Onsdag 17.april 2019 kom litle Oskar stille til verda på Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus. Mor gråt sine tapre tårer då den perfekte, livlause babykroppen blei lagt til brystet hennar.
For bortsett frå at han har arva nasen til Olav Emil var han verkeleg perfekt. Ein stor, liten, perfekt gut. Han såg heilt ferdig ut.
Likevel var ikkje ting som dei skulle vere.
Det skulle vere ein nydeleg solskinsdag. Ikkje 17.april, men 26.august.
Du skulle vere ein «gyllen halvmeter». Ikkje 30 cm.
Du skulle vere ein eller annan plass mellom 2,5 og 4,5kg. Ikkje 615 gram.
Du skulle komme til verda, fylle lungene dine med luft og skrike av full hals.
Istadenfor kom du til verda med eit plask etterfølgt av stillheit og mors utrøystelege gråt då ho fekk sjå deg for fyste gong.
Du skulle vere frisk og «levedyktig».
Du skulle vere med oss heim frå sjukehuset…
Sjølv om dette er ei stor tragedie er vi som foreldre flest utruleg stolte over den nydelege guten vår. Og kjærleiken vi kjenner på kan ikkje skildrast med ord.
Dette er definitivt noko av det tøffaste vi nokon sinne har opplevd. Eg trur ikkje andre enn dei som har gått i våre sko kan førestille seg smerten, fortvilelsen og saknet vi kjenner på no. Eg klarar det ikkje sjølv ein gong…
Likevel har det vore masse fint i all elendigheita. Vi har klart å halde saman og støtte kvarandre gjennom den største utfordringa vi nokon sinne (forhåpentlegvis) må gå igjennom. Familien har stilt opp og stått klare døgnet rundt medan vi har venta på det som var ein mykje lengre og hardare fødsel enn eg trur nokon hadde sett føre seg. Og etter kvart einaste vaktskifte på KK (som det vart ein del av) har det dukka opp fantastiske jordmødre som har gjort absolutt alt dei kan for at vi skulle ha det så bra som mogleg både før og etter fødsel.
No er vi heime att etter 4 lange dagar på sjukehus. Eg skal gjennom den berømte barseltida, med alt det inneberer, men utan baby. Og etter kvart kjem kvardagen attende. Det er tungt, men eg håper og trur at folk er tolmodige og forstår at dette kan ta tid.
Takk til alle som har stilt opp for oss den siste månaden, både av familie og venner. Takk til dei som vitja oss på sjukehuset (dei få som fekk lov). Takk til alle som har sendt oss meldinger, både familie, venner, kjende og ukjende. Eg har ikkje fått svart alle, men setter likevel utruleg stor pris på kvar einaste melding. Takk til alle dei tøffe damene der ute som har vald å dele erfaringene sine med meg. Takk til alle som har tenkt på oss, kryssa fingrar og folda nevar for oss. Takk til dei som har fylt opp alle vasane våre med blomar. Og ikkje minst takk til jordmødrene på KK (om nokon av dykk skulle lese dette) for at dykk klarte å gjere den kjipaste opplevinga nokon sinne så bra som mogleg.
Takk!