Berg- og dalbanelivet (igjen)

Hei bloggen ❤

IMG_20190921_192733

Det er gått nesten ein månad sidan sist innlegg. Ein månad med oppturar og nedturar. For litt over eit år sidan skreiv eg blogginnlegget «Berg- og dalbanelivet«. Det er kanskje lite kreativt av meg å gjenbruka tittelen på innlegget, men få ord kan skildre det betre.

Ein månad med hormoner i form av sprøyter, piller og nesespray.
Ein månad med store mengder søvn, hovudpine og sjuke humørsvingingar.
Ein månad med sjukehustimar, gynekologstolar, kryssa fingrar og venting.
Ein månad med håp.
Ein månad i det som best kan skildrast som ein berg- og dalbane.

Midt oppe i alt kaoset har det vært nokon framsteg. Sjølv om det har vært mange tunge dagar har eg klart å nyta dei gode dagane eg trass alt har hatt. Eg har og (så vidt) begynt å jobbe igjen. Sjølv om eg trur det tar litt tid før eg klarer å gå tilbake i vanleg arbeid kjennes det godt å endeleg gjere litt nytte for seg igjen, sjølv om eg veldig gjerne skulle køyrd rundt med menneskjer istadenfor skittentøy. Men det kjennes godt å klare å trasse hormonene og tårene og likevel kunne gå på jobb og treffe folk igjen. Eg setter stor pris på å treffe gode kollegaer som er tolmodige og toler at kjenslene sitter utanpå huda for tida.

Men det var dessverre ikkje vår tur denne gangen heller. Det befrukta egget som vart satt inn for litt over to veker sidan festa seg ikkje.

I motsetning til sist har vi denne gongen fått to befrukta egg på frys. To egg, som om vi er veldig heldige kan vokse opp å bli borna våre. Men først er det pause.

Kor hard IVF-prosessen er forstår ein ikkje før ein er oppi den sjølv. Når eg ser tilbake på dei siste to månedane kjenner eg meg sterk som har klart å gå igjennom dette igjen samtidig som eg sørger over at vi mista Oskar. Å bli mamma til Oskar har gjort meg meir motivert enn nokon gong til å få det til. Men vi vart likevel einige om å ta oss ein lengre pause frå prøvinga dersom det ikkje gjekk denne gongen.

Eg håper og trur at dei neste månedane kan bli gode for oss. Ein del av kriseplanlegginga før vi gjekk i gang med dette forsøket var å drøyme om alt vi skulle gjere denne gongen, om det ikkje gjekk. Lista er lang. Eg vil komme meg i jobb att, reise, tatovere meg, trene, ha det så bra vi kan, ete lakris, rare ostar og drikke vin. Og ikkje minst; å sørge utan forstyrringa frå alle hormonene ein putter i seg i løpet av eit IVF-forsøk.

DSC01573

Den siste veka har eg skrevet eit lengre innlegg om IVF-prosessen og korleis dei siste to månedane har vært. Eg har prøvd å svare på det meste eg har fått av spørsmål i det siste. Det er forhåpentlegvis ikkje så lenge til neste oppdatering herifrå, for dei som vil lese seg litt opp på korleis IVF-babyer blir til.

Fred og kjærleik ❤