«Why go home?»

Dette innlegget har ligget i arkivet mitt siden før eg forlot Mexico og bare venta på at eg skulle legge inn eit par bilder og det siste stakkars avsnittet før innlegget var komplett. Dei siste dagene i Mexico gikk så fort at blogginga utegikk. Eg har tusen unnskyldninger for kvifor eg ikkje har gjort dette etter eg kom heim, men få av dei er gode nok til å nemnes. Konsentrasjonsven og kreativiteten er ikkje der den skal være og livet (og kroppen) går ikkje altid samme veg som eg vil…  Uansett: Her er dei siste flotte dagene vi hadde i Mexico (å Gud, som eg lengtar attende!)
DSC00036.JPG


Laurdag:
Laurdag formiddag gikk turen til ein av dei to ambulansestasjonene vi har hospitert på. Før vi reiste til Cuba ble det bestillt inn uniformstrøyer som ikkje rakk å bli ferdige før vi reiste. Verdas kulaste souvenir frå ein fantastisk tur blei plukka opp i kombinasjon med den obligatoriske kaffikoppen på ambulansestasjonen.
IMG_20151021_082223
Trist pusekatt på meksikansk ambulansestasjon-vegg.

På vei frå ambulansestasjonen leita vi etter ein grei plass å spise lunsj. Posisjonen er lagt inn på GPSen, som ville ha oss i motsatt rettning av det vi køyrde. Olav Emil val å ta den «vanlige» løysninga på dette velkjente problemet: Ein U-sving.

Etter U-svingen stod politiet og tar imot oss med åpna armer. Han snakka kun spansk, men vi forstod så mykje som at «U-svinger er dumt! Det koster 2000 pesos om du betaler med ein gang. Om du venter koster det 3000».

Vi forklarte han med kroppsspråk, som som for det meste bestod av ei åpen lommebok og mykje hoderisting at vi bare har 500 pesos (som tilsvarer litt meir enn 250 kr). Saman med dei meksikanske pesosene låg Olav Emils souvenirer frå tidligere turer, diverse utenlandsk valutta. Politimannen forklarer at han kan ta betalt i dollar;

«Vi har ikkje dollar»

Olav Emil viser igjen fram lommeboka då politimannen fikk auge på ein ukrainsk 500 lapp (ca 30 kr). Det er tydelig at det høye tallet på seddelen frister han. Politimannen tar imot den den ukrainse seddelen og den meksikanske seddelen, ein brøkdel av pengene han først ba om, i forskjellig valutta og vi køyrer vidare før han rekker å oppdage kor lite penger han sitt igjen med.

Seinere på dagen var det på tide med konsert. Pearl Jam er eit av verdas beste band, noko eg oppdaga for godt over 10 år siden, og siden den gang har dei stått høyt opp på lista over band eg gjerne vil se live.

Vi beregna sjølvsagt ekstremt god tid då vi køyrde frå hotellet. Optimistiske som vi var trudde vi at vi skulle få goood tid til å spise middag før konserten. Turen på eit par mil tok fleire timer. Vi var ikkje dei einaste som skulle på konsert. Middagen måtte sjølvsagt droppes. Takket være at rockeband alltid er forsinka satt vi på plassene våre i god tid før konserten begynte.

20151128_231005

Konserten har eg store problemer med å beskrive med ord. På sang nummer ein stod eg med tårer i augene. På sang nummer to rant tårene i strie straumar.

Eg kunne skrevet eit heilt, langt blogginnlegg bare om konserten, men kort oppsummert: Ein av tidenes beste konsertopplevelser. Kvifor?
1. Pearl jam er eit av dei beste banda i verda.
2. Til trass for at set-lista mangla eit par favoritter var den likevel ein ensten perfekt kombinasjon av gamle slagere og nye favoritter. Eg oppdaga til og med eit par nye sanger.
3.Konsertopplevinga blei delt med 64 998 andre fans (og Olav Emil). Det var ein artig oppleving (til trass for at enkelte vel å vise entusiasmen sin med litt vel høylytte metoder.) Koengen som konsertarena bleikner ved sida av Foro Sol (og det meste anna… Koengen er egentlig ganske dårleg).
4. Eg fikk dusje i øl! I utgangspunktet liker eg ikkje å dusje i øl, men det begynner å bli nokon år siden sist. Dessutan fikk eg oppleve noko eg aldri trudde eg skulle få oppleve: Olav Emil dusja i øl. Eg mistenker at det ikkje kjem til å bli ein vane.
5. I tilegg til å få oppleve Olav Emil dusje i øl på rockekonsert, så fikk eg se han dusje i øl i bar overkropp på rockekonsert. Det blir nok ikkje meir «once in a lifetime» enn det! Det varte riktignok ikkje meir enn eit par sekunder, då han endte opp med å bytte t-skjorte med fyren som stod forran oss, men artig var det.

12319462_814469745329780_982827472_n
#superkleinpåtvungetkonsertselfie #olavemilsoutfit #rockinallovertheworld #keeponrockininthefreeworld

Søndag:
På søndag traff vi Oscar, ein av yndlingsmeksikanerene mine. Som vanlig hadde Oskar kalenderen full, men vi rakk nokon timer sightsing før han måtte fortsette studentlivet (for ambulansearbeidere tjener desverre ikkje veldig godt i Mexico).

DSC09765
Øvest på «to do-lista» stod selvfølgelig mat. Siden dette var ein av dei siste dagene benytta vi anledninga til å bestille det samme som dei lokale. Oscars valg var noko pannekake-aktig med kjøtt inni dynka av noko som smaka ein blanding av brun saus med chilli og sjokoladesaus (spesiellt interesserte kan google «mole» om dette er noko som frister å prøve heime).. Overaskende godt, men i likhet med «Chile en nougada» som eg prøvde tidligere på turen: litt rart! Meksikanere har ein lei tendens til å «miste» desserten sin oppi middagen.

DSC09775
Etter maten gikk vi tur i eit av dei (skjeldent) rolige bydelene i Mexico City. Vi besøkte eit museum/hage/gammel byggning der Oscar forklarte at han pleide å komme for å oppleve stillheten. Oscar er nemmeleg ein av dei få meksikanerene i verda som liker stillhet (er det rart vi kom godt over ens?)

DSC09779
To av yndlingsmennene mine i ein relativt stille hage i Mexico City. Sjå kor fine dei er *hjartehjarte*

Etter ein fin formiddag med Oscar tok vi metroen videre til «Torre Latino America» for at også Olav Emil skulle få nyte utsikten over fin-stygge Mexico City.

DSC09856
I motsettning til då eg og Åshild var der var tårnet stappfullt av turister (inkludert nokon som snakka svensk), men vi fikk likevel nyte utsikten frå toppen av den høyeste byggningen i ein av verdas største byer.

DSC09900
Etter «Torre Latino America» gikk turen til «plaza de la revolucion» AKA: revolusjons-plassen (på godt norsk) som eg og Åshild besøkte sist (den gang ble den omtalt som «turistfella» fordi eg ikkje viste bedre, men takka være metro-bildene og google klarte eg å finne dette fine monumentet igjen). Då Åshild og eg besøkte denne byggningen i 2013 var målet utsikt. Siden vi allerede hadde opplevd den i eit mykje større bygg holdt vi oss på bakkenivå. I 2013 var plassen prega av revolusjon, camping og lærarstreik. Denne gongen fikk vi sjå plassen slik den eigentleg skal være (når det ikkje er lærar-revolusjon). Fontenar, leik og morro.

Mandag:
På mandagen gikk turen til dei etterlengta pyramidane og atter litt etterlengta stillheit.
DSC00119
Å klatre i pyramider er god trening. Hvertfall når ein gjør det i solsteiken og over 2000 meter over havet.

DSC00064
Bilete av verdas finaste mann på toppen av måne-pyramiden. I bakgrunnen: Sol-pyramiden.

IMG_20151130_133926
#superkleinpyramideselfie #YOLO

Eg og Åshild besøkte pyramidene då vi var i Mexico i 2013, og det er egentleg ikkje så mykje å tilføye: pyramidene er fine, lufta er tynn, fysisk aktivitet er slitsomt og stillheit er fint!

På veg heim frå pyramidene traff vi på nokon koslige politifolk som ville inndra bilen vår, slik at vi ble stående på gata med all bagasjen, men takka være eit par kvite løgnar (bryllaupsreise), tårer i øynene og litt overtaling fikk vi gå mot at vi tok turen til bilutleigefirmaet for å kjefte litt for at dei ikkje gjorde jobben sin.

Og uansett kven sin feil det var: Eg liker fremleis meksikansk politi betre enn Alamo bilutleige! (Aldri igjen!) Det kom heldigvis noko godt ut av bråket: Eg har verkeleg fått trua på Olav Emil som ein god jurist om nokon år! (Kjære fremtidige arbeidsgivere til Olav Emil, som ifølge mamma ikkje gjør anna enn å sitte på nettet for å følge med på kva han driv med: Ansett han!)

Tirsdag:
Den siste dagen, tirsdagen, starta med eit heftig migreneanfall. Takka være bittebittelitt etterlengta søvn og meksikansk reseptfri voltaren (kvifor ta 4 norske piller når du kan klare deg med ein meksikansk?) kom formen seg. Litt utpå dagen gikk turen til Six Flags der vi til slutt endte opp med å prøver nesten alt som var verdt å prøve og litt til…

IMG_20151201_163114
Tidenes kleineste, våteste selfie (ikkje sant OE) i ein båt med fjortizmeksikanere.

IMG_20151201_201441
Sydentemperaturer og jolestemning i Six Flags. Rart å sjå attende til…

Onsdagen, den siste dagen er det ikkje mykje å si om (med mindre eg hadde vært rosablogger og digga innlegg om «dagens innkjøp» og «dagens outfit». Den første halvdelen ble brukt til å fylle opp det lille vi hadde av bagasjeplass etterfulgt av den lange vegen heim, kvar for oss. Som om ikkje den evig lange flyturen var nok måtte stakkars Olav Emil måtte tilbringe nesten eit døgn på flyplassen etter masse forsinkelser.
IMG_20151202_174820



«It’s a fragile thing, this life we lead.
If I think too much I can get overwhelmed by the grace
By which we live our lives with death over our shoulder»

Eg er overbevist om at eg har delt denne sangen (muligens opptil fleire ganger)  før, men å sjå denne sangen live var ein heilt fantastisk avsluttning på Mexico-turen så eg er sikker på at den tar seg mins like bra ut som avsluttning på dette blogginlegget og…

4 thoughts on “«Why go home?»

  1. Hei, jeg lurer på om du tilfeldigvis vet hvor den grønne «ananas ringer» t skjorta er kjøpt? Jeg er på utkikk etter en slik da kjæresten min hadde en lik for noen år siden. Det var yndlings t-skjorta, men den har vært borte en stund. Jeg tenkte jeg ville overraske han med en lik, men finner den ikke noen plass.

    • Hei.
      Den er kjøpt på probat.no. Desverre er denne modellen utgått, men de har laga ein ny (ikkje like kul, desverre) som dei har i både dame og herremodell. Verdt å sjekke ut 😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s