Vi er allereie over halvvegs i november og eg har lenge tenkt å skrive eit innlegg om oktober.
For dei som kjenner meg er det inga hemmelegheit at eg har vært mykje sjuk dei siste åra. Sjukdom pregar livet mitt mykje meir enn eg vil, og eg prøvde lenge å ikkje snakke eller skrive om det. Eg var livredd for å la sjukdommen identifisere meg. Eg er jo ikkje «ho som har mykje migrene». Eg er Lina Kristine.
Til trass for denne frykta tok eg mot til meg ein gong for lenge sida og skreiv blant anna blogginnlegget «Kjære taxisjåfør» om korleis det er å leve med ein usynleg sjukdom og blogginnlegget «Berg- og dalbanelivet» om korleis det er å være pasient i ferie og høgtider når store deler av helsevesenet går på halv maskin.
I sistnemnte blogginnlegg skulda eg på «Migraine awareness month», mens mykje av frustrasjonen min var over at nevrologane og gynekologane ikkje ville snakka saman. Dei ville heller ha ferie…
(Dei snakkar ikkje saman sjølv om dei ikkje har ferie altså, i tilfelle du skulle tru det.)
Eg lova meg sjølv tideleg at eg skulle halde denne type «sutreinnlegg» som involverer helsa mi på eit absolutt minimum. Men kva skjedde? Ein skal bla minst eit år attende på bloggen før ein finn eit innlegg som ikkje handlar om IVF, graviditet eller at vi mista Oskar.
Illustrasjonsbilete av storken (som ikkje er nokon favorittfugl for min del).
Eg har aldri brydd meg nemneverdig om alle desse awareness-månedane og dagane, sjølv om eg synes det er fint å nytte høve til å spreie litt merksemd rundt viktige saker og kanskje vippse ei slant til kreftforeininga. Men i år er det annleis. I år betyr det så utruleg mykje meir.
Oktober var som mange kanskje har fått med seg «pregnancy and infant loss awareness month». Eller månaden der ein har merksemd for barn som døyr i mors liv, under fødsel eller tidleg i livet. Oppi all elendet som pregar livet for tida kjenner eg meg heldig som har fått markert oktober så mykje som vi har:
– 12. oktober delte vi historia vår i BA (pluss-sak).
– Den 15.oktober deltok vi på «Wave of light» saman med andre familiar som har mista borna sine.
– Den 17. oktober var det 6 månedar sidan Oskar kom stille til verda. Merkedagar er vonde, men denne dagen vart litt annleis enn dei førre. Oskar og historia vår vart nemnd i ei høyring på stortinget. Dette gir meg håp om at alt vi har opplevd kan bidra til at andre ikkje må ramle mellom dei same stolane som oss.
– 25.-27.oktober var vi på seminar i Asker saman med mange andre foreldre som har mista barna sine i løpet av dei siste 2 åra. Vi har høyrd masse sterke historier og møtt mange fine folk som går igjennom noko av det verste ein kan oppleve.
…Og ikkje minst: I løpet av oktober samla vi inn over 14 000kr til Landsforeninga Uventet Barnedød via Facebook. Dette er pengar som går både til forsking slik at ein kan forebygge dødsfall, og det går til å hjelpe dei som allereie har mista det umisselege. Tusen takk til alle som gav pengar til ei fantastisk god sak!
Livet med Oskar har vi drøymt om i mange år. Då draumane brast var det likevel mykje vi ville gjere for han. Lage ei minnebok, ha ei minnestund med familien og kanskje ha ei dødsannonse. Då sorga tok overhand klarte vi ikkje å gjennomføre nokon av desse planane. I løpet av oktober har Oskar vært sterkt til stede i alt vi har gjort, og det å høyre namnet hans på stortinget, lese historia vår i avisa og ha minnestund saman med andre foreldre som har gått igjennom det same som oss kjennes som ei veldig god erstatning for alt vi ikkje klarte å gjere etter at han blei født.
… Og apropos å vere ein sånn person som deler all elendigheten ein opplever: Hvis nokon der ute finn støtte i å lese om våre «kamper» og våre erfaringar, og føler seg biiiittelitt mindre åleine, så er alt verdt det! Det er verdt å være «ho som blei gravid med IVF» og «Ho som avslutta svangerskapet i veke 22 fordi barnet var sjukt». Det blir nok fleire innlegg om Oskar, IVF og om livet med de utfordringene vi står i no.
Takk til alle som har sendt meldingar og delt historiene sine etter at vi delte vår i BA. Det er sterkt å sjå kor mange som må igjennom det samme som oss (og kva dei måtte gå igjennom for få ti-år sidan då det å føde døde barn var tabu). Det er lett å være open når tilbakemeldingane er så fine.
Og takk til alle som hugsar på oss i oktober og alle andre månadar. Dykk er best!
October
And kingdoms rise
And kingdoms fall
But you go on and on