WTF 2020 (del 1*)

Hei 2020. 
Kva i svarte? Kan vi restarte dette her? 
IMG_20200117_230505
(Jepp, Illustrasjonsbilete frå ein dass det er vanskeleg å ta narkotika på, for sånn burde alle toalett vere om 2020 fortsett å finne på så mykje rart i dette forrykande snøggleiken).  

Som vanleg er trongen og lysta til å skrive større enn evna til å gjennomføre. Sidan førre innlegg frå før jul hadde eg (som om lag alle andre bloggere) lyst å skrive eit innlegg med oppsummering av 2019 og eit innlegg håp og draumar for 2020. Dagane i jula kom og gjekk og vi hadde meir enn nok med å overleve (noko vi heldigvis gjorde med betre margin enn forventa). Å sjå attende på 2019 er ikkje lett.
31. desember vart brukt til å ringe dyrlegen, bestille avliving av ein av bestevennene mine, sitte i ein stol og tenke på kor kjipt livet er, grine og spele mobilspel mens resten av verda feira det nye året. (Haha, dykk skulle berre vist!)

Eg har for lengst gitt opp 2019, men 2020… Det må vi snakke litt om!

Screenshot_20200327_005554

Nokon dagar ut i det nye året gjekk turen til dyrlegen. Laffens siste reis. Til trass for ein svært skada rygg klarte han å gå dei to kilometrene til dyrlegen sjølv. Sjølv om han var frustrert over å ikkje kunne bevege seg normalt den siste tida såg han heldigvis ikkje ut til å ha mykje fysiske smerter.

IMG_20200106_130045
Laffen har velfortent pizzapause på sin «siste reis».

Det var vondt å sjå at Laffen ikkje hadde det bra den siste tida. Men vi er veldig glad for at vi klarte å gjere den siste dagen hans så fin. Og til trass for nokon kjipe perioder det siste året har vi trass alt hatt 9 fantastiske år saman med det eg er overtydd om var verdas beste hund ❤

Samstundes som dette skjedde har det heldigvis skjedd ein del fine ting og. Ein del av dei er ting eg aldri såg for meg at eg skulle vere med på.

På tampen av 2019 starta vi (les: Olav Emil og familien) Mikrobil AS. Så i tida framover er det svært sannsynleg at eg må merke innlegga mine som «Reklame» eller » Sponsa innlegg» dersom det mot formodning kjem innlegg om bil på bloggen.


Dersom du skulle være interessert i ny bil kan eg fortelje deg at bilen har ratt, 4 hjul, 2 seter og er heilelektrisk. Og den er så liten at du for augeblikket berre bør reise på tur med folk du sitt i korona-karantene med, men den er veldig, veldig søt og veldig, veldig gøy å køyre. (Om nokon har tips til korleis eg kan bli ein betre bil-influencer, så legg dei igjen i kommentarfeltet).

Ei anna ting vi plutseleg har fått vært med på å starte er «Bjørnafjorden Pride«. Etter litt drama i kommunepolitikken gjekk det ikkje lenger ann å ikkje ta initiativ til ein Pride-markering i kommunen. Initiativet førte til at eg omsider fekk realisert den snart 15 år gamle draumen om eit oppslag i Os og Fusaposten og med hjelp av masse fine folk i kommunen har eg trua på at vi skal klare å feire kjærleiken og lage tidenes beste pride-parade!


Apropos kjærleik: I dag er det 19 dagar sidan eg gav nokon andre enn Olav Emil ein klem… Eg gleder meg sjukt til å klemme folk igjen! Og så håper eg at denne krisa får ALLE til å innsjå at kjærleiken er verdt å feira!

I tillegg til alt dette har eg i løpet av dei siste månedane klart noko eg lenge trudde eg kanskje ikkje kom til å klare: Eg har kjempa meg attende på jobb. Å endeleg vere attende i vanleg jobb er skikkeleg, skikkeleg fint! Det er godt å endeleg kunne vere litt produktiv igjen. I løpet av tida eg har vært sjukemeldt har eg skifta arbeidsplass. Å komme attende i jobb i ein sånn jobb som eg har, med så tung bagasje har vært utfordrande, og når eg i tillegg har skifta arbeidsplass skal eg ikkje legge skjul på at eg har vært spent på korleis det skulle gå. Heldigvis er folk fantastiske og eg gleder meg til kvar einaste dag på jobb!

Og som om det ikkje var nok med spenninga med å komme attende på jobb kjem eg attende til starten på ein pandemi…

IMG_20200212_132020_731

Berre to knappe månadar etter at eg la ut avstemming** på instagram om eg skulle våge å ete maten min, som ramla oppi ein institusjonsvask, er verda ramma av ein (for dei fleste) ufatteleg pandemi som gjer det nærmast utenkeleg å gå på butikken utan eingongshanskar og med antibac i lomma.

For augeblikket er vi i «sjølvpåført» karantene og eg går kun ut av huset for å lufte hund, handle og gå på jobb. Koronaen har forøvrig klart noko sjølv ikkje 20 sesongar med Luksusfellen har klart: Å gjere meg til ein vekehandlar!

Karantenelivet er overraskande innhaldsrikt. I løpet av dei siste to vekene har eg:
– Omsider fått høyre at han eg har delt seng med i 12-13 år ikkje likar måten eg klemmer tannkrem ut av tannkremtuben. (Dust!)
– Trassa frisørens råd og klippa håret opptil fleire gonger. Om 2020 forsetter som dette ser eg snart ut som Britney Spears i 2007.
– (Nesten) Lært meg å setje inn kontaktlinser på eigenhand (utan den «obligatoriske» opplæringa frå optikar). Så om nokon ser dei blodsprengte augene og lurer på om eg ikkje har det bra for tida: Der har du forklaringa!
(Altså: Eg har det ikkje bra og no har eg linser og raude auger i tillegg. Yay!)
– Gjennomført minst 4 yogaøkter i trusa. (Er eg den einaste som elskar heimetrening? Eg lurar på om naboane mine likar heimetrening…)

IMG_20200311_114228

Det er rare tider vi lever i og det er sjukt å sjå kor mykje ting forandrar seg både frå veke til veke og frå år til år…

I dag er det eit år sidan eg posta det vanskelegaste blogginnlegget eg nokon sinne har skrevet. For to dagar sidan er det eit år sidan verda katastrofalt vart snudd på hovudet. Om knappe tre veker er det eit år sidan vi mista det mest dyrebare vi hadde…
Eg har lenge kvidd meg til denne perioden mellom 25.mars og 17.april. Eg hadde sett for meg at det skulle bli tungt og kjipt, men eg hadde ikkje i mi villaste fantasi tenkt at eg skulle sitte heime på ubestemt tid, å være vitne til alt som skjer i verda no.

Til trass for pandemi og heimekarantene vonar eg at dei neste 3 vekene ikkje blir så kjipe som eg fryktar, men eg er redd for at 3 veker med altfor god tid til å sjå attende på eit år med sorg og traumer kan bli vondt uansett kor mykje eg går tur i skogen, høyrer på fuglane og tenker positivt.
For ikkje ein gong eit kurs i å tenke positivt kan vist fjerne sorga over å ha mista eit barn. (Jøss! Kven skulle trudd det?)

Eg sender MASSE kjærleik til kvar og ein som har tatt seg tid til å lese heilt ned hit. Når alt dette er over skal eg gi kvar og ein av dykk ein klem!
Ta vare på kvarandre og vask hendene!***


* Eg valde å kalle dette innlegget «del 1». For eg er overtydd om at 2020 stiller med innhald til både del 2, 3, 4 og 5 om eg berre har ork til å skrive om det. 
** For dei som lurer: Eg var ikkje svolten nok til å ete brødskivene som hadde ramla oppi vasken. Eg lurer på om dei som stemte for å spise hadde vald det samme i dag…
*** Ein setning eg ALDRI såg for meg å avslutte eit blogginnlegg med.

5 thoughts on “WTF 2020 (del 1*)

  1. Du meiner vel «Omsider høyrd etter når han eg har delt seng med i 12-13 år fortel at tuben skal klennast i enden, ikkje på midten»?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s