I can’t feel my face…

HEI BLOGGEN! (Sponset innlegg) 
(Liker du ikkje rosablogg-versjonen er det ein litt meir intellektuell versjon litt lenger nede i dette innlegget) 
20150204_205559
Tilfeldig illustrasjonsbilete med trutmunn, paljetter og cava (som alle rosatoppbloggere har).

Det er bare litt over tre uker siden sist, men så uendeleg mykje har skjedd siden det. Nesten 1500 (!!!) mennesker fikk med seg innlegget Kjære taxisjåfør. Det er rekord! Takk til dere og gratulerer til meg! I eit par dager følte eg meg nesten som ein ekte toppblogger. For real lissom.

Etter denne «bloggsuksessen», men utan samanheng forøvrig har eg nådd eit av mine store mål. Eg har fått min første sponsor! Takk HELFO, for at dykk omsider ville gi meg Botox. Eg kan ærlig talt ikkje hugse sist eg var så glad sist… Sånn serr liksom! No mangler eg bare litt filler i leppene, sommerkroppen 2016 og gratis solkort på brun og blid, så er livet komplett!

Bilde 1: Meg for ein måned siden. Sliten og lei av livet.
Bilde 2: Meg på fredag for snart to uker siden. Blodig, smertepåvirka og håpefull.
Bilde 3: Perfekt!
#nofilter

Tannbørsten på bilde nummer ein er kjøpt på reindyrka i Bergen. Den er sjølvsakt komposterbar. T-skjorta på bilde nummer to og tre er kjøpt i Mexico. Den kosta 99 pesos. Smykket er #sponset av mammaen min. Gla i deg mamma ❤ ❤ ❤ Botoxen på bilete nummer tre er sponset av HELFO og koster 2026kr pr pakke om nokon er interessert i å kjøpe.

Koz og klemz!


Frå spøk til alvor:
Som eg skreiv over, nesten 1500 har så langt fått med seg forrige innlegg. Tilbakemeldingane har være enorme. Eg har fått sms, telefoner, kommentarer på bloggen, meldinger på facebook og ikkje minst tilbakemeldinger frå folk «IRL». Både frå folk eg kjenner og ikkje kjenner. Alt har vært utelukkende positivt, men samtidig er det trist å lese kor mange der ute som kjenner seg igjen i min situasjon. Det burde ikkje være sånn! Kan ikkje alle bare ha det bra og være snille med kvarandre? Hadde ikkje det vært fint?

Sjølv om mange kjenner seg igjen i min situasjon håper eg at eg har truffet nokon av de «på den andre sida» og; de eg adresserte dette brevet til. Innlegget tok av, først etter at det ble delt på facebook, og det gikk ikkje lang tid før det hadde spredd seg til det aktuelle taxiselskapet (som eg ikkje ser noko behov for å gi dårleg reklame). Eg fikk telefon frå ein sjef som var veldig lei seg og ville bruke dette som opplæring. Det setter eg stor pris på, for heile målet med dette (bortsett frå å få ut litt frustrasjon) er jo å få folk til å tenke seg om og lære noko. Alt i alt føler eg at det er komt mykje godt ut av dette.

Sjølv om eg trur eg har svart dei fleste meldingene vil eg bare atter ein gang takke for alt! Eg setter utrolig stor pris på kvar einaste melding eg har fått! Det betyr så mykje at det er vanskelig å sette ord på. Eg har hatt tårer i øynene opp til fleire ganger men eg har smilt enda meir.

Å publisere innlegget på nett føltes muligens litt som ein light-versjon av «å komme ut av skapet». Det var kjempevanskelig å poste men takket være alle fine folk der ute føler eg meg 1000kilo lettere no. Takk! Det var jo eigentleg ikkje skummelt i det heile tatt!

DSC04219.JPG
Illustrasjonsbilete av at eg er glad fordi leserene mine er så sjukt bra og fordi eg nesten har fått attende trua på menneskeheten. Til høgre eg min kommunikasjonsrådgiver som har spilt ein stor rolle i denne «prosessen». Han fortjener ein stor takk, ein suss og han skal få ein veggismiddag og ein boks med Ben&Jerrys når han kjem til Bergen for han er best!

Og apropos sjukdom, Botox og småkjipe ting:
Eg har lovd meg sjølv på tru og ære at eg ikkje skal bli atter ein sjukdomsbloggar (all ære til dei som klarer det på ein «fornuftig» måte altså). Men etter ein haug med spørsmål om korleis det går med meg sånn egentlig og meir enn ein «Det var først når eg leste blogginnlegget ditt eg forstod korleis du egentlig har det»-kommentar så er det ikkje til å komme utenom ein liten oppdatering.

Dei som kjenner meg veit at eg har hatt ein liten kamp mot systemet for å få dekka kostnader til Botox som behandling mot kronisk migrene. No har det omsider skjedd, og det er eg vanvitig glad og takknemleg for. Sjølv om byråkratiet har vært litt meir enn kva eg vil takle når eg er sjuk er eg fantastisk glad for at eg no, kanskje er eit skritt nærmere det folk flest ser på som ein normal kvardag. Kanskje eg er heldig denne gangen…

Og angående korleis det går sånn egentlig, så er ting ikkje så aller verst. Ut ifrå enkelte tilbakemeldinger begynner eg nesten å lure på om folk trur eg er verdensmester i å late som eg har det fint mens livet egentlig er kjipt. Det er ikkje tilfellet! Sjølv om det forrige innlegget ikkje akkurat var ei solskinnshistorie bruker eg ikkje veldig mykje energi på å skjule korleis eg har det. Ser det ut som eg har det fint, så stemmer vanligvis det. Og om du spør får du stort sett eit ærleg svar:

Akkurat no er ting ganske fint og eg krysser armer og bein for at det forsetter sånn!

13480069_923275741115846_713376460_n

Forresten: Hvis du er ein av dei vanvittig mange som kjem hit fordi du googla noko (til dømes Botox) vil eg bare si eit par ting:

1.Det gjør faktisk sjukt vondt! Bare så du er forberedt! Dessutan gjør det vondt i fleire dagar! Og det føles ut som nokon har sprøyta levande innsekter innunder huden din!
2.Du er vakker! Hvis målet ditt er å gjevne ut den hersens rynka: Er du sikker på at du virkelig treng det?
3. Om svaret på det siste spørsmålet var «ja» og den rynka i panna er ditt største problem akkurat no, vil eg gjerne at du setter av eit minutt eller to akkurat no og tenker over kor fantastisk livet ditt egentlig er!

Dagens funfact: Etter å ha tatt Botox må du tilbringe 20 minutter på venterommet for å være i trygge hender i tilfelle du er ein av dei uheldige som nesten døyr av Botox.

Eg nytta ventetida til å finne frem spotify, som passende nok (og heilt tilfeldig) satte på denne sangen til meg. Nokon ganger lurer eg på om det finnes ein Spotify-Gud som passer på at eg har passende musikk til alle livets rare situasjoner.

Som vanleg gir fine kommentarar god karma.
Fred og kjærleik!

Advertisements

6 thoughts on “I can’t feel my face…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s