Som nokon av dykk kanskje fikk med dykk førre søndag er er med på desemberutfordringa til bloggen lammelårtanker. Førre søndag skreiv eg om kor provosert eg blir av folk som ikkje hjelper folk som treng det. Denne søndagen går oppgåva ut på å dele eit julegåvetips til ein fireåring, ein tiåring, ein fjortenåring og til ein sekstiåring.
Så om du ikkje er ferdig med julegåvene enda, fortvil ikkje:
#denkjensla når du endeleg har fått fyr på adventsstaken og kan setje deg på bordet og ete risboller. Omnomnom! (Obs: Bilete er ikkje frå i år.)
For tida holder eg på med sortere meg gjennom alt eg eig. Sjølv om eg så vidt har starta er konklusjonen for lengst klar: Eg eig for mykje ting.
Ei av grunnane til at eg eig mykje ting er at eg likar ting (eller likte), så sånn sett tar eg denne utfordringa på strak arm. Eg er og veldig glad i å gi gåver. Problema oppstår når alle gåvene skal knyttes opp mot ei høgtid og gies samstundes. Det er då stresset oppstår… Du veit, det stresset som gjør at folk får hjartestans på bussen på veg til julehandelen eller svimer av i kassa på kiwi.
Tilbake til utfordringa: alle fireåringer, tiåringer, fjortenåringer og sekstiåringer er ikkje like, så tenk over kven du skal gi gåva til. Ikkje stol blindt på meg! Sjølv er eg tilhengar av å gi ting eg blir glad for, og du og eg er nødvendigvis ikkje like, så det kan hende tiåringen din rister oppgitt på hodet om du går for mine tips.
28 år gamle Lina Kristine leser forresten i gamle dagbøker for tida og fant akkurat ut at ti år gamle Lina Kristine begynte å planlegge julegåvene allereie i begynnelsen av oktober og ønska seg ei bok om teiknspråk i håp om å kunne snakke i skoletimane utan å forstyrre undervisninga. Siden ingen andre i klassen kunne teiknspråk eller hadde noko ønske om å lære det er det kanskje like greitt at 10 år gamle Lina Kristine aldri fikk oppfylt ønsket sitt. Poenget mitt er at nokon ganger må du stole på at du er smartare enn personen du skal gi gåva.
Illustrasjonsbilete av at broren min har fått ei gåve. Ut ifrå bilete kan ein anta at den som har gitt han gåva er smartare enn han: han har trass alt på seg grøn fløyelsshorts med strømpebukse under på julafta. Kven i alle dager, med vettet i behold tar på seg noko sånn?! Ein kan og ut ifrå ansiktsuttrykket anta at pakken inneheld Lego og at litlebror har gjetta seg frem til dette.
Sjølv ønsker eg meg minst mulig ting i år: Med andre ord ting som kan spises og opplevingar er fint. Og ting eg treng! Men siden verda er eit materialistisk sted kjem her nokon materialistiske julegåve tips, så håper eg at folk eigentleg driter i det og heller går for tenester, opplevingar og ting som kan etast. Lenge leve verda og miljøet.
(Siden regjeringa ikkje gidder å redde verda så må jo vi andre gjøre det).
Og om nokon stusser over tipsa; eg er spelegal! Så veit du det! Dessutan er spel ei fin blanding av materialisme og opplevingar (og det er noko sjølv far kan finne når han er ute og krisehandler en halvtime før stengetid på litle julafta):
Til ein fireåring:
Ifølge produsenten er poophat passande for familier med born frå 5 år og oppover. Sjølv trur eg at produsenten undervurderer borna: ein 3-4 åring bør ikkje ha store problemer med å spille dette spillet med litt veiledning frå ein vaksen (det er ca like krevende som å gå på do: Er du vaksen er det lett. Er du 4 år kan det hende du treng litt hjelp). Heile spelet går ut på å lære seg rekkefølgen på «do-prossessen». Først gå på do, bæsje, trekke ned og vaske hendene! Den delen av meg som jobber i helsevesenet og digger hygiene elskar dette spelet. Den andre delen av meg ble litt fort lei. Likevel superpraktisk spel for born og vaksne som treng å lære om personleg hygiene. Sånn sett kan dette og være eit godt julegåvetips til ALLE som ikkje vasker hendene etter de har vært på do.
Taperen av spillet er forresten den som har flest bæsjer på hodet. Og bæsj på hodet er alltid gøy!
Pit: Det skal nevnes at min erfaring med born er relativt begrensa og eg har store problemer med å se for meg kor smart ein fireåring no til dags egentleg er. Uansett: Dette spelet i kombinasjon med folk som klarar å la ein fireåring vinne må være noko av det gøyeste i heile verden for denne fireåringen. Du lærer enkel telling (å telle frå ein til sju), litt taktikk og forhandling (det er kanskje der den gjennomsnittlige fireåring kommer litt til kort om han ikkje får litt hjelp på vegen) og sist men ikkje minst: Du har ei klokke som sier PLING skikkelig høyt når spillet er over. Gi fireåringen gleden av å vinne/trykke på klokka så er eg sikker på at du har ein lykkelig fireåring som vil spele pit igjen og igjen og igjen! Dette er forøvrig eit spel som passer fint for resten av familien og!
Til ein tiåring:
Ligretto kan kanskje kallas ein klassikar etter kvart, men det er kanskje ikkje alle som kjenner til dette fantastiske spillet likevel. Spillet går enkelt og greitt ut på å bygge opp bunker i forskjellige fargar frå talla 1 til 10 raskast mulig. Alle spelerane speler samtidig og det kan fort bli kaotisk. Hadde det ikkje vært for at eg er ein svært dårleg taper og stort sett taper i dette spelet hadde det heilt klart vært nesten på toppen av lista mi. Spelet passer for heile familien.
Bortsett frå at ligretto er eit superunderholdene spel ein kan spele i mange timar utan å gå lei er ein annan fordel at spelet kun består av ei bunke med kort (120 stk for å være presis). Det er med andre ord lett å putte i tursekken eller kanskje i baggen når du skal på ferie utan at det tar verken plass eller vekt. Det liker vi, for kva ellers skal ein gjøre på ferie?
(Som du ser på bildet: Spillet finnes i tre farger. Ein boks holder til 4 spillere. Du kan bygge på spelet ved å kjøpe ein boks i ein annan farge. Har du alle boksene kan du med andre ord spele opp til 12 spillere).
For tiåringen som ikkje liker at ting går så fort heile tida anbefaler eg Bohnanza. I spelet er du ein bønnebonde som skal produsere bønner og tene mest mulig penger med begrensa resursar. Spillet er ein salig blanding av flaks, uflaks, forhandling og planlegging. Spillet passer for heile familien inkludert tiåringar og vegetarianarar!
Når du blir lei «vanlig» bohnanza finnes det fleire tileggspakkar som du kan kjøpe for å gjøre spillet vanskelegare/annleis).
Til fjortenåringen:
I ein perfekt verden hadde ikkje Ticket to ride trengt nokon nærare introduksjon, men eg har ei lita mistanke om at det faktisk finnes folk der ute som enda ikkje har oppdaga dette fantastiske spelet. Ticket to ride er ein serie av forskjellige brettspel som går ut på at du skal byggje toglinjer gjennom byer og land i mål om å komme frå ein by til ein annan. Kvar du skal finn du ut ved å trekke oppdragskort. Dette er eit spill som passer for hele familien gjerne inkludert tiåringen.
Spelet oppleves som underholdene og det er ikkje til slippe unna at ein får litt geografikunnskaper på kjøpet.
Som nevnt finnes det fleire spel. Europa og USA er hovudspela. I tilegg kan ein kjøpe tileggspakker med nye spelebrett (bl.a Afrika, Asia, Nederland, India osv.) og ein kan kjøpe fleire spelekort til USA og Europa slik at ein får muligheten til å legge til nye ruter. Alle disse mulighetene gjør TTR til eit spel ein kan ta frem igjen og spille time etter time utan å gå lei.
Dominion er eit av mine favorittspill nokon sinne. Det er eit strategispill der målet er å tene pengar for å kjøpe poeng. Ikkje overraskande er vinnaren den som sitter igjen med flest poeng (altså i dei fleste tilfeller meg). Spillet inneheld mange kort med forskjellige «handlingar» som ein kan bruke kortet til. I løpet av eit spill bruker ein ti av disse korta. Det gjør at spillet forandrar seg frå gong til gong. Strategien som gjør at du vinner i det eine spillet kan være heilt feil i eit anna spill. Også her har ein muligheit til å kjøpe tilleggspakkar slik at ein ALDRI går lei. Det finnes minst 8 tilleggspakkar så muligheitene for kortkombinasjoner er nærmast uendelege! Spelet passer for alle som elskar strategispel (eller endå ikkje har oppdaga at dei elskar strategispel).
(Eg innser at ord ikkje kan beskrive kor fantastisk dominion er, så eg vonar du gir det ein sjanse eller 10 til trass for min elendige forklaring.)
Til sekstiåringen:
Til sekstiåringen hadde eg eigentleg tenkt å foreslå noko så uoriginalt som scrabble, men sidan alle veit at sekstiåringar no til dags er konstant på reisefot nyttar eg heller høvet til å foreslå ordspelet bananagrams. Spelet går ut på å fortast mogleg lage ord av bostaver du trekker frå ei bunke. Spelet kan minne litt om scrabble, men utan spelebrett. Alle som speler, speler samstundes og sjølv om målet er å bli fortest ferdig treng det ikkje å gå så veldig fort. Her er nemleg kvalitet viktigare enn kvantitet. Spillet passer for dei fleste, men folk som ikkje er gode i rettskriving er (dessverre) dømt til å tape.
Om dette er noko for deg eller ein sekstiåring du kjenner så ta deg ein tur i den lokale bokhandelen og sjå etter ei tøybanan i praktisk reisestorleik.
Til å være såpass spill-entusiast som eg er har eg eigentleg aldri fått heilt dreisen på risk. (Dominion er jo 1000 ganger betre!) Likevel ser eg for meg at det kanskje er stor stas for 60 år gamle Lina Kristine. For dei som ikkje kjenner risk så er det strategivarianten av monopol. Ikkje misforstå: det er ingenting i risk som minner om monopol, men spillet tar ein eeeevighet. Dessutan: Når det fyst går i dass så går det verkeleg i dass! Det går liksom ikkje ann å tape litt i risk, slik som ein kan i ein del andre spel. På ei anna side: Om du først vinner så har du trass alt verdsherredømme! Målet med spillet er nemleg verdsherredømme, noko eg ser for meg passer fint for ein sekstiåring. Er ikkje dei fleste statsleiare i sekstiårsalderen?
Kva er favorittspillet ditt? Kva ønskjer du deg til jul? Og kva ville du kjøpt til ein fireåring, tiåring, fjortenåring og sekstiåring? Har du tenkt å ha på deg grøn fløyelsshorts denne jula?
Haha.. må si jeg elsker scrabble-bildet!
Gode tips og tanker «nokon ganger må du stole på at du er smartare enn personen du skal gi gåva.», hehe..!
Deles på Fb-sida mi senere i dag.
Hehe, takk! Det spillet anbefales veldig altså 🙂 (Og eg er veldig nøgd med rekordordet mitt, for eg antar at du la merke til det).
Takk for deling og igjen; Takk for ei fin utfordring! Eg gleder meg til å lese gjennom alle andre sing gåvetips i kveld, for det trengs 🙂
Glad jeg slipper det stresset med julegave.! Har sluttet helt å gi gaver. Så slipper jeg også å motta ting jeg ikke trenger som bare fyller opp skapene. Det er de som synes det er et litt merkelig valg, men jeg legger ut innlegget «gaver og minimalisme» i morgen på bloggen om du vil lese. Julefeiring er fint, men jeg synes det er alt for mye forventninger rundt dette med gaver og feiring blant folk. Jeg gleder meg til en stille og rolig jul, og tenker med skrekk på hvor mye stress enkelte opplever i disse førjulstider.
Jeg kom til samme konklusjon, at jeg hadde ALT for mye ting. Nå har jeg virkelig kommet godt i gang, er langt over halvveis gjennom alle eiendelene og har kvittet meg med masse! Jeg ser for meg å være ferdig-ryddet innen nyttår og har reservert boka «magisk opprydning» av Marie Kondo på biblioteket nå, men får ikke hentet den før etter nyttår (stengt hele jula og utlånt). Så den kommer jeg nok til å lese når jeg allerede er ferdig med store deler av ryddingen. Også er det jo enda viktigere å holde det ved like. Men med innkjøps-stopp og et helt annet syn på behovet for gjenstander, har jeg nok kommet langt allerede. Jeg føler det handler enda mer om tankegang enn bare å kvitte seg med mye av det man har. Begynner å angre på at jeg ikke tok «før» og «etter»-bilder.
Artig å høre at du leser i gamle dagbøker for tida, da er vi to! Jeg har gått mye gjennom gamle dagbøker dette året, siden jeg har skrevet i mange år. Nå har jeg endelig begynt å skrive nesten bare på pc. For det blir ganske mange notatbøker opp gjennom årene. Lettere å forstå også, siden jeg har en skikkelig fæl håndskrift jeg knapt skjønner selv.
Fine tips til julegaver! Ønsker deg en god start på uka 🙂
Valget du har tatt gir absolutt meining. Høyres fornuftig ut i mine øyrer. Flott at folk respekterer det. Det må være deilig å slippe stresset! Eg trur ikkje eg kjem til å klare å slutte med julegaver, men eg håper eg er betre forberedt neste år, sånn at ein i det minste kan begynne tidlig (for å slippe stress) og gi gjennomtenkte julegaver som folk treng.
Gled deg til boka! Den er superrar, men har mange gode poenger. Håper det kjem eit innlegg om den når du er ferdig. Hadde vært spennende å lese kva du synes, Elles er det mykje bra på youtube om ein treng innspirasjon.
Hehe, eg gremmes over alt det dumme eg har skrevet før. Har så vidt begynt prosessen med å brenne ting no. Deilig! 🙂 Lettere med blogg, der ein kan skrive innlegg og bare slette dei når ein har fått ut frustrasjonen.
Tusen takk. God helg! (Eg er vist treig med å svare).
Ja, det er deilig å slippe stresset! Jeg er egentlig sånn på alle områder i livet nå, at jeg rett og slett ikke gidder unødvendig stress, pengebruk eller tidsforbruk mer. Jeg går min egen vei, så får folk tenke akkurat det de vil 🙂
Jeg er spent på boka ja! Kommer nok til å skrive om den på bloggen i et av innleggene om minimalisme på nyåret. Jeg legger først ut et innlegg i januar om 10 ting ikke bruker penger på, og kommer med tiden til å nevne små og store ting som kanskje kan hjelpe andre litt til å rydde opp, organisere og ikke minst spare tid og penger. Selv de som overhodet ikke har interesse for minimalisme og nesten synes det er et «fy-ord» kan jo snappe opp et tips her og der.
Jeg begynner å innse hvor mye jeg «ubevisst» har gitt slipp på før jeg i det hele tatt hadde tenkt tanken om minimalisme. Blant annet at jeg kvittet meg med tv-en for 1,5 år siden, gradvis litt unødvendige møbler, har veldig lite klær, og en god del ting jeg bevisst har valgt å ikke bruke penger på opp gjennom årene. Nå er det som om jeg endelig har funnet de siste brikkene «i puslespillet».
Det har skjedd litt bare siden jeg skrev her. Jeg har rundet 650 bøker som er ute av huset, kvittet meg med et hjørneskap, to dvd-søyler og en bokhylle. Ikke minst ufattelig mye pynteting, kopper og kar som ikke blir brukt. Først ga jeg bort en god del, men det som er igjen nå skal kastes til uka. Det er 4 bananesker! Det sier jo litt, med tanke på at det jeg ga bort sikkert var 2-3 om det hadde vært pakket ned.
Det neste som skal ut er en kurvestol, en barstol som bare samler støv på kjøkkenet og to mindre bokhyller i stua. Det verste er at det faktisk ikke virker tomt i leiligheten uten alt dette!
Godt å høre du synes det hjelper å brenne ting. Jeg er nok alt for kontrollfreak til å kunne kvitte meg med gamle dagbøker, så det er bra jeg nå skriver på pc. Når det gjelder blogg sletter jeg heller ikke innlegg. Jeg har hatt flere blogger før, men etter jeg opprettet denne bloggen i januar 2014, er jeg veldig bevisst på hva jeg legger ut, og fjerner ikke noe. Nå tenker jeg 10 år fram hver gang jeg skriver noe. At jeg fortsatt skal være komfortabel med at det ligger der og i hvert fall delvis like det. Om noen av bildene eller tekstene ikke er blant de beste i mine øyne om 10 år, viser det likevel utviklingen min innen foto, kreativ skriving og livet generelt. Men vi er jo forskjellige 😉
God helg til deg også! Jeg skal tilbringe søndagen med en god bok og litt wok senere.
Siden jeg er maksimalist kan jeg egentlig ikke klage over for mange ting. Må ta ansvar for alle tingene jeg har som bare samler støv. Nyttårsforsett er å gi enda mer videre til gjenbruk. Og kanskje helt slutte med å gi julegaver bare for å bytte gaver. Derimot har søkkrike Norge flere fattige enn noen gang. De trenger gaver året rundt. Det samme gjør folk over hele kloden. Vi trenger ikke leite. Det blir mitt beste julegaveråd: Gaver til dem som trenger alt, i stedet for «gaven til den som har alt», som det står i reklamen. …. Men i år blir det nok nesten ved det gamle, selv om antall gavebyttere har blitt drastisk redusert.
Eg liker tanken på både maksimalisme og minimalisme, så det er vanskelig. Mange ting er så utruleg fine, men samtidig kan det fort bli for mykje av det gode. No prøver eg å sitte igjen med ting eg faktisk er glad i fremfor bare masse rot. Dessutan er det deilig å rydde ut av klesskapene og vite at klærne få nytt liv hos nokon som verkleg treng dei i Ukraina ❤
Det er nok vanskelig å kutte ut gåvene heilt, men eg har hvertfall tenkt å bli flikere å kjøpe ting som folk treng fremfor hyllefyll. Og stearinlys til folket kjem ein jo aldri unna 🙂
Tilbakeping: Julegåvetips for når livet er kjipt | Leik og morskap