(Del 1 kan du lese her)
Den siste tida har eg prøvd uendeleg mange gonger å formulere eit innlegg om alt som har skjedd den siste tida…
…Om korleis det å fylle 30 kjennes meir som ei livskrise enn noko ein gleder seg over.
…Om kor tungt det er å starte dagen når vekkarklokka ringer og det atter ein gong er på tide å bite tennene saman og stikke seg med sprøytene – som ein ikkje lenger er redd for.
…Om å ramle mellom stolane når legane ikkje er einige men heller ikkje vil snakke saman.
…Om føle at ein opplever trassalderen, puberteten og overgangsalderen på ein gong. 6 veker i strekk.
…Om å være så hormonell at du har lyst å legge hundebæsj i postkassen til ukjente menneskjer fordi dei skriv teite ting på internett.
…Om utmatting, smerter, hovudpine, svimmelheit, angstanfall, ømme pupper, kvalme, oppkast, hetetokter, søvnløyse netter, lange dagar og ein mage som ironisk nok ser ut som den er gravid i 4.månad til trass for at den er like tom som alltid har vært.
…Om kor frustrerande det er å prøve å lage baby på det som nokon gonger kjennes ut som eit samleband med null kontroll og altfor høg hastigheit. (Finnes det sci-fi-porno? I så fall kunne det blitt ein spannande film.)
…Om smerten ein opplever når medisinane ikkje gjer jobben sin samstundes som eggstokkane blir penetrert av gigantiske nåler.
…Om kor vondt det er når folk som har født born fortel meg at «det kjem til å være verd det til slutt» til trass for at dei ikkje aner kor vondt det er og at det trass alt ikkje er nokon garanti for at eg nokon gong kjem til å oppleve det same som dei.
…Om å ligge åleine på sjukehus med komplikasjonar etter egguttak og prøve klamre seg fast til håpet om at flest mogleg av eggene overlever dei neste dagane.
…Om å få nesten alt håpet knust i løpet av ein telefonsamtale på eit minutt og trettiseks sekund.
…Om alle følelsane ein kjenner på når ein ser på skjermen at legen setter eit befrukta egg inn i livmora di.
…Om dei to nervepirrande vekene med venting før ein atter ein gong får lov til å tisse på ein pinne.
…Om å for første gong få oppleve at to strekar lyser mot deg på den positive graviditetstesten.
Eg kunne sikkert skrevet eit tåredryppande innlegg på Facebook om at vi har fått den beste julegåva nokon sinne. Eller at 2019 blir betre enn vi nokon sinne har våga å drøyme om. Men sanninga er at ikkje ein gong to veker etter at eg for første gong såg strekane på graviditetstesten klarer å ta inn over meg at det ser ut til å ha gått bra. At det for første gong er større sjans for at det skal gå bra enn at det ikkje skal gå bra. At spira som no er på størrelse med eit peppar-korn har klart å klore seg fast sidan byrjinga av desember. At det eine egget som lab-folket kalla «superegget» faktisk viste seg å være nettopp det til trass for at alle dei 7 andre befrukta egga som også såg så bra ut gav opp ein etter ein.
Eg kjenner meg ikkje klar for gratulasjonar heilt ennå. Vi er framleis ganske mange veker frå den magiske 12-vekers grensa der folk vanlegvis fortel familie og vener om familieauka som er på gong. Sjølv om eg ikkje går rundt og er redd for å spontanabortere er det noko som skjer relativt mange (10-30%) på det stadiet vi er no. Og med den lange vegen vi har hatt mot det punktet vi endeleg er kommen til, er fallhøgda større enn nokon sinne.
Sjølv om eg ikkje lever i ei rosa lykke-boble ennå og sjølv om det er umogleg å skrive eit innlegg der eg ikkje høyrest ut som eg ekstremt pessimistisk og klinisk deprimert er eg meir optimistisk enn på lenge.
Kroppen og hovudet er utslitt etter to sinnsjuke månadar, men eg kryssar alt eg har for at uniformen framleis passar og at eg er i stand til å begynne på jobb igjen på nyåret. Imens håpar eg at folk forsett å respektere ynsket mitt om å vente nokon veker til med gratulasjonane, til statistikken er enda litt meir i vår favør. I mellomtida tar eg forstatt imot kjærleik og lykkeønskingar.
Uansett korleis dette ender har eg lyst å forsette å være open om prosessen vi har vært igjennom og forsatt er i, i det tempoet som passer meg.
Eg vil avslutte med ein gigantisk takk til alle som har heldt ut med det hormonelle vraket eg har vært dei siste månedane, alle som har gitt meg ro når eg har trengt det, alle som har sendt meg fine meldingar og ikkje minst alle som har delt kva dei sjølv har vært igjennom kvar gong eg sjølv har delt ting på internett.
Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan alle dei fine folka eg har rundt meg ❤