For litt over tre veker sidan såg vi på barnevogn.
For litt over to veker sidan blei liva våre snudd på hovudet.
Ord kan nesten ikkje beskrive kor ufatteleg vanskelege dei siste 17 døgna har vært, frå vi møtte opp på det som skulle vere ei rutineundersøking til vi kort tid seinare fekk nyheitene om at barnet i magen kanskje ikkje hadde det så bra.
På den første ultralydundersøkinga (i uke 18+3) vart det oppdaga at fosteret nærast mangla mellomgolv på høgre side, noko som gjer at organa i magen kjem opp i brystet og tar plassen lungene trenger for å utvikle seg. I vårt tilfelle hadde tarmar og lever kommen opp i brysthola. I tillegg var både magen og brystet fylt av væske som ikkje skulle vere der, utan at dei ville seie noko i første omgang om kvifor det var sånn og om det kom til å bli eit problem.
Etter dette har vi hatt fleire undersøkinger utført av fleire legar. Vi har og hatt møte med barnelege for å høyre kva framtidsutsikter barnet hadde om det overlevde ein eventuell operasjon.
Det gjekk 7 dagar mellom dei siste to undersøkingene. I løpet av dei 7 dagane har tilstanden til fosteret blitt betydeleg verre. Væskeansamlinga i kroppen har auka masse, og trass i at fostervassprøva kom tilbake normal, så er det ekstremt lite sannsynleg at fosteret skal overleve fram til termin. Og om barnet hadde blitt født levande hadde det mest openberre utfallet vore å la «naturen gå sin gang».
No har vi pakka vekk det vi har fått av gåver og nyvaska babyklede og i løpet av kort tid skal vi i møte med abortnemnda og få godkjend at svangerskapet blir avslutta utan at eg treng å gå i fleire månadar og kjenne etter kva tid sparkinga blir svakare og livet ebbar ut. Dette er utan tvil noko av det vanskelegaste vi har gått igjennom og det kjennest utruleg urettferdig at det skulle ende som dette.
Vi set utruleg pris på alle meldingene og støtte vi har fått frå familie, venner og kjende. Legane på Haukeland har og vore fantastiske og gjort alt dei kan for at vi skulle få nok informasjon til å føle oss trygge, og for at vi skulle gjere det som kjennest «mest rett» i denne tragiske situasjonen. Det ser mørkt ut no, men vi håpar og trur at livet går vidare etter kvart.
Når ting er som dei er har eg for min del få betenkelegheiter med å avslutte eit svangerskap som uansett ikkje kjem til å ende godt. Abort (spesielt så seint som dette) er eit betent tema, og det gjer veldig godt å vite at vi har folk rundt oss som støttar oss i det vi må gjennom.
Sjølv om dette endar med at eg må møte i ei nemnd, signere papir og til slutt ta medisinar som set i gong fødselen håper eg at folk rundt oss ser at dette er så mykje meir enn eit val vi har teke. I løpet av den neste veka vil vi miste vårt sårt etterlengta, ufødte barn – og det opplevast ikkje som eit val; berre ei stor sorg og tragedie.
Igjen: Takk til alle som er der for oss i denne vanskelege tida. Det blir satt utruleg stor pris på, sjølv om vi kanskje ikkje klarar å gje utrykk for det akkurat no.
Kjære dere! Jeg klarer ikke fullstendig å sette meg inn i deres situasjon. Men vit at jeg – og mange med meg – føler og følger med dere på vårt vis. Dere er sterke, som makter å skrive
og dele. alt dette vonde. Det hjelper også oss – til bl a å forstå at noen vonde valg må tas i stor kjærlighet og omsorg. Jeg ber om trøst, om styrke for dere til å komme videre, til å leve livet deres rikt og fullt. Alt vi erfarer i livet kan bli til vekst og gi nye muligheter.Gud velsigne dere og gi dere styrke. Klem fra Kirsti, som ikke kjenner dere, men er bekjent av din pappa.