10.10.19: Verdensdagen for psykisk helse.

I dag er verdensdagen for psykisk helse. Eg markerer den med å legge ut bilde av namnet mitt på døra på ein psykiatrisk avdeling.

Etter å ha levert inn medisinane eg stod på og fylt ut eit skjema som blant anna spurte meg om vekt, hårfarge og spesielle kjenneteikn flytta eg inn på dette rommet i 13 dagar i starten av juni. Eg viste lite om kva som venta meg.

Reglene på avdelinga sa at pasientane ikkje fekk lov å diskutere sjukdom og diagnosar med kvarandre, men psykologen eg snakka med i forkant av innlegginga fortalte meg at mange av pasientane som var innlagt på denne avdelinga med det intetsigende namnet «allmenn avdeling» ofte hadde sjukdommar som angst og depresjon. Alle var der frivillig, i håp om å ha det betre når dei skulle attende til kvardagen igjen.

Pasientane eg møtte i løpet av disse nesten to vekene på ein DPS var både kvinner og menn, unge og gamle. Nokon var prega av sjukdommen sin. Andre ikkje. Eg har forsatt i behandling etterpå og ei av pasientane eg var innlagt med fortalte meg nyleg at ho ikkje kunne forstå kva eg gjorde der inne. Eg såg ikkje ut som eg hadde angst. Og depresjon kunne det ikkje være, så mykje som eg smilte og lo.
Så feil går det ann å ta…

Krisa eg har vært igjennom har heldigvis ikkje tatt frå meg evna til å smile og le. Heller tvert imot. Det er få ting som får fram galgenhumoren så effektivt som å måtte føde ein død baby som du har slitt i så mange år for å lage.

Eg har det heldigvis mykje betre no, men livet er framleis tungt og eg har masse eg må jobbe med før eg kan komme tilbake igjen til jobben eg hadde før. Likevel kjenner eg meg ganske heldig;
Eg har eit godt nettverk.
Eg har ein god mann som gjer alt han kan for meg.
Eg har den beste familien i verden!
Eg har ein stabil økonomi og ein jobb å komme attende til når eg er klar for det.
Og ikkje minst: Eg er i stand til å gi beskjed når eg ikkje får hjelpa eg treng. Eg er det mange vel å kalle «resurssterk».

Mange av dei som har ting dei sliter med skriver ikkje om det på internett. Og dei deler det kanskje ikkje med venner og familie. Dei opplever kanskje ikkje å ha eit godt nettverk med mange folk som støtter dei. Og svært mange av dei som sliter med angst er redde for ting som mange ser på som enkelt og banalt (men likevel heilt nødvendig): Å ta bussen. Å gå på butikken. Å møte folk. Å ta telefonen når den ringer.

Og i motsettning til kva mange trur kan ein ikkje berre «ta seg saman».

Eg legger ut dette bildet og denne teksten fordi eg er stolt. Stolt over at eg har overlevd til no. Stolt over at eg jobber med problemene mine. Stolt over at eg ikkje har gitt opp. Stolt over at eg ba om hjelp og tok imot hjelp når eg trengte det.

Og ikkje minst: Stolt av alle dei fine folka eg har møtt som trassar frykta og angsten og går på butikken likevel.

Alle har ei mental helse og det burde ikkje være tabu å snakke om den eller å be om profesjonell hjelp om ein treng det. Ein burde heller ikkje trenge å skamme seg av å trenge medisiner for å bli frisk. Ein del mennesker treng medisin for å ha det bra.

Ein kan ikkje sjå på utsjånaden til folk kva dei sliter med. For dei aller fleste gjer så godt dei kan og tar seg saman. Derfor vil eg avslutte med den gode gamle klisjeen:
«Everyone is fighting a battle you know nothing about. Be kind. Always.»


Har du det vanskelig og treng nokon å snakke med finnes det mange plasser å få hjelp. Her er nokon;
Mental helses hjelpetelefon: 116 123 (døgnåpen og gratis)
Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnåpen)
(Begge har mulighet for å komunisere skriftlig.)

Treng du hjelp med ein gang kan du ringe legevakta på 116 117 eller du kan ringe AMK på 113.

Vil du lese meir om verdensdagen for psykisk helse kan du gjere det her.