Roadtrippin»

DSC09715
Fredag morgon var planen å køyre frå Puebla til pyramidene/Teotihuacan for så å køyre videre til Mexico City på ettermiddagen. Vår trofaste venn google-maps ville ha oss raskeste vei til målet, men vi ville det som vanleg anderledes.

Då vi køyrde frå Acapulco til Puebla tidligere i veka vart vi med ein gong fasinert av dei høye, mektige fjella (som Olav Emil har klart å lære seg å uttale). Popocatépetl og Iztaccíhuatl er det 2. og 3. høyeste fjella i Mexico og er 5452 og  5286 meter over havet. På eit eller anna tidspunkt oppdaga vi at det fantes ein vei mellom disse høye fjella. Denne veien ville vi køyre på. Og kva passa vel betre enn å ta det på veien til pyramidene?

DSC09721
Funfact: Popocatépetl betyr «røykfjellet».

Vi starta dagen tidelig, men kasta vekk dyrebar tid på eit misslykka forsøk på å hente ut konsterbiletter. Veistandarden over fjellet viste seg å være av den litt dårlege sorten (noko som egentlig ikkje kom som ei bombe) og vi bestemte oss tidlig for å utsette pyramideturen til ein annan dag.

DSC09745
Sjåføren er godt fornøgd med utfordringene.

Ikkje langt frå toppen finner ein turistplass der vi har ein av dei beste matpausene på lenge (hvertfall for min del, som har levd på «Cuba-dietten» i 3 uker).

Når vi begynner nedstigninga mot Mexico City har vi begge merka høyden på kroppen. Ifølge wikipedia har vi vært ca 3400 meter over havet. Heldigvis med god hjelp av bilen. All ære til folk som tar beina fatt og bestiger fjelltopper på 4-5000 meter!

DSC09758
Då vi kom på Mexico City-sida av fjellet blei vi møtt av tjukk tåke.

Tilbake i Mexico City får vi omsider tak i etterlengta kosertbiletter og sjekker inn på eit betre hotell: Altså eit hotell med kjøleskap, varmt vann i dusjen, brei nok seng og så mykje lydisolering at ein kan sove utan øyrepropper. Lykke!


No er vi kommet til natt til mandag i Mexico-tid, men bloggen er bare kommet til fredag kveld. Siden det er lurt å være vaken og opplagt når ein er på tur sier eg:

Forsettelse følger…


«Let’s go get lost
Let’s go get lost»

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s