¡Adiós España! ¡Hola México!

Eg kan sjå på statistikken min at fleire enn vanlig sitter og venter på eit livstegn herifrå. Det er stas! Har hatt ei fantastisk uke i Malaga i Spania med fantastiske folk, men utan internett. Derfor har det vært litt stille frå denne kanten. Det er kanskje ikkje all verdens ein kan blogge om når ein er på sydenferie, men om målet var «vanlige» sydenferier har eg gifta meg inn i feil familie. Svigerfar inviterer dei innfødte på reinsdyr-middag og Olav Emil og Lars Peder stiller opp med klatreutstyr. Finfin ferie med andre ord!

Her er eit aldri så lite bildegaleri frå to ganske fantastiske (og ganske varme) dager med klatring:

This slideshow requires JavaScript.

Etter ei veke i Spania var det på tide å sette kursen mot Mexico. Første flyturen var 45 minutter frå Malaga til Madrid der eg hadde ein skikkelig dyp samtale med fyren ved siden av meg. Vi konkuderte med at eg var frå Noreg og han var fra Argentina, at 50 dager i Mexico/Cuba er leeenge og at Mexico er farlig. Eg konkluderte atter ein gang at spansken min ikkje er veldig god utan mykje kroppsspråk og ordbøker.

Frå Madrid til Mexico City, ein bitteliten flytur på bare 11 timer og 40 minutter hadde eg gleden av å ha ungen med det mest intense hylet i verda, i umiddelbar nærleik. Stor stas! Takket være ein trippel espresso, to reddbull, 4 kopper kaffe, ein dobbel cortado og ungen med den fantastiske stemmen klarte eg å gjennomføre turen utan søvn (som var målet).

20151017_002039

Eg satt lenge på flyet og lurte på om eg skulle krysse av på om eg hadde noko «ulovlig» med meg. Mat er som alle veit, skumle greier! Eg lot krysset stå åpent. Då eg fikk igjen bagasjen med ein stor neongrønn «vihargåttigjennombagasjendin-lapp» fant eg ut at eg måtte legge meg paddeflat! «Ja, eg prøver å smugle taco og proteinpulver inn i Mexico! Dessutan har eg to bananer i håndbagasjen». Flyplassdama sendte meg videre, utan å lage noko drama og ønska meg fin ferie.

Få minutter seinere kjem neste utfordring. Foran ein av flyplassens mange minibanken kjem eg på noko eg hadde glemt. Regionssperra på bankkortet. Få følelser slår #denfølelsen. Heldigvis ordna alt seg, takket være ein snill meksikaner og ein smarttelefon.

Følelsen av å sette seg på metroen, aleine etter to år er nesten ubeskrivelig. Ingenting har forandret seg. Siste stykket frå metroen til hostellet tok eg taxi. Det var ein artig opplevelse å kjenne seg så mykje igjen at eg måtte stoppe taxisjåføren når han nesten kjørte for langt.

Etter eit døgn i storbyen åleine kom Åshild i går kveld. Godt å endelig få selskap igjen. Dagen i dag har vi brukt på å spise lunsj på stamstedet vårt frå forrige tur (han hugsa navna våre!) og prøve å treffe igjen ein venn frå sist gang, som vi dessverre ikkje fant igjen i virrvarret av folk.

I morgon gleder vi oss til å ta på oss uniformen og treffe igjen denne gjengen:
1385207_542553262494272_17849578_n

Det blir stas, det!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s