Den siste veka på sosiale medier og i media oppsummert:
Kvar er respekten for det fødte liv?
Først posta på facebook 25.april som eit svar på stortingsrepresentant for Agder KrF Jorunn Elisabet Gleditsch Lossius» facebookpost.

Stortingsrepresentant for KrF i Agder Jorunn Elisabet Gleditsch Lossius hevder at «SVs landsmøte har vedtatt å utvide abortgrensa til uke 22».
I ein facebookpost legger ho ved eit magebilde frå då ho sjølv var gravid i veke 22 og forteller at ho på det tidspunktet kjente liv og begynte å synge for magen sin fordi fosteret kunne kjenne igjen stemmen til foreldrene.
Her er eit magebilde av meg i veke 21, kun få dager før Oskar vart født. På dette tidspunktet hadde eg kjent han sparke i nokon veker, men eg hadde ikkje klart å synge for han. Eg viste at han kom til å døy, og eg klarte ikkje å gjere alle dei fine tingene som mammaer gjer for barna sine mens dei går gravide. Eg hadde inga framtid å glede meg til med det svært etterlengta barnet vårt!
SVs landsmøte har ikkje vedtatt å utvide abortloven til 22.svangerskapsveke.
Abort er faktisk allerede lovleg fram til 22. svangerskapsveke.
Oskar vart født 21+5, kun 40 timar før grensa.
Eg treng ikkje å søke på bilder på nettet for å sjå korleis eit foster ser ut i veke 22 som Jorunn Elisabet foreslår, for eg har sjølv født eit foster i veke 22, holdt han i armane mine, kjent på stoltheten over det nydelige barnet, tatt bilder av han og studert kor fin og «ferdig» han var. Men fingernegler og alt…
Men eit bankande hjerte, sparking i magen, fingernegler og ein halv kilo kropp er ikkje nok til å gjere eit foster levedyktig. Oskar hadde ein sjukdom som gjorde at han ikkje kunne leve.
Sjølv hadde eg ein svangerskapsdepresjon før vi fikk diagnosen til Oskar. Eg tørr ikkje å tenke på kva som hadde skjedd om eg budde i eit land der kvinna er tvunget til å bære fram dødssjuke fostre. Det kan godt hende at eg ikkje hadde sittet her i dag og skrevet dette…
Eg vil ikkje at dette innlegget skal handle om kvar eg står i denne saka, men det SV har vedtatt er at nemdene skal vekk og at kvinna skal ha det siste ordet. Dei har og vedtatt at dei vil sikre disse kvinnene betre hjelp, noko eg sjølv er svært positiv til. Hjelpeapparatet rundt kvinner som trenger seinaborter er i dag ikkje godt nok, og vi må hugse at nemdene ikkje er der for å støtte oss (sjølv om legene som sitter der er sympatiske, fine folk), men for å komme med ein dom – som i dei aller fleste tilfeller tillet abort. Heldigvis, for oss som er så uheldige at vi trenger det!
Eit av mine største ønsker for meg personleg, for denne valkampen var at abortsaken ikkje skulle bli så stor som den ser ut til å bli no. Det er vondt å heile tida verte kalla barnemordar når ein har mista eit sårt etterlengta barn.
Eg håper at alle som ønsker å diskutere abort i tida framover ikkje henger seg opp i at fostre har fingernegler og at dei sparker, og ser at disse sakene er så utruleg mykje meir komplekse enn det!
Eg har for lengst mista trua på at folk klarer å oppføre seg i ein så polarisert diskusjon, men eg håper folk klarer å sjå at dette handler om så vanvittig mykje meir enn kva tid ein klarer å redde premature og kva tid ei kvinne starter å knytte seg til barnet i magen.
Eg håper abortmotstanderene klarer å sjå at det fødte liv og betyr noko, og at ingen tar eit sånn val med lett hjarte.
Eg er ingen barnemordar. Eg er ein sørgande mamma som har mista barnet sitt – som måtte møte i ei nemd før det uunngåelige skjedde.
NRK 27.april – «Måtte ta senabort i uke 22 – Vondt å lese at jeg er en barnemorder»
TV2 27.april – «Lina Kristine (32) – Jeg er ingen barnemorder. Jeg er en sørgende mamma som har mistet barnet mitt»

1.Mai:
Eg har grått nokon tårer i frustrasjon den siste veka:
«Helt sykt. Sitter og ser på barnet i kurven som hun har drept! Helt forferdelig egentlig! Og at ikke fler reagerer sier litt om hvor egoistisk og kaldt samfunnet har blitt!»
«Hvorfor ikke bare vente å se før man kaldblodig dreper ett barn? «
«Dette er kvinner som har uhemmet sex uten piller, angrepillen eller annen prevensjon»
«Drap»
«Drittungene som ikkje klarer å beskytte seg må få straff»
Eg klarer ikkje å ta innover meg kva som skjer i kommentarfeltene. Eg identifiserer meg ikkje som ein kaldblodig barnemorder som har hatt masse uhemma sex. Eg skulle ønske folk klarte å sjå kor vanskelig situasjon vi har stått i, men enkelte hverken kan eller vil tenke lengre. Men det er rart og tenke på at kommentarene over omhandler meg, min kropp, min familie, mitt liv og mine valg. Enda rarere er det at vi har politikere som klarer å komme seg inn på Stortinget som ikkje klarer å sjå den krisa mange av oss står i, og attpåtil legger stein til byrden med kunnskapsløshet og kjip retorikk.
Heldigvis har grått minst like mange tårer over all støtten eg har fått. Fine kommentarer i kommentarfeltene, meldinger i innboksen, sterke historier frå kvinner i samme situasjon som meg… Det er så mange fine folk der ute.
Om to timer skal eg på Ukeslutt på NRK P1 og fortelle historien min og snakke litt om det som skjer politisk. Eg vurderte å ikkje poste det på sosiale medier, men eg var så dum at eg spurte kva lyttertall dei hadde, og har no konkludert med at det ikkje spiller nokon rolle.
Eg håper folk klarer å høyre at vi er så uendelig glad i Oskar sjølv om vi måtte ta eit val og at det er eit val vi sjølv burde få ta – med støtte frå fagpersoner, ikkje nemnder. Og så er det veldig lov å være uenig, men då håper eg at ein i det minste kan holde det saklig.
NRK 1.mai: Ukeslutt (Ca 46min 30sek)
❤