Ein vakker haustdag i byrjinga av oktober (nærare bestemt den 6.) tok eg turen innom den lokale bunnpris-butikken. Sola skinner og eg anar fred og inga fare. Idyllen blei med eit brutt då eg blei vitne til at dei avduka eit ti-tals paller med julevarer. Eg hadde mest lyst å hyle, skrike og kanskje leggje meg ned på golvet og gråte litt, men sidan eg var på jobb og skulle være både voksen og profesjonell på ei og same stund blei det til at eg tok meg saman og sendte dei eit fortvila, trist blikk…
Butikkdama gav meg eit forvirra blikk attende. «Hæ? Jul er jo det beste i verda! Likar du det ikkje«-blikket lissom…
Usikker på om ho eigentleg vil ha eit svar forteller eg ho at «Det er jo altfor tidlig!»
«Men handelsstanden har jo bestemt at vi får lov å begynne å selje julevarer 1.oktober. Dessutan er det faktisk i oktober vi selger FLEST julevarer!» Ho såg på meg med entusiasme og dollartekn i augene. Sjølv kjente eg at trangen til å legge seg i fosterstilling på golvet, i djup sorg over den tapte jula vaks seg sterkare og sterkare for kvart sekund…
Eg betalar for varene mine og går. Når eg kjem attende nokre dager seinare har dei fått og eit stort skilt med skrifta «G O D J U L» over julevarene. «God 11.oktober for helvette».
Eg kan til naud forstå folks trong til å ete kakemenn og julebrus, men kvifor i alle dagar må denne prosessen starte allereie 1.oktober? Kvifor kan vi ikkje vente til 1.søndag i advent eller 1.desember? Blenda av sukkeret i julebrusen ser vi ikkje at handelstanden lurer oss til å kjøpe enda meir juledritt. Så mykje juledritt at vi er lei av jula allereie før den har starta.
Eg er både skilsmissebarn og turnusarbeidar, så det manglar ikkje på grunnar til å hate jula, men likevel står handelsstanden øvst på pallen for alt som øydeleggjar jula. Når eg har diskutert dette med folk er det mange som hevder at det er «sånn det er å bli vaksen» og at ein mister «julemagien» ein opplever som born.
Til trass for at eg er blitt vaksen (grøss) har ikkje jula forandra seg så mykje: Eg tilbringar framleis tida med folk eg er glad i og spiser fantastisk god mat. Den største forskjellen frå born til vaksen er maset, stresset og presset om å kjøpe meir og meir, og begynne tidlegare og tidlegare for kvart år.
Det er fleire år sidan eg fekk kallenamnet «Grinchen». Du veit, han søte lille fyren som hater jula. Eg klarer ikkje å si at eg hater jula, men eg kan med handa på hjartet si at eg hater den jula handelstanden vil at eg skal ha. Eg hater den jula handelstanden bestemmer at eg skal sjå i butikkane første veka i oktober. Eg hater at eg ikkje kan gå på ikea og kjøpe meg nytt dolokk utan at syntetiske juletrær lyser imot meg og minner meg på at det er jul om to uker mindre enn eit kvart år. Eg hater at fokuset ligger på å kjøpe ting ein ikkje treng, framfor å bruke tida med folk ein er glad i. Er det rart julemagien forsvinner?
14. oktober er atter ein solfyllt dag i vakre Bergen. Dagen blir brukt til å sanke fjelltoppar denne milde haustdagen. På toppen av eit av disse flotte fjella blei vi møtt av synet av eit julepynta tre. Siden eg har fri og ikkje bryr meg om å være verken vaksen eller seriøs nytta eg høve til å ta årets julekort. Det er herved posta på bloggen no, med ynskje om ein fin førjulstid til alle mine lesere:
Kjære familie, venner, kjenningar og blogglesere (ingen nemnt, ingen glømt).
Eg ønskjer med det dette deg og dine ein fin og fredelg førjulstid.
Eg er glad i dykk (kanskje ikkje alle, men veldig veldig mange).
Med venleg helsing
Lina Kristine
P.s: Beklager det triste andletet og refleksen i langfingrane, men eg klarer ikkje å kontrollere kroppen min når eg poserar med eit juletre i oktober. Beklagar også at min betre halvdel ikkje er med på bilete, men han var sikkert opptatt med å bake julekaker og pakke inn presangar som den perfekte mannen han er.
Og sist men ikkje minst:
Kjære Handelstanden
Ærlig talt: Slutt med det! Bare, slutt!!!
Med ein noko uvenleg helsing
Grinchen
Sånn helt seriøst: Er det ingen andre som ser galskapen i dette? Eg det ingen andre som kjenner refleksen i langfingeren og trongen til å legge seg ned og hyle? Kvar skal det ende?
Så koselig å høre om alle de fine juletradisjonene du møter I hverdagen nå som mørketiden har kommet. Og sånn et fint juletre! Jeg er glad du la ut et bilde av det. Goood jul til deg og dine. Her hos oss er mye av julebaksten allerede unnagjort.
Du er eit sjukt, sjukt menneske! Det er sånne om eg som øydeleggar livet mitt!
Eg håper du setter pepperkakene i halsen!
(Neida ❤ God jul til deg og dine! Håper dykk rekker alt dykk skal før den store dagen! Hels Ragna ønsk ho ein velsigna førjulstid frå meg og Laffene ❤ )
God Jul og zuzz klemz og zleik på znuten!