Road trip, taco-traumer og Pearl Jam…

DSC09656.JPGVi er nok dei flinkaste i verda til å gjøre ingenting! I forrige innlegg skreiv eg at vi ikkje hadde «rukket så mykje anna i dag enn å køyre bil og spise, noko som egentleg ikkje er så verst når ein er på ferie…» noko som egentlig beskriver også dei siste dagene ganske godt.

Den opprinnelige planen (i den grad det kan kalles ein plan) var å reise frå Acapulco til Oaxaca. Hukommelsen min sa at turen frå Mexico City til Acapulco var eit par timer; det viste seg å være ein liten dagstur. Oaxaca som så ut som eit lite steinkast på kartet var minst like langt, og dermed gikk turen til Puebla istadenfor.

DSC09701
Puebla (som og er ein delstat) viste seg å være ein relativt stor by.

Så kva har vi egentleg gjort utanom å spise og sove? Veldig lite!  I går våkna vi opp utan mål for dagen, og ein time seinere var det eineste målet vi hadde å reise på ferjetur (siden vi eeeelsker ferjer over alt på jord, og ikkje kan få nok!)

DSC09648
Den lille ferjeturen kosta ca 7 norske kroner og tok ca like mange minutter. Heilt på høyde med Duesund-Masfjordnes, som er yndlingsferjestrekkningen min (fordi den bare tar 7 minutter og har over gjennomsnittet trivelige ferjemannskap).

Etter den lille ferjeturen køyrde vi til vi fant ein liten fjelltopp (den laveste i ein mils omkrets) og besteg den.

DSC09684
Siden fjellet var relativt lavt var det ikkje mykje utsikt å skryte av, men vi fant kaktus! Det er ikkje kvar dag vestlendinger treffer på kaktus på fjelltopper.

DSC09679
…og sommerfugler!

Med unntak av soving og bilkøyring har vi og laga mat:
DSC09635
Mexican taco Noruega-style!

Er det noko vi nordmenn kan, så er det å lage taco! Er det noko meksikanerene kan, så er det å lage ferske tortilla-lefser! Kombinasjonen av Olav Emils taco-skills og meksikanske råvarer viste seg å ikkje være så aller værst. I motsettning til forrige tur kjem eg (forhåpentligvis) heim utan taco-traumer denne gangen.

I morgon reiser vi videre. Veien går frå Puebla, via ein kul omveg mellom to vulkaner til Teotihuacan der vi skal på pyramidetur. På kvelden går turen videre til Mexico City, der vi har lagt litt meir planer dei neste dagene.

Eit av høgdepunkta (for min del) blir nok Pearl Jam konsert på laurdag som eg omsider har fått tak i biletter til. Konserten hadde ein heil haug med biletter før den plutselig var utsolgt, før den plutselig hadde nokon biletter igjen (som eg ikkje kjøpte) før den atter en gang ble utsolgt… Og i kveld var det plutselig masse ledig igjen. Sjebnen vil vist at eg skal på konsert, så nå er bilettene omsider i boks (om eg bare klarer å hente dei).


Eg kan ikkje hugse sist eg gleda meg så mykje til noko…

No skal eg pakke sekken! Innan eg er ferdig med det er det for lengst leggetid i Mexico…

DSC09689
Fred og kjærleik…

Advertisements

2 thoughts on “Road trip, taco-traumer og Pearl Jam…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s