Dette er ikkje politikk. Dette er personleg!

Våren 2018 vedtok Høgre på sitt landsmøte å tillate eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. På same tidspunkt hadde vi sjølv fått beskjed om at vi trengte assistert befruktning for å få barnet vi har venta så lenge på. Med unntak av nokon veldig få, gode venner var det ingen som på det tidspunktet viste kva vi gikk igjennom. Ikkje ein gong den næraste familien.

Samstundes som eg jubla inni meg for vedtaket frå Høgres landsmøte som kunne gjøre babydrømmen verkeleg for mange andre barnlause, utan at ein må reise utanlands og betale masse penger for noko som ikkje er lovleg i Noreg, kokte kommentarfelta. Kristen-Norge var i harnisk og eg måtte lese kommentarar om at valet eg har tatt er egoistisk, at det ikkje er ein menneskerett å få barn, at eg burde adoptere, at det var mitt ansvar som infertil å redde alle dei foreldrelause barna i verda.

IMG_20170605_011728_666.jpg

10 månader seinere har mykje forandra seg. Samstundes som debatten står på stedet kvil.

Det etterlengta fosteret som blei laga i under eit mikroskop på Haukeland Universitetssjukehus klamrar seg framleis fast. Eg er gravid i uke 10. Sjansen for at ting skal gå galt blir stadig mindre og den magiske 12-ukers grensa er omsider innan rekkevidde. I motsetnad til april er eg no open om alt vi har gått igjennom, og sjølv om eg er så sinna at eg er fysisk dårleg klarer eg ikkje lenger å holde kjeft og sjå på kva som foregår i kommentarfelta, sjølv om det kanskje hadde vært best for mi eiga del å melde meg ut ein stund.

Jubelen etter Høgres landsmøte har for lengst lagt seg og vi har fått ei ny regjering beståande av Høgre, Venstre, FrP og eit høgrevridd KrF. Kamelane har gått ned på høgkant og mediebildet den siste veka har (forutanom kamelar) vært prega av bioteknologi, abortlov, fosterreduksjon, eggdonasjon, paragraf 2c AKA «downs-paragrafen» og sterke kjensler både frå kristenrøyrsla, kvinnebevegelsen og ufrivillig barnlause.

Etter nyttår fekk eg spørsmål frå fleire håpefulle Erna-fans som lurte på om eg hadde fått med meg nyttårstalen hennar. Det er kanskje nærliggande å tru at eg hopper i taket over at vi har ein statsminister som setter fokus på eit tema som er så vanskeleg for så mange, men når ein har brukt det siste halvanna året på å kjempe seg gjennom eit tunggrodd system ikkje ein gong legane som jobber i det forstår seg på, er det vondt å sjå ein statsminister som smiler lurt mot kamera og forteljar oss at Noreg treng fleire born og at «Eg treng vel ikkje å fortelje dykk korleis det skal gjerast».

Når ho to veker seinare går inn i eit regjeringssamarbeid der KrF får vetorett på abortspørsmål og bioteknologi kan eg ikkje seie noko anna enn at det er til å grine av!

Alle disse sakene som har vært framme i media frå Høgres landsmøte i april 2018, via den mykje omtalte nyttårstalen og fram til vi for litt over ei veke sidan fekk ei ny fleirtalsregjering er så fulle av paradoks at eg ikkje veit kva ende eg skal starte i.

Vi har fått ein barne- og familieminister som favoriserer familiane som består av mann, kvinne og barn. Ein barne- og familieminister som har fått fjerna «likestilling» får tittelen fordi likestilling, til trass for at vi lever i 2019 plutseleg er noko superkontroversielt. Ein barne- og familieminister som meiner at kvinner skal la være å ta abort i sympati med ufrivillig barnlause og heller gå igjennom svangerskapet og gi bort barnet til dei som ikkje klarer å lage dei sjølv. Ein barne- og familieminister som har uttalt at om ei kvinne kan klare å føde eit barn, så må ho klare å føde to…

Vi har ein statsminister som ber nordmenn om å lage fleire born og bare to veker seinare går inn i regjeringssamarbeid med eit parti som får vetorett på bio-teknologi, noko som fråtar kvinner viktige rettigheiter til å råde over eiga kropp enten det er snakk om abort eller det å få hjelp til lage born ved hjelp av helsevesenet.

Den nye regjeringa fører no ein politikk som for lengst er gått ut på dato og setter likestillinga attende så mange hakk at Noreg kanskje ikkje lenger burde våge å skryte over tittelen «Verdas mest likestilte land».

For kvifor er det sånn at eit par kan få hjelp til å lage barn om mannen ikkje produserer sæd, men om kvinna ikkje har brukbare egg, får ein ikkje hjelp?
Kvifor er biologien frå mor viktigare enn biologien frå far?

Vi har ikkje bare fått ei regjering som setter likestillinga mellom kvinne og mann tilbake fleire hakk. Vi har fått ei regjering som aukar klasseskillet. Vi er definitivt privilegerte i Noreg som får kraftig subsidiert fertilitetsbehandling, men når lovverket heng etter må dessverre altfor mange reise utanlands for å få hjelpa dei treng. Dei som ikkje har råd til dette risikerer å forbli barnlause.

DSC02861.JPG

Då vi gjekk inn i denne prosessen viste vi lite om kva som møtte oss. Vi viste ikkje om ein av oss var sjuke. Vi viste ikkje om vi ville ha bruk frå egg eller sæd frå donor. Vi viste ikkje om vi var av dei heldige 30% som fekk klaff på første forsøk eller om vi var blant dei som måtte svi av alle sparepengene på titals forsøk til inga nytte. Til trass for god og stabil økonomi har eg kjent på usikkerheita ved å ikkje vite utfallet av behandlinga og om prislappen ville være i ti tusenkroners-klassen eller potensielt i millionklassen.

For som alt anna i livet er det nokon som trekker vinnarloddet mens andre taper stort.
Til trass for at det er uendeleg kjipt å produsere IVF-baby har eg definitivt trukket vinnarloddet i denne samanhengen. Å sjå på at kvinner som er så uheldige at dei treng hjelp frå donor ikkje får tilbod om hjelp i Noreg, men heller reiser utenlands der tilbudet både er dyrt og nokon ganger dårlegare er trist å være vitne til. Det kunne jo like gjerne vært meg… (eller deg!)

Om alt går etter planen blir vi i slutten av august foreldre. Takka være KrF får vi nokon tusenlappar ekstra i barnetrygd dei første åra. Dette er definitivt penger som kjem godt med, men når det går på bekostning av mi rett til å råde over eiga kropp er det definitivt ikkje verdt det i mine auger. Kvinnerettigheiter burde ikkje være eit forhandlingskort i politikken.

Det gjenstår å sjå om alle kamelane lar seg fordøye, men eg håper Erna Solberg har vet til å ikkje tale saka til ufrivillig barnlause i neste nyttårstale – med mindre det skjer noko drastisk med politikken til den nye regjeringa.