Roadtrippin»

DSC09715
Fredag morgon var planen å køyre frå Puebla til pyramidene/Teotihuacan for så å køyre videre til Mexico City på ettermiddagen. Vår trofaste venn google-maps ville ha oss raskeste vei til målet, men vi ville det som vanleg anderledes.

Då vi køyrde frå Acapulco til Puebla tidligere i veka vart vi med ein gong fasinert av dei høye, mektige fjella (som Olav Emil har klart å lære seg å uttale). Popocatépetl og Iztaccíhuatl er det 2. og 3. høyeste fjella i Mexico og er 5452 og  5286 meter over havet. På eit eller anna tidspunkt oppdaga vi at det fantes ein vei mellom disse høye fjella. Denne veien ville vi køyre på. Og kva passa vel betre enn å ta det på veien til pyramidene?

DSC09721
Funfact: Popocatépetl betyr «røykfjellet».

Vi starta dagen tidelig, men kasta vekk dyrebar tid på eit misslykka forsøk på å hente ut konsterbiletter. Veistandarden over fjellet viste seg å være av den litt dårlege sorten (noko som egentlig ikkje kom som ei bombe) og vi bestemte oss tidlig for å utsette pyramideturen til ein annan dag.

DSC09745
Sjåføren er godt fornøgd med utfordringene.

Ikkje langt frå toppen finner ein turistplass der vi har ein av dei beste matpausene på lenge (hvertfall for min del, som har levd på «Cuba-dietten» i 3 uker).

Når vi begynner nedstigninga mot Mexico City har vi begge merka høyden på kroppen. Ifølge wikipedia har vi vært ca 3400 meter over havet. Heldigvis med god hjelp av bilen. All ære til folk som tar beina fatt og bestiger fjelltopper på 4-5000 meter!

DSC09758
Då vi kom på Mexico City-sida av fjellet blei vi møtt av tjukk tåke.

Tilbake i Mexico City får vi omsider tak i etterlengta kosertbiletter og sjekker inn på eit betre hotell: Altså eit hotell med kjøleskap, varmt vann i dusjen, brei nok seng og så mykje lydisolering at ein kan sove utan øyrepropper. Lykke!


No er vi kommet til natt til mandag i Mexico-tid, men bloggen er bare kommet til fredag kveld. Siden det er lurt å være vaken og opplagt når ein er på tur sier eg:

Forsettelse følger…


«Let’s go get lost
Let’s go get lost»

 

Road trip, taco-traumer og Pearl Jam…

DSC09656.JPGVi er nok dei flinkaste i verda til å gjøre ingenting! I forrige innlegg skreiv eg at vi ikkje hadde «rukket så mykje anna i dag enn å køyre bil og spise, noko som egentleg ikkje er så verst når ein er på ferie…» noko som egentlig beskriver også dei siste dagene ganske godt.

Den opprinnelige planen (i den grad det kan kalles ein plan) var å reise frå Acapulco til Oaxaca. Hukommelsen min sa at turen frå Mexico City til Acapulco var eit par timer; det viste seg å være ein liten dagstur. Oaxaca som så ut som eit lite steinkast på kartet var minst like langt, og dermed gikk turen til Puebla istadenfor.

DSC09701
Puebla (som og er ein delstat) viste seg å være ein relativt stor by.

Så kva har vi egentleg gjort utanom å spise og sove? Veldig lite!  I går våkna vi opp utan mål for dagen, og ein time seinere var det eineste målet vi hadde å reise på ferjetur (siden vi eeeelsker ferjer over alt på jord, og ikkje kan få nok!)

DSC09648
Den lille ferjeturen kosta ca 7 norske kroner og tok ca like mange minutter. Heilt på høyde med Duesund-Masfjordnes, som er yndlingsferjestrekkningen min (fordi den bare tar 7 minutter og har over gjennomsnittet trivelige ferjemannskap).

Etter den lille ferjeturen køyrde vi til vi fant ein liten fjelltopp (den laveste i ein mils omkrets) og besteg den.

DSC09684
Siden fjellet var relativt lavt var det ikkje mykje utsikt å skryte av, men vi fant kaktus! Det er ikkje kvar dag vestlendinger treffer på kaktus på fjelltopper.

DSC09679
…og sommerfugler!

Med unntak av soving og bilkøyring har vi og laga mat:
DSC09635
Mexican taco Noruega-style!

Er det noko vi nordmenn kan, så er det å lage taco! Er det noko meksikanerene kan, så er det å lage ferske tortilla-lefser! Kombinasjonen av Olav Emils taco-skills og meksikanske råvarer viste seg å ikkje være så aller værst. I motsettning til forrige tur kjem eg (forhåpentligvis) heim utan taco-traumer denne gangen.

I morgon reiser vi videre. Veien går frå Puebla, via ein kul omveg mellom to vulkaner til Teotihuacan der vi skal på pyramidetur. På kvelden går turen videre til Mexico City, der vi har lagt litt meir planer dei neste dagene.

Eit av høgdepunkta (for min del) blir nok Pearl Jam konsert på laurdag som eg omsider har fått tak i biletter til. Konserten hadde ein heil haug med biletter før den plutselig var utsolgt, før den plutselig hadde nokon biletter igjen (som eg ikkje kjøpte) før den atter en gang ble utsolgt… Og i kveld var det plutselig masse ledig igjen. Sjebnen vil vist at eg skal på konsert, så nå er bilettene omsider i boks (om eg bare klarer å hente dei).


Eg kan ikkje hugse sist eg gleda meg så mykje til noko…

No skal eg pakke sekken! Innan eg er ferdig med det er det for lengst leggetid i Mexico…

DSC09689
Fred og kjærleik…

Tilbake til sivilisasjonen…

Etter nesten 3 uker på en «øde» øy, i ein kommuniststat er eg tilbake til det som kanskje kan kalles sivilisasjonen i Mexico. Min antagligvis trofaste følger, mamma, feiga ut etter litt over 2 uker utan livstegn og ringte meg. Ellers har kontakten med omverdenen vært heller begrensa med unntak av eit par sms og bittelitt tid på nett. Så her er omsider eit aldri så lite livstegn…

DSC09498

Kvar gong det har skjedd noko (eller ikkje skjedd noko, som var meir vanleg) har Åshild sakt «Eg gleder meg til å se kva som står i blogginnlegget etter turen».  Sannheten er at eg er minst like spent sjølv. For kva i alle dager skal eg skrive om Cuba?

«Var det ein bra tur?»
«Jada, vi hadde det fint»
«Kva gjorde dere da?»
«Nei, altså… Eh… Veit ikkje…»

DSC09074.JPG

Eg sitter igjen med ein superambivalent følelse til heile Cuba og er eigentleg nesten tom for ord. Aldri før har eg brukt så mykje tid på ein plass utan å klare å bestemme meg for kva eg egentlig synes.

Åshild og alle andre skal få glede seg til «Cuba-innlegget» ei stund til. Eg jobber med eit lite (Les: langt!) innlegg om turen, om Cuba og om alt anna som bør stå i eit sånn innlegg, men det kjem muligens til å ta litt lengre tid enn kva eg vil bruke når eg har ferie.

No er eg omsider tilbake til Mexico. Etter ein del komplikasjoner  og litt leiting fant eg denne fine fyren på flyplassen:

DSC09613Den observante leser (evt. bare Åshild) legger kanskje merke til at eg har klart å lure han med meg til Acapulco. Heldigvis var vi heldigere med været denne gangen enn sist.

DSC09626
Meksikanerenes svar på syden.

Det er ikkje bare været vi har vært heldige med. Takket være elendige spansk-kunnskaper hos oss og elendige engelsk-kunnskaper hos politiet klarte vi å «snike oss unna» en bot etter at ein stakkars einsleg politimann påsto at Olav Emil køyrde på raudt lys.  Olav Emil er antagligvis den eineste i heile Mexico som ikkje køyrer på raudt  lys, så karmaen seira heldigvis til slutt.

I dag har vi reist videre til ein by (og stat) som heiter Puebla. Vi har ikkje rukket så mykje anna i dag enn å køyre bil og spise, noko som egentleg ikkje er så verst når ein er på ferie…

Har du sakna meg mens eg har vært vekke? Kva vil du lese om Cuba? Kva synes du om at Sophie Elise vant prisen «årets kjendisblogger»? Synes du eg burde vinne ein pris? Kva er best av Petter Stordalen og bacon?

Meir turistgreier, bursdag, jobbing og ingenting…

Torsdag: Vi hadde egentlig tenkt å jobbe men endte (delvis ufrivillig) atter ein dag opp som turister. Vi tok metroen til byens sossestrøk (der det viste seg at vi var veldig mye sist), gikk en liten tur, hang litt i kirka (og nøt stillheten) før vi tok metroen downtown. Besøkte det som antagligvis er Mexico Citys høyeste byggning (Torre Latino America) for å sjå på utsikten.

DSC08933
Eg trur aldri eg heilt kjem til å forstå kor sinnsjukt stor by Mexico City eigentleg er. Uansett kvar vi snur oss er det bebyggelse. Byen er omgitt av fjell, og oppover fjellsidene kryper bebyggelsen.

DSC08941
Solnedgang i Mexico City.


Fredag: Vi stod opp «tidlig» og tok metroen til ei av ambulansestasjonene vi har jobba på for å ta farvel. Kalender med bilder frå vakre Noreg blei tatt godt imot. I retur fikk vi ein solid bunke med meksikanske ambulansejakkemerker og eit par antikke pins. Tidenes beste souvenirer frå ein fin «ferie».

Etterpå gikk turen videre til neste ambulansestasjon der vi hadde vår siste vakt. Vi satt i ca to og ein halv time og venta på at ambulansen skulle komme tilbake frå oppdrag slik at vi kunne begynne. Heldigvis fikk vi litt å gjøre på når vi først kom oss igang.

IMG_20151030_212929
Random illustrasjonsbilete av oss og ein raud knapp.

Som i alle andre storbyer (og småbyer for den del) er fredagen prega av fyll og fanteri. Sjølv om vi bare hadde vakt frå 15-21 var folk godt igang med drikkinga. Alle dei tre oppdraga vi hadde var prega av ungdom som hadde fått altfor mykje å drikke.

Som eg har nevnt tidligere er utrykkningskøyring i Mexico City spennende. Nokon ganger litt for spennende. På det siste oppdraget vi hadde vurderte eg å sende melding til Olav Emil (I kategorien: «Eg er gla i deg… Bare sånn at du veit det, i tilfelle eg døyr no), og på vei heim frå det samme oppdraget satt eg og angra på at eg ikkje hadde gjort det.

20151030_205733
#Denfølelsen når ambulansen ikkje har bilbelter.

Eg er veldig glad for alt vi har fått oppleve, men eg kjenner at eg er glad for at eg er ferdig med å «henge og slenge» bak i ein ambulanse, utan bilbelter (hverken til oss eller pasienten) i sinnsjuke hastigheter i sinnsjuk trafikk. Eg er glad for at eg jobber i eit land der det er kultur for å gi beskjed når køyringa ikkje føles trygg/behagelig.


Laurdag: Tidenes lengste bursdagsfeiring (målt i timer). Når eg la meg fredag kveld var allerede melingene begynnt å tikke inn på facebook. Desverre hadde vi altfor god tid til å sitte på facebook; Hostellet hadde nemmelig bestemmt seg for å bli ein nattkubb! Vi sov ikkje mykje den natta, så laurdagen hadde tidenes treigeste start. Formen var elendig og litt utpå ettermiddagen klarte eg å dra meg opp av senga og tok ein liten aleine-tur i parken.

Screenshot_2015-10-31-13-48-35
Fikk litt kvalitetstid med disse her på sjølvaste bursdagen. Bittelitt heimlengsel! (Og som dykk ser snakker og og Åshild masse saman på messenger: for det å være saman 24/7 er sjølvsakt ikkje nok)

Planen for kvelden var å gå ut med kjenntfolk, men etter å ha stått 45 minutter på metrostoppet gav vi opp, og tok metroen downtown for å sjå på livet. Og liv var det; «Dia de muertos»/de dødes dag/halloween er ein stor merkedag i Mexico, og byen minna mykje om ein supergrotesk versjon av 17.mai i Oslo (altså med blod, gørr og alkohol istadenfor bunad, pølser og is).


I dag har vi hatt atter ein spennende dag. Først gikk vi ut og spiste lunsj og etterpå gikk vi ut og spiste middag. Vi kan dette med å bruke tiden godt.

No er sekken pakka, og så klar som den kan bli for å reise til Cuba. Krysser armer og bein for at det ikkje blir altfor mykje overvekt på bagasjen. I løpet av kvelden har eg konkludert med at eg antagligvis er tidenes dårligste backpacker.

DSC08930
Og med det takker eg for meg… Eg høyrer rykter om at det er dårleg med internett på Cuba, så det kan bli lenge til neste oppdatering herfrå (i verste fall 3 uker).

PS 1: Eg prioriterer bittelitt søvn fremfor å laste opp bilder. Om nokon vil sjå meir så ligg det på instagram (eller i den venstre kolonna på bloggen. Om du klikker på bileta, så kan du sjå dei stort, sjølv om du ikkje har instagram). Om Cuba plutselig har internett er det godt mulig det kjem livstegn på instagram fremfor bloggen.

PS 2: Den dagen alle bar Jesus med seg på metroen var St.Judas sin dag, «Judas is the new Jesus» i Mexico, så antagligvis var det Judas som ble bært rundt på metroen. Så vet dere det, i tilfelle nokon fremleis lurte på det etter forrige innlegg.

PS 3: Dyret vi såg ved pyramiden er enten ein «nesebjørn» eller ein «coati» (eg aner ikkje kva forskjellen er; dei ser heilt like ut når eg googlar dei). Så veit dykk det og…