Tankespinn og ei lita reise i tida på åremålsdagen

Alle cellene i kroppen har forskjellig levetid og det sies at i løpet av ein 7 års periode er alle cellene bytta ut. Eg prøvde å ta ein faktasjekk med kvinneguiden for å sjå om det faktisk stemmer, men eg blei bare forvirra. Kvinneguiden har ofte den effekten på folk. Uansett, om vi antar at dette stemmer kan vi si at: kroppen eg har i dag er ikkje den same kroppen eg hadde for 7 år siden. Fasinerande sant?

img275.jpg

Eg har eit litt ambivalent forhold til bursdagar. Eg elskar å ete kake og feire dagen med folk eg er glad i (i prioritert rekkefølgje… Neida… les: Joda!). Samtidig er bursdagen ei påminning om at eg blir eit år eldre. Eg kjenner den premature midtlivskrisa snike seg innpå med eit kaldt guffs og eg begynner å lure på kva eg eigentleg driv med. Kva vil eg eigentleg med livet mitt? Er eg nøgd med ting slik dei er no eller vil eg noko meir? Kvar er eg om til dømes 7 år? Eller 10 år? Eller kanskje 15 år?

For 15 år siden fikk eg ei skuleoppgåve. Eg skulle beskrive meg sjølv! Når eg leser teksten eg skreiv for 15 år siden gir det meining at alle cellene i kroppen min er bytta ut minst to ganger, for det er ikkje mykje likheter. Eg er ikkje den same personen som eg var for 15 år siden!

img154.jpg
Eg gøymer meg bak epletreet. Det er eigentleg ikkje så dumt: 13 år gamle meg fant nemleg ut at kort hår var ein god ide. 13 år gamle meg tok feil! Dei kalla meg «gutten» og eg lovde meg sjølv å aldri klippe håret kort igjen! (Og om det skulle være nokon tvil, eg er «han» til høgre).

«Litt om meg!
Jeg ble født 31.0ktober på Haugesund sjukehus (for 13 år siden.) Jeg bor i XXX veien sammen med moren, faren og broren min på 10 år.

Broren min!
Broren min (Øystein) ble født på Haugesund sjukehus i 1991. Han er god i fotball og kan til tider være veldig plagsom, Han liker å leke med lego, spille fotball, spille data, teikne, sykle og være med venner»

Lina Kristine for 15 år siden skreiv bokmål. Nynorsk i 7.klasse endte stort sett med grining. Sjølv om ho var flink på skulen kunne ho åpenbart ikkje særskrivingsreglene. Øystein 15 år etter liker fremleis å leike med lego, men er heldigvis ikkje like plagsom; og langt mindre voldelig!

img204.jpg

«Dette liker eg!
På fritiden min liker eg å spille håndball (på SK Nord), svømme/bade, høre på musikk (pop og 80 talls musikk mye mer) ha ferie/reise, spille data (GTA2 og The sims) og mye mye mer»

Eg rødmer når eg tenker på musikksmaken min for 15 år siden. Eg rødmer av orddelinga! Eg rødmer når eg tenker på kor vanvittig dårlig eg var i handball. Sånn skikkeleg dårleg liksom…

«Dette har jeg lyst til.
Å vinne håndball sesongen!
Vinne i lotto (20 mill)
Prøve hanglider
Flytte til Amerika og studere
Bli berømt popstjerne.
Bli millionær
Få betre kondis.
Osv osv osv.»

Så satt eg her då, med min sjukt gode kondis og konkluderer med at 13 år gamle Lina Kristine hadde rista skuffa på hodet om ho hadde sett meg no! Eg håper Lina Kristine, 15 år frå no av ikkje skuffer like mykje. Kanskje på tide med ein ny «bucketlist»?

bilde4.jpg
28 år gamle Lina Kristine smiler og rister også på hodet. Oppgitt over alle de tullete ideane til 13 år gamle Lina Kristine. Popstjerne og millionær? Pøh! Det finnes viktigare ting her i livet. Lupus for eksempel. Han er søt! Og Laffen da (men han fikk ikkje bli med på bildet). Dessutan har eg jo gifta meg med ein mann med store ambisjonar om å bli akkurat passe rik. Og om vi ikkje blir rike på penger så har vi mykje anna fint.

Eg har ikkje baka noko kake ennå, derfor feirer eg bursdagen med ein aldri så liten egotripp. Her er ei aldri så lita bildekavalkade. Eg hadde ein stor plan om å ta eit bilete frå kvart år til no, men siden familien min ikkje er så flinke å skrive årstall på ting så er det litt upresist til tider. Men whatever… Det er bare bursdag ein gang i året!

27 år med galskap:
bilde1bilde2bilde3

Det er forresten ikkje berre eg som har bursdag i dag. Bloggen er 4 år! Hurra! Tusen takk til alle som leser all galskapen og takk for alle gode tilbakemeldingar. Dere er best!

Advertisements

6 thoughts on “Tankespinn og ei lita reise i tida på åremålsdagen

  1. Gratulerer så masse med dagen din, Har alltid vert glad i deg ja. Kake kommer senere i dag. Du er best.Varm hilsen mamma. Ps Vi tenner lys

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s