It’s a long way down…

Eg har gått mange rundar med meg sjølv før eg til slutt lot dette innlegget gå igjennom sensuren. Eg liker tullete blogginnlegg, og sjølv om eg nokon ganger skriv innlegg om folk som ikkje er så heldige som meg og (forhåpentligvis) deg er det som oftest med eit snev av positivitet og ein humoristisk undertone. Dette innlegget er blotta for humor, og er ein kjip påminning om kor kald verda vi lever i nokon ganger er!

For ordens skuld: Dette innlegget har ligget i «karantene» i arkivet mitt ei stund. Det er innhaldet som er viktig! Tid og sted har ingen betydning! Som vanleg modererer eg kommentarene som kjem inn; Spørsmål om kven, kva og kvar vil ikkje bli godkjent. Det vil heller ikkje spekulasjoner rundt utfallet av denne (potensiellt) tragiske hendinga.


Det er få ting som er så herleg som å gå tur etter lang vakt som endte opp med å bli mykje lenger enn planlagt (sånn som ofte skjer). Vakre vestlandet er som kjent fullt av fjordar og fjell, og for å nå dagens turmål måtte eg krysse ei av vestlandets mange bruer.

20141005_183815

Eg sit i mine egne tanker då eg ser blålysa i speglen. Flink som eg er køyrer eg inn til sida, og hinter forsiktig til han som køyrer forbi meg (som sikkert ikkje hadde spegl på bilen sin) om at han og bør slippe frem blålys-bilen som kjem bak oss. Politibilen køyrer forbi og utan å tenke noko meir over det forsetter eg ferda mot målet…

Litt seinere stopper trafikken opp, midt på ei av vestlandets mange bruer. Etter nokon minutter med venting, utan at trafikken beveger seg begynner folk å gå ut av bilane sine. Dei trippar utolmodig rundt. Fleire stirrer ned mot vannet.

Eg går ut av bilen. Køen strekker seg så langt auget kan sjå. Under brua ser eg redningsskøyta kome. Ein ambulanse kjem køyrande med blålys, og etter kvart kjem brannvesenet og. Mannen i bilen forran meg forteller at dei snakker om «ein hopper».  Saman ser vi over kanten og funderer på kor langt det er ned. «Trist» seier eg. «Han kunne godt venta til eg fikk køyrd over brua» seier mannen.

Eg går tilbake til bilen for å åpne vindauget, for at to varme hundar skal få litt luft i bura sine. Mannen i bilen bak meg nikker til meg og er åpenbart nyskjerrig på kva som skjer. «Dei snakker om at det er nokon som har hoppa» seier eg. «Typisk at dette skjer når eg har det travelt» seier mannen.

«Typisk at dette skjer når eg har det travelt»

Etter litt venting begynner trafikken å bevege seg igjen, sakte men sikkert. Vi nærmer oss blålysa. Folk i uniformar springer. Nokon av dei ser litt stressa ut. Trafikken går i gangfart. Eg ruller ned vindauget og spør politimannen som ser minst travel ut om det er behov for meir helsepersonell. Før han rekker å takke nei høyrer eg ein av politifolka rope. Instinktivt stirrer eg mot personen politimannen roper til; ganske høgt oppe i brokonstruksjonen står han…

«Her er det ikkje mykje eg kan stille opp med» tenker eg for meg sjølv, mens politimannen eg snakker med forteller meg at dei har nok resurser. Eg køyrer videre.


Då eg var 15 år og «emo» var dette ein av dei mange sangene eg hadde på spillelista mi: «It’s a long way down, but I feel alright. And I hope you’re here, when I hit the ground. «Cause I’m high on forever and always together and I’m coming down»

Etter denne hendinga sit eg igjen med mange tanker; Er samfunnet virkelig blitt så kaldt at «dette har eg ikkje tid til i dag» er reaksjonen til folka som ferdes over disse bruene dagleg og antaglegvis opplever dette mykje oftere enn meg?

Eller kan det tenkes at det er ein form for galgenhumor for å gang på gang måtte takle den påkjenninga det er å køyre forbi mennesker som er så desperate at den eineste løysninga dei ser på problema sine er å avslutte livet?

Uansett kva svar ein tenker er det rette, så er det ikkje greit.

10.September er den internasjonale dagen for sjølvmordsforebygging. Det finnes mange måter å forebygge sjølvmord på. Ein av måtene er sikring av dei mest utsatte bruene. Argumentene mot er det nok av: «Dei som virkelig vil, får det til uansett» er eit av dei som går igjen. Grunnene til at folk ønsker å ta livet av seg er mange. Nokon er djupt deprimerte. Nokon er psykotiske. Mange er påvirket av alkohol eller andre rusmidler. Nokon planlegger. Andre er spontane.

Om ein sikrer bruene vil ein gjøre terskelen litt høgere for folk: Personen som sit og planlegger må planlegge enda meir. Kanskje han eller ho tenker seg om ein gang ekstra. Personen som er rusa på narkotika og ikkje veit kva han gjør vil få det vanskeligere. Uansett korleis ein snur og vender på saken, så vil sikring av bruer redde liv! Sånn eg ser det har vi alt å vinne. Kva har vi eigentleg å tape?

Ein må sjølvsakt ha ein fungerande helseteneste som tar seg av alle som ikkje hoppar. Det er dei det er flest av. Men sikring av bruene er ein provoserande enkel måte å redde menneskeliv!


Ein stor andel av leserene mine kjem her via Google. Kanskje du kom hit fordi du søkte etter noko knytta opp mot det eg nettopp skreiv om? Eg kan ikkje skrive om dette temaet utan å oppfordre alle som treng det, til å snakke med nokon om det! Om du ikkje vil snakke med nokon du kjenner finnes det mange andre som bryr seg og kan hjelpe.

Kirkens SOS har både chattetjeneste og ein døgnåpen telefon du kan ringe:
22 40 00 40
Hjelpetelefonen til mental helse har telefonnummer: 116 123
Treng du hjelp akuratt no?
Ring den lokale legevakten din på 116 117 eller medisinsk nødtelefon på 113.

Og hugs:
IMG_20150626_005839

Advertisements

8 thoughts on “It’s a long way down…

  1. Eit heilt vannvittig viktig tema. Har vi verkeleg ikkje tid og ressursar? Vi må rett og slett ta oss tid. Om det er forseint å hjelpe så kan ein i allefall smøre seg med tålmod og tenke litt over saken, synes eg 🙂

    • Det er ikkje godt å si kvar det sviktar. Er det nokon som har resurser, så er det da virkelig oss! 75% av alle sjølvmord skjer i fattige land, og det sier jo litt om kor viktig det er å faktisk bruke resurser på dette. Desverre ser det ut som det svikter i veldig mange ledd. Både hos kvar enkelt av oss og i systemet. Det er trist. Og holdingene til veldig mange mennesker er trist! Uansett kan vi alle gjøre ein innsats med å passe på dei vi har rundt oss ❤ Vi har ingen å miste!

  2. Tilbakeping: YOLO | Leik og morskap

  3. Eit fantastisk fint blogginnlegg! Kanskje du ikkje skulle ha så sterk sensur, men eg veit kor vanskeleg dette med å legge ut viktige tema, er.

    Eg trur samfunnet vårt har blitt akkurat slik du beskriv. Det er mykje enklare å forhalde seg til seg og sitt. Desto viktigare at slike klare og sterke stemmer som du har – blir høyrt.

    Takk for at du delte!

    Helsing AnnK

    • Tusen takk for ein fantastisk fin kommentar! Eg har tidlligere lest bloggen din i stor beundring, og då er det litt ekstra stas med sånne fine kommentarer 🙂

      Sensuren er ikkje veldig sterk, men den er der. Eg har latt være å ta med når dette skjedde fordi saken havna i media (under overskrifta «politiaksjon»). Eg vil ikkje at innlegget skal knyttes opp mot denne enkelthendinga. Det er mange enkelthendinger, og eg trur denne problemstillinga er aktuell uansett. Eg har og latt være å ta med kvar dette skjedde; veldig mange av leserene mine kjem frå google. Folk som leiter etter ein bra plass å hoppe finn det nok uansett, men eg vil ikkje under nokon omstendigheter bidra til å gi folk ideer til kvar det er lurt å hoppe (for når eg har køyrd forbi i ettertid så innser eg at han hadde funnet ein veldig «bra» plass, og den er etter det eg veit ikkje den vanligste plassen å hoppe frå). Og så har du jo den evige balansegangen mellom å være privatperson og jobbe med det eg jobber med (som du antaglisgvis kjenner til). At folk eg møter i jobbsamaheng har tilitt til meg går over alt anna 🙂 Då sensurerer eg heller litt for mykje enn litt for lite.

      Ja, sjølvsagt er det enkast å forholde seg til seg og sitt. Det blir bare tydligere og tydligere når ein ser debattene i media for tida. Det er ingen tvil om kvar folkuset til veldig mange er. Er det rart ein blir litt oppgitt av og til?

      Igjen, takk for fin kommentar. Det blir kjekt å gjen-oppdage bloggen din. Om eg ikkje husar feil så er den ikkje så verst den heller 🙂

      • Tusen takk tilbake💙 Bloggen min har vore litt stille i det siste -mykje av liknande grunnar som du fortel om. Men det ligg nokre upubliserte innlegg og varmar seg hos meg og – samt at det er under emning nye. Kjekt om det er lesbart for fleire – dette med skriving er kraftfulle saker… for meg er det nesten like viktig som å ete. Ser på kvaliteten på pennen din at du sannsynleg er likeeins😀
        Vi skrivast💖

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s