
…Og hei alle fine folk som bryr seg om oss og heier på oss ❤
Eg tenkte det var på tide med ein aldri så liten oppdatering herifrå (denne gangen blir det eit bittelitt meir rosablogg-isj innlegg, fritt for politikk og sinne mot konservative tulleprester).
Eg skal ikkje legge skjul på at denne våren og sommaren har vært dei tyngste nokon sinne. Eg såg for meg at sommaren som høygravid skulle bli tung, men at det ikkje vart sånn er definitivt mykje, mykje tyngre.
Kort tid etter Oskar blei født sendte eg mail til Haukeland sjukehus og bestilte nytt IVF-forsøk. Ventetida opp mot det førre forsøket vårt var både lang og vanskeleg. Sjølv om eg ikkje viste korleis eg skulle komme meg igjennom dagane etter fødselen kjente eg på eit sterk trong til å ha ein plan og noko å sjå fram til. Eg trudde aldri at eg skulle være i stand til å «sjå fram til» noko så kjipt som eit IVF-forsøk, men å bli mamma til Oskar gjorde noko med motivasjonen min. Vi vil så gjerne bli foreldre til eit levande barn ein dag…
Som mange kanskje har forstått er det dessverre mykje som har svikta både under og etter fødselen. Før fødselen hadde eg ein svangerskapsdepresjon. Det har vært absurd å oppleve at all hjelpa og oppfølginga ein får som gravid og deprimert med eit svært sjukt barn i magen forsvinner omtrent på dagen når ein reiser heim frå sjukehuset – utan babyen sin. Eg har lært meg å leve med sorga – men sviket vi har opplevd frå helsevesenet har vært svært vanskeleg å handtere og det lar seg kanskje aldri reparere (sjølv om eg skal gjere alt eg kan!)
Rundt seks veker etter fødselen fekk eg omsider litt av hjelpa eg sårt trengte, i omgivelser der eg slapp å sitte på venterom med høggravide damer og nyfødde babyar. Ni veker etter at krisen først ramma oss fekk eg hjelp av folk som faktisk var kvalifiserte til å hjelpe oss. Det tok heldigvis ikkje long tid før helsepersonellet rundt meg forstod alvoret og eg fekk tilbod om å bli lagt inn ein periode for å samle krefter.
Nesten to veker innlegging på ei psykriatisk avdeling gjorde godt både for kropp og psyke og oppfølginga eg har fått i ettertid (og framleis får) gjer at eg endeleg ser lysare på framtida både med tanke på å etter kvart begynne i jobb igjen og forhåpentlegvis oppleve familieforauking ein eller annan gong i framtida.
Når eg ser tilbake på tida rundt fødselen er det mykje som er tåkete og uklart. Eg forstår ikkje heilt korleis eg klarte å tinge nytt IVF-forsøk så raskt, men vi konkluderte med at det var lettare å avbestille eit forsøk vi ikkje var klare for enn å seinare måtte kjenne etter og vurdere kva tid vi var klare for å gå igjennom den påkjenninga eit IVF-forsøk faktisk er. Det var kanskje litt naivt tenkt, for alt eg har gjort i sommar, mens avdelinga «Assistert befruktning» hadde sommarstengt var å kjenne etter. Er vi klare for eit nytt forsøk? Kva om det ikkje går bra? Er vi klare for nye nederlag? Og kva om det går bra? Kva skjer då?

I slutten av juli, då vi var ferdig å legge kriseplanar var eg på apoteket og henta ut medisinane som no har satt meg i kunstig overgangsalder. Om relativt kort tid begynner eg på sprøytene som gjer meg gal og får kroppen min til å modne masse, masse egg som forhåpentlegvis kan bli framtidig, biologisk avkom. ❤
I tida rundt fødselen var det fleire av dei vi møtte på, på KK som (i beste meining sjølvsagt) prøvde å oppmuntre oss med å fortelje oss at det framleis er mykje håp fordi vi er unge og fordi vi bare hadde hatt eit IVF-forsøk.
I går feira vi ni års bryllupsdag. Av dei få timane vi hadde saman blei flesteparten tilbrakt i fosterstilling på ein benk på legevakten med varmeflaske på magen med blødninger og nøyaktig dei same smertene som eg opplevde under fødselen.
Av dei relativt få som veit at vi no er i gang med nytt IVF-forsøk har eg fått ein del spørsmål om eg tenker å være like open om prosessen no, som sist. Svaret er eit gigantisk «JA». Eg skulle ønske folk forstod kor vanskeleg denne prosessen kan være og eg kjenner på ei stor trong til å få folk til å forstå at ordet «bare» ikkje høyrer heime i nokon setningar som omhandlar familieforauking enten det er snakk om IVF-forsøk, adopsjon eller andre måter å bygge familie på. Det finnes ingen snarveier, uansett kva ein velger.
Eg har definitivt hoppa på den hormonelle berg- og dalbanen no. Nokon dagar kjenner eg meg som den sterkaste i verda som frivillig går inn i ein sånn prosess etter å ha mista eit barn. Den neste dagen sitter eg og griner mens eg ser Astrid S gjere akustiske versjonar av tilfeldige pop-songar (som eg ikkje ein gong likar) på Youtube. I går gjenopplevde eg mitt verste mareritt i nokon timar og for eit par dagar sidan måtte eg bite meg hardt i tunga for å ikkje skrike «INNESTEMME» til verdas mest irriterande, høylytte menneske på Rema 1000. The struggle is real!
Dei neste vekene kjem til å bli tunge. Eg håper folk rundt meg er tolmodige og toler både sutring og grining. Det kjem det nok til å bli ein del av. Så vil tida vise om vi har tatt rett avgjersle…