Drømmegraviditeten

Spoiler alert: Eg er ikkje gravid! Hvertfall ikkje ennå. Så spar deg for gratulasjonane.

Er det ikkje rart korleis livet ofte tar heilt andre vegar enn den du hadde tenkt? Og er det ikkje rart korleis vi forandrar oss på vegen mot det vi trudde var målet?

DSC06551

Då eg var tenåring såg eg for meg eit liv som evig singel.

Eg kjente meg annleis. Ikkje nødvendigvis på ein dårleg måte. Berre annleis liksom. Eg var meg sjølv. Eg viste ikkje kva eg ville med livet, men eg såg for meg at kva enn eg skulle, så skulle eg gjere det åleine.

Gutter og menn var stort sett noko dritt og kjærleiken var daud. Dessutan var det så mykje anna som var viktigare i livet. Redde verda til dømes.

Litt i seinaste laget fann eg omsider ut kva eg ville bli her i livet. Valet eg tok sendte meg til Os der eg måtte bu på hybel eit år. Då året var omme var planane om å være evig singel gått i vasken; Eg fann ein rar, skjeggete, langhåra fyr som plutseleg blei kjærasten min. Eigentleg var vi bare venner, men i eit svakt augeblik bestemte eg meg for å hoppe i det og gi kjærleiken ein sjanse til trass for dei 12 mila som var mellom oss i starten.

059

Folk som kjenner oss veit at valet vi tok ikkje var så dumt. Det har trass alt gått ganske bra. Vi gjorde sånn som kjærester ofte gjer; Kjøpte oss eit hus, gifta oss og skaffa oss ein søt liten kvalp.

Midt oppi alt dette begynte eg å bli sjuk og atter ein gong tok livet ein vending eg ikkje såg for meg; denne gongen i feil retning. Eg har ingen sjukdom som tar livet av meg, men ein sjukdom som steler livskvalitet, timar, dagar og år av livet mitt. Det er ikkje til å legge skjul på at det er svært vanskeleg å leve med at livet, med alt det potensialet eg ein gong såg, ikkje lenger blei som eg ville.

Årene etter at vi gifta oss har for meg vært ein berg- og dalbane med oppturar og nedturar og prøving og feiling med medisinar. Det har vært mykje frustrasjon når ting ikkje har gått bra, men desto meir glede på gode dagar og når ting har gått rette vegen. Dei siste åra har eg omsider fått god hjelp av medisinar som har heldt meg frisk i lengre periodar, utan alvorlege biverknadar.

På eit eller anna tidspunkt begynte biologien og draumen om meir enn bare hundekvalpar å melde sitt inntog. Spørsmåla hadde allereie vært der lenge; for ein kan vel ikkje forvente noko anna når ein giftar seg og kjøper hus så tideleg som vi gjorde det:
«Kva tid kjem ungane?»

For når passer det eigentleg å planlegge familieauka? Når ein er gift? Når ein har hus? Når kvalpen er blitt stor nok? Når ein har stasjonsvogn? Når ein har fast 100% stilling? Når ein studerer? Når ein har bygga nytt hus med 4 soverom? Når ein er ferdig å studere? Når ein er frisk nok?
Mange seier at ein aldri føler seg klar for å bli foreldre. Eg har ikkje tall på kor mange gonger eg har tenkt inni meg at dei tar feil.

057

Allereie som nygift 21 åring begynte spørsmåla å komme og ein draum oppstod i det fjerne. Joda, born må vi ha, men først fast jobb og arbeidserfaring. Men innan eg er 30: Definitivt!

Livet mitt blei ikkje som eg såg for meg og familieplanlegging er ikkje det som står øvst på lista når ein ligg på eit mørkt rom og vrir seg i smerte. I alle disse åra der eg har hatt meir enn nok med meg sjølv har eg vært vitne til at fleirtalet av dei eg kjenner på min eigen alder får born. På gode dagar har eg våga å drømme…

Eg såg for meg fleire born. 2 kanskje. Eller 3? Helst litt tette sånn at dei kan leika i lag. Og helst født sånn på året at det passer perfekt med barnehageopptaket, for det er vist viktig har eg lest. Og den første skal definitivt være født før eg er 30!

Eg har og sett for meg draumegraviditeten. Ha sex. Bli gravid. Ikkje bli sjuk. Ikkje ha masse plager. Ikkje si noko til nokon før det er gått minst 12 veker. Ikkje være ein sånn person som poster kvar einaste lille graviditetsdetalj på internettet. Bare ha det bra, være gravid og stråle (sånn som alle gravide gjør). As simple as that!

På eit eller anna tidspunkt for veldig lenge sidan gikk vi tom for unnskyldningar: Vi hadde hus, bilar, økonomi og kvarandre. Helsa var brukbar. Kva meir treng ein?

DSC07999

Atter ein gong har livet tatt ei uventa vending som 21 år gamle, nygifte Lina Kristine ikkje hadde sett for seg. Ikkje alle kan ha sex og bli gravide viste det seg. Ikkje alle kan sjå på kalenderen og telle månadane fram mot barnehageopptaket… Etter mange legebesøk, mange prøver og enda meir frustrasjon er det omsider eit faktum: Vi har gått frå planlagt ufrivillig barnlause til å «bare» være ufrivillig barnlause.

Eg får aldri draumegraviditeten min. Kanskje får eg ikkje draumebabyen heller? Og tanken på å produsere meir enn ein baby er meir enn nok til å gi meg angstanfall!

I sommar fikk eg mine siste botox-sprøyter. I løpet av hausten, ei stund etter den kroniske migrenen melder sin ankomst igjen skal vi og legane på Haukeland prøve å lage ein baby.

Snapchat-519178782

Når eg forteller folk dette pleier dei å lyse opp, på same måte som eg ser for meg at dei hadde gjort om eg hadde fortalt at eg var gravid: «Næmmen, så kjekt! Hurra!»

Det er ikkje kjekt! Det er faktisk heilt jævlig! Kun dei som har gått i våre sko veit kor mange tårer, kor mykje frustrasjon, kor mykje skyldfølelse og skam, kor mykje venting, kor mykje plikt-sex, kor mykje tissing på pinnar og kor mykje krangling og diskusjonar det ligg bak dette. For ikkje å snakke om alle legebesøka, blodprøvane, sædprøvane, dei gynekologiske undersøkingane, alle pengane det kostar og det endelause umoglege byråkratiet som sjølv ikkje legane forstår seg på. Og mange har kanskje hatt ein lengre veg enn oss med spontanabortar og andre kjipe ting langs vegen. For frå eit medisinsk perspektiv er vi i det minste heldige som er relativt friske. Sa eg frisk? Eg meinte frisk som at det ut ifrå eit medisinsk perspektiv er håp om at vi ein dag kan bli foreldre. Men før dette skjer kjem er til å bli veldig sjuk og veldig dårleg. Det gruar eg meg til!

Det blir utan tvil ein spennande haust og vinter, men realisten i meg er klar for at det blir veldig, veldig vanskeleg. Vanskelegare enn det har vært nokon sinne. Vanskelig har det vært lenge, men det er ikkje så mange som har vist om det. Ikkje fordi eg er flau eller noko, det har rett og slett bare vært for vanskelig å snakke om. Fram til no…

Det har tatt lang tid å venne seg til at vår (eventuelle) baby ikkje kjem til å bli til på same måte som babyer flest. Det har tatt enda lengre tid å klare å snakke om det. Å forholde seg til kva andre tenker, meiner og sier om situasjonen vi står i klarer eg framleis ikkje.

Snapchat-156927076

Men takket være andre som er opne om at dei er i same situasjon som oss har det blitt lettare og lettare. Det gir håp. Ikkje nødvendigvis håp om at vi ein dag får realisert draumen om ein familie som inkluderer egne, biologiske born, men eit håp om at det går bra til slutt uansett utfall og ein vissheit om at vi trass alt ikkje er åleine oppi situasjonen. Rundt ein av sju par defineres som ufrivillig barnlause i Noreg. Det betyr at du definitivt kjenner nokon med denne diagnosen eller merkelappen (med mindre du bur under ein stein langt ute i skogen). Det er ikkje sikkert dei som har denne merkelappen forteljar deg det, men dei er der likevel. Derfor vil eg avslutte dette dritkjipe innlegget med ein liten bøn:

– Kjenner du nokon i eit langvarig, fast forhold som tilsynelatande har alt på stell, men ingen baby på vei: Ikkje spør dei kva tid babyen kjem. Det er ikkje din sak.

-Kjenner du nokon med ein diagnose (som til dømes endometriose eller migrene) der du har høyrt rykter om at tanten til broren til kusina til barnevakten til naboen din ble betre av å få born: La det ligge! Personen du kjenner har definitivt høyrd det før, og om det er hald i teorien så vær så snill å stol på at legen til vedkommande har kontroll på dette. Sjølv om det for nokon diagnosar kan hjelpe så er det ikkje sikkert at vedkommande vil få, kan få eller er klar for å få born. Og for alt du veit kan det hende at dei prøver så godt dei kan.
Å heile tida få beskjed om at ein blir frisk om ein blir gravid er sårt. Både fordi det ikkje alltid stemmer og fordi ein ikkje alltid får det som ein vil.

– Kjenner du nokon med eit born som er 3, 5 eller kanskje 10 år gammalt, men ingen nummer to i sikte: Ikkje mas om kva tid nummer to kjem, bare fordi du treng noko å småprate om. Diskuter heller været, politikk eller ditt synspunkt på ananas på pizza og les deg opp på «sekundær infertilitet».

-Høyrer du at ei kvinne i fertil alder er sjuk, kvalm eller har lite energi: Ikkje spør om ho er gravid (med mindre det er du er legen hennar eller er den som kan ha gjort ho gravid). Dei fleste kvinner i fertil alder er klar over kva symptoma på graviditet er og treng ikkje ein mann til å spørje om det er på tide med ein graviditetstest (Jepp, det er definitivt menn som er mest ivrig på å oppfordre ein til å teste seg for graviditet).

-Treng du noko å prate om når du blir kjent med nye folk: Spør gjerne om kva dei jobbar med, om dei har familie og om dei likar hamburgaren sin best med eller utan sylteagurk. Ikkje fortel dei at det er på tide å produsere avkom fordi dei fyller 30, er gift og bygger hus med 4 soverom. Det blir fort klein stemning når ein må fortelje om eit ikkje-fungerande underliv før ein har blitt kjent med nokon.

-Høyrer du rykter om at nokon du kjenner er gravide? Dei forteller deg nok om det når tida er inne. Vær tolmodig! Om du ikkje høyrer noko er det enten fordi at
A: Ho er ikkje gravid.
B: Ho er gravid men føler det er for tideleg å fortelje om det.
Uansett kva av alternativa det er så setter du kvinna i ein ubehageleg situasjon. Spesielt om ho er i same situasjon som meg.

-Er du på fest med ei kvinne som ikkje drikk alkohol? La ho drikke colaen sin i fred. Entan ho er gravid, køyrer, er sjuk eller bare ikkje har lyst å drikke er ho (eller han) på fest for å kose seg, ikkje for å bli utsatt for drikkepress eller å svare på potensielt private spørsmål.

Snapchat-1088224008


Eg har lenge tenkt at dette er noko eg vil være open om. Likevel må eg innrømme at det sitter langt inne å dele dette på internett. Eg har mange dårlege dagar for tida og sjølv om eg ynskjer å være open om prosessen vi no går igjennom er det mange ting som er vanskeleg å prate om: Det er ikkje alt eg vil dele og det er ikkje alt eg vil dele med alle. Og på dårlege dagar orkar eg ikkje å forhalde meg til dette i det heile tatt. 

Eg er forberedt på at eg vil få spørsmål og kommentarar om dette, no når eg har valt å skrive om det. Eg håper folk har forståing for at dette er noko eg vel å prate om når det passar for meg. Det er ein ekstremt sakte prosess vi skal igjennom og vi har framleis månadar med venting framfor oss, så for alle som skulle ønske seg hyppige oppdateringar i framtida, så skjer det veldig lite frå den eine veka til den neste: Og om det skjer noko så får folk vite om det når vi kjenner at tida er inne. 

Om nokon lurar på noko eller ynskjer å dele erfaringar så tar eg gjerne imot meldingar. Eg ynskjer ikkje at folk kjem med råd: Det får legane ta seg av! 

Til slutt vil eg sende verdens største takk til alle som har støtta oss sålangt i prosessen og som har heldt ut med meg til trass for at humøret ikkje alltid har vært på topp det siste året. Takken går både til dei som for nokon månadar sidan fekk vite kva vi skal igjennom og til dei som får vite dette for første gang no.
Det har vært godt å ha folk å prate med som veit om dette og det har vært godt å ha venner som ikkje har vist noko, som har fungert som ein «fristad» der eg i periodar har kunne gløymd problema mine og snakka om alt anna enn dette. 
Uansett om du er i den eine eller andre kategorien, så er eg evig takknemleg for alle dei fine folka eg har i livet mitt!

Fred og kjærleik ❤  

2 thoughts on “Drømmegraviditeten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s