1.April: Graviditet og fødsel er ingen spøk!

I morgon er 1.april. Ein dag som er elska av mange. Tenk å ha ein dag der ein kan tulle med nesten kva som helst og sleppe unna med det. Som barn var 1.april ein av favorittdagane mine.

Så kom vaksenlivet… Eg likar å bruke metaforen «som eit slag i trynet», men det kom meir gradvis. I løpet av livet har 1.april gått frå å vere ein dag eg elskar til å vere ein dag eg ikkje bryr meg om, for så å bli ein dag eg nesten hatar.

Screenshot_20200331_193557
Fjorårets «aprilspøk» frå meg. Kva hadde vel livet vert utan sarkasme?

Eg hugsar 1.april i fjor som om det var i går. Sjølv om det var kaldt skein sola. Eg hata det! Ei veke i forkant hadde vi vert på det dei kallar «ordinær ultralyd» som for oss vart alt anna enn «ordinært». Det etterlengta barnet i magen var alvorleg sjukt og vi viste at han kanskje ikkje kom til å overleve.

For oss stoppa livet opp. Vi levde i eit vakuum. Folk eg snakka med ba meg om å gå ut og nyte sola. Ja, sola er viktig for vestlendingar, men er det ein ting eg har lært meg her i livet, så er det at det ikkje er lett å nyte sola med eit etterlengta, elska, døande barn i magen.

Vi trassa likevel sorga og kom oss ut av huset. Eg hugsar ikkje detaljane, men eg er 99% sikker på at det var solbriller, kleenex og sobril involvert. Eg var svolten og kvalm, og med null energi tok vi turen ut av huset i håp om å finne ferdigmat. Dama i kassen på resturanten spurte minst fem ganger om vi verkeleg var heilt sikre på at vi ville sitte på uteserveringa i nesten minusgrader og drikke milkshake. Eg var på nippet til å fortelje ho at «Babyen min holder på å døy. La meg ete maten min åleine, utan høy musikk og glade menneskjer». Heldigvis klarte eg å bite tenna saman og halde kjeft.

Livet mitt på dette tidspunktet bestod stort sett av å ligge på sofaen og grine mens eg skrolla gjennom sosiale medier. Sjølv om livet mitt hadde blitt satt på vent den 25.mars klokka 10.30 på eit rom på kvinneklinikken, var det openbart at alle andre sine liv var som før. Som alle andre år på 1.april var nyhendestraumen min full av venner som posta klipp- og lim-tekster om graviditeter, ultralydbilete dei hadde funne på bilete-søk på google og statusar om babyar som var på veg til å verte født. «April, april».

IMG_20200331_184735

Nei, eg er ikkje «perfekt» sjølv heller. På julafta for 4 år sidan posta eg bilete av «food-babyen» min på facebook. For alle som tok seg tid til å lese teksten på biletet var det openbart at eg ikkje var gravid, men ikkje overraskande dukka det opp opptil fleire gratulasjonar i kommentarfeltet. På dette tidspunktet hadde vi allereie prøvd å verte gravide ein stund, så i mitt hovud var dette greitt. Var ikkje dette sjølvironi?

Sjølvironi funkar kanskje ikkje heilt når ingen andre enn deg sjølv veit at du er sjølvironisk. Eg vart til og med irritert på kommentarar om at eg burde verte gravid snart og kraftige hint om at den biologiske klokka tikka…

I dag gjer det vondt å sjå på biletet. Sanninga er at biletet til venstre er eit av dei finaste «magebileta» eg har. Og eit av dei få der eg ikkje griner… Og eg var ikkje ein gong gravid. Det var berre ein spøk.

Biletet til høgre treng vel inga skildring.


I år er atter eit spesielt år.
I fjor hadde verda stoppa opp – berre for oss. I år har verda stoppa opp for dei fleste.  Det er nok mange som kjenner det som om livet er satt på vent på grunn av covid-19.

Det siste året har eg verte kjent med mykje nye menneskjer. Nokon av dei er gravide, nokon av dei prøver alt dei kan å verte gravide, nokon holder på med IVF, nokon av dei har mista barn og nokon har hatt så mange spontanabortar at eg får ilt av å tenke på det…
Felles for mange av desse er at ein ofte kjenner på manglande forståing frå folk «utanfor». Kommentarar om å «gå ut og nyt sola» er eit godt døme på det. Mange av oss kjenner nok at ting som vanlegvis er tungt, er litt ekstra tungt i år.

Store deler av helsevesenet har stoppa opp på ubestemt tid og mange lever i usikkerheit. Nokon lurer på om dei må føde åleine utan partner til stede på fødestua, mens andre får beskjed midt i eit IVF-forsøk at dei må slutte på medisinar og at alt er utsett på ubestemt tid… Dei som står i starten av ein utredningsprosess går kanskje frå å måtte vente i eit år, til å vente uendeleg mykje lenger. Og for mange tikker faktisk klokka så raskt at ein ser for seg at draumane går i 1000 knas.

Det er kanskje vanskeleg å forstå verkelegheita vår, når du sitter der i karantene og prøver å overleve ein pandemi som kanskje inneberer både heimekontor og heimeskule. Kanskje 1.april ein ein god anledning til litt etterlengta humor i kvardagen?

Før du tuller om at fødselen er i gang eller poster ultralydbilete frå google håper eg du sender ein tanke til dei av oss som kanskje ikkje har det så bra på 1.april. Ein tanke til oss som ikkje klarer å sjå humoren i ultralydbilete eller falske «YAY, eg er gravid»-postar.

For sanninga er (som eg har sagt så mange gonger før) at det er mange av oss. Vi er mange som har mista barn, vært igjennom IVF-forsøk og tissa på utallege graviditetstestar, som kjenner at det vrenger seg i magen når det poppar opp atter eit innlegg frå ei 5-barnsmor at «Oups, gravid igjen»…
«April april…»

Om du er ein av dei som har lest dette innlegget og tenker at eg teit og krenka og at eg ikkje burde ha internett – Kanskje du har rett… Men det er mange av oss, og ikkje alle snakkar om det. Kanskje er det besteveninna di som har hatt 5 traumatiske spontanabortar heime på badegolvet som ho ikkje orkar å prate med deg om.

Eg fekk nok av 1.april i fjor, så år tar eg meg fri frå sosiale medier. Det blir digg.

Eg ønsker alle ein fin 1.april. Og om du skal lure nokon håper eg at du er original nok til å ikkje poste eit ultralydbilete som er posta av hundrevis før deg.

WTF 2020 (del 1*)

Hei 2020. 
Kva i svarte? Kan vi restarte dette her? 
IMG_20200117_230505
(Jepp, Illustrasjonsbilete frå ein dass det er vanskeleg å ta narkotika på, for sånn burde alle toalett vere om 2020 fortsett å finne på så mykje rart i dette forrykande snøggleiken).  

Som vanleg er trongen og lysta til å skrive større enn evna til å gjennomføre. Sidan førre innlegg frå før jul hadde eg (som om lag alle andre bloggere) lyst å skrive eit innlegg med oppsummering av 2019 og eit innlegg håp og draumar for 2020. Dagane i jula kom og gjekk og vi hadde meir enn nok med å overleve (noko vi heldigvis gjorde med betre margin enn forventa). Å sjå attende på 2019 er ikkje lett.
31. desember vart brukt til å ringe dyrlegen, bestille avliving av ein av bestevennene mine, sitte i ein stol og tenke på kor kjipt livet er, grine og spele mobilspel mens resten av verda feira det nye året. (Haha, dykk skulle berre vist!)

Eg har for lengst gitt opp 2019, men 2020… Det må vi snakke litt om!

Screenshot_20200327_005554

Nokon dagar ut i det nye året gjekk turen til dyrlegen. Laffens siste reis. Til trass for ein svært skada rygg klarte han å gå dei to kilometrene til dyrlegen sjølv. Sjølv om han var frustrert over å ikkje kunne bevege seg normalt den siste tida såg han heldigvis ikkje ut til å ha mykje fysiske smerter.

IMG_20200106_130045
Laffen har velfortent pizzapause på sin «siste reis».

Det var vondt å sjå at Laffen ikkje hadde det bra den siste tida. Men vi er veldig glad for at vi klarte å gjere den siste dagen hans så fin. Og til trass for nokon kjipe perioder det siste året har vi trass alt hatt 9 fantastiske år saman med det eg er overtydd om var verdas beste hund ❤

Samstundes som dette skjedde har det heldigvis skjedd ein del fine ting og. Ein del av dei er ting eg aldri såg for meg at eg skulle vere med på.

På tampen av 2019 starta vi (les: Olav Emil og familien) Mikrobil AS. Så i tida framover er det svært sannsynleg at eg må merke innlegga mine som «Reklame» eller » Sponsa innlegg» dersom det mot formodning kjem innlegg om bil på bloggen.


Dersom du skulle være interessert i ny bil kan eg fortelje deg at bilen har ratt, 4 hjul, 2 seter og er heilelektrisk. Og den er så liten at du for augeblikket berre bør reise på tur med folk du sitt i korona-karantene med, men den er veldig, veldig søt og veldig, veldig gøy å køyre. (Om nokon har tips til korleis eg kan bli ein betre bil-influencer, så legg dei igjen i kommentarfeltet).

Ei anna ting vi plutseleg har fått vært med på å starte er «Bjørnafjorden Pride«. Etter litt drama i kommunepolitikken gjekk det ikkje lenger ann å ikkje ta initiativ til ein Pride-markering i kommunen. Initiativet førte til at eg omsider fekk realisert den snart 15 år gamle draumen om eit oppslag i Os og Fusaposten og med hjelp av masse fine folk i kommunen har eg trua på at vi skal klare å feire kjærleiken og lage tidenes beste pride-parade!


Apropos kjærleik: I dag er det 19 dagar sidan eg gav nokon andre enn Olav Emil ein klem… Eg gleder meg sjukt til å klemme folk igjen! Og så håper eg at denne krisa får ALLE til å innsjå at kjærleiken er verdt å feira!

I tillegg til alt dette har eg i løpet av dei siste månedane klart noko eg lenge trudde eg kanskje ikkje kom til å klare: Eg har kjempa meg attende på jobb. Å endeleg vere attende i vanleg jobb er skikkeleg, skikkeleg fint! Det er godt å endeleg kunne vere litt produktiv igjen. I løpet av tida eg har vært sjukemeldt har eg skifta arbeidsplass. Å komme attende i jobb i ein sånn jobb som eg har, med så tung bagasje har vært utfordrande, og når eg i tillegg har skifta arbeidsplass skal eg ikkje legge skjul på at eg har vært spent på korleis det skulle gå. Heldigvis er folk fantastiske og eg gleder meg til kvar einaste dag på jobb!

Og som om det ikkje var nok med spenninga med å komme attende på jobb kjem eg attende til starten på ein pandemi…

IMG_20200212_132020_731

Berre to knappe månadar etter at eg la ut avstemming** på instagram om eg skulle våge å ete maten min, som ramla oppi ein institusjonsvask, er verda ramma av ein (for dei fleste) ufatteleg pandemi som gjer det nærmast utenkeleg å gå på butikken utan eingongshanskar og med antibac i lomma.

For augeblikket er vi i «sjølvpåført» karantene og eg går kun ut av huset for å lufte hund, handle og gå på jobb. Koronaen har forøvrig klart noko sjølv ikkje 20 sesongar med Luksusfellen har klart: Å gjere meg til ein vekehandlar!

Karantenelivet er overraskande innhaldsrikt. I løpet av dei siste to vekene har eg:
– Omsider fått høyre at han eg har delt seng med i 12-13 år ikkje likar måten eg klemmer tannkrem ut av tannkremtuben. (Dust!)
– Trassa frisørens råd og klippa håret opptil fleire gonger. Om 2020 forsetter som dette ser eg snart ut som Britney Spears i 2007.
– (Nesten) Lært meg å setje inn kontaktlinser på eigenhand (utan den «obligatoriske» opplæringa frå optikar). Så om nokon ser dei blodsprengte augene og lurer på om eg ikkje har det bra for tida: Der har du forklaringa!
(Altså: Eg har det ikkje bra og no har eg linser og raude auger i tillegg. Yay!)
– Gjennomført minst 4 yogaøkter i trusa. (Er eg den einaste som elskar heimetrening? Eg lurar på om naboane mine likar heimetrening…)

IMG_20200311_114228

Det er rare tider vi lever i og det er sjukt å sjå kor mykje ting forandrar seg både frå veke til veke og frå år til år…

I dag er det eit år sidan eg posta det vanskelegaste blogginnlegget eg nokon sinne har skrevet. For to dagar sidan er det eit år sidan verda katastrofalt vart snudd på hovudet. Om knappe tre veker er det eit år sidan vi mista det mest dyrebare vi hadde…
Eg har lenge kvidd meg til denne perioden mellom 25.mars og 17.april. Eg hadde sett for meg at det skulle bli tungt og kjipt, men eg hadde ikkje i mi villaste fantasi tenkt at eg skulle sitte heime på ubestemt tid, å være vitne til alt som skjer i verda no.

Til trass for pandemi og heimekarantene vonar eg at dei neste 3 vekene ikkje blir så kjipe som eg fryktar, men eg er redd for at 3 veker med altfor god tid til å sjå attende på eit år med sorg og traumer kan bli vondt uansett kor mykje eg går tur i skogen, høyrer på fuglane og tenker positivt.
For ikkje ein gong eit kurs i å tenke positivt kan vist fjerne sorga over å ha mista eit barn. (Jøss! Kven skulle trudd det?)

Eg sender MASSE kjærleik til kvar og ein som har tatt seg tid til å lese heilt ned hit. Når alt dette er over skal eg gi kvar og ein av dykk ein klem!
Ta vare på kvarandre og vask hendene!***


* Eg valde å kalle dette innlegget «del 1». For eg er overtydd om at 2020 stiller med innhald til både del 2, 3, 4 og 5 om eg berre har ork til å skrive om det. 
** For dei som lurer: Eg var ikkje svolten nok til å ete brødskivene som hadde ramla oppi vasken. Eg lurer på om dei som stemte for å spise hadde vald det samme i dag…
*** Ein setning eg ALDRI såg for meg å avslutte eit blogginnlegg med.