Om kvinner som dreper sine barn.

img_20190716_182947.jpg

I starten av mars var eg innom ein bokhandel og kjøpte med meg desse to bøkene. Magen var så vidt byrja å vise og bekkenet gjorde akkurat vondt nok til at eg såg ut slik gravide ofte ser ut når bekkenet gjer vondt etter ein litt for lang dag. Dama i kassa smilte til meg då eg påpeika den artige kombinasjonen av bøker eg kjøpte med meg, og vi var samde om kor håplaust det er at vi atter ein gong må kjempe for kvinner si rett til å rå over eigen kropp.

Rundt to veker seinare vert livet snudd på hovudet. Ultralyden som alle gravide blir kalla inn til rundt veke 18-19 i graviditeten visar at babyen i magen er alvorleg sjuk. Dei neste dagane går vi gjennom mange undersøkinger. Vi les alt vi kan finne av informasjon og ser føre oss ei framtid der vi har ansvar for eit alvorleg sjukt born.

Vi får god hjelp på sjukehuset. I møte med barnelege går vi gjennom kva plagar born med denne tilstanden ofte har og moglegheitane for at bornet kunne vekse opp med god livskvalitet. Vi får ingen prognosar, og tilstanden er så sjeldan at den erfarne bornelegen må lese seg opp før han tør å gje oss svara vi treng.

Om lag ei veke etter at vi har fått sjokkbeskjeden er det atter ein gong tid for nye undersøkingar. Eg ligg på den harde undersøkingsbenken med gele på den veksande magen samstundes som eg kjenner rørsla der inne. Legane pratar seg imellom medan dei ser på skjermen. Sjølv om eg ikkje er ekspert på fostermedisin forstår eg raskt at det ikkje ser lovande ut.

Frå å sjå føre seg ei framtid med eit sjukt born og fødsel på Rikshospitalet for best mogleg behandling og sjanse for overleving vert ting igjen snudd på hovudet. Sirkulasjonen var påverka og fosteret var no så sjukt at det ikkje var hensiktsmessig å føde i Oslo lengre. Om eg skulle halde fram svangerskapet ville fødselen skjedd på Haukeland og «naturen ville gått sin gang».

Heller ikkje no får vi prognosar, men eit raskt googlesøk fortel oss at det er 80% sjanse for at barnet dør i magen før termin. Av borna som overlever fram til fødsel dør over halvparten. I tillegg har fosteret ein diagnose med rundt 50% dødelegheit.

Verken prosentrekning eller fysiologi fungerar sånn at ein kan plusse ting saman, men likevel var reknestykket relativt enkelt; Fosteret i magen var ikkje levedyktig.

Om lag to veker før ultralyden som snudde liva våre på hovudet markerte vi kvinnedagen. Av alle dei gode parolane var det parolen til Norges Handikapforbud som appellerte mest til oss: «Kampen mot sorteringssamfunnet skjer ikke i livmoren».

Abort er eit tema som vekker sterke kjensler hos mange folk, uavhengig av kva side ein står på. Det finst ikkje ein fasit på kva som er rett og galt, og det som kan kjennast rett for nokon blir feil for nokon andre.

Etter å ha håpa på å verte gravid i meir enn 5 år hadde eg ikkje sett føre meg at eg skulle trenge ein abort, men sånn vart det. Plutseleg forsto eg kvifor denne debatten er så viktig for så mange. Abortlova er ikkje der berre for at dei som vert gravide etter ein fuktig kveld på byen skal ha moglegheita til å angre seg. Den er der òg for alle oss andre som har ei livmor og risikerar å verte gravide anten det er som resultat av ein kveld på byen, eit overgrep eller eit IVF-forsøk.

Å gå gjennom ein seinabort er definitivt det vanskelegaste eg nokon sinne har vore gjennom. Og det blir ikkje lettare å prøve å bearbeide sorgen og traumane samstundes som debatten går for fullt. Å ta ein pause frå internett og kommentarfelta har vore naudsynt for å klare å overleve.

Likevel klarar eg ikkje å oversjå saka i Bergens Tidene om soknepresten i Fusa, Einar Ekis Ekerhovd, som for ein månads tid sidan stilte spørsmålet i kommentarfelta på Facebook: «Hva er det som får kvinner til å drepe sine barn?». For om lag to veker sidan kom oppfølgjaren frå ein pensjonert prest på Askøy, Tor Dag Kjosavik, som meiner at han ikkje tek stilling til sjølve abortspørsmålet, men at vi må kalle ein spade for ein spade, og at helsepersonell og den gravide kvinna må stå for det dei gjer, som ifølgje han er «avliving» av «eit foster som eigentleg er eit lite born».
Det er vel liten tvil om kva side Kjosavik faktisk står på?

Om ein først skal kalle ein spade for ein spade er det tullete å påstå at eit foster eigentleg er eit lite born. Dette blir openbart gjort for å spele på folk sine kjensler rundt eit vanskeleg tema.

Det er frustrerande og provoserande å lese Facebookstatusane til soknepresen i Fusa og kronikken til Kjosavik. Tekstane ber preg av sterke kjensler rundt eit tema dei har så altfor lite kunnskap om. Det er nesten så det kjennest naturleg å anta at verken Kjosavik eller Ekerhovd nokon gong har vore gravide eller teke ein abort. Men Kjosavik skal ha honnør for å ha lese seg opp på abort i si latinordbok.

Kjosavik meiner at bruken av ordet «abort» er ordforskjønning. Sjølv om vi er usamde der er nok Kjosavik og eg samde om ein ting: Språk er makt. Og språk er viktig.

Med innstrammingar i abortlova både i Noreg og andre delar av verda er abort eit veldig aktuelt tema. I USA er forkjemparane og motstandarane delte opp i «pro choice» og «pro life». Eg måtte klype meg i armen (og faktasjekke litt) då eg leste at ein av verdas mektigaste menn, Donald Trump, hadde skildra ein seinabort som ei regelrett henretting av eit nyfødt barn i håp om stramme inn ei lov som er svært lik abortlova i Noreg.

I ei verd full av «fake news» og i kommentarfelt fulle av sterke kjensler og polarisering er det viktig å ha kunnskap om det ein diskuterar og å ha kontroll på omgrepa ein nyttar.

Eit born blir til ved at ei sædcelle og ei eggcelle smeltar saman. Dei første vekene delar cellene seg opp i fleire celler. Frå veke to til åtte vert dette kalla eit «embryo». Først etter veke åtte vert det kalla eit «foster». Rundt veke 9 byrjar hjartet å slå. Når ein kjem til veke 23 når ein det som blir sett på som «levedyktigheitsgrensa». Born som er fødd ekstremt prematurt kan overleve så tidleg som i veke 23 med masse hjelp (og litt flaks). Omgrepet «born» er medisinsk sett mest riktig å nytte først etter fødselen, sjølv om mange kvinner (inkludert meg sjølv) nyttar omgrep som «bornet» eller «babyen i magen».

For eg må innrømme at eg har møtt meg sjølv litt i døra. Samstundes som eg i årevis har retta på abortmotstandarar som seier «born» eller «baby» i staden for «foster» eller «embryo» eller som i tilfelle nemnt over insisterar på at «drap» eller «avliving» er meir passande enn «abort» er eg i ein situasjon der eg sørgjer over «bornet» som aldri fekk vekse opp. Eg får òg hjelp av helsevesenet til å bearbeide den vanskelege seinaborten som eg sjølv insisterar på å kalle fødsel…

…fordi for meg var det ein fødsel. Lille Oskar var heile 615 gram, noko som gjer at eg, om eg er så heldig å bli gravid igjen, vert rekna som 2.-gangsfødande.

Likevel veit eg så uendeleg godt at fødselen min var ein seinabort. Ingenting kan forandre på det. Eg måtte sjølv signere begjæring om abort, møte i abortnemnd, ta piller og føde fosteret som vi håpa skulle bli bornet vi har venta på i så altfor mange år. Når eg les i journalen min les eg at eg har født eit guttefoster, og når eg slår opp i felleskatalogen og les om medisinane som vart nytta blir fosteret og alt som følgjer med kalla «abortmateriale».

Det er ikkje ord som har fått meg til å drepe, avlive eller abortere bornet eller fosteret mitt. Det er ein tilstand som ikkje er sameinleg med liv og omsynet til mi eiga fysiske og psykiske helse. Om det sjuke fosteret var eit resultat av «Guds vilje» eller berre sinnsjukt masse uflaks kan ein berre spekulere i, men eg er takksam for at eg sjølv hadde valet mellom å avbryte svangerskapet sjølv eller å gå gravid og vente på at livet skulle ebbe ut der inne.

Kjosavik meiner altså at det å bruke ordet «abort» er ordforskjønning. Eg meiner at Kjosavik undervurderar kvinner. Kvinner som er i ein situasjon der dei treng ein abort (uansett årsak) er som oftast i stand til å ta den avgjersla uavhengig av om ein kallar det «avliving» eller «abort». Abort er eit medisinsk omgrep og ei medisinsk prosedyre. Kva ord ein nyttar om det kan ikkje fjerne det faktum at abort er svært smertefullt og ei stor påkjenning for dei fleste som opplever det. Det kan ikkje sminkast vekk.

Det einaste ein oppnår ved å snakke om abort på måten Kjosavik føreslår er å påføre kvinna som går gjennom det meir skuld og skam. Og er det noko ein ikkje treng når ein går gjennom noko så tøft, er det å kjenne på skuld og skam.

Det er litt over tre månader sidan Oskar kom stille til verda. Det å sørgje over tapet av han er framleis ein fulltidsjobb som stel alle kreftane mine. Boka om fødsel er for lengst pakka vekk saman med dei nyvaska babykleda. Obduksjonsrapporten viste som venta at Oskar var så sjuk at han aldri hadde klart å bli sterk nok til å trekke pusten sjølv, uansett kor mykje hjelp han hadde fått av helsevesenet.

Det seiest at «sorg er kjærleikens pris». Sjølv om eg valde å avslutte svangerskapet er kjærleiken eg kjende for Oskar ubeskriveleg stor og ulik all annan kjærleik eg nokon sinne har kjend på. Likevel veit eg at valet eg tok var det rette for han, for meg og for oss som familie.

Som Kjosavik ynskjer, så står eg for det eg har gjort. Eg går med hovudet heva og veit at valet eg tok var det rette for oss. Eg håpar alle kvinner der ute som tek same val som meg klarar det same. Vi har ingenting å skamme oss over. Vi er ikkje skuldige.

Og om Kjosavik ynskjer å lære meir om abort har eg rikeleg med god faglitteratur å anbefale. Ein god start kan vere å bytte den latinske ordboka med ei medisinsk ordbok.

Og som Ekerhovd ynskjer har eg no skrive litt om kva det er med nokon av oss «kvinner som dreper sine barn». No sit eg att med eit spørsmål:

Kva er det med prestar som dømmer?

«Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?» 

2 thoughts on “Om kvinner som dreper sine barn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s