning til alle dei andre fantastiske polakkene vi har truffet til nå!) og eg rekker tilbake akuratt tidsnok til at toll-papirene er klare.

DSC07173
Som om dagen ikkje hadde gitt oss nok venting, er det selvfølgelig altidtreige, raude lys langs vegen. Ventetiden brukes til å lage rar kunst, som f.eks biletet over. Natta blir tilbragt i lastebilen (på truck-stop, ikkje ved det raude lyset).

DSC07199
Dagen i dag startet med enda meir venting. Ein lastebil kan vist aldri bli stor nok. Mannen er «pjusk i nesa» og kona lærer at migrene og lastebil på humpete veger er dårleg kombo. Snytepapiret i Polen gjør det heldigvis litt artigere å være småpjusk! (Sjølv om det er parfymert med lukta av offentleg toalett)

DSC07189
Flinke jobbe-mannen er klar for enda meir lasting av varer…

DSC07197
…mens kona leker fotograf.

DSC07204
Etter ønske frå kona ble det ein kort dag på vegen i dag. Bilen står parkert på truck-stop utanfor byen mens mannen og kona tok inn på hotell i Proznan som viste seg å være ein ganske fin by.

DSC07219
Nesten like fin som Bergen,bare med 96% sprit på matbutikken og 50 paracet til under 20 kroner.

Planen for laurdagen er å køyre gjennom heile Tyskland på grunn av køyreforbud for lastebiler på søndag. Å tilbringe eit heilt døgn på truck-stop i Tyskland frister liste, så vi krysser fingra for ein dag med masse køyring, lite venting og null «pjuskhet».

Begynnelsen på den lange reisen heim

Dagen etter vi leverte ambulansen var det på tiden å begynne på reisen heimover. Mens Olav Emil og Egil fyller drivstoff til traileren blir eg og svigermor stående utanfor barnehjemmet å vente.
DSC07035
Mens vi står der begyner dei lokale heltene å pakke medisinsk utstyr i bilen. Ambulansen var tom når vi leverte den (av praktiske årsaker) og nå skal ambulanseutstyr og medisinsk utstyr fordeles mellom sjukehuset, ambulansen og ein annan ambulanse som manglet litt utstyr. Før vi reiser hadde eg ein gjennomgang på korleis noko av utstyret skal brukes.

DSC07020
Lastebilen utanfor House of mercy. Klar til avreise.

Plassen vi overnattet var bare nokon få kilmeter frå grensa til Slovakia, så veien til tollen var kort. Vi brukte to timer og 53 minutter på å krysse grensa med tom bil. Litt bedre enn dei 10 timene då vi hadde vært i Korosten tidligere.

DSC07048
På vegen gjennom Slovakia begynner det å snø. Mannen smiler frå øyre til øyre og tar utfordringa på strak arm!

DSC07057
Snøstorm i Slovakia var ikkje akuratt det eg hadde sett for meg. Men så hadde eg heller ikkje så mykje forventninger…

DSC07064
Første natt på vegen heimover blir tilbragt på ein truck-stop ein eller annan random plass i Polen! (Den harry belysninga er kun for illustrasjonsbilete! Vi driver selvfølgelig ikkje med sånn tull!)

DSC07068
Onsdagen gikk i likhet med dette bilete ikkje heilt som planlagt. Dagen har blitt brukt til lasting, og i dag skal det lastes enda meir i dag før vi forsetter på den lange veien heim.
(Olav Emil tok dette bilete og hadde svart/kvit/raud funksjonen på med eit uhell. Eg synes det blei stilig likevel!)


Siden vi er på biltur har vi selvfølgelig eit par cder som skal spilles i hel. Så dagens musikktips: Den nye cden til Imagine Dragons er fantastisk, og den blir bedre og bedre dess fleire ganger du høyrer den!

Украина! (Dag 2)

Det er på tide med eit innlegg med dag nummer 2 i Ukraina, og eg garanterer at det er 100% fritt for april-spøker! Lover! (1.april er teit!)

(Anbefaler forresten alle å lese tilleggskommentaren frå Egil i kommentarfeltet)


Dagen starta tidelig med frokost på hotellet. Vi skulle til levere ambulansen på sjukehuset og hadde masse arbeid forran oss.DSC06794
For å få ein ambulanse registrert på privatperson i Noreg må blålysa dekkes til og kobles frå. I dette tilfellet ble blålysa dekka til med «god», gammaldags elektriker-tape. Før ambulansen skulle leveres på sjukehuset måtte tapen fjernes, noko som var meir arbeid enn kva nokon av oss hadde sett for oss. Vi lærte på den harde måten at elektriker-tape ikkje er tingen! Eg trur eg brukte nærmere ein halvtime og X-antall kjemikalier for å bli kvitt limrestene på hendene! Bildet viser ekte HMS Ukraina-style! Det finnes ikkje grenser for kva ei ambulansebåre kan brukes til.

DSC06797
Dette bildet er så feil at eg nesten ikkje tørr å legge det ut på internett, men la gå: Når du fyller meir enn 30 liter diesel (som du lett gjør på ein stor ambulanse) på shell i Ukraina får du med ein gratis, iskald øl! (Litt seinere på turen finner nokon i reisefølget ut at man får ein liter vodka når man fyller full tank på lastebil på den samme stasjonen! Det høyrer med til historien at begge flaskene er pakka trygt ned i bagasjen og blir med heim som souvenirer og bevis på galskapen!)

DSC06800
Etter at ungdommen har jobba seg ferdig insisterer svigerfar på at han vil køyre ambulansen det siste stykket til sjukehuset. Det får han sjølvsagt lov til!

DSC06836
Vel fremme på sjukehuset blir vi møtt av synet av ein norsk volvo-ambulanse og denne ambulansen. De forteller oss at denne ambulansen ble tatt ut av drift fordi forbruket var ca 5 liter pr. mil. Når ein køyrer turer på fleire hundre kilometer ein veg blir den fort for dyr i drift for nokon som i utgangspunktet ikkje akuratt har for mykje penger.

Når vi kjem frem blir vi tatt imot av ein haug med folk: leger, sjefer og arbeidere. Det går ikkje lang tid før vi blir tatt med inn på kontoret til direktøren som serverer kaffi og nærmest holder ein tale om kor takknemmelig han er for gaven frå Noreg. Han går i detalj om kor etterlengta ambulansen er og kor vanskelige arbeidsforholda deres er i dag, når dei må frakte svært sjuke barn over lange distanser med dårlege biler og mangelfullt utstyr.

Vi får og ein konvolutt med bilete av ambulansearbeidere i Donetsk (nær grensa til Russland) der ein av dei er iført ambulanseuniform med logoen til Rogaland Fylkeskommune (som drev ambulansetjenesten nokon år før eg bleir lærling i Helse-Fonna). Det var ein spesiell opplevelse å sjå folk som gjør den samme jobben som meg, i dei samme klærne som meg men i eit krigsområde med svært begrensa resurser. Tidligere gikk ambulansepersonellet iført millitæruniformer, noko som gjorde dei til eit ettertrakta mål i krigen. Takket være ambulanseuniformer frå Noreg går disse arbeiderene forhåpentligvis ein litt tryggere «kvardag» i møte.

Etter møte på direktørkontoret får vi videre omvisning på sjukehuset og vi får sett utvalget av ambulanser (og lignende).

DSC06900
Dette er ambulansen som er i daglig drift ved sjukehuset i dag. Sjukehuset er eit barnesjukehus, og denne bilen blir normalt brukt til overflyttinger mellom sjukehset og eit større sjukehus i Kiev. Barna som blir flyttet på er ofte for sjuke til å bli behandla på det lokale sjukehuset, og blir transportert over svært lange avstander i ein bil i svært dårleg stand. Støtdemperene i denne bilen er vistnok så dårlege at barna må transporteres på eit voksens fang! Transport av svært sjuke barn er noko av det vanskligste ein gjør når ein jobbar i ambulansen (etter mi meining, og eg trur mange deler den!) Eg har store problemer med å sjå for meg ein kvardag der ein må gjøre ein så vanskelig jobb med så begrensa resurser!

DSC06891
Fremme i ambulansen. Atter eit bevis på at HMS ikkje står høyt på dagsordenen i Ukraina. Eg var inne i førerkupeen i fleire ambulanser, og ikkje ein var utan relgiøse symbol, noko eg forstår veldig godt! Skulle eg utført samme jobb som mine kollegaer i Ukraina og samtidig hatt det relativt bra med meg sjølv trur eg at eg måtte hatt litt bedre kontakt med høyere makter for å takle kvardagen!

DSC06892
Ved første øyekast ser ambulansen relativt normal ut i sjukekupeen, men eg kan love deg at dei ikkje har mykje utstyr til rådighet her.

DSC06895
Eit obligatorisk bilete. Det er ikkje umulig at nokon eg kjenner har gått i denne jakka før. (Om du som leser dette har levert frå deg den gamle uniformsjakka di, så synes eg du kan unne deg litt ekstra god samvittihet no. Ja, hjelpa kjem frem!)

DSC06843
Atter ein ambulanse må prøvesittes. Denne var så høy at eg måtte dyttes inn! Sikkerhetssele, airbag og nakkestøtte er luksus ein ikkje har tatt seg råd til her.

DSC06850
Medisinsk utstyr var det og sparsomt med! Det eineste eg fant i denne bilen (som i hovedsak blir brukt til å transportere leger) var eit slitent munnbind bak ein sliten spegl.

DSC06851
Sjukekupeen i denne bilen. Som nevnt er denne bilen i hovedsak ikkje brukt til pasienttransport, slik eg tolka det, men standarden mange steder er ikkje helt ulik denne (gjerne med ei madrass på golvet, og kanskje ein oksygenkolbe om ein er heldig).

DSC06859
Denne bilen var en gave frå Tyskland for 15 år siden. Bilen var i daglig drift frem til i fjor, og blir nå brukt som delebil. Ukrainerene er fantastisk flinke til å bruke dei få resursene dei har til det fulle.

DSC06826
Eit velkjent syn for mange. Ei gåve frå Noreg dei har fått tildigere.

DSC06903
Etter å ha sett på ambulansene blir vi tatt med inn på sjukehuset og kontoret til legen, som forteller om arbeidet dei gjør mens svigerfar-Egil dokumenterer!

DSC06913
Vedlikehold av byggningen er ei stor utfordring. Standarden er svært varierende.

DSC06917
Poliklinikken har fått ein ny maskott frå Noreg! Vi håper han liker sin nye heim og at han kan spre masse glede og kjærleik!

DSC06929
Legen viser frem eit bronkoskop (om eg ikkje hugser feil?) Nylig opplevde legen at utstyret ble øydelagt under ein opperasjon. Utstyret ble fikset senere og barnet ble opperert på nytt og overlevde. Det er heilt klar at disse legene har utfordringer som er mykje større enn kva vi har i Noreg (der vi bare kunne henta nytt utstyr når det gamle blir øydelagt). Svigerfar dokumenterer feilene og behovene så godt han kan.

DSC06923
På kontoret til legen: To bokser med ting han har plukket ut av lungene og luftvegene til barn! Her var det ein salig blanding av batterier (som er kjempefarlige å svelge), tegnestifter og mynter. Tidligere måtte disse pasientene sendes videre til andre sjukehus, men takket være meir utstyr kan legen nå gjøre mykje meir sjølv! Ingen tvil om at dette redder liv!

DSC06935
Nyoppussa opperasjonsstue! Legen fortalte at det før oppussinga stod vannbøtter i rommet når det regna, for å ta unna vannet som kom frå hull i taket! Standarden er altså heva eit par hakk.

DSC06947
Når noko er øydelagt så bruker ein det ein har og fikser det. I dette tilfellet med tape!

DSC06960
Trappene opp til opperasjonssalen. Sjukehusethar ikkje heis, så barna må bæres opp og ned trappene av sjukepleierene før og etter opperasjonene! Nettet som du ser på biletet er festa der for å fungere som eit sikkerhetsnett.

DSC06961
Så til ein av dei mest spesielle opplevelsene denne dagen. På sjukehuset har dei ein «baby-boks». Her kan mødre som av forskjellige årsaker ikkje ser seg i stand til å ta vare på babyen sin sjølv, legge babyen inn i boksen. Frå døra blir åpna tar det 4 minutter (som mora har på å komme seg vekk) før alarmen går og babyen blir plukka opp av ein sjukepleier.

Då vi var på sjukehuset hadde dei 10 foreldrelause barn inne. Vi fikk komme inn på rommet der dei låg (tok ikkje bilder av dette). Det var heilt tydelig at fleire av disse barna har hatt ein altfor hard start på livet. Nokon såg svært slitne og utmatta ut. Det var rett og slett vondt å sjå på. Nokon av ungene såg friske og «normale» ut. Det er spesiellt å tenke på kva situasjon disse foreldrene befinner seg i der dei er så desperate at dei ser på det som einaste mulighet å levere frå seg barnet sitt. Disse barna for forhåpentligvis eit betre liv enn kva foreldrene deres kunne tilbytt…

DSC06976
Babyboksen sett frå utsiden.

DSC06982
Ein plakat tatt i forbifarten av ein sjukehusvegg. Eg er ikkje god i ukrainsk men etter bildene (og tallene) å dømme har dei fremdeles ein lang veg å gå når det kjem til førstehjelpsundervisning! (Ikkje kast vekk tida på leite etter puls på hjertestans!)

DSC06987
Da omvisninga var over kom vi tilbake til ein ambulanse utan skilter, og siste rest med «arbeid» står for tur.

DSC06884
Det er ikkje kvar dag nokon putter ein anestesilege inn i bilen med meg og ber meg forklare han korleis ting fungerer. «Heldigvis» har svigerfar fått dokumentert kor fantastisk flott engelsken min er når eg snakker med øst-europeere!

DSC06879
…Og opplæring av sjåføren må og til. Siden eg ikkje er så stødig i ukrainsk fikk eg heldigvis tolk her. (Ja, i Ukraina har dei faktisk ekte ambulansesjåfører!)

DSC06991
Så var ambulansen overlevert. Den gule mappen med papirene til den gule bilen har skiftet hender og om nokon uker (med byråkrati) er forhåpentligvis ambulansen klar til daglig drift!

DSC07015
Tilbake på barnehjemmet igjen er folk i full gang med lossing av lastebilen. Klær og møbler sorteres og medisinsk utstyr frå ambulansen går midlertidig på lager.


Dagen etter dette reiste eg og Olav Emil videre til Slovakia og Polen. Svigermor og Svigerfar var så heldige at de fikk bli på plassen eit døgn lengre enn oss før dei reiste videre på ferie til Krakow. Det kjem fleire innlegg med bilder frå resten av turen, men her er mesteparten av det som har med ambulanse og sjukehus samla i eit innlegg.

Svigerfar var på sjukehuset dagen etter dette og, og forteller om sterke inntrykk og eit sjukehus med svært dårleg standard. Som eg skreiv i forrige innlegg (ca): Vi er så sinnsjukt heldige! Verda er urettferdig!
DSC06866

Etter denne dagen sitter eg igjen med 1000 inntrykk og tanker. Det er bare ein brøkdel som er blitt nevnt i dette innlegget, så om du lurer på noko eller det er noko meir du vil høyre meir om: Bruk veldig gjerne kommentarfeltet!

(Du er så anonym som du vil være når du poster. Det er kun eg som kan sjå mailadressa di når du skriv den inn)