Du veit du har midtlivskrise når…

jmrdI dag er dagen her. Dagen vi alle har venta på! Du trur kanskje eg snakker om halloween? Neida, eg snakker om dagen eg blogger for første gang på ca 9 måneder, dagen bloggen min fyller 5 år. Dagen eg fyller 29 år for første gang. Og sist men ikkje minst: dagen eg spiser masse litt roande piller, får ca 33 sprøyter med gift sprøyta inn i hovudet (med den fantastiske biverknaden at dama i kassen på polet trur at eg er 26 år dagen før den O-store-29årsdagen!), før eg reiser heim, eter billeg smågodt utan palmeolje og gret meg i søvn åleine fordi det er bursdagen min og fordi den er jævleg litt kjip…
(Sorry mamma)

Attende til deg eg tenkte dette innlegget skulle handle om; Midlivskrisa!
Eg har nemnt ved fleire høve at eg lider av prematur midtlivskrise. I det siste føler eg at denne midtlivskrisa begynner å minne meir om at eg holder på å bli ei sur, gammal kjerring.  Uansett: Her er nokon tegn du kan sjå etter i livet ditt, om du og lurer på om du er ramma av denne styggedommen!

1. Du er meir opptatt av å leve livet enn å blogge.
Rett før førre innlegg, som blei skrevet før jul i fjor blei eg ramma av ein eksistensiell krise der eg har vært meir opptatt av å leve livet enn å skrive om det. Eg har til og med reist til den sørlege delen av kloden vi lever på, utan å blogge om det, på bloggen som i utgangspunktet starta som reiseblogg.
dsc02332
(Afrika var awesome. Eg burde lagd eit innlegg om det ein gang…)

2. Du er dum nok til å både melde deg på og stille til start på halvmaraton.
Eg veit ærleg talt ikkje om eg skal skryte på meg at eg har løpt halvmaraton; men eg trassa det faktum at BMI-en kryper oppover mot «fedme» og meldte meg på. Den hyggelege medalje-utdelaren påsto at eg klarte det, men han tok seg og fridommen til å fortelja meg at «det tok jo litt lang tid». Tusen takk! Det var akkurat det eg vile høyre etter over 3 timer på joggetur!

Målet til neste år: Være så sprek at eg orker å be medalje-mannen om å ta seg ei bolle når han seier at eg er treig!
20170903_153441(0)
Uansett: Er psyken din sprek nok til å melde seg på ein halvmaraton, mens kroppen så vidt er sprek nok til å gå 60-meteren på ein times søndagstur: Midtlivskrise!

3. Du bruker bursdagen din på å få Botox.
20170808_122756
På vinmonopolet lurer dei ofte på om eg er over 25. Det kjem ikkje gratis for å si det sånn… Eller, det kjem faktisk gratis, sånn reint økonomisk, men det gjør veldig, veldig vondt. Kjære staten og kjære skattebetalar: Takk for min evig unge utsjånad (og livet).

#YOLO

4. Folk maser om familieforøkelse etterfulg at teite lyd-effekter!
Du veit når du jobber med nye folk eller møter nye folk og du må ta den derre bli-kjent-praten?

Kvar er du frå?
Kva driver du med?
Liker du sylteagurk?

Kva er meininga med livet?

Så kjem ein til det uunngåelige:
«Har du familie eller born kanskje?»
«Eg er gift, men eg har ikkje born ennå, men eg har to hund….»
«…Det er bare å sette i gang! Høhø! Tikk takk tikk takk! Klokka går vettø!»

Okey, det der er ikkje greitt, av så forbanna mange grunner at det burde vært eit eget innlegg. Så bare slutt med det, please!
20170512_150713

5. Du har hengepupper og mannen din er bekymra for helsa di.
mammografi
«Skal du begynne med sånn derre mammografigreier snart?»
NEI, Olav Emil. Mammografi er sånn som GAMLE damer gjør (sorry mamma). Og SÅ gammal er eg faktisk ikkje ennå!

(Eg putta nettopp merkelappen «gammel» på alle over 50. Beklager dette!)

6. Du slutter å drikke pepsi max og energidrikker, køyrer kaffe-detox og sluttar å ete kjøt.

Har du gjort noko gøy i sommar? Ikkje eg heller. Sidan det uansett regna ustoppeleg slutta eg like greitt, heilt spontant å drikke kaffi, pepsi max, energidirikk og PWO (Sånn treningsdrikk som ungdommen no til dags drikker).

Eg overdriver ikkje når eg seier at eg var sengeliggande i over ei veke.

Nokon månadar seinare kan eg uansett skryte av at eg har «slutta å drikke» og i tillegg er er eg så «hipp» at eg nesten er blitt plante-etar. Woop woop! #YOLO og #FML og sånn liksom…
IMG_20170415_194442.jpg
Illustrasjonsbilete av soyasjokolademelk på ein fjelltopp, fordi det er noko av det fineste som finnes i det nye, nesten koffeinfrie livet.

7. Du er venner med folk over 40.
23114813_1380448832065199_1612159848_n
Er du i tvil om du faller i denne kategorien? Veit venene dine kva YOLO betyr? Blir dei spurt om leg på polet? Eit anna teikn på at dei er over 40 er at dei begynner å bli støvete.

8. Når du hater å gå på fest fordi folk er teite og fester er bråkete og dette var det siste festen du var på:
paradis

9. Nødetatene dukker plutseleg opp nesten kvar gong du trener.

(Kjenner eg ein brannmann som stiller på neste treningsselfie?)

10: Dette:
39aee87d34eff06c11892b6c7a091610--google-earth-happy-fun

Og med det håper eg at alle har ein betre bursdag enn kva eg har i dag! Liker du sylteagurk? Er vennene dine støvete? Har du prøvd mammografi? Skal du få gift-sprøyter i hodet ditt i dag? Har du slutta å drikke kaffi nokon gong? Klarer du å stave «Eksistensiell» utan å jukse?

23114726_1380448825398533_462816664_n

 (PS. Eg er ei negativ, gammal kjerring, men livet er ikkje så verst for tida, bortsett frå dei få dagane i året eg tilfeldigvis får giftsprøyter i hovudet! I år skjedde det tilfeldigvis på bursdagen: Det gjør ingenting! Eg kan spise kake og være glad ein annan dag!)