Let me sleep, it’s Christmas time…

Ein kan trygt sei at jula i år kom som «julekvelden på kjerringa». Eg er kjerringa om det skulle være nokon tvil. Frå varme, fine Mexico til kalde, våte Noreg. Over ei veke med tidenes jetlag og BANG ut i arbeidslivet igjen. Nyhendestraumen av blogger eg fylgjer på wordpress er fylt opp av advendtskalendere, konkuranser, julepynt og glade barn. Facebook er ikkje noko betre. Og her sitt eg… På jobb. Dagen før dagen. Eska med julepynt står urørt heime. Eg anar ikkje kvar. Ikkje bryr eg meg heller. Og eg er overbevist om at juletrea trivast best i skogen der dei høyrer heime. Men den obligatoriske julehandelen har eg desverre ikkje klart å slippe unna: i år var den seinare og meir stressande enn nokon sinne. Atter ein gang blir eg minna om kvifor eg ikkje kan fordra julehandelen. Julemusikk og desperate menneskjer samla saman på julepynta kjøpesentre. Er eg verkeleg den einaste «Grinchen» her i verda? Eg føler meg åleine.

oyl3oq.jpg

Som vanleg hadde eg store planer om å poste innlegget frå dei siste dagene i Mexico superfort. Då tida eg ansåg som «superfort» var over var målet å få det ut før nokon rakk å påpeke at det mangla. Den gleda har dessverre Olav Emil tatt frå meg. Typisk Olav Emil.

Siden denne bloggen åpenbart er kvalitet fremfor kvantitet tillater eg meg sjølv å vente til innlegget faktisk er ferdig før eg poster det. Imens koser det seg i arkivet mitt. Om det etterlengta overskuddet kjem snikende i romjula kjem det plutseleg før kalenderen viser 2016. Eg krysser fingra.

Eg avslutter dette fantastisk informative innlegget om kor lite som egentleg har skjedd i livet mitt dei siste 23 dagane med den einaste julesangen eg nesten likar (berre nesten altså). Kanskje det har noko med teksten å gjere? Eller det faktum at den ikkje minner meg om sommerferier «stuck» i ein full bil med julecden til Celine Dion på «repeat». Høyrde eg nokon sei barndommstraumer?


«I’m lost nowhere to go
Oh when I was a kid oh how magic it seemed
Oh please let me sleep it’s Christmas time»

Og om nok lurer på planen for i morgon:
waking_up_for_christmas_with_3_young_kids_540.jpg

1. Våkne opp kjempeopplagt og klar for dagen.
2. Drikke kaffi til eg føler meg som eit nytt positivt menneske.
3. Køyre 12 mil mens eg høyrer på noko som ikkje er julemusikk.
4. Innsjå at eg har null kontroll og få panikk.
5. Køyre minst 12 mil til mens eg drikker enda meir kaffi.
6. Prøve å ha ein sinnsjukt bra jul med sinnsjukt bra folk til tross for at eg helst hadde utsatt den to uker (eller aller helst eit år) om eg hadde hatt noko val!

Trur du det finnes nok kaffi i verda til å få «Grinchen» til å bli klar for julefeiring? Har du tips til julemusikk som ikkje høyres ut som julemusikk? Burde bloggen min hatt ein julekalender? Er du ferdig med alt du burde gjort før i morgon? Har du traumer frå barndommen? Treng du å snakke om det? Saknar du Mexico-innlegget? Har du sakna meg? Synes du det begynner å bli litt vel mange spørsmål her no?

Er eg den einaste «Grinchen» i verda?

 

Advertisements

6 thoughts on “Let me sleep, it’s Christmas time…

    • Eg hadde sikkert likt deg mykje betre om du var litt meir Grinch (utan fargen) og hadde litt fleire traumer frå barndommen. Eg vonar du har forstått at du må pakke ein termos med nytrakta kaffi i morgon! Og så må du finne frem noko fint eg skal ha på meg…

  1. Og siden jeg kjenner meg igjen i det du skriver, så sitter jeg her og flirer. Godt at jula er over, og at det er leeeeeeenge til neste gang… Dog må jeg slite med påskeangsten i noen uker til.

    • Hehe! Da er vi to! Kjekt når kvelden først var der, men samtidig godt å bli ferdig med jula. Gikk ekstra fort i år, utan julepynt eller noko som helst julrelatert i huset (bortsett frå den urørte eska, som eg først no ser, ved sida av meg 🙂 )

      Påskeangst? Kvifor i all verda? Påsken er jo mykje lettare å hoppe over enn jula, utan at folk reagerer. Alt ein trenger å gjøre er å spise litt snop. Eller ein kan la det være. Eller tar eg feil? Kanskje verda ser anderledes ut om ein har unger.

      • Nja det er familiebesøk, masse mat, stress med pynt, stresse for å gå på ski, høre på klaging ang dårlig vær, for lite snø, for mye sol etc…. Nei påska er vel så slitsom…phu.

        • Nokon fordeler må ein ha med å flytte heimefrå og å være i arbeidslivet. Eg er glad ingen drar meg med på tradisjoner som inkluderer skigåing, klaging og dårlig vær! Eg livde meg sjølv å aldri gå på ski igjen når eg gikk i 7.klasse. Med unntak av leirskolen i 8.klasse har eg holdt det løftet!

          (Og om 7.klasse-læreren min leser dette: Tvang i kombinasjon med øydelagde ski funker dårleg! Ta deg ei bolle! Du har øydelagt ski for meg, for alltid!)

          Mat er digg da! Og sol!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s