
Hei 2022! Hei bloggen!
Det har vore stille her i god stund. Det har riktignok dukka opp eit og anna halvferdig innlegg i arkivet mitt, men det siste halve året har ingenting sluppet ut på verdsveven. Livet har skjedd, og sjølv om det er mykje eg gjerne skulle skrevet om og delt har det dukka opp andre ting som har kjentes viktigare å skrive enn blogg, som til dømes klage på alt som skjedde då Oskar vart født, oppgitte facebook-innlegg på trangsynte KrF-politikere, klage til PFU og sist men ikkje minst; atter eit nytt fødebrev.
For sjølv om eg ikkje har prioritert bloggen har folk absolutt hatt muligheten til å verte lei av trynet mitt i media det siste året. Det har stort sett vore fint å dele historia vår, men eg har og kjent på kostnaden ved å stå fram i så mange store medier om ei sak som desverre vert sett på som kontroversiell av mange.

Bilete over er dei 9 mest likte bileta mine på instagram i 2021, og det er tydeleg kva som fenger. Folk liker smil og fine dager. Til trass for at 2021 har vore eit travelt år både på heimebane og i politikken har det heldigvis vore mange fine dager med mange fine folk (og ein del distansering). Fram til i sommar har vi kost oss i permisjon og prøvd å overleve den kvardagen som småbarnsforledre med all logistikken som følger med. Sjølv om vi er slitne er det fantastisk å dele kvardagen med lillesøster som vokser og blir større. Det er mulig eg er innhabil, men ho må vere ein av dei beste, finaste, kulaste kidsa som finnes på denne planeten! Minst!

Det har og vore eit tøft år, som for oss har vore prega av valkamp og høg temperatur i abortdebatten. Livet vart ikkje mindre komplisert då eg midt i medistormen oppdaga at eg var gravid igjen. Sjølv om vi er glade og takksame for familieforaukinga kan eg ikkje legge skjul på at hverken kropp eller psyke var klar for eit nytt risikosvangerskap – som også denne gongen er prega av pandemien og tida vi lever i. Kleenex er igjen blitt min faste følgesvenn, denne gongen akkompangert av spyposen.
Eit av mine største ønsker for 2022 er at det skal bli eit kjempekjedelig år med lite innhold. (Eg vil sjølvsagt og at det skal verte året vi utrydda pandemien, kutta klimagassutslepp, redda masse natur og bekjempa fattigdom.)
Men for oss ser det ut til å verte alt anna enn eit kjedelig og innholdslaust år; I løpet av våren blir lillesøster forfremma til storesøster, og Oskar blir storebror igjen. Eg håper vi overlever denne gongen og!

Eg håper alle har det så fint dei kan i denne sinnsjuke verda vi lever i og at 2022 blir eit bra år! Eg synes vi (både oss, menneskeheten og verda) har fått nok no.
Som vanleg håper eg og at det ikkje vert eit halvt år til neste gong eg skriver noko her, men eg har gitt opp å love noko, for #livetskjer!
Godt nyttår alle saman ❤
(og takk til alle som har holdt ut med oss i 2021).
Kva er dine håp og draumer for det nye året?