YOLO

Advalsel: Store deler av innlegget er skrevet etter inntak av cosylan, du veit, den derre hostesafta med trekant på vettu… 


Eg har fått inn med morsmelka at når ein er sjuk, så sjuk at ein er vekke frå skulen (eller jobb), skal ein halde seg heime. Ein skal ikkje ha det gøy, ein skal ikkje gå ut, og om ein mot formodning likevel finn på noko galskap må ein for all del ikkje sei det til nokon. Og hvertfall ikkje dele det på sosiale medier, slik eg gjør nå! (Sosiale medier eksisterte sjølvsakt ikkje på den tida eg drakk morsmelk, men vi hadde TV! Med farge…trur eg.)

2015 er friluftsåret og eg tenkte lenge at eg hadde skikkelig lyst å sove ute på «Natt i naturen». Men då datoen nærma seg og stemmen høyrdes ut som ein blanding av Siv Jensen og Tom Waits såg det mørkt ut. Men siden formen ellers var fin trassa eg den indre stemmen som sa at det var lurt å halde seg innandørs.
20150906_125632
Den observante leser legger kanskje merke til at det ikkje er Olav Emil som er med på tur. Han er faktisk yngre! Og saman gjør vi masse grisete ting i teltet: Spiser hamburger for eksempel! Stekt på primus! Av meg! Villmarkskvinnen! Yeah!
(Funfact: Han har faktisk ein bror som heiter Olav Emil! Kva er oddsen for det? Eg tipper nesten null!)

På vei ut til Sotra, der vi skulle overnatte ringte eg mamma. Det var såvidt eg hadde stemme til å snakke med ho. Eg kunne nesten høyre gjennom telefonen at ho rista på hovudet mens ho fortalte meg at eg burde halde meg heime og bli frisk. Eg hater å innrømme det, men atter ein gang hadde mamma rett!

Ein av fordelene med å være vaksen (sukk) er at ein kan gjøre som ein vil. Om ein har pågangsmot nok og er gal nok kan ein trasse både mamma og samvittigheten. Resultatet er at eg no har vært sjuk i nesten to uker.

For to dager siden fikk eg igjen nok. Plutselig var det gått årevis siden ein sist var på kino, og nesesprayen, cosylanen og papirlommetørklene blei pakka ned i veska saman med smågodtet! Vi skulle på kino og se bølgen (som forøvrig anbefales om ein likar typiske Hollywood-filmar, bare i 1000 ganger finere omgivelser enn vanleg og er flink til å overse det faktum at ein er helsepersonell og at dei gjør nesten alt feil, sånn som dei ofte gjør i Hollywood-filmar.)

IMG_20150910_051157
Min beste venn den siste veka: Det blir ingen bra natt utan ein liten shot før leggetid.

Då vi kom heim frå kinoen var planen sjølvsakt å legge seg. Lettere sakt enn gjort. Plutselig dansa nordlyset bak fjellene.
DSC08267

…og før eg viste ordet av det stod eg i hagen i over ein time med kalde, våte bein og fotograferte nordlys.

Sa nokon voksenpoeng? Eg gikk akkurat i minus! Og det er ikkje første gang!

Til min store forskrekkelse oppdaga eg at bileta eg tok inneholdt både stjerner og nordlys. Eg er ingen erfaren himmelfotograf, men eg har alltid vært imponert over folk som klarer å ta bra bilder av stjernehimmelen. Det ser så sjukt vanskelig ut. Men så feil kan ein altså ta:

DSC08284
Ikkje så verst til å være første og einaste forsøk, om eg skal si det sjølv!

Eg gleder meg allereie til friluftsåret 2016! Då skal eg bli mykje flinkare å ta med meg kameraet på kveldstur!


Forresten: På eit døgn fikk 250 mennesker med seg innlegget eg skreiv i anledning den internasjonale dagen for sjølvmordsforebygging. Eg har hatt over dobbelt så mange lesere tidligere, men aldri før har eg fått så mykje positiv respons i innboksen min på facebook! Det varmer! Og det er heilt klart eit tema som engasjerer!

Tusen takk!

DSC03727Vakkert illustrasjonsbilete av vakre Maria på roadtrip til vakre Vågsøy i fjord sommer; YOLO!


Siden eg liker kommentarer og fremdeles er både rosa og fjortis (og akkurat valgte å kalle eit blogginnlegg for «YOLO») slår eg til med nokon spørsmål:
Har du sett nordlys? Har du sovet ute i skogen i det siste? Synes du eg er kul som omsider har lært meg å bruke ein primus? Er du sjuk? Er du gal? Synes du eg er gal? Har du sett bølgen? Likte du den? Veit du kvar Geiranger er (det viste ikkje Olav Emil!)? Synes du at Maria er vakker? Kva maskara liker du best? Hadde du farge-TV når du drakk morsmelk?

Advertisements

3 thoughts on “YOLO

  1. Så vakkert stjernebilde, fortell mer om hvordan du tok det.
    Jeg har planer om å ligge ute en natt, men når jeg hører hvor syk du ble så sier voksenstemmen min at det burde jeg ikke gjøre….

    • Tusen takk!
      Så lenge du ikkje allerede er forkjøla så stemmer eg for at du overser voksenstemmen og kommer deg ut! Det går stort sett fint! (Men om du pakker med deg nesespray, hostesaft og papirlommetørkler så er det eit tegn på at du kanskje bør holde deg inne).

      Bildet er tatt med speglreflekskamera. Utan det er det ikkje lett å få med stjernene 🙂 Kameraet er innstillt på lang lukketid med ein iso på 3200 om eg ikkje hugser feil (det kan hende eg hugser feil altså). Men lukketida er jo det vesentlige 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s