Knarvikmila og #sk2016

DSC_0086

For ein sommar det har vært! Eller har det eigentleg det? Vært sommar altså… Til trass for at sommaren eigentleg aldri kom har det vært ein av dei betre på mange mange år. Det har skjedd noko rart. På eit eller anna tidspunkt kom den merkelege følelsen av optimisme snikende. Den litt ukjente følelsen av at ting faktisk går ganske bra. Måtte den fortsette for alltid!

Snapchat-6721032719955095895
På eit eller anna tidspunkt for eit par måneder siden fant denne «nye» litt optimistiske meg at det var på tide å tøye grensene litt igjen. Finne ut kva sommerkroppen 2016 er god for. Eg meldte meg og verdas beste Trude på 10km på Knarvikmila.

Ukene gikk og plutselig var det bare få uker igjen til løpet. Eg har trent hardt i heile sommar, men fokuset har stort sett lagt på styrketrening. Å jogge er liksom ikkje like behageleg. Eg tok turen ut av komfortsonen og trappa opp kondisjonstreninga nokon uker før løpet. Alt for få uker til at det egentleg er optimalt. Uansett: Ingen veg tilbake…

Dei siste to døgna før løpet ble sjølvsagt tilbrakt på jobb. Og heldig som eg er fikk eg nattkøyring begge nettene. Natta før løpet sov eg 3-4 timer.

Eg har kun skrevet eit innlegg om trening tidligere. Det handla om korleis ein ikkje får sommerkroppen på lastebiltur til Ukraina. Dette kan bli eit nytt innlegg i samme kategori:

Korleis skal ein ikkje lade opp til å løpe ein mil:

1. Oppdag litt for seint at «Oi, nå er det vist bare to og ei halv uke igjen. Kanskje eg burde begynne å trene?!»
2.Sørg for at du er på vakt i ca to døgn før løpet. Om du virkelig vil være uggen på løpsdagen er det best å sørge for at du jobber begge nettene slik at du får snudd døgnrytmen virkelig på hodet!
3.Om du ikkje er uggen nok av mangelen på søvn: Spis kake til frokost! Gjerne eit stort stykke marsipankake med maaaasse krem! Omnomnom!
4.Ble du ikkje mett av all kaka? Ein baconburger fikser det. Kun 49 kr på spar inkludert ein halvliter valgfri brus!
5. Pass på at den du skal løpe med ikkje rekker bussen slik at det blir ekstra mykje stress de siste 20 minuttene før startskuddet går.
6. Oppvarming er oppskrytt. 2-5 minutter er meir enn nok!
7.Ta med deg feil headset slik at du må høyre på musikk gjennom handsfree-headsettet! Ingenting er som ein mikrofon som dasker deg i ansiktet mens du springer ei mil.

DSC_0009

Med alt dette som utgangspunkt synes eg egentlig at det er utrolig at eg stod (nesten) klar på startstreken når startskuddet gikk. Ironisk nok høyrde eg ikkje startskuddet fordi eg hadde Janove Ottesens «Verden går te helvete, tralala» på full guffe. (Janove Ottesen = Tidligere vokalist i kaizers, til alle som ikkje har fulgt med i timen). Uansett fant eg ut at eg antagligvis kunne begynne å løpe siden alle rundt meg gjorde det.

Midt oppi alt kaoset klarte eg å fucke til runkeeper (du veit, den stemmen i hodet som forteller deg kor fort og langt du løper) slik at eg ikkje fikk fulgt med på farten før eg innsåg tabben etter rundt 3 kilometer.

Til trass for alle startproblemene, ein elendig dagsform, den berømte morgonkvalmen (som ein får når ein snur døgnet og spiser kake til frokost) og ein liten sussepause (takk Olav Emil) sprang eg inn til mål seks sekunder før klokka bikka ein time og ti minutter (som var målet). Med andre ord er eg godt fornøyd med kva #sommerkroppen2016 har fått til på de få månedene den har vært frisk.

IMG_20160904_184844

No er neste mål å klare 10 kilometer på under ein time (før året er omme) og i april blir det halvmaraton i Bergen med ein fin gjeng!  …Og no står det svart på kvitt på internettet, så då skjer det garantert! For alle veit at alt som står på internett er sant! Hurra!
(Eg gikk på ein aldri så liten joggesko-smell i går, så eg allerede godt i rute til både 10km og halvmaraton! Yay!)

Har du fått nokon medaljer i det siste? Har du stemmer i hodet ditt? Har du trua?