10.10.19: Verdensdagen for psykisk helse.

I dag er verdensdagen for psykisk helse. Eg markerer den med å legge ut bilde av namnet mitt på døra på ein psykiatrisk avdeling.

Etter å ha levert inn medisinane eg stod på og fylt ut eit skjema som blant anna spurte meg om vekt, hårfarge og spesielle kjenneteikn flytta eg inn på dette rommet i 13 dagar i starten av juni. Eg viste lite om kva som venta meg.

Reglene på avdelinga sa at pasientane ikkje fekk lov å diskutere sjukdom og diagnosar med kvarandre, men psykologen eg snakka med i forkant av innlegginga fortalte meg at mange av pasientane som var innlagt på denne avdelinga med det intetsigende namnet «allmenn avdeling» ofte hadde sjukdommar som angst og depresjon. Alle var der frivillig, i håp om å ha det betre når dei skulle attende til kvardagen igjen.

Pasientane eg møtte i løpet av disse nesten to vekene på ein DPS var både kvinner og menn, unge og gamle. Nokon var prega av sjukdommen sin. Andre ikkje. Eg har forsatt i behandling etterpå og ei av pasientane eg var innlagt med fortalte meg nyleg at ho ikkje kunne forstå kva eg gjorde der inne. Eg såg ikkje ut som eg hadde angst. Og depresjon kunne det ikkje være, så mykje som eg smilte og lo.
Så feil går det ann å ta…

Krisa eg har vært igjennom har heldigvis ikkje tatt frå meg evna til å smile og le. Heller tvert imot. Det er få ting som får fram galgenhumoren så effektivt som å måtte føde ein død baby som du har slitt i så mange år for å lage.

Eg har det heldigvis mykje betre no, men livet er framleis tungt og eg har masse eg må jobbe med før eg kan komme tilbake igjen til jobben eg hadde før. Likevel kjenner eg meg ganske heldig;
Eg har eit godt nettverk.
Eg har ein god mann som gjer alt han kan for meg.
Eg har den beste familien i verden!
Eg har ein stabil økonomi og ein jobb å komme attende til når eg er klar for det.
Og ikkje minst: Eg er i stand til å gi beskjed når eg ikkje får hjelpa eg treng. Eg er det mange vel å kalle «resurssterk».

Mange av dei som har ting dei sliter med skriver ikkje om det på internett. Og dei deler det kanskje ikkje med venner og familie. Dei opplever kanskje ikkje å ha eit godt nettverk med mange folk som støtter dei. Og svært mange av dei som sliter med angst er redde for ting som mange ser på som enkelt og banalt (men likevel heilt nødvendig): Å ta bussen. Å gå på butikken. Å møte folk. Å ta telefonen når den ringer.

Og i motsettning til kva mange trur kan ein ikkje berre «ta seg saman».

Eg legger ut dette bildet og denne teksten fordi eg er stolt. Stolt over at eg har overlevd til no. Stolt over at eg jobber med problemene mine. Stolt over at eg ikkje har gitt opp. Stolt over at eg ba om hjelp og tok imot hjelp når eg trengte det.

Og ikkje minst: Stolt av alle dei fine folka eg har møtt som trassar frykta og angsten og går på butikken likevel.

Alle har ei mental helse og det burde ikkje være tabu å snakke om den eller å be om profesjonell hjelp om ein treng det. Ein burde heller ikkje trenge å skamme seg av å trenge medisiner for å bli frisk. Ein del mennesker treng medisin for å ha det bra.

Ein kan ikkje sjå på utsjånaden til folk kva dei sliter med. For dei aller fleste gjer så godt dei kan og tar seg saman. Derfor vil eg avslutte med den gode gamle klisjeen:
«Everyone is fighting a battle you know nothing about. Be kind. Always.»


Har du det vanskelig og treng nokon å snakke med finnes det mange plasser å få hjelp. Her er nokon;
Mental helses hjelpetelefon: 116 123 (døgnåpen og gratis)
Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnåpen)
(Begge har mulighet for å komunisere skriftlig.)

Treng du hjelp med ein gang kan du ringe legevakta på 116 117 eller du kan ringe AMK på 113.

Vil du lese meir om verdensdagen for psykisk helse kan du gjere det her.

 

Berg- og dalbanelivet (igjen)

Hei bloggen ❤

IMG_20190921_192733

Det er gått nesten ein månad sidan sist innlegg. Ein månad med oppturar og nedturar. For litt over eit år sidan skreiv eg blogginnlegget «Berg- og dalbanelivet«. Det er kanskje lite kreativt av meg å gjenbruka tittelen på innlegget, men få ord kan skildre det betre.

Ein månad med hormoner i form av sprøyter, piller og nesespray.
Ein månad med store mengder søvn, hovudpine og sjuke humørsvingingar.
Ein månad med sjukehustimar, gynekologstolar, kryssa fingrar og venting.
Ein månad med håp.
Ein månad i det som best kan skildrast som ein berg- og dalbane.

Midt oppe i alt kaoset har det vært nokon framsteg. Sjølv om det har vært mange tunge dagar har eg klart å nyta dei gode dagane eg trass alt har hatt. Eg har og (så vidt) begynt å jobbe igjen. Sjølv om eg trur det tar litt tid før eg klarer å gå tilbake i vanleg arbeid kjennes det godt å endeleg gjere litt nytte for seg igjen, sjølv om eg veldig gjerne skulle køyrd rundt med menneskjer istadenfor skittentøy. Men det kjennes godt å klare å trasse hormonene og tårene og likevel kunne gå på jobb og treffe folk igjen. Eg setter stor pris på å treffe gode kollegaer som er tolmodige og toler at kjenslene sitter utanpå huda for tida.

Men det var dessverre ikkje vår tur denne gangen heller. Det befrukta egget som vart satt inn for litt over to veker sidan festa seg ikkje.

I motsetning til sist har vi denne gongen fått to befrukta egg på frys. To egg, som om vi er veldig heldige kan vokse opp å bli borna våre. Men først er det pause.

Kor hard IVF-prosessen er forstår ein ikkje før ein er oppi den sjølv. Når eg ser tilbake på dei siste to månedane kjenner eg meg sterk som har klart å gå igjennom dette igjen samtidig som eg sørger over at vi mista Oskar. Å bli mamma til Oskar har gjort meg meir motivert enn nokon gong til å få det til. Men vi vart likevel einige om å ta oss ein lengre pause frå prøvinga dersom det ikkje gjekk denne gongen.

Eg håper og trur at dei neste månedane kan bli gode for oss. Ein del av kriseplanlegginga før vi gjekk i gang med dette forsøket var å drøyme om alt vi skulle gjere denne gongen, om det ikkje gjekk. Lista er lang. Eg vil komme meg i jobb att, reise, tatovere meg, trene, ha det så bra vi kan, ete lakris, rare ostar og drikke vin. Og ikkje minst; å sørge utan forstyrringa frå alle hormonene ein putter i seg i løpet av eit IVF-forsøk.

DSC01573

Den siste veka har eg skrevet eit lengre innlegg om IVF-prosessen og korleis dei siste to månedane har vært. Eg har prøvd å svare på det meste eg har fått av spørsmål i det siste. Det er forhåpentlegvis ikkje så lenge til neste oppdatering herifrå, for dei som vil lese seg litt opp på korleis IVF-babyer blir til.

Fred og kjærleik ❤

26.08.19

IMG_20190826_150823

Sjølv om berre om lag 5% av alle gravide føder på termindatoen kjem eg ikkje unna at dagen og datoen i dag er ufatteleg vond og vanskeleg.  Eg har grua meg til denne dagen lenge.

Hadde nokon fortalt meg for eit år sidan at eg i dag skulle vere i gang med vår andre runde IVF, ligge i ein gynekologstol og sjå på ein relativt tom ultralydskjerm etterfølgt av å sitte og sjå på verdens tristaste stein i ein halv evigheit hadde eg gitt opp for lengst!

Heldigvis har eg ikkje gitt opp heilt ennå.
Førre runde med IVF hadde vi det som heit «kort protokoll». Denne gongen har vi «lang protokoll». Det betyr meir medisinar og fleire dagar i  hormon-helvetet. Dei siste vekene har eg vært i kunstig overgangsalder og eg har lært at overgangsalder ikkje lengre er noko eg ser fram til: Sjuke humørsvingingar og tung hovudpine to veker i strekk. Og no er eg for lengst i gang med hormonsprøytene som skal få kroppen min til å modne flest mogleg egg som forhåpentlegvis ein dag kan vokse opp og blir framtidig avkom.

Samstundes som det på ein måte er godt å vere i gong igjen finnes det ikkje ord som kan beskrive kor vondt det var å sjå ein ultralydskjerm for fyrste gong sidan vi fekk den endelege «dødsdommen».  At legen ikkje hadde hatt tid til å lese journalen før timen hjalp heller ikkje på, sjølv om dei henta seg inn igjen då dei fekk påminninga om kva vi har vært igjennom det siste året. At kroppen responderer som den skal på alle hormonene hjelper heldigvis veldig på. Det er håp…

Om to timar kan eg skryte på meg at eg har overlevd denne dagen og. For er det noko eg har sett fram til dei siste månedane er det å bli ferdig med denne dagen. Eg har for lengst lagt frå meg den naive trua om at det på magisk vis skal bli lettare å treffe på høggravide og nyfødde babyar allereie i morgon, men eg håper og trur at ting gradvis kan bli litt betre dei neste vekene uavhengig av kva resultatene av denne IVF-runden blir.

DSC03090

Takk til alle som forsatt hugsar på oss og Oskar. Og takk til verdens mest tolmodige heiagjeng ❤ Dykk er awesome!

Hei bloggen…


…Og hei alle fine folk som bryr seg om oss og heier på oss ❤

Eg tenkte det var på tide med ein aldri så liten oppdatering herifrå (denne gangen blir det eit bittelitt meir rosablogg-isj innlegg, fritt for politikk og sinne mot konservative tulleprester).

Eg skal ikkje legge skjul på at denne våren og sommaren har vært dei tyngste nokon sinne. Eg såg for meg at sommaren som høygravid skulle bli tung, men at det ikkje vart sånn er definitivt mykje, mykje tyngre.

Kort tid etter Oskar blei født sendte eg mail til Haukeland sjukehus og bestilte nytt IVF-forsøk. Ventetida opp mot det førre forsøket vårt var både lang og vanskeleg. Sjølv om eg ikkje viste korleis eg skulle komme meg igjennom dagane etter fødselen kjente eg på eit sterk trong til å ha ein plan og noko å sjå fram til. Eg trudde aldri at eg skulle være i stand til å «sjå fram til» noko så kjipt som eit IVF-forsøk, men å bli mamma til Oskar gjorde noko med motivasjonen min. Vi vil så gjerne bli foreldre til eit levande barn ein dag…

Som mange kanskje har forstått er det dessverre mykje som har svikta både under og etter fødselen. Før fødselen hadde eg ein svangerskapsdepresjon. Det har vært absurd å oppleve at all hjelpa og oppfølginga ein får som gravid og deprimert med eit svært sjukt barn i magen forsvinner omtrent på dagen når ein reiser heim frå sjukehuset – utan babyen sin.  Eg har lært meg å leve med sorga – men sviket vi har opplevd frå helsevesenet har vært svært vanskeleg å handtere og det lar seg kanskje aldri reparere (sjølv om eg skal gjere alt eg kan!)

Rundt seks veker etter fødselen fekk eg omsider litt av hjelpa eg sårt trengte, i omgivelser der eg slapp å sitte på venterom med høggravide damer og nyfødde babyar. Ni veker etter at krisen først ramma oss fekk eg hjelp av folk som faktisk var kvalifiserte til å hjelpe oss. Det tok heldigvis ikkje long tid før helsepersonellet rundt meg forstod alvoret og eg fekk tilbod om å bli lagt inn ein periode for å samle krefter.

Nesten to veker innlegging på ei psykriatisk avdeling gjorde godt både for kropp og psyke og oppfølginga eg har fått i ettertid (og framleis får) gjer at eg endeleg ser lysare på framtida både med tanke på å etter kvart begynne i jobb igjen og forhåpentlegvis oppleve familieforauking ein eller annan gong i framtida.

Når eg ser tilbake på tida rundt fødselen er det mykje som er tåkete og uklart. Eg forstår ikkje heilt korleis eg klarte å tinge nytt IVF-forsøk så raskt, men vi konkluderte med at det var lettare å avbestille eit forsøk vi ikkje var klare for enn å seinare måtte kjenne etter og vurdere kva tid vi var klare for å gå igjennom den påkjenninga eit IVF-forsøk faktisk er. Det var kanskje litt naivt tenkt, for alt eg har gjort i sommar, mens avdelinga «Assistert befruktning» hadde sommarstengt var å kjenne etter. Er vi klare for eit nytt forsøk? Kva om det ikkje går bra? Er vi klare for nye nederlag? Og kva om det går bra? Kva skjer då?

IMG_20190807_231232

I slutten av juli, då vi var ferdig å legge kriseplanar var eg på apoteket og henta ut medisinane som no har satt meg i kunstig overgangsalder. Om relativt kort tid begynner eg på sprøytene som gjer meg gal og får kroppen min til å modne masse, masse egg som forhåpentlegvis kan bli framtidig, biologisk avkom. ❤

I tida rundt fødselen var det fleire av dei vi møtte på, på KK som (i beste meining sjølvsagt) prøvde å oppmuntre oss med å fortelje oss at det framleis er mykje håp fordi vi er unge og fordi vi bare hadde hatt eit IVF-forsøk.

I går feira vi ni års bryllupsdag. Av dei få timane vi hadde saman blei flesteparten tilbrakt i fosterstilling på ein benk på legevakten med varmeflaske på magen med blødninger og nøyaktig dei same smertene som eg opplevde under fødselen.

Av dei relativt få som veit at vi no er i gang med nytt IVF-forsøk har eg fått ein del spørsmål om eg tenker å være like open om prosessen no, som sist. Svaret er eit gigantisk «JA». Eg skulle ønske folk forstod kor vanskeleg denne prosessen kan være og eg kjenner på ei stor trong til å få folk til å forstå at ordet «bare» ikkje høyrer heime i nokon setningar som omhandlar familieforauking enten det er snakk om IVF-forsøk, adopsjon eller andre måter å bygge familie på. Det finnes ingen snarveier, uansett kva ein velger.

Eg har definitivt hoppa på den hormonelle berg- og dalbanen no. Nokon dagar kjenner eg meg som den sterkaste i verda som frivillig går inn i ein sånn prosess etter å ha mista eit barn. Den neste dagen sitter eg og griner mens eg ser Astrid S gjere akustiske versjonar av tilfeldige pop-songar (som eg ikkje ein gong likar) på Youtube. I går gjenopplevde eg  mitt verste mareritt i nokon timar og for eit par dagar sidan måtte eg bite meg hardt i tunga for å ikkje skrike «INNESTEMME» til verdas mest irriterande, høylytte menneske på Rema 1000. The struggle is real!

Dei neste vekene kjem til å bli tunge. Eg håper folk rundt meg er tolmodige og toler både sutring og grining. Det kjem det nok til å bli ein del av. Så vil tida vise om vi har tatt rett avgjersle…

Om kvinner som dreper sine barn.

img_20190716_182947.jpg

I starten av mars var eg innom ein bokhandel og kjøpte med meg desse to bøkene. Magen var så vidt byrja å vise og bekkenet gjorde akkurat vondt nok til at eg såg ut slik gravide ofte ser ut når bekkenet gjer vondt etter ein litt for lang dag. Dama i kassa smilte til meg då eg påpeika den artige kombinasjonen av bøker eg kjøpte med meg, og vi var samde om kor håplaust det er at vi atter ein gong må kjempe for kvinner si rett til å rå over eigen kropp.

Rundt to veker seinare vert livet snudd på hovudet. Ultralyden som alle gravide blir kalla inn til rundt veke 18-19 i graviditeten visar at babyen i magen er alvorleg sjuk. Dei neste dagane går vi gjennom mange undersøkinger. Vi les alt vi kan finne av informasjon og ser føre oss ei framtid der vi har ansvar for eit alvorleg sjukt born.

Vi får god hjelp på sjukehuset. I møte med barnelege går vi gjennom kva plagar born med denne tilstanden ofte har og moglegheitane for at bornet kunne vekse opp med god livskvalitet. Vi får ingen prognosar, og tilstanden er så sjeldan at den erfarne bornelegen må lese seg opp før han tør å gje oss svara vi treng.

Om lag ei veke etter at vi har fått sjokkbeskjeden er det atter ein gong tid for nye undersøkingar. Eg ligg på den harde undersøkingsbenken med gele på den veksande magen samstundes som eg kjenner rørsla der inne. Legane pratar seg imellom medan dei ser på skjermen. Sjølv om eg ikkje er ekspert på fostermedisin forstår eg raskt at det ikkje ser lovande ut.

Frå å sjå føre seg ei framtid med eit sjukt born og fødsel på Rikshospitalet for best mogleg behandling og sjanse for overleving vert ting igjen snudd på hovudet. Sirkulasjonen var påverka og fosteret var no så sjukt at det ikkje var hensiktsmessig å føde i Oslo lengre. Om eg skulle halde fram svangerskapet ville fødselen skjedd på Haukeland og «naturen ville gått sin gang».

Heller ikkje no får vi prognosar, men eit raskt googlesøk fortel oss at det er 80% sjanse for at barnet dør i magen før termin. Av borna som overlever fram til fødsel dør over halvparten. I tillegg har fosteret ein diagnose med rundt 50% dødelegheit.

Verken prosentrekning eller fysiologi fungerar sånn at ein kan plusse ting saman, men likevel var reknestykket relativt enkelt; Fosteret i magen var ikkje levedyktig.

Om lag to veker før ultralyden som snudde liva våre på hovudet markerte vi kvinnedagen. Av alle dei gode parolane var det parolen til Norges Handikapforbud som appellerte mest til oss: «Kampen mot sorteringssamfunnet skjer ikke i livmoren».

Abort er eit tema som vekker sterke kjensler hos mange folk, uavhengig av kva side ein står på. Det finst ikkje ein fasit på kva som er rett og galt, og det som kan kjennast rett for nokon blir feil for nokon andre.

Etter å ha håpa på å verte gravid i meir enn 5 år hadde eg ikkje sett føre meg at eg skulle trenge ein abort, men sånn vart det. Plutseleg forsto eg kvifor denne debatten er så viktig for så mange. Abortlova er ikkje der berre for at dei som vert gravide etter ein fuktig kveld på byen skal ha moglegheita til å angre seg. Den er der òg for alle oss andre som har ei livmor og risikerar å verte gravide anten det er som resultat av ein kveld på byen, eit overgrep eller eit IVF-forsøk.

Å gå gjennom ein seinabort er definitivt det vanskelegaste eg nokon sinne har vore gjennom. Og det blir ikkje lettare å prøve å bearbeide sorgen og traumane samstundes som debatten går for fullt. Å ta ein pause frå internett og kommentarfelta har vore naudsynt for å klare å overleve.

Likevel klarar eg ikkje å oversjå saka i Bergens Tidene om soknepresten i Fusa, Einar Ekis Ekerhovd, som for ein månads tid sidan stilte spørsmålet i kommentarfelta på Facebook: «Hva er det som får kvinner til å drepe sine barn?». For om lag to veker sidan kom oppfølgjaren frå ein pensjonert prest på Askøy, Tor Dag Kjosavik, som meiner at han ikkje tek stilling til sjølve abortspørsmålet, men at vi må kalle ein spade for ein spade, og at helsepersonell og den gravide kvinna må stå for det dei gjer, som ifølgje han er «avliving» av «eit foster som eigentleg er eit lite born».
Det er vel liten tvil om kva side Kjosavik faktisk står på?

Om ein først skal kalle ein spade for ein spade er det tullete å påstå at eit foster eigentleg er eit lite born. Dette blir openbart gjort for å spele på folk sine kjensler rundt eit vanskeleg tema.

Det er frustrerande og provoserande å lese Facebookstatusane til soknepresen i Fusa og kronikken til Kjosavik. Tekstane ber preg av sterke kjensler rundt eit tema dei har så altfor lite kunnskap om. Det er nesten så det kjennest naturleg å anta at verken Kjosavik eller Ekerhovd nokon gong har vore gravide eller teke ein abort. Men Kjosavik skal ha honnør for å ha lese seg opp på abort i si latinordbok.

Kjosavik meiner at bruken av ordet «abort» er ordforskjønning. Sjølv om vi er usamde der er nok Kjosavik og eg samde om ein ting: Språk er makt. Og språk er viktig.

Med innstrammingar i abortlova både i Noreg og andre delar av verda er abort eit veldig aktuelt tema. I USA er forkjemparane og motstandarane delte opp i «pro choice» og «pro life». Eg måtte klype meg i armen (og faktasjekke litt) då eg leste at ein av verdas mektigaste menn, Donald Trump, hadde skildra ein seinabort som ei regelrett henretting av eit nyfødt barn i håp om stramme inn ei lov som er svært lik abortlova i Noreg.

I ei verd full av «fake news» og i kommentarfelt fulle av sterke kjensler og polarisering er det viktig å ha kunnskap om det ein diskuterar og å ha kontroll på omgrepa ein nyttar.

Eit born blir til ved at ei sædcelle og ei eggcelle smeltar saman. Dei første vekene delar cellene seg opp i fleire celler. Frå veke to til åtte vert dette kalla eit «embryo». Først etter veke åtte vert det kalla eit «foster». Rundt veke 9 byrjar hjartet å slå. Når ein kjem til veke 23 når ein det som blir sett på som «levedyktigheitsgrensa». Born som er fødd ekstremt prematurt kan overleve så tidleg som i veke 23 med masse hjelp (og litt flaks). Omgrepet «born» er medisinsk sett mest riktig å nytte først etter fødselen, sjølv om mange kvinner (inkludert meg sjølv) nyttar omgrep som «bornet» eller «babyen i magen».

For eg må innrømme at eg har møtt meg sjølv litt i døra. Samstundes som eg i årevis har retta på abortmotstandarar som seier «born» eller «baby» i staden for «foster» eller «embryo» eller som i tilfelle nemnt over insisterar på at «drap» eller «avliving» er meir passande enn «abort» er eg i ein situasjon der eg sørgjer over «bornet» som aldri fekk vekse opp. Eg får òg hjelp av helsevesenet til å bearbeide den vanskelege seinaborten som eg sjølv insisterar på å kalle fødsel…

…fordi for meg var det ein fødsel. Lille Oskar var heile 615 gram, noko som gjer at eg, om eg er så heldig å bli gravid igjen, vert rekna som 2.-gangsfødande.

Likevel veit eg så uendeleg godt at fødselen min var ein seinabort. Ingenting kan forandre på det. Eg måtte sjølv signere begjæring om abort, møte i abortnemnd, ta piller og føde fosteret som vi håpa skulle bli bornet vi har venta på i så altfor mange år. Når eg les i journalen min les eg at eg har født eit guttefoster, og når eg slår opp i felleskatalogen og les om medisinane som vart nytta blir fosteret og alt som følgjer med kalla «abortmateriale».

Det er ikkje ord som har fått meg til å drepe, avlive eller abortere bornet eller fosteret mitt. Det er ein tilstand som ikkje er sameinleg med liv og omsynet til mi eiga fysiske og psykiske helse. Om det sjuke fosteret var eit resultat av «Guds vilje» eller berre sinnsjukt masse uflaks kan ein berre spekulere i, men eg er takksam for at eg sjølv hadde valet mellom å avbryte svangerskapet sjølv eller å gå gravid og vente på at livet skulle ebbe ut der inne.

Kjosavik meiner altså at det å bruke ordet «abort» er ordforskjønning. Eg meiner at Kjosavik undervurderar kvinner. Kvinner som er i ein situasjon der dei treng ein abort (uansett årsak) er som oftast i stand til å ta den avgjersla uavhengig av om ein kallar det «avliving» eller «abort». Abort er eit medisinsk omgrep og ei medisinsk prosedyre. Kva ord ein nyttar om det kan ikkje fjerne det faktum at abort er svært smertefullt og ei stor påkjenning for dei fleste som opplever det. Det kan ikkje sminkast vekk.

Det einaste ein oppnår ved å snakke om abort på måten Kjosavik føreslår er å påføre kvinna som går gjennom det meir skuld og skam. Og er det noko ein ikkje treng når ein går gjennom noko så tøft, er det å kjenne på skuld og skam.

Det er litt over tre månader sidan Oskar kom stille til verda. Det å sørgje over tapet av han er framleis ein fulltidsjobb som stel alle kreftane mine. Boka om fødsel er for lengst pakka vekk saman med dei nyvaska babykleda. Obduksjonsrapporten viste som venta at Oskar var så sjuk at han aldri hadde klart å bli sterk nok til å trekke pusten sjølv, uansett kor mykje hjelp han hadde fått av helsevesenet.

Det seiest at «sorg er kjærleikens pris». Sjølv om eg valde å avslutte svangerskapet er kjærleiken eg kjende for Oskar ubeskriveleg stor og ulik all annan kjærleik eg nokon sinne har kjend på. Likevel veit eg at valet eg tok var det rette for han, for meg og for oss som familie.

Som Kjosavik ynskjer, så står eg for det eg har gjort. Eg går med hovudet heva og veit at valet eg tok var det rette for oss. Eg håpar alle kvinner der ute som tek same val som meg klarar det same. Vi har ingenting å skamme oss over. Vi er ikkje skuldige.

Og om Kjosavik ynskjer å lære meir om abort har eg rikeleg med god faglitteratur å anbefale. Ein god start kan vere å bytte den latinske ordboka med ei medisinsk ordbok.

Og som Ekerhovd ynskjer har eg no skrive litt om kva det er med nokon av oss «kvinner som dreper sine barn». No sit eg att med eit spørsmål:

Kva er det med prestar som dømmer?

«Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?» 

Frå verre til verst

Trigger warning: Folk som opplever eller har opplevd ufrivillig barnløyse eller å miste babyen og/eller graviditeten sin kan bli sinte eller lei seg av å lese dette innlegget. Eg håper eigentleg at absolutt alle blir sinte, men les vidare likevel, slik at ikkje fleire treng å gå gjennom det same som oss. Innlegget inneheld òg bilete av ein (veldig fin) død baby.

Når ein går gjennom slike ting eg har vore gjennom no kjennest nesten kvar dag som ein merkedag. På onsdag var det 5 veker sidan eg fødde ein nydeleg, død gut. I dag er det to månadar sidan vi fekk beskjeden som snudde liva våre på hovudet på det som skulle vere ein heilt vanleg ultralydtime. Eg har grått kvar einaste dag sidan og eg er ennå ikkje tom for tårer. Augelokka er derimot tomme for hud.

I går var òg ein merkedag. Ikkje berre fordi eg skulle vore glad og gravid og gå inn i ei ny svangerskapsveke, men fordi eg omsider satte mine bein på det lokale jordmorsenteret for siste gong på veldig lenge.

Folk som har vore gjennom det helvetet eg har vore gjennom burde ikkje vore tvunge til sitje på same venterom som høggravide damer som skal på ammekurs, medan ein ventar på ein psykolog som eigentleg jobbar med foreldreveiledning, men slik vart det…

I lesestoffet på venterommet kunne eg ha lese om kva babyen treng, kva som skjer på svangerskapskontrollen eller «min magiske reise» veke for veke. Dessverre stoppa reisa etter 21 veker og 5 dager. Eg rakk aldri den 2. svangerskapskontrollen hos jordmor i veke 24, der det kanskje hadde freista å opne eit av desse blada.

I tida mellom ultralyden der vi fekk beskjed om at Oskar ikkje var frisk og fødselen gjorde vi alt vi kunne for å førebu oss og få mest mogleg informasjon. Den første av dei tre vekene som gjekk vart brukt til å finne mest mogleg informasjon om høgresidig CHD (tilstanden han hadde) og om moglegheitene for at guten vår kunne vekse opp med brukbar livskvalitet. Den siste av dei tre vekene gjorde eg alt eg kunne for å prøve å setje meg inn i kva eg skulle gjennom, når alt håp var ute. Kva gjer ei abortnemd? Kor stor forskjell er det på ein seinabort og ein fødsel? Bortsett frå det openberre, at ein sit att med eit dødt foster istadenfor ein levande baby. Kor vondt gjer det? Kor lang tid tek det? Korleis blir ein behandla på sjukehuset? Kva får ein av smertestillande?
I forkant av fødsel er det vanleg med fødselsførebuande kurs. Dette rakk eg aldri å vere med på.

Eg oppdaga fort at det fantest eit stort hol i informasjonen på internett. Eg fann tonnevis med informasjon om korleis det var å ta ein medisinsk abort fram til uke 12-16, og eg fann tonnevis med informasjon om korleis det var å føde levande babyar og å miste barn etter levedyktigheitsgrensa, som no er rekna som veke 23. Det var lite informasjon om det eg skulle gjennom. Sjukehuset bidrog med skriftleg informasjon om minnelund, sjukehusprestar, obduksjon og kva eg skulle gjere med puppane mine etter fødselen så dei ikkje skulle byrje å produsere mjølk. Informasjon som absolutt var naudsynt, men dessverre langt frå nok, skulle det vise seg. I ettertid måtte eg google meg fram til om kroppen min oppførte seg normalt etter fødsel: Det gjorde den, og eg måtte lese om det på dei same sidene som nybakte mødre les om amming, kolikk og strekkmerke. Ei enorm tilleggsbelasting.

Men takka vere bloggen og at eg var open om dette var det fleire tøffe damer som tok kontakt med meg i forkant av fødselen og delte sine erfaringer rundt kva dei hadde gjort i liknande situasjon. Eg hadde aldri klart meg utan damene som delte sine erfaringer og tankar rundt alt frå korleis det var å føde eit dødt foster til tankar om gravferd, obduksjon og mykje av det som skjer i tida etterpå.

I dagane før fødselen tenkte eg mykje på at eg ville dele mi historie etter fødselen, i håp om at andre som må gjennom det same veit litt meir om kva dei har i vente. Frå vi reiste til sjukehuset ein måndag morgon til vi var ute torsdag ettermiddag skapte vi mange fine minne, og eg såg for meg ei historie om alle dei fine tinga vi gjorde som ikkje berre besto av piller, nåler, smerte, blod, død og fordervelse sånn som eg såg for meg i forkant. I ettertid sit eg dessverre att med ei historie full av sorg, smerte, avvising, brutte løfte og avslag.

DSC03098
I litt over halvanna døgn fekk eg kjenne på stoltheit, kjærleik og ein ørliten del av korleis det er å vere mamma. Den kjensla er vekke for lengst, men vi prøver å ta vare på dei gode minna likevel. Eg vann forøvrig med to poeng over Olav Emil i «Ticket to ride» begge gongane vi var i stand til å spele på sjukehuset.

Å gå gjennom prøverørsprosessen er noko av det mest frustrerande eg har gjort, og den satte sine spor både i kropp og psyke. Då eg vart gravid var det mykje av frustrasjonen som ikkje slapp taket. Sjølv om eg var blitt gravid kjente eg lite glede. Folk rundt meg snakka babyspråk til meg og klappa meg på magen (seriøst folkens: slutt med det!). Sjølv om eg var gravid gjorde det framleis vondt når folk snakka til meg som om det var ein sjølvfølge at eg ein dag skulle få bli mamma. «Bare vent til ungen blir født. Då får du hvertfall ikkje sove», «Eg sa jo at det kom til å gå på første forsøk» og «Du må ikkje vente for lenge med nummer to». Kjensla av å ikkje få det til slapp ikkje taket. Det gjorde heller ikkje irritasjonen over alt det teite folk sa og gjorde i beste meining.

Eg hadde første svangerskapskontroll hos fastlege. Trass den kjipe prøverørsprosessen, masse tårer og at han brukte meir enn 3 gonger tida som er rekna som ein vanleg legetime hoppa han over punktet som omtalar psykisk helse på «helsekort for gravide». Eg tok på eige initiativ kontakt med jordmor for litt ekstra oppfølging fordi kjensla av å vere nedstemt ikkje ville sleppe taket. Det tok ikkje meir enn nokre minutt inn i samtala før ho opplyste meg om at eg som gravid fekk tilgang til psykolog. Tilbodet var gratis og hadde kort ventetid.

Det er ikkje få gongar i løpet av prøverørsprosessen eg har tenkt at eg hadde hatt nytte av psykolog; Då ventetida viste seg å vere det som verka uendeleg lengre enn det halvåret vi var lova. Og den gongen vi låg vakne heile natta og diskuterte om vi var opne for å bruke donor om naudsynt. Og når eg mista moglegheita for å få behandling mot migrene og overlegen nesten regelrett kasta meg ut av kontoret utan at eg fekk svar på spørsmåla mine med beskjed om at «vi får sjå på det om det går galt». Og alle gongene medan vi venta på behandling, før vi «kom ut av skapet» der folk fortalde meg at det var på tide å starte babyproduksjonen no når vi bygde hus, spurde meg om eg var gravid og fortalde meg at klokka tikka. Og når dei ringde frå sjukehuset og fortalte oss at alle dei befrukta egga var døde; alle utanom det som vart Oskar…

20181227_204100
Nokre bilete frå IVF-prosessen. «Babymaking gone wrong»-biletet vart teke etter at eg hadde komplikasjonar etter egguttaket. Eg hadde null peiling på kor gale det faktisk skulle gå…

Trass i at prosessen vi går gjennom seiest å vere like stressande som å gjennomgå kreftbehandling fekk vi aldri tilbod om psykolog. Derimot fortalde oppslag på veggen på KK oss at eg (som kvinne) var velkomen til samtale med sexolog. Sjølv om sex er noko av det siste ein tenkjer på i ein sånn situasjon (ein har trass alt gitt opp) hadde eg tilbodet i bakhovudet fordi det verka som einaste moglegheit til å snakke med eit menneske som hadde tid, utan å måtte bli henvist og vente i fire månader (eller å bruke ein formue på å gå privat). Å få tilbodet om psykolog etter at eg var blitt gravid var nærast absurd. Var det verkeleg sånn det var? At ein måtte bli gravid for å ha moglegheita til å snakke med profesjonelle for å komme over trauma ein opplever som infertil som går gjennom IVF?

Det var ikkje få gongar eg funderte på kor absurd dette var, medan Alanis Morisettes «Ironic» satte seg på hjernen. «Isn’t it ironic, don’t you think?»


Det lokale nærjordmorsenteret har parkering for barnevogn både i fyste og andre etasje om du skulle vere så heldig å vere eigar av noko så flott. Oppi alt kaoset er eg takksam for at tilfeldigheitene ville det til at vi aldri rakk å kjøpe barnevogn. 

Det er heller ikkje få gongar etter fødselen at den same songen har sett seg på hjernen. Lista over oppfølging vi har fått etter fødselen er verdas kortaste, og eg kunne skrive verdas lengste innlegg om alt som har skjedd (og ikkje skjedd) sidan det.

Vi vart lova av KK at vi skulle få oppfølging med ein gong påsken var over. Bortsett frå samtale med ein sosionom som har fortalt oss korleis ting burde vore har vi ikkje sett noko til det. Jordmora som lova å ringe 2-3 veker etter fødselen har ikkje gitt lyd frå seg. Då det byrja å gå opp for meg at eg trengte hjelp til å komme meg gjennom dette og las i journalen min på KK at dei tilsynelatande ikkje hadde planer om å følje opp sendte eg ei heil A4-side til fastlegen om korleis eg hadde det, med spørsmål om kvar eg kunne få hjelp. Responsen har kort fortalt vore dårleg og svært forsinka. Heldigvis har eg fått alle rekningene eg skulle ha…
(De fekk med dykk sarkasmen på slutten der, eller?)

Frå vi bestemte oss for at vi ikkje ville bere fram eit born som mest sannsynleg ville døy før termin gav eg beskjed om at eg trengte hjelp, og at jordmorsenteret ikkje var den rette plassen å vere for nokon som holdt på å miste eller hadde mista bornet sitt.

Nokre dagar før eg skulle vore på den 2. svangerskapskontrollen hos jordmor klarte eg å ta meg saman og skrive ein mail om at eg ikkje lengre trong svangerskapskontrollen fordi vi hadde mista Oskar. Det var første gong, og enn så lenge ein av to gongar nokon frå helsevesenet tok kontakt etter fødselen for å høyre korleis det gjekk (den andre telefonen kom òg frå jordmorsenteret).

Det viste seg raskt at eg skulle bli ein kasteball i systemet. KK var tause, fastlegen var treig og å møte opp på jordmorsenteret kjentest som ei større belasting enn det var til hjelp. DPSen ville ikkje gje rask hjelp så lenge eg ikkje var suicidal, og om eg ville bli henvist vidare måtte eg møte opp på jordmorsenteret og sitje på same venterom som nybakte og vordande mødre. At psykologen snakka med meg på telefon var ikkje godt nok.
«Isn’t it ironic, don’t you think?»


Nokre av bileta ein må gå forbi når babyen din er død og du treng hjelp til å komme gjennom sorga.

Trass i at eg møtte opp hos psykologen med det forhatte venterommet valde DPSen å avslå henvisinga ho skreiv. Avslaget vart lese på ein kafé på Island, på ein tur eg hadde bestemt meg for å prøve å gjennomføre trass i at det kjentest som heile livet eg hadde drøymd om hadde gått i tusen knas. «Isn’t it ironic, don’t you think?»

Avslaget var ikkje veldig overraskande for ei som er vorte van med motgang. Eg hadde allereie fått høyre at eg ikkje var dårleg nok sidan eg hadde vore på butikken ein gong etter fødselen (då vi gjekk tomme for mat). Og ein er kanskje ikkje «sjuk» nok når ein er dumdristig og klarar å overleve ferie med familien? Eller når ein tek på seg solbrillane for å gøyme tårene og karrar seg forbi bileta av babyane i korridoren på jordmorsenteret utan å kjenne seg suicidal.

Etter at eg kom heim frå Island kom òg avslaget på søknaden om foreldrepengar. Oskar vart ifølge NAV fødd ca 40 timar for tidleg til at eg kan få ta ut permisjon i staden for sjukemelding. Trass i at han var så stor og tung at eg er rekna som 2. gangs fødande om eg skulle vere så heldig å bli gravid igjen meiner ikkje NAV at eg har vore gjennom ein fødsel. Eller at eg kan kalle meg mamma.

Folk seier at eg er tøff. Og at eg er ein mamma. Å miste eit barn er mykje meir enn kva eg trudde eg skulle klare å overleve. Å bli svikta, gløymd og å få postkassen full av avslag etterpå er meir enn kva eg klarer. Å miste Oskar har gjort meg meir motivert til å leve og gjere det som trengs for å forhåpentlegvis oppleve å ein dag bli mamma, men det er trist å sitje att og kjenne seg så einsam og forlatt av folk som lova deg at alt skulle ordne seg «når berre påskeferien er over». Det er vondt å kjenne på at ein burde vere litt sjukare. Å plutseleg vere ein av dei mange som opplever det som ein byrde å ikkje vere suicidal.

Sorga går sin gang og vert litt betre dag for dag. Likevel er det mange ting som blir vanskelegare; Å oppleve helsepersonell som trøystar deg med at «no veit du iallefall at du kan bli gravid» medan du sørger. Å tenke på jordmødrene som fleire gonger i løpet av fødselen fortalte meg at «De er nok tilbake om eit år, i lukkelege omstende».
«Nei, det er vi ikkje. Det er faktisk ikkje fysisk mogleg.»

Når helsepersonell kan såre så mykje, kva skjer då når eg skal ut i verda og forsetje livet mitt? Eg som allereie blir trigga av reklame for barneutstyr på Facebook, av å køyre forbi nokon med barnevogn, av å skrolle gjennom babybileta på Instagram eller av å lese at endå ein person på venelista mi, som eg nesten ikkje kjenner, er vorte gravid. Igjen.

Etter avslaget frå DPSen måtte eg atter ein gong møte opp på det lokale jordmorsenteret. Der hadde eg eitt av dei mange angstanfalla eg har hatt i det siste og DPSen forsto omsider at eit jordmorsenter ikkje er ein god plass å vere for nokon som har mista babyen sin.

Det ser omsider ut til at eg får hjelp på ein plass som ikkje er full av ting som burde hatt «trigger warnings».

Eg veit ikkje om eg kjem heilt der eg vil med dette innlegget, men eg håpar alle som jobbar i helsevesenet gjer jobben sin. Eg kunne skrive eit mykje lengre og meir detaljert innlegg om alt som har gått til helvete dei siste 5 vekene, men kort oppsummert ser det meste ut til å vere ei suppe av: kommunikasjonssvikt, dårleg journalarbeid, folk som ikkje høyrer etter, folk som håper nokon andre ordnar opp og folk som rett og slett er dårlege i jobben sin. Absolutt alle eg har møtt som har vore med på å lage dette rotet er kvar for seg flinke folk, men kanskje med ei litt for stor tru på at «det er sikkert nokon andre som ordnar opp».

Det er ikkje sånn som dette det skal vere. Folk burde snakke saman. Folk burde gjere jobbane sine. Og om ein person sviktar burde ikkje heile livet rase saman som eit korthus. Eg har innsett at eg har hatt ei litt naiv tru på systemet, trass i at eg har høyrd om mange andre som òg har ramla mellom stolane.

Dette innlegget var ikkje berre meint som eit motivasjonsinnlegg til dei av dykk som jobbar i helsevesenet. Dei siste to vekene har eg fått meldinger frå folk som har forventinger om at ting går betre sidan tida går og sidan eg var i stand til å reise til Island og smile på nokre av bileta. Sjølv om tida går og sorga og saknet blir litt betre dag for dag betyr det dessverre ikkje at eg har det så mykje betre. Vegen tilbake til jobb og ein normal kvardag er litt fjernare enn kva eg fyst trudde den var, men eg håper og trur at eg kjem dit om ikkje så altfor lenge om eg får litt hjelp.

Det har blitt ein fin vane å avslutte innlegg med å takke nokon. Takk til dei som måtte halde ut med meg medan eg grein meg gjennom Island. Dykk er fantastiske! Og eg prøvar å vere glad for at eg reiste sjølv om det var litt vel tungt i periodar. Og ikkje minst: Takk til dei som har halde ut med meg på Os nærjordmorsenter som har gjort alt dei kunne for at eg skulle få best mogleg hjelp (sjølv om eg ikkje akkurat har møtt opp med glede dei siste gongane).

Som nemnd tidlegare i dette innlegget hadde eg ein ambisjon om å dele erfaringer rundt fødsel/seinabort. Ambisjonen er der enno, og eg håpar eg klarar å dele både det vonde, men òg alt det fine vi opplevde. For sjølv om eg sit att som eit og kjenner meg som eit traumatisert nervevrak no meiner eg framleis at mykje av fødselen var så fin som fødsel av ein død baby kan vere.

17.mai: Ein månad utan Oskar

I går var det 17.mai.
Grunnlovdagen, «barnas dag» og ein månad siden den verste dagen i livet mitt.
Mange sender meg meldinger om at dei tenker på oss. Nokon spør korleis det går. Andre vågar kanskje ikkje å spørje.

DSC03441

For ei stund sida, mens eg framleis var gravid bestilte vi oss tur til Island. Planen var å være gravid i uke 24/25 og håpet var at formen skulle være litt betre enn den var i 1.trimester sånn at eg kunne nyte og oppleve dette fantastiske landet igjen, denne gongen med familien.

Sjølv om vi mista Oskar bestemte eg meg likevel for å reise. Eg hadde eit ørlite håp om at det ville gjere godt å komme seg vekk litt og at det kanskje ville være lettare å «ta seg saman» og komme tilbake til jobb og ein litt meir normal kvardag etter ferien.

Men sorga tar ikkje ferie og lar seg dessverre ikkje reise frå. Den er der heile tida. Over alt!

Då vi reiste frå sjukehuset etter fødselen var det med løfter om oppfølging og hjelp til å komme oss gjennom dette. Dessverre har vi sett lite til hjelpa vi blei lova og vegen tilbake til kvardagen verkar fjernare enn nokon sinne. Systemet har svikta og eg føler eg har ramla mellom stolane utan nokon måte å komme meg opp. Den 16.mai kom atter ei avvising frå helsevesenet svart på kvitt, mens eg satt på ein kafé full av glade turistar på Islands sørkyst.

Sjølv om det var godt å sleppe unna 17.mai-feiring i Noreg er påminningane om kva vi har mista over alt. Alt ifrå all den islandske lakrisen eg no kan ete (som eg måtte begrense når eg var gravid) til å køyre forbi sauer med lam på markene. Å gå forbi stativ med babykler i butikkane er som eit hardt slag i den altfor tomme magen. Lista kunne forsatt i det uendelege… Det er ikkje ein plass i verda eg kan være utan at minna og traumane treng seg på. Solbrillene som skjuler tårene er blitt min beste venn.

DSC03296.JPG

No er vi omsider i Reykjavik etter ein 5 dagar lang tur rundt Island. Vegen mellom sorg og glede har vært kort og intens. Vi har ledd og smilt på bilder på alle dei fine stoppestadene langs reiseruta, men det har og vært mange tårer på dei nesten 1600 kilometrene vi har køyrd til no.  For sjølv om Island er favorittlandet mitt har dei siste dagane vert så tunge og intense at eg fleire gonger har spurt meg sjølv om eg ikkje heller burde ligget heime i fosterstilling. Likevel er det noko godt med å stå på kanten av eit stup (i ordets rette forstand) og kjenne på kor vakkert livet er og kor lyst eg har til å leve og ha det bra, til trass for alt vi har vært igjennom den siste tida.

DSC_0560

Eg skulle ønske eg hadde overskudd til blogge om alt det fantastiske vi har sett sålangt på turen. Og eg skulle ønske eg hadde positive svar til alle som lurer på korleis vi har det. Eg har det ikkje bra, og sjølv eg har gode augeblikk er den lammande sorga aldri langt vekke. Heldigvis har eg med meg verdens mest tolmodige reisefølge, sånn at påminninga om kor mange fine folk eg har i livet mitt heller aldri er langt unna.

For det er ikkje bare reisefølget som er fine og tolmodige. Det har nesten ikkje gått ein dag etter at vi mista Oskar utan at eg har fått meldingar frå folk som bryr seg om oss. Det betyr framleis uendeleg mykje at folka som bryr seg om oss ikkje gløymer ❤ Takk!

Eg tørr ikkje å love at eg kjem sterkare tilbake; men eg kjem tilbake!

17.04.19: Oskar

Onsdag 17.april 2019 kom litle Oskar stille til verda på Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus. Mor gråt sine tapre tårer då den perfekte, livlause babykroppen blei lagt til  brystet hennar.

For bortsett frå at han har arva nasen til Olav Emil var han verkeleg perfekt. Ein stor, liten, perfekt gut. Han såg heilt ferdig ut.

Likevel var ikkje ting som dei skulle vere.
Det skulle vere ein nydeleg solskinsdag. Ikkje 17.april, men 26.august.
Du skulle vere ein «gyllen halvmeter». Ikkje 30 cm.
Du skulle vere ein eller annan plass mellom 2,5 og 4,5kg. Ikkje 615 gram.
Du skulle komme til verda, fylle lungene dine med luft og skrike av full hals.
Istadenfor kom du til verda med eit plask etterfølgt av stillheit og mors utrøystelege gråt då ho fekk sjå deg for fyste gong.
Du skulle vere frisk og «levedyktig».
Du skulle vere med oss heim frå sjukehuset…

sdr

Sjølv om dette er ei stor tragedie er vi som foreldre flest utruleg stolte over den nydelege guten vår. Og kjærleiken vi kjenner på kan ikkje skildrast med ord.

DSC03090

Dette er definitivt noko av det tøffaste vi nokon sinne har opplevd. Eg trur ikkje andre enn dei som har gått i våre sko kan førestille seg smerten, fortvilelsen og saknet vi kjenner på no. Eg klarar det ikkje sjølv ein gong…

Likevel har det vore masse fint i all elendigheita. Vi har klart å halde saman og støtte kvarandre gjennom den største utfordringa vi nokon sinne (forhåpentlegvis) må gå igjennom. Familien har stilt opp og stått klare døgnet rundt medan vi har venta på det som var ein mykje lengre og hardare fødsel enn eg trur nokon hadde sett føre seg. Og etter kvart einaste vaktskifte på KK (som det vart ein del av) har det dukka opp fantastiske jordmødre som har gjort absolutt alt dei kan for at vi skulle ha det så bra som mogleg både før og etter fødsel.

DSC03086.JPG

No er vi heime att etter 4 lange dagar på sjukehus. Eg skal gjennom den berømte barseltida, med alt det inneberer, men utan baby. Og etter kvart kjem kvardagen attende. Det er tungt, men eg håper og trur at folk er tolmodige og forstår at dette kan ta tid.

DSC03094.JPG

Takk til alle som har stilt opp for oss den siste månaden, både av familie og venner. Takk til dei som vitja oss på sjukehuset (dei få som fekk lov). Takk til alle som har sendt oss meldinger, både familie, venner, kjende og ukjende. Eg har ikkje fått svart alle, men setter likevel utruleg stor pris på kvar einaste melding. Takk til alle dei tøffe damene der ute som har vald å dele erfaringene sine med meg. Takk til alle som har tenkt på oss, kryssa fingrar og folda nevar for oss. Takk til dei som har fylt opp alle vasane våre med blomar. Og ikkje minst takk til jordmødrene på KK (om nokon av dykk skulle lese dette) for at dykk klarte å gjere den kjipaste opplevinga nokon sinne så bra som mogleg.
Takk!

Frå vondt til verre

For litt over tre veker sidan såg vi på barnevogn.
For litt over to veker sidan blei liva våre snudd på hovudet.

Ord kan nesten ikkje beskrive kor ufatteleg vanskelege dei siste 17 døgna har vært, frå vi møtte opp på det som skulle vere ei rutineundersøking til vi kort tid seinare fekk nyheitene om at barnet i magen kanskje ikkje hadde det så bra.

På den første ultralydundersøkinga (i uke 18+3) vart det oppdaga at fosteret nærast mangla mellomgolv på høgre side, noko som gjer at organa i magen kjem opp i brystet og tar plassen lungene trenger for å utvikle seg. I vårt tilfelle hadde tarmar og lever kommen opp i brysthola. I tillegg var både magen og brystet fylt av væske som ikkje skulle vere der, utan at dei ville seie noko i første omgang om kvifor det var sånn og om det kom til å bli eit problem.

Etter dette har vi hatt fleire undersøkinger utført av fleire legar. Vi har og hatt møte med barnelege for å høyre kva framtidsutsikter barnet hadde om det overlevde ein eventuell operasjon.

Det gjekk 7 dagar mellom dei siste to undersøkingene. I løpet av dei 7 dagane har tilstanden til fosteret blitt betydeleg verre. Væskeansamlinga i kroppen har auka masse, og trass i at fostervassprøva kom tilbake normal, så er det ekstremt lite sannsynleg at fosteret skal overleve fram til termin. Og om barnet hadde blitt født levande hadde det mest openberre utfallet vore å la «naturen gå sin gang».

No har vi pakka vekk det vi har fått av gåver og nyvaska babyklede og i løpet av kort tid skal vi i møte med abortnemnda og få godkjend at svangerskapet blir avslutta utan at eg treng å gå i fleire månadar og kjenne etter kva tid sparkinga blir svakare og livet ebbar ut. Dette er utan tvil noko av det vanskelegaste vi har gått igjennom og det kjennest utruleg urettferdig at det skulle ende som dette.

Vi set utruleg pris på alle meldingene og støtte vi har fått frå familie, venner og kjende. Legane på Haukeland har og vore fantastiske og gjort alt dei kan for at vi skulle få nok informasjon til å føle oss trygge, og for at vi skulle gjere det som kjennest «mest rett» i denne tragiske situasjonen. Det ser mørkt ut no, men vi håpar og trur at livet går vidare etter kvart.

cof

Når ting er som dei er har eg for min del få betenkelegheiter med å avslutte eit svangerskap som uansett ikkje kjem til å ende godt. Abort (spesielt så seint som dette) er eit betent tema, og det gjer veldig godt å vite at vi har folk rundt oss som støttar oss i det vi må gjennom.

Sjølv om dette endar med at eg må møte i ei nemnd, signere papir og til slutt ta medisinar som set i gong fødselen håper eg at folk rundt oss ser at dette er så mykje meir enn eit val vi har teke. I løpet av den neste veka vil vi miste vårt sårt etterlengta, ufødte barn – og det opplevast ikkje som eit val; berre ei stor sorg og tragedie.

Igjen: Takk til alle som er der for oss i denne vanskelege tida. Det blir satt utruleg stor pris på, sjølv om vi kanskje ikkje klarar å gje utrykk for det akkurat no.

When shit hits the fan…

Heilt sidan eg blei gravid har eg vært klar på at eg ikkje ville ha gratulasjonar før veke 12. Ei forsvarsmekanisme som viste seg å være ganske fornuftig. Dei fleste har respektert ønsket mitt, og sjølv etter uke 12 har folk vært redde for å gratulere meg. Det har merkeleg nok vært ganske godt, då eg så langt ikkje har klart å boble over av glede. Nokon har forståing for dette mens andre ser ut til å forvente at eg skal være 100 gonger lykkelegare enn alle «normale» gravide, fordi vegen vår kanskje var 100 gonger lengre enn mange andre sin.

Eg hadde store planer om å skrive eit blogginnlegg når eg passerte veke 12. Å spreie litt glede og hauste litt gratulasjonar. Sånn gjekk det ikkje.

Det lille snevet eg hadde av den berømte graviditetsgløden dei få timane eg var våken i første trimester blei raskt erstatta av enda meir søvn, bittelitt meir kroppslege plager og eit snev av svangerskapsdepresjon. Vegen hit har vært lang og den har satt sine spor.

DSC02677

Sjølv om eg har hatt mange tunge dagar den siste tida har eg og hatt mange fine dagar. På fredag for snart ei veke sidan var eg med på klimastreiken i Oslo saman med 20 000 andre engasjerte menneske. Det er lenge sidan sist eg kjente på så mykje framtidshåp.

…Og mens eg stod der omgitt av flotte, engasjerte ungdommar kjente eg det eg er overtydd om var det første, heilt tydelege sparket. Eg tenkte på den kommande miljøagenten i magen og kor klisjé-aktig det var at det første, heilt tydelege livsteiknet skulle komme i sånne omgivnader. Var «parasitten» i magen like sur på Erna og regjeringa som meg?

Sidan eg ikkje akkurat har bobla over av glede og vært litt avvisande når det kjem til gratulasjonar og den slags ser mange ut til å anta at eg har vært redd for å miste barnet i magen. Etter at vi var på ultralyd i uke 7 og såg eit bankande hjarte i den chashewnøtt-formede kroppen har eg ikkje kjent på eit snev av redsel. Likevel har det vært mange tankar, bekymringar og spørsmål.

Vil vi vite kjønnet på barnet? Tenk om det blir ein gut. Det er umogleg å finne fine gutenamn som ikkje er på topp 10 lista. Spiser eg nok? Får eg i meg det eg treng, når 95% av kostholdet består av glutenfri mozarella pizza og kosttilskot? Kor lenge skal eg prøve å holde ut i jobb? Tenk om vi får ein kolikkunge! Er det verkeleg så krise at eg ikkje er flink nok til dei hersens knipeøvelsane? Trener eg nok? Eller trener eg for mye? Kjem eg til å få til å amme? Brystbetennelse høyres kjipt ut! Kvifor skal klede til nyfødt på død og liv deles opp i blått og rosa, jente eller gut? Tenk om ungen får like skeive tenner som Olav Emil? Kan ein verkeleg tisse SÅ mykje utan å ha svangerskapsdiabetes? Kjem babyen til å døy av kreft fordi eg ikkje orkar å vaske druene mine? Kva synes vi eigentleg om tredelinga av permisjonen? Kva rettigheiter har vi når far er både student, sjølvstendig næringsdrivande og timeansatt? Skal vi føde på KK som eg har trua på når det kjem til fødsler, men ikkje fullt så mykje når det kjem til barsel, eller er det betre og koselegare å føde på Voss, som ikkje har den same kompetansen på alle områder når det kjem til fødsler, men ei muligens ei veldig mykje betre barselavdeling? Kvifor er det greitt å ta på magen til gravide folk ein normalt aldri ville tatt på, utan å spørje? Kor mykje lakris kan eg eigentleg ete utan at ungen blir dum?

Den fredagen foran stortinget kjennes fjern no. Alle tankane, bekymringane og spørsmåla som har tatt så stor plass dei siste vekene kjennes plutseleg som bagatellar.

På måndag var vi på det som blei alt anna enn den «ordinære ultralyden» som vi fekk innkalling til. Babyen i magen er sjuk. Alvorleg sjuk. Tankane om permisjon, foreldrepenger, blått og rosa, knipeøvelsar og barseltida er erstatta av mørkare tankar og vanskelege spørsmål.

Korleis ser framtida vår ut no? Kjem vi til å miste barnet eller må vi forberede oss på å ta imot ein nyfødt som i løpet av kort tid etter fødselen vil være full av tubar, slangar, kanylar og ledningar? Er vi i stand til å følgje opp eit alvorleg sjukt born? Har vi det som trengs? Er det noko eg kunne gjort annleis? Korleis vil liva våre bli? Er eg ikkje tom for tårer snart? Vil vi nokon gong ha det bra igjen?

I løpet av kort tid skal vi igjennom fleire undersøkingar og møte fleire leger. Vi har ingen endeleg diagnose ennå, men enn så lenge mistenker dei mellomgolvsbrokk, ein diagnose som er «plagsam» når det oppstår hos ein vaksen, men er svært alvorleg hos eit foster eller ein nyfødt.

Uansett kva dei nye prøvene viser er det ikkje tvil om at babyen i er svært sjuk. På grunn av eit hull i mellomgolvet er tarmar og mogleg deler av levera plassert i brystkassen og tar opp plassen lungene trenger for å utvikle seg. Og vi veit jo alle kor viktige lungene våre er…

Eg skulle ønske at eg aldri trengte å skrive dette innlegget, men eg vil at folk skal vite kva vi går igjennom no.
Kvifor vi kanskje ikkje svarer på melding eller telefon…
Kvifor vi ikkje smiler lengre og svarer at «det går fint» når du lurar på korleis vi har det…
Kvifor eg begynner å grine om du skulle finne på å kommentere størrelsen på magen min, eller endå verre: ta på den…

20180928_170625

Vi setter pris på alle som tenker på oss, kryssar fingra for oss og sender oss fine meldingar sjølv om det kanskje går ei stund før vi klarer å svare eller å snakke om kva vi går igjennom no. Vi har verdens beste, finaste heiagjeng og det er vi utruleg takksame for!

Det kjem sjølvsagt ei ny oppdatering når vi veit kva som skjer, men vi håper atter ein gang at folk har forståing for at det skjer i det tempoet som passer oss best.