Den gongen eg drakk tequila i barnebursdag…

I går skulle vi på vakt, men så skjedde dette:
IMG_20151024_085829
«Reservebil» er tydligvis eit begrep som ikkje eksisterer i Mexico. (Takk Gud o.l for google translate forresten.)

Dagen i forveien hadde vi blitt innvitert i «barnebursdag» av ei av dei som var på vakt. Helt uformelle greier som vi kunne stikke innom sjølv om vi jobba. Sjølv om planen om jobbing gikk i vasken var vi fremdeles innvitert i bursdag. Ein kan ikkje fylle 10 år utan skikkelig feiring! Vi la store planer om å gå på byen etter bursdagsfeiringa.

Vi møtte vår gode venn Oscar på metroen om ettermiddagen. Saman tok vi taxi til dit festen skulle være. Vi gikk innom ein kiosk på veien for å kjøpe med oss noko å drikke. I tilegg til eit par flasker med brus havner det nokon øl i handleposen. Vi skulle jo trass alt ut etterpå.

Vel fremme på festen ble vi møtt av kjente ansikter frå ambulansen og eit lydnivå på musikken som var ca 15 hakk over gjennomsnittet på eit typisk norsk utested. Det nesten folketomme lokalet var pynta med ballonger og eit par unger leika entusiastisk i hoppeslottet.

20151024_193142
Festlokalet etter at det slutta å være folketomt: Antagligvis var det over 70 personer til stede. Fleire folk enn vi hadde i bryllupet vårt!

Etter ei stund kom det fleire folk. Maten kom på bordet. Det tok ikkje lang tid før dei første drikkevarene og kom på bordet:
20151024_170106
Ein aldri så liten «drink» bestående av øl, chilli og lime.

Mens ungene dansa og hoppa i hoppeslottet drakk dei vaksne øl. Heilt normalt. «It’s Mexico» som Oscar sa så fint da eg forklarte han at dette ikkje var heilt etter boka i Noreg.

Og siden stemninga ikkje var god nok, gikk turen atter igjen til kiosken…
20151024_191236
…for å kjøpe tequila! For det blir ikkje skikkelig barnebursdag utan tequila!

20151024_193214
«Salut» og «skål» for ungen som fyller 10 år! Hurra!

Og med magen full av taco og tequila gikk dansen lett for dei fleste:
20151024_204428

Eg lyger om eg sier at dette ikkje er ein av dei beste barnebursdagene eg har vært i. Festen varte akuratt så lenge at vi var for slitne til å gå på byen etterpå.

20151024_212940

Som nordmann i Mexico opplever ein kulturkræsj stadig vekk. Eg liker å tru at ingenting overasker meg lenger, men denne måten å feire barnebursdag på må eg si at eg ikkje såg heilt for meg på forhånd. Eg fikk bl.a spørsmål om kva musikk vi høyrde på i norske barnebursdager og korleis vi dansa, og måtte nesten gi opp forklaringa mi, då minnene frå fisking av godeteposer og «spenn på boks» kom tilbake.


I dag har vært ein sånn dag der vi har gjort nesten ingenting. Vi har sovet lenge (eller hvertfall prøvd), hengt med Oscar og venene hans, shoppet masse litt, traska rundt «downtown» og opplevd Mexicos (og kanskje verdens) største bibliotek:
IMG_20151025_150705
Som alt anna i Mexico var det kjempestort, kjemperart og ganske bråkete.

I morgon skal vi gjøre turistgreier. Hurra!


Dagens spørsmål (siden eg liker kommentarer) :
Kva er best i barnebursdag: Godteposer eller tequila? Salsadansing eller «spenn på boks»? Og kva turistgreier hadde du gjort i Mexico City, dersom du allerede hadde hatt gleden av å oppleve eit VELDIG stort bibliotek?

Advertisements

3 thoughts on “Den gongen eg drakk tequila i barnebursdag…

  1. Det var litt av ein barnebursdag gitt 😉
    Aldri likt tequila til nå, så må bli godteposen 😉
    Spenn på boks er jo moro (kan ikkje dansa)
    Og noe annet å gjøre på der nede aner eg ikkje :p

    Håper du har det fantastisk der hvertfall Lina 🙂

    • Hemmeligheten er å blande tequilaen med rikelige mengder sitronbrus. Og om du drikker nok av det så kan du plutselig danse likevel (eller hvertfall prøve). Utrolig fasinerende opplevelse hvertfall 🙂
      Eg har det kjempefint! Håper alt står bra til med deg!

      • Hahah! Så det er løysninga altså 😉
        Får notere det bak øret til neste anledning skulle by seg :p
        Her går det flott 🙂 Jobber å står i med mitt 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s