10 år med kjærleik

I dag er det 10 år sidan vi sa ja til kvarandre. 10 år sidan vi relativt unge og naive stod i kyrkja og takka ja til gode og onde dagar med kvarandre så lenge vi lever.

Eg hadde ikkje i min villaste fantasi sett for meg korleis livet skulle bli – heldigvis. For sjølv om livet med deg er fantastisk synes eg vi har fått kasta litt vel mange sitronar på oss i løpet av disse 10 åra. No må vi vel ha limonade nok til resten av livet snart, må vi ikkje?

Det er ikkje tvil om at åra vi har hatt saman har vært både utfordrande og kontrastfylte. Vi har vært i helvete saman og vi har overlevd! Heia oss og heia kjærleiken!
Sjølv om eg nokon gonger kjenner meg som verdas tristaste, kjipaste menneskje og alt kjennes feil, så er det ein ting som alltid kjennes rett; og det er at vi er saman!

Takk for at du er verdas beste og mest tolmodige mann! Og takk for at du holder ut med meg! Vi er ikkje så verst, vi to ❤

Som livet vårt saman har dei siste bryllaupsdagane våre vært kontrastfylte. Å feira bryllaupsdagar vart liksom aldri heilt vår greie; I fjor låg eg i fosterstilling på legevakten og hata IVF, kunstig overgangsalder og livet. Året før det var vi på lastebiltur til Ukraina. Året før det igjen låg vi på sofaen og spiste is og diskuterte konseptet «7-års krise» (på det tidspunktet kjentes «krise» ganske fjernt).

Sjølv om dei siste 2 åra har hatt litt vel mange nedturar kjenner eg meg som verdas heldigaste som får dela både oppturar og nedturar med verdas beste, finaste og mest tolmodige mann!

I år blir det hverken is (takka være svangerskapsdiabetes), Ukraina (takka være covid-19) eller legevakt (forhåpentligvis), men litt etterlengta ferie på Voss. Det blir fint ❤

Eg ser fram til dei 10 neste åra (og heile livet) med deg ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s