Om meg

Hei. Eg heiter Lina Kristine og det er eg som med ujamne mellomrom skrivar på denne bloggen. Då eg først starta, ein gong for ganske lenge sidan var tanken å dele livsteikn og reiseskildringar frå kortare og lengre turar i denne (stort sett) vakre verda vi bur i…
IMG_20180617_031337_733
Livet er definitivt flest kvardagar og etter kvart som årene har gått har bloggen gått frå å vera ein reiseblogg til å vera ein blogg der eg med svært ujamne mellomrom deler alt frå tankespinn og frustrerte hjartesukk til kvardagsgleder og reiseskildringar. Dei siste åra har eg delt smakebitar frå kvardagen som ufrivillig barnlaus og om korleis det var å miste eit høgt elska og sårt etterlengta barn over halvvegs i svangerskapet. Det har og blitt mykje politikk knytt til dette.

For dei som ikkje kjenner meg frå før av er eg eii 32 år gammal jente frå det vakre Vestlandet. Eg bur i Bjørnafjorden kommune med verdas finaste mann og hund. Eg er mamma til Oskar som vi mista i 2019 og Lillesøster som kom til verda om lag halvanna år seinare. Når eg ikkje har fri har eg verdas beste jobb i helsevesenet.

Illustrasjonsbilete av den finaste mannen i verda.
Illustrasjonsbilete av den finaste hunden i verda.

For dei som ikkje nyttar nynorsk til dageleg er «leik og morskap» det same som «leik og moro» på godt bokmål. Ironisk nok, sidan bloggen no heller lever meir opp til noko sånn som «Sutring og klaging».
Til trass for minst 10 års skulegang som bokmåls-elev prøver eg så godt eg kan å skrive på nynorsk, så eg vonar alle «ekte» nynorsk-folk kan tilgje alle skrivefeilane mine.

Kommentarfeltet her er ein evig spørsmålsrunde, så om du lurer på noko: Hyl ut i kommentarfeltet (eller stalk meg og send meg ein melding).

No har eg fortalt bittelitt om kven eg er. Kven er du?

9 thoughts on “Om meg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s