Vanskeleg førjulstid

IMG_20191201_171932

For akkurat eit år sidan stod eg og såg ut vindauget på kvinneklinikken og prøvde å forevige utsikten over Bergen og Møllendal gravlund med eit slitent mobilkamera. Dagen i forvegen hadde legane henta ut egga som vi håpte på kunne bli familien vår. Eg hugsar at eg smilte og lo i forkant av egguthentinga. Om dette gikk til helvette var det vertfall kort veg til gravplassen.

Egguthentinga gikk ikkje som legane forventa. Smertelindringa virka ikkje og eg låg på benken og hylte i smerter mens dei med ei lang nål plukka eit og eit egg ut av eggstokkane mine. Etter egguthentinga var eg sliten, kvalm og ville heim. Eg reiste heim og la meg i løpet av dagen vart formen dårlegare og dårlegare. Eg kunne knapt snu meg i senga utan å kaste opp.

Vi ringte til sjukehuset. Ironisk nok var det kun fødeavdelinga som tok telefonen. Gynekologen som var på vakt ville undersøke meg, så turen gjekk attende til Haukeland same kveld. Magen min var større enn når eg var gravid i 5.månad og på ultralyden kunne han sjå at buken min var full av væske. Mest sannsynleg ein blødning etter inngrepet tidlegare på dagen. Eg måtte overvakast på sjukehuset over natta før eg fikk reise heim.

Screenshot_20191201_174332

Då eg vakna om morgonen var formen betre. Etter råd frå sjukepleiaren droppa eg dusjen på sjukehuset og reiste rett i familiebesøk i håp om litt julestemning til trass for den kjipe starten på desember.
Sjølv om eg hadde vondt var vi fulle av håp. Eit par dager seinare satte legen inn eit befrukta egg.

Det var vanskeleg å glede seg til jul og vi hadde på forhand bestemt oss for at vi ikkje skulle legge så store planer. Eg såg for meg at jula 2018 enten kom til å bli den finaste eller vondaste på lenge.

Eit par dager ut i desember kom telefonen vi helst ikkje ville ha: Ingen av dei befrukta egga vi hadde etter runden med IVF hadde klart seg. No falt alt på det eine egget eg «ruga» på.

Alle som har prøvd å bli gravide ei stund kjenner til dei berømte to vekene med venting før ein har resultatet. Dei to vekene med venting etter ein IVF-runde med berre eit egg trur eg er verre og meir nervepirrande enn dei fleste kan sjå for seg.

Rundt halvvegs til jul kom telefonen frå sjukehuset: Testen var positiv. Eg var gravid. Dette viste eg sjølvsagt allerede, for eg hadde starta morgonen dei siste dagane med å tisse på pinnar – og for første gong opplevd å sjå dei to, berømte strekane som så mange drøymer om.

Til trass for at ein positiv graviditetstest er langt ifrå nokon garanti for at ein kjem til å forsette å være gravid bestemte vi oss for å feire første jul i nytt hus. Håpet om at det skulle gå bra var mykje større enn frykta for at det skulle gå galt.
Skulle vi som hadde opplevd så mykje motgang til no verkeleg få det til på første prøverørsforsøk?

DSC02978

Dei som kjenner oss og har følgt med på bloggen ei stund veit at dei to rosa strekane på graviditetstesten ikkje enda som vi hadde håpa. I påsken kom lille Oskar stille til verden etter nokon veker med håp som gradvis gjekk over i fortviling då vi innsåg at det ikkje var noko vi eller legane kunne gjere for å redde guten vår.

IMG_20191130_183411

Eg kan ikkje hugse kor lenge eg har hatt kallenamnet «Grinchen». Jula har liksom aldri vært mi greie etter eg vart «vaksen». Og dei siste åra har vi kvart år håpa at neste jul skal vi feire som småbarnsfamilie. I fjor var håpet sterkare en nokon sinne, men atter ein gong vart det knust i minst tusen bitar.

Høgtidene er vanskeleg som ufrivillig barnlaus. Og som mamma til eit barn som ikkje er her lenger er ikkje høgtidene berre høgtider, men og merkedagar og påminningar om alt som ikkje vart som det skulle.

-I dag, 1.desember er det eit år sidan eg stod i vindauget på KK og smilte for meg sjølv mens eg tenkte på ironien i at dei puttar sjukehuset nærast oppå gravplassen.
-Om ca ei veke er det eit år sidan eg for første gong i livet kunne skimte dei to strekane på graviditetstesten.
-Om to veker er det eit år sidan vi fortalte foreldra og søskena våre at om alt gjekk bra skulle dei i sommaren 2019 for første gang bli besteforeldre, tantar og onklar.
– Jula skulle være vår siste jul utan barn.
-På nyttårsafta er det eit år sidan eg drakk alkoholfritt saman med gode venner og tenkte at «Aldri igjen 2018! 2019 blir betre!» (så feil kan ein ta!)
-I påsken vil eg (til trass for at den flyttar seg kvart år) sjå attende til påsken eg gjorde det eg trudde eg aldri skulle oppleve og overleve: Å føde ein død baby.
-17.mai – «Barnas dag» vil eg for alltid sjå attende på og hugse dagen eg vakna opp på Island nøyaktig ein månad etter fødselen og grein meg gjennom alle turistattraksjonane. Triggerene var over alt og forsøket på å flukte frå sorga var forgjeves.
– I pinsen vart eg innlagt på ein DPS i håp om å komme meg på beina igjen etter fødselen.
-…og sommaren vil for alltid være tida eg skulle være høygravid og bli mamma for første gang.

20161015_000022
Illustrasjonsbilete frå ein gong eg fann eit pynta juletre på fjellet, tideleg i oktober.

I år som i fjor på denne tida tillet eg meg å ikkje legge dei store planane for jula. Eg veit ikkje om eg vil ligge i fosterstilling under dyna eller feire med familie. Jula i fjor vart kjempefin og fylt av håp og kjærleik. I år er håpet bytta ut med sorg. Likevel prøver eg å være glad for alle som bryr seg om oss og vil at vi skal ha ei fin jul sjølv om «feiring» definitivt står laaaangt ned på ønskelista.

Vanlegvis er eg ein høglytt «Grinch» som ikkje er redd for å si at eg ikkje liker jula, slik den er blitt etter eg vart vaksen med stress og mas. Ofte møter eg motstand. Heldigvis har folk meir forståelse i år, for at denne jula umulig kan bli jula vi ønska oss. Eg kjenner at det vrenger seg i magen kvar gong nokon skal småprate om kvar vi skal være i jula og kven vi skal feire med. Litt for ofte ender det med tårer.

Med dette innlegget håper eg at alle som har tatt seg tid til å lese så langt har ei så fin førjulstid som mulig. Sjølv om jula skal være ei fin tid med familie og kjærleik er det lov å være trist og kjenne på sorg over dei ein gjerne skulle feira med eller sorg over livet som ikkje vart som ein ønska.
Eg veit at eg ikkje er åleine med å kjenne på at dette er ekstra sårt i jula og høgtidene.
Årets oppfordring i førjulstida: Vær snill med ein Grinch i år. 

2 thoughts on “Vanskeleg førjulstid

  1. Skjønner hva du mener. Om to dager skulle vi fått vite kjønnet på vår lille, men det endte i uke 15. Julen blir veldig annerledes enn det jeg hadde håpet på, selv om jeg til vanlig elsker denne høytiden. Kan ikke forestille meg hvordan det er å leve med denne følelsen år etter år. Tenker på deg og håper det kommende året bringer større velsignelser.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s