Begynnelsen på den lange reisen heim

Dagen etter vi leverte ambulansen var det på tiden å begynne på reisen heimover. Mens Olav Emil og Egil fyller drivstoff til traileren blir eg og svigermor stående utanfor barnehjemmet å vente.
DSC07035
Mens vi står der begyner dei lokale heltene å pakke medisinsk utstyr i bilen. Ambulansen var tom når vi leverte den (av praktiske årsaker) og nå skal ambulanseutstyr og medisinsk utstyr fordeles mellom sjukehuset, ambulansen og ein annan ambulanse som manglet litt utstyr. Før vi reiser hadde eg ein gjennomgang på korleis noko av utstyret skal brukes.

DSC07020
Lastebilen utanfor House of mercy. Klar til avreise.

Plassen vi overnattet var bare nokon få kilmeter frå grensa til Slovakia, så veien til tollen var kort. Vi brukte to timer og 53 minutter på å krysse grensa med tom bil. Litt bedre enn dei 10 timene då vi hadde vært i Korosten tidligere.

DSC07048
På vegen gjennom Slovakia begynner det å snø. Mannen smiler frå øyre til øyre og tar utfordringa på strak arm!

DSC07057
Snøstorm i Slovakia var ikkje akuratt det eg hadde sett for meg. Men så hadde eg heller ikkje så mykje forventninger…

DSC07064
Første natt på vegen heimover blir tilbragt på ein truck-stop ein eller annan random plass i Polen! (Den harry belysninga er kun for illustrasjonsbilete! Vi driver selvfølgelig ikkje med sånn tull!)

DSC07068
Onsdagen gikk i likhet med dette bilete ikkje heilt som planlagt. Dagen har blitt brukt til lasting, og i dag skal det lastes enda meir i dag før vi forsetter på den lange veien heim.
(Olav Emil tok dette bilete og hadde svart/kvit/raud funksjonen på med eit uhell. Eg synes det blei stilig likevel!)


Siden vi er på biltur har vi selvfølgelig eit par cder som skal spilles i hel. Så dagens musikktips: Den nye cden til Imagine Dragons er fantastisk, og den blir bedre og bedre dess fleire ganger du høyrer den!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s