Det er første søndag i advent og du har akkurat levert ungene hos bestemor. Siden julestria er i full gang skal du tilbringe dagen på jobb, på ein av dei mange søndagsopne butikkane. Du blir sliten bare av tanken på 8 timer i ein butikk stappfull av menneskjer som stressar for å rekke alt dei skal, sjølv om det framleis er lenge til jul enda.
«Tenn lys, et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.«
Illustasjonsbilete lånt av ein god ven som er betre på julestemning enn meg.
Bestemor insisterte på at du skulle være med å tenne adventskransen før du reiste på jobb. Noko motvillig blei du med sjølv om du allereie var seint ute. Du kan ikkje noko for det men det er som om adventsangen har brent seg fast i hjernen din, og den vil ikkje ut. Du tenker på at du den neste månaden er fanga på jobb med julemusikk i bakgrunnen. Grøss! Du går om bord på den nesten stappfulle bussen og finn eit ledig sete. Du tar frem mobilen og finner frem spotify. No skal du nyte 20 minuttar med yndlingsmusikken, før julemusikkhelvette bryter laus…
Det er få ting som er så deilig som å reise med buss: Slippe å tenke sjølv, god musikk på hodetelefonene, ein termokopp full av kokvarm kaffi og nokon runder med Candy Crush for å holde seg vaken ein tidleg morgon.
Med musikken på full guffe og alt fokuset på Candy Crush legger du ikkje merke til at fyren ved siden av deg brått får store pusteproblemer. Han hiver etter pusten og begynner å bli blå på leppene. Eit par minutter seinere ligger han over skuldera di.
«Herregud, så pinleg» tenker du og flytter deg over til eit anna ledig sete.
Du stirrer på den sovende mannen. «At det går ann å sove så tungt om bord på ein buss» tenker du og legger merke til at mannen er blå på leppene. «Kanskje det bare er innbilling?» tenker du for deg sjølv. «Men kva om det ikkje er det…» Du har ei ekkel kjensle i magen.
Kva gjør du no?
A: Prøver å vekke mannen.
B: Forsetter å spille Candy Crush og høyre på musikk. Bussen er trass alt snart på busstoppet du skal av på.
Valgte du alternativ A?
Du setter deg tilbake på setet ved siden av den tilsynelatende sovende mannen. Du er ikkje lenger i tvil. Ikkje bare er leppene hans blå, men hendene og ansiktet har fått denne ekle, lyseblå fargen. Han se nesten død ut… Du tar tak i skuldera hans og rister i han. Genseren hans er gjennomvåt av svette.
«Hei, er du vaken? Går det bra med deg.» Ikkje noko svar.
Du får panikk og løper frem til bussjåføren. «Det er ein mann som har problemer bak i bussen. Eg trur han er død». Bussjåføren stopper bussen og setter på nødblinken. Ho kjem bak i bussen og kvepper til når ho får sjå mannen. «Kom, vi må få han ned på gulvet og starte med hjerte- og lungeredning». Du har ikkje vært på førstehjelpskurs på fleire år og kjenner på fortvilelsen og frustrasjonen. «Er det nokon her som kan HLR her?» roper bussjåføren ut. Ei ung jente kjem frem. «Eg er sjukepleier» seier ho og setter seg ned og begynner med HLR saman med bussjåføren. «Ring 1-1-3 du» seier ho med rolig stemme mens ho ser på deg. Du tar opp telefonen og ringer…
Det tar ikkje mange minuttene før ambulansepersonellet kjem frem. Dei kobler til masse ledninger og ordet «ventrikkelflimmer» blir nevnt. «Støt anbefalt» sier den mekaniske kvinnestemmen til hjatestartaren. «Alle vekk frå pasienten» roper ein av ambulansearbeiderene.
«Støt avlevert» seier hjartestartaren.
«Kva om eg ikkje hadde lagt merke til dette?» tenker du og rødmer mens du tenker på at du faktisk vurderte å ikkje gjøre noko. Du ser på bussjåføren. Kleda hennar er dekka av oppkast. Svetten renn av sjukepleiaren som holdt på med hjartekompressjoner heilt til hjelpa kom fram. Du rømer igjen «Tenk at nokon er villige til å gjøre så mykje for eit anna menneske. Eit menneske dei ikkje kjenner ein gang».
«Sinusrytme» roper sjukepleieren. «Han trekker pusten sjølv» roper ambulansemannen som sitter ved hodet til mannen du akkurat trudde var daud. Du ser at dei smilar forsiktig til kvarandre. Huda hans begynner å bli rosa igjen. Ambulansepersonellet løfter pasienten opp på båra. Ved siden av bussjåføren og sjukepleieren blir du stående å sjå på at de triller båra inn i ambulansen. «Bra jobba» roper sjåføren før han setter seg inn i ambulansen og køyrer avsted med blålys og sirener.
Du puster letta ut…
Og så var det alternativ B da. For vi må jo ikkje gløyme at det var eit anna alternativ før denne solskinnshistorien:
(Ta deg tid til å se heile filmen!)
Det finnes to typer mennesker i denne verda. Det er dei som velger alternativ A og det er dei som velger alternativ B. Nokon ganger må ein ut av komfortsonen om ein velger alternativ A, men i dei fleste tilfellene lønner det seg. Kanskje ikkje for deg, men for den personen som plutseleg sitter bevistløs på bussen eller ramler om på gata. Dessutan: Du kan legge deg om kvelden med god samvittighet. Ingenting slår den kjensla!
Eg kjente eg fikk vondt langt inn i hjarterota då denne filmen dukka opp i nyhendestraumen min på facebook. Eg har sjølv hatt valget mellom alternativ A og alternativ B fleire ganger. Eg har og vært vitne til andre som som har måtte ta det same valget; Dama med klærne fulle av spy fordi ho hjelper nokon ho ikkje kjenner som har ramla om, folk som deler klærne sine med folk som har ramla om på gata og fryser. Folk som tolmodig venter på ambulansen saman med ein hjelpelaus rusmisbrukar sjølv om dei veit at dei kjem for seint til familiemiddagen. Medmennesker.
Eg har og vært vitne til mannen som ingen tok seg tid til å hjelpe. Mannen som blir køyrd vekk i likposen… Kva om nokon tok seg tida til å hjelpe? Kunne han vært i live?
Eg skriver dette innlegget som ein del av desemberutfordringa til til bloggen lammelårtanker. Utfordringa går ut på å poste eit blogginnlegg kvar søndag før jul. Dette er det første av fire innlegg. I dag var oppgåva å skrive eit innlegg om noko som har provosert meg i nyheitsbilete den siste veka.
Siden dette er ei form for førjulsutfordringer benytter eg anledninga til å komme med eit par juleønsker. Faktisk er det noko av det eg ønsker meg mest i verden; at DU tar denne utfordringa:
1. Lær deg førstehjelp: Meld deg på eit kurs, google, se filmer på youtube, spør en venn som kanskje kan litt, spør meg! Den dagen du treng å kunne førstehjelp er det for seint å melde seg på kurs.
2. Tørr å være eit medmenneske. Nokon ganger må ein ut av komfortsonen. Eg forstår at det kan være vanskelig å gå bort til folk ein ikkje kjenner og snakke med dei, men ofte er det ein grunn til den guffne magefølelsen ein får når ein ser nokon som sliter. Tenk deg om: Kva har du egentlig å tape på å gå bort å si «Hei. Går det bra med deg?» eller «Treng du hjelp til noko?»
3. Ikkje vær redd for å gjøre feil. Førstehjelp er i stor grad sunn fornuft. Eg har enda til gode å se folk gjøre direkte feil når dei utøver førstehjelp. Å gjøre så godt du kan er ofte godt nok, og det er heilt klart mykje betre enn ingenting!
Den feilen folk gjør oftest er å velje alternativ B.
Og forresten: 24 timer i døgnet, 365 dager i året sitter det fantastisk flinke folk på AMK-sentralene rundt omkring i landet som er klare for å ta imot telefon frå DEG når du kjem opp i ein situasjon. Viss ikkje du veit kva du skal gjøre veit garantert dei det. Nummeret er 1-1-3!
Eg avslutter med eit aldri så lite illustrasjonsbilete. Verker det litt malplassert? Dette bilete er av meg og yndlingspersonen min i heile universet. Om lag 10 personer får hjertestans utanfor sjukehus i Noreg, kvar dag! Neste gang kan det være nokon du er glad i som blir ramma, så lær deg førstehjelp, bli så sjølvsikker at du tørr å bruke kunnskapane den dagen du får bruk for den, så «gode ting kan skje» og alle kan feire jul saman med yndlingspersonane sine!
Fred og kjærleik
Dagens spørsmål er forhåpentligvis enkelt å svare på:
Velger du alternativ A eller alternativ B?