Den vanskelege samtala

Det var ein gong ei tenåringsjente. Ho kan ha vært 15, 16 eller kanskje 17 år. Som mange andre tenåringar var ho litt rebellsk, men også ganske idealistisk. Som ungdommar flest gjekk ho på skule. Fritida brukte ho på å prøve å redde verda, trene og synge i tensing-kor, alt med mindre hell.

Det var ein vakker dag og mora hennar ana fred og inga fare då dottera kom heim frå skulen denne haustdagen. Dei satte seg ned ved kjøkkenbordet, der middagen var servert. «Mamma, når eg døyr vil eg bli organdonor» kom det frå den eldste av husets to tenåringar. Det blei heilt stille.

«Lina Kristine…» sa ho med tårer i augene og tonefallet som bare kunne komme frå ei mor som såg livet til dottera passere i revy framfor augene hennar; «Dette orkar eg faktisk ikkje å snakke om.»


Hukommelsen min er desverre ikkje så god at eg kan skryte på meg at dette var nøyaktig det som skjedde ein dag for 10-15 år siden, men det er ca sånn eg hugser det når eg prøver å tenke attende på det. Samtala med pappa var heldigvis litt lettare. Mannfolk er fine sånn sett: Dei ser den fine tanken bak orda «Eg vil bli organdonor» framfor å sjå for seg 16 åringen som syklar utan hjelm, den lille turen ut i mørket utan refleksvest, bilen i fjellveggen eller den der festen der alt går galt… For det går jo stort sett alltid bra. Gjer det ikkje?

DSC08701
I Noreg finst det ikkje noko register der ein kan melde seg som organdonor. Ifølgje dei som har peiling er det like greitt: Statistikken over organdonasjonar er ikkje så verst. Samanlikna med andre land vel å merke.

Spania som heller ikkje har noko register og derfor kan samanliknast med Noreg, ligg på Europa-toppen i antall donasjoner. Noreg er ikkje så langt bak. Både Sverige og Danmark som har register er dårlegare enn Noreg.

Likevel døyr folk mens dei ventar på nye organ. Kva som er ei god løysing på problemet veit eg ikkje, men eg veit at den dagen eg døyr og ikkje lenger har bruk for kroppen min, så vonar eg at den kan være med å hjelpe nokon som treng det.

Å bli organdonor i Noreg er relativt enkelt; Alt du treng å gjere er å si det høgt til dine næraste pårørande.

«Eg vil bli organdonor»

Så lett men likevel så vanskeleg. For kven er dine næraste pårørande? Entan det er foreldre, ektefelle, søsken eller born så er det sannsynlegvis (og forhåpentlegvis) folk som er glade i deg og vil at du skal leve så lenge som mogeleg. Tanka på at vi ein gong skal døy kan være vanskeleg for mange. Når temaet kjem opp trur eg det går opp for mange at livet faktisk er sårbart og at vi kan miste kvarandre. Likevel trur eg det er viktig å bite tennene saman og ta samtala, uansett kor vondt det gjer.

For ein ting er sikkert: Den dagen du går heimefrå i mørket utan refleksvest eller gløymer bilbeltet og kræsjer i ein fjellvegg og får døydelege hovudskadar så kjem det ein enda vanskelegare samtale.

2013-09-08 15.41.52

I 2016 kom eit nytt lovverk som seier at dei pårørandes rolle er å stadfeste donorens standpunkt. Dei skal ikkje ta avgjørelsen for deg. Lova er omdiskutert av fleire årsaker, men om ein skal sjå på det positive tydeliggjør den viktigheita av at ein tar eit standpunkt mens ein ennå er i live og at så lenge standpunktet er tatt og kjent kan ein ifølgje lovverket gjennomføre organdonasjon utan godkjenning frå pårørande. I praksis er nok dette langt frå det som skjer, då det i stor grad blir tatt hensyn til pårørande, men eg synes likevel at det er fint at vi har ein lov som seier at det er ein sjølv som bestemmer over sin eigen kropp, også etter at ein er død.

Sjølv om eg har trua på at mine næraste pårørande klarer å fortelje kva ynske mitt er den dagen eg ikkje klarar det sjølv har eg valgt å forevige standpunktet mitt på kroppen.

(I tilfelle du ikkje kjenner igjen figuren er det Dunce frå «Dumb ways to die«. Han selger begge nyrene sine på internett og er kjempenøgd med den gode dealen han har gjort, uvitande om at han snart skal døy.)

Over 400 mennesker stod i donorkø ved inngangen til 2018. Ved å si ja til organdonasjon kan ein i beste fall redde 7 av disse. Ein gjennomsnittlig organdonor redder 4 menneskeliv!

Sjølv om dette er fine tall skal eg forsette å bruke refleksvest og bilbelte, tenke eigentryggleik når eg er på jobb, ikkje drikke meg for full på fest og ta vare på helsa så godt eg kan. Noregs elste organdonor er 90 år, og om eg tar vare på meg sjølv så blir eg forhåpentligvis minst like gammal – og ekstra tøff, med tatoveringer på kroppen.

DSC03727

Og du; Om du synes det er litt drastisk med organdonasjonstatovering kan du frå hausten av legge inn ditt standpunkt til organdonasjon i kjernejournalen din på helsenorge.no. Då vil sjukehuset umiddelbart ha tilgang til standpunktet ditt om det skulle være nødvendig og pårørande vil bli varsla om at du ynsker organdonasjon. Imens oppfordrar eg alle til å ta ein prat med dei yndlingsmenneskjene sine om organdonasjon!

Bruker du refleksvest og bilbelte? Vil du bli organdonor når du døyr? Har du prata med yndlingsmenneskjene dine om organdonasjon? Synes du 90-åringar med tatoveringar er tøffe og barske?

(Unnskyld mamma!)

 

 

2 thoughts on “Den vanskelege samtala

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s