Atter eit innlegg om nyttårsforsett…

2013 var året eg skreiv eit langt blogginnlegg med nyttårsforsetter der de eineste eg klarte å gjennomføre var å «forsette å drikke pepsi max» og «ikkje produsere ein baby».

2014 var året eg mista trua på meg sjølv.

2015 var året eg mista trua på menneskeheita.

DSC00383

Så kva har eg lært dei siste 3 åra? Folk er kjipe. Menneskeheita er kjip. Eg er kjip. Fornuftige nyttårsforsetter blir brutt. Sånn er det bare. 3 år er gått siden sist eg hadde nyttårsforsetter. Har verda gått fremover siden den gang? Eg trur ikkje det. Kanskje eg tar feil. Eg vonar det. Eg føler at det er på tide med nyttårsforsetter igjen. For å ikkje ende opp som eit like mislykka menneske som sist gang legger eg lista lavt. Veldig lavt!

1. Forsette å drikke pepsi max. Nyttårsforsettet frå 2013 som var lettest å gjennomføre. For å klare å gjennomføre noko som helst på denne lista velger eg å «resirkulere» dette punktet frå sist. Så om alt anna går til helvete kan eg ta meg eit glas pepsi max og tenke at eg ikkje er 100% mislykka likevel. Eg har trass alt klart å forsette å drikke pepsi max.

DSC04935

2. Lage meir middag til Olav Emil. For då blir Olav Emil glad. Og når Olav Emil er glad er eg (av og til ) glad.
DSC05128

3. Forsette å trene akuratt passe masse og være fornøgd sjølv om det antagligvis ikkje blir #bikinifitness 2016.
DSC08821

4. Bli sjukt god i nynorsk (eller bli flinkere til å mase på Olav Emil om at han må korrekturlese det grusomme dialekt-nynorsk-bokmål-fjortisspråket mitt når eg bloggar.)

5. Finne igjen kondisen som eg glemte igjen i Mexico eller på Cuba.

6. Bli flinkere å halde kjeft fordi eg trur livet blir lettare då.

7. Gi meir faen av samme grunn som punkt nummer 6. Folk som kjenner meg veit at eg har ein tendens til å gi opp menneskeheita innimellom. Folk som ikkje veit det kjenner meg ikkje!  2016 skal bli året der eg aksepterer menneskeheten som den er og bryr meg litt mindre. Om eg klarer dette kjem livet til å bli ein lek!
IMG_20150503_211618

8. Lese hele Haikerens guide til galaxen! Nokon vil kanskje påstå at dette punktet passer betre på ei liste over ting eg skal gjøre i 2016, men det er nå passert 10 år siden eg begynnte å lese det som er er overbevist om, er yndlingsboka mi. Og eg er ennå ikkje ferdig. Så etter 10 år tillater eg meg å putte dette på nyttårsforsett-lista.

enhanced-buzz-wide-30565-1412289854-18.jpg

9. Spise mindre kjøtt og ha fleire kjøttfrie mandager enn mandager med kjøtt (sjølv om mange kjem til å hate meg!)

10. Slutte å skrive «…» etter setninger og heller skrive punktum.  Som norskfanatikeren eg nokon ganger er, er dette ein ganske pinlig uvane. I 2016 skal eg få hjernen min til å forstå at det ikkje er noko galt med eit enkelt punktum!

11.  Henge meir i skogen fordi skogen gjør meg glad!
20150518_140701

12. Spre meir glede. Fordi «what comes around goes around». Eg veit ikkje heilt om eg trur på karma, men eg er overbevist om at verda hadde vært ein betre plass om alle trudde på karma!

IMG_20150626_005839

Kort oppsummert:
Eg skal stort sett fortsette å være den samme, kjedelige meg som eg alltid har vært bare med bittelitt betre kondis, med litt mindre kjøt i magen og bruke litt meir tid på å lage middag til Olav Emil. Eg er ikkje fotballfrue og eg har egentleg tenkt å fortsette sånn.

Og med det ønsker eg begge mine trofaste følgere (og alle dykk andre) ei fantastisk nyttårsfeiring og eit godt nytt år!

Har du nokon nyttårsforsett? Har du trua på at eg klarer mine?

Advertisements

4 thoughts on “Atter eit innlegg om nyttårsforsett…

  1. Det jeg lurer mest på er hvordan du skal klare å huske alle punktene, haha…

    Den galakseboken har jeg hørt om mange ganger, men tenker at den bare handler om galakser og haikere og dermed en drepen for meg å lese, så jeg venter heller til du blogger om den og tar en ny vurdering da.

    Happy nytt år – la det bli et bloggaktivt et!

    • Haha! Når ein går rundt og konstant føler seg mislykka så er det å hugse nyttårsforsetta sine det minste problemet. Neida 😛
      Halvparten av forsetta er jo ting eg allerede er god på (trening og pepsi max og sånn), så med ein gang eg klarer å få det nye mantraet mitt på hjernen; «Smil, hold kjeft! Tenk positivt» og hugser at eg må lage veggis-middag kvar mandag så kjem alt til å gå superfint!

      Den derre galakseboka er faktisk ikkje så aller verst. Eg har lest den første boka ca 20 ganger, den andre boka ca 10 ganger, den tredje boka ca 5 ganger og begynnelsen på den fjerde boka ca 1 gang… Eg har desverre den uvanen at eg begynner på nytt kvar gang eg legger den fra meg fordi den er SÅÅÅÅ bra at eg MÅ lese den frå begynnelsen kvar gang. Men det blir garantert eit blogginnlegg når eg er ferdig 🙂 Men ikkje vær redd for å begynne på den før; Den er absolutt verdt å lese!

      Tusen takk og godt nytt år til deg og 🙂 Måtte det bli bloggaktivt for oss begge 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s