Torsdag: Vi hadde egentlig tenkt å jobbe men endte (delvis ufrivillig) atter ein dag opp som turister. Vi tok metroen til byens sossestrøk (der det viste seg at vi var veldig mye sist), gikk en liten tur, hang litt i kirka (og nøt stillheten) før vi tok metroen downtown. Besøkte det som antagligvis er Mexico Citys høyeste byggning (Torre Latino America) for å sjå på utsikten.

Eg trur aldri eg heilt kjem til å forstå kor sinnsjukt stor by Mexico City eigentleg er. Uansett kvar vi snur oss er det bebyggelse. Byen er omgitt av fjell, og oppover fjellsidene kryper bebyggelsen.

Solnedgang i Mexico City.
Fredag: Vi stod opp «tidlig» og tok metroen til ei av ambulansestasjonene vi har jobba på for å ta farvel. Kalender med bilder frå vakre Noreg blei tatt godt imot. I retur fikk vi ein solid bunke med meksikanske ambulansejakkemerker og eit par antikke pins. Tidenes beste souvenirer frå ein fin «ferie».
Etterpå gikk turen videre til neste ambulansestasjon der vi hadde vår siste vakt. Vi satt i ca to og ein halv time og venta på at ambulansen skulle komme tilbake frå oppdrag slik at vi kunne begynne. Heldigvis fikk vi litt å gjøre på når vi først kom oss igang.

Random illustrasjonsbilete av oss og ein raud knapp.
Som i alle andre storbyer (og småbyer for den del) er fredagen prega av fyll og fanteri. Sjølv om vi bare hadde vakt frå 15-21 var folk godt igang med drikkinga. Alle dei tre oppdraga vi hadde var prega av ungdom som hadde fått altfor mykje å drikke.
Som eg har nevnt tidligere er utrykkningskøyring i Mexico City spennende. Nokon ganger litt for spennende. På det siste oppdraget vi hadde vurderte eg å sende melding til Olav Emil (I kategorien: «Eg er gla i deg… Bare sånn at du veit det, i tilfelle eg døyr no), og på vei heim frå det samme oppdraget satt eg og angra på at eg ikkje hadde gjort det.

#Denfølelsen når ambulansen ikkje har bilbelter.
Eg er veldig glad for alt vi har fått oppleve, men eg kjenner at eg er glad for at eg er ferdig med å «henge og slenge» bak i ein ambulanse, utan bilbelter (hverken til oss eller pasienten) i sinnsjuke hastigheter i sinnsjuk trafikk. Eg er glad for at eg jobber i eit land der det er kultur for å gi beskjed når køyringa ikkje føles trygg/behagelig.
Laurdag: Tidenes lengste bursdagsfeiring (målt i timer). Når eg la meg fredag kveld var allerede melingene begynnt å tikke inn på facebook. Desverre hadde vi altfor god tid til å sitte på facebook; Hostellet hadde nemmelig bestemmt seg for å bli ein nattkubb! Vi sov ikkje mykje den natta, så laurdagen hadde tidenes treigeste start. Formen var elendig og litt utpå ettermiddagen klarte eg å dra meg opp av senga og tok ein liten aleine-tur i parken.

Fikk litt kvalitetstid med disse her på sjølvaste bursdagen. Bittelitt heimlengsel! (Og som dykk ser snakker og og Åshild masse saman på messenger: for det å være saman 24/7 er sjølvsakt ikkje nok)
Planen for kvelden var å gå ut med kjenntfolk, men etter å ha stått 45 minutter på metrostoppet gav vi opp, og tok metroen downtown for å sjå på livet. Og liv var det; «Dia de muertos»/de dødes dag/halloween er ein stor merkedag i Mexico, og byen minna mykje om ein supergrotesk versjon av 17.mai i Oslo (altså med blod, gørr og alkohol istadenfor bunad, pølser og is).
I dag har vi hatt atter ein spennende dag. Først gikk vi ut og spiste lunsj og etterpå gikk vi ut og spiste middag. Vi kan dette med å bruke tiden godt.
No er sekken pakka, og så klar som den kan bli for å reise til Cuba. Krysser armer og bein for at det ikkje blir altfor mykje overvekt på bagasjen. I løpet av kvelden har eg konkludert med at eg antagligvis er tidenes dårligste backpacker.

Og med det takker eg for meg… Eg høyrer rykter om at det er dårleg med internett på Cuba, så det kan bli lenge til neste oppdatering herfrå (i verste fall 3 uker).
PS 1: Eg prioriterer bittelitt søvn fremfor å laste opp bilder. Om nokon vil sjå meir så ligg det på instagram (eller i den venstre kolonna på bloggen. Om du klikker på bileta, så kan du sjå dei stort, sjølv om du ikkje har instagram). Om Cuba plutselig har internett er det godt mulig det kjem livstegn på instagram fremfor bloggen.
PS 2: Den dagen alle bar Jesus med seg på metroen var St.Judas sin dag, «Judas is the new Jesus» i Mexico, så antagligvis var det Judas som ble bært rundt på metroen. Så vet dere det, i tilfelle nokon fremleis lurte på det etter forrige innlegg.
PS 3: Dyret vi såg ved pyramiden er enten ein «nesebjørn» eller ein «coati» (eg aner ikkje kva forskjellen er; dei ser heilt like ut når eg googlar dei). Så veit dykk det og…