Drømmegraviditeten vol. 2

(Del 1 kan du lese her)

Den siste tida har eg prøvd uendeleg mange gonger å formulere eit innlegg om alt som har skjedd den siste tida…

…Om korleis det å fylle 30 kjennes meir som ei livskrise enn noko ein gleder seg over.
…Om kor tungt det er å starte dagen når vekkarklokka ringer og det atter ein gong er på tide å bite tennene saman og stikke seg med sprøytene – som ein ikkje lenger er redd for.
…Om å ramle mellom stolane når legane ikkje er einige men heller ikkje vil snakke saman.

…Om føle at ein opplever trassalderen, puberteten og overgangsalderen på ein gong. 6 veker i strekk.
…Om å være så hormonell at du har lyst å legge hundebæsj i postkassen til ukjente menneskjer fordi dei skriv teite ting på internett.
…Om utmatting, smerter, hovudpine, svimmelheit, angstanfall, ømme pupper, kvalme, oppkast,  hetetokter, søvnløyse netter, lange dagar og ein mage som ironisk nok ser ut som den er gravid i 4.månad til trass for at den er like tom som alltid har vært. 
…Om kor frustrerande det er å prøve å lage baby på det som nokon gonger kjennes ut som eit samleband med null kontroll og altfor høg hastigheit. (Finnes det sci-fi-porno? I så fall kunne det blitt ein spannande film.)
…Om smerten ein opplever når medisinane ikkje gjer jobben sin samstundes som eggstokkane blir penetrert av gigantiske nåler.
…Om kor vondt det er når folk som har født born fortel meg at «det kjem til å være verd det til slutt» til trass for at dei ikkje aner kor vondt det er og at det trass alt ikkje er nokon garanti for at eg nokon gong kjem til å oppleve det same som dei.
…Om å ligge åleine på sjukehus med komplikasjonar etter egguttak og prøve klamre seg fast til håpet om at flest mogleg av eggene overlever dei neste dagane.
…Om å få nesten alt håpet knust i løpet av ein telefonsamtale på eit minutt og trettiseks sekund.
…Om alle følelsane ein kjenner på når ein ser på skjermen at legen setter eit befrukta egg inn i livmora di.
…Om dei to nervepirrande vekene med venting før ein atter ein gong får lov til å tisse på ein pinne.

20181227_204100

…Om å for første gong få oppleve at to strekar lyser mot deg på den positive graviditetstesten.

Eg kunne sikkert skrevet eit tåredryppande innlegg på Facebook om at vi har fått den beste julegåva nokon sinne. Eller at 2019 blir betre enn vi nokon sinne har våga å drøyme om. Men sanninga er at ikkje ein gong to veker etter at eg for første gong såg strekane på graviditetstesten klarer å ta inn over meg at det ser ut til å ha gått bra. At det for første gong er større sjans for at det skal gå bra enn at det ikkje skal gå bra. At spira som no er på størrelse med eit peppar-korn har klart å klore seg fast sidan byrjinga av desember. At det eine egget som lab-folket kalla «superegget» faktisk viste seg å være nettopp det til trass for at alle dei 7 andre befrukta egga som også såg så bra ut gav opp ein etter ein.

Eg kjenner meg ikkje klar for gratulasjonar heilt ennå. Vi er framleis ganske mange veker frå den magiske 12-vekers grensa der folk vanlegvis fortel familie og vener om familieauka som er på gong. Sjølv om eg ikkje går rundt og er redd for å spontanabortere er det noko som skjer relativt mange (10-30%) på det stadiet vi er no. Og med den lange vegen vi har hatt mot det punktet vi endeleg er kommen til, er fallhøgda større enn nokon sinne.

Sjølv om eg ikkje lever i ei rosa lykke-boble ennå og sjølv om det er umogleg å skrive eit innlegg der eg ikkje høyrest ut som eg ekstremt pessimistisk og klinisk deprimert er eg meir optimistisk enn på lenge.

DSC08541

Kroppen og hovudet er utslitt etter to sinnsjuke månadar, men eg kryssar alt eg har for at uniformen framleis passar og at eg er i stand til å begynne på jobb igjen på nyåret. Imens håpar eg at folk forsett å respektere ynsket mitt om å vente nokon veker til med gratulasjonane, til statistikken er enda litt meir i vår favør. I mellomtida tar eg forstatt imot kjærleik og lykkeønskingar.

Uansett korleis dette ender har eg lyst å forsette å være open om prosessen vi har vært igjennom og forsatt er i, i det tempoet som passer meg.

Eg vil avslutte med ein gigantisk takk til alle som har heldt ut med det hormonelle vraket eg har vært dei siste månedane, alle som har gitt meg ro når eg har trengt det, alle som har sendt meg fine meldingar og ikkje minst alle som har delt kva dei sjølv har vært igjennom kvar gong eg sjølv har delt ting på internett.

Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan alle dei fine folka eg har rundt meg ❤

Siste del av Islands ringveg: Akureyri – Reykjavik

Island Ringveg
Det var det: Dama på turistinformasjonen kan offisielt ta seg ei bolle!

Over 1600 kilometer unnagjort på litt meir enn 2 og eit halvt døgn. Åleine.
Det har vært vind i absolutt alle styrker, overskya, tåke, snø, sludd og sol. Nordlyset fikk eg og sett.

Eg føler eg har sett (nesten) heile landet, heile døgnet, heile året. Vår og haust den første dagen. Haust og vinter på dag nummer to. Og (nesten) sommar i dag. På bileta vel å merke…

20180930_111637

Eg vakna opp og oppdaga at Akureyri såg ut som ein litt penere versjon av Førde (eller kanskje Stavanger). Dessverre med natteliv på nivå med Ayia Napa og eit rånemiljø som prøvde å toppe alt eg har sett, og ikkje minst høyrd av råning før.

Ifølge internettet er det kun 5 ansatte i politiet i Akureyri. Skrikinga* og trafikken tilsa at det kanskje burde vært litt fleire (sjølv om dei visstnok er ei av byene i verden med minst kriminalitet.)

*Eg veit ikkje om islendingane definerer skriking som ei kriminell handling, men det burde dei!

20180930_115528
Det blei dessverre minimalt med søvn i natt, og i løpet av dagen har det blitt ein del kaffi (og do) stopp.

20180930_130407
Eg var smånervøs etter snøvêret i går kveld, då vêrmeldinga i dag fortalte om minusgrader i fleirtal. Heldigvis tok vêrmeldinga atter ein gong feil, og dei siste ca 400 kilometrene eg avslutta turen med i dag er definitivt sjarmøretappen!

I morgon er siste dagen, og av alle ting har eg vurdert å køyre 3-400 kilometer til i håp om å få litt betre inntrykk av sør-kysten. Dessverre er vêrmeldinga ca like grå som sist eg var der, så då sitter eg atter ein gang og lurer på kva eg skal ta meg til…

Kanskje eg køyre til Reykjavik og kjøpe boller til turistinformasjonen og høyre på råd om alt ein visstnok ikkje burde gjere på Island.

20180929_140110(0)
«Bitch please lixzm! Ég gerði það!»

Er det lov å føle seg litt tøff og barsk no?

Egilsstaðir – Raufarhöfn – Akureyri

Island Ringveg dag 1

Dei som leste førre blogginnlegg veit allereie at eg starta dagen i dag i Egilsstaðir på nord-austkysten på Island. Dagen starta med hotellfrukost, kaffi og blogginnlegg. (Openbart ikkje nok kaffi, for eg presterte å lage verdens lengste setning. Note to self: Hugs å rette på det på eit eller anna tidspunkt.)

20180929_130216

Då eg kom til Egilsstaðir var det bekmørkt, med unntak av den nesten fulle månen og nordlyset. Hotellet viste seg å ha fantastisk beliggenhet i eit område eg gjerne skulle hatt tid til å utforske meir.

20180930_005221
Før avreise traff eg han her. Han spurte fint om eg kunne kaste litt pinne til han, og vi blei gode venner. Det var nesten litt trist å reise frå Egilsstaðir.

20180929_144302
Då eg starta dagen var været «vanleg» grått og overskya før det klarna opp. På ei av dei mange viddene tideleg på turen møtte eg på dette vær-skillet og tenkte «Kult. Dette må eg prøve å få tatt nokon bra bileter av. Dei svarte skyene såg i byrjinga ut til å være langt vekke, så eg tenkte ikkje noko meir over det, før den blåe himmelen over meg plutseleg var historie.

20180929_173744
Litt grått vær har aldri stoppa ein vestlending, eller joda, stadig vekk… Men ikkje i dag. Til trass for det smådårlege været tok eg omvegen om Raufarhöfn i håp om å nå Hraunhafnartangi som er det nordlegaste punktet på Island. Eg kom meg ikkje heilt nord (det måtte eg gjort til fots), men eg har vært så langt nord på Island som eg tenker at det var forsvarleg å være i været det plutseleg var. Litt flaks var det og, for no treng eg ikkje å lære meg å si «Hraunhafnartangi».

20180929_155612(0)
Omvegen var ikkje forgjeves. Sjølv om det var mykje vidder og litt «monotont» landskap i periodar, så var det definitivt verdt turen rundt når ein fant plasser som dette.

20180929_161919
…Og så traff eg omsider på det eg trudde var yndlingsskiltet mitt: «Slutt på asfalt» Eg anar ikkje kor mange mil eg har unnagjort på grusveg i dag, og sjølv om det er overlevbart er det ikkje så fint, eksotisk og behageleg som eg hugsa: Sist vi var på Island var vinteren 2009 og sidan vi reiste på vinterstid var alt av «potholes» fylt med snø (ja, eg kjem heim frå ferie og er ein sånn irriterande person som snakkar English når ho ikkje kjem på det norske ordet for noko). Sidan eg køyrer leigebil med sommardekk krysser eg alt eg har for mest mogleg fråvær av snø og is, men holete grusveg er ikkje det beste å køyre på i mange titalls mil.

(Atter ein fordel med Island er at det stort sett bare er sauer som ser deg, når du tar kleine selfies… Og det må ein jo, når ein er på tur åleine.)

20180929_182057
Eg håper dama på turistinformasjonen i Reykjavik leser bloggen min og føler seg dum! Ikkje bare ser det ut til at eg klarer ringvegen på 3 døgn, men eg klarer det med relativt store omvegar.

Eg har køyrd over 500 km i dag. Dei siste kilometrene blei eg (og metrologane) overraska av snøver. Det har vært ein lang dag med mykje bilkøyring og lite anna og eg er hinsides sliten, men det er definitivt verdt det. Eg skulle sjølvsagt ynskje eg hadde hatt nok tid til å sett alle dei fine plassane på vegen i dagslys, men sjølv om eg kanskje går glipp av noko når eg er så gal at eg hopper på ein «Iceland ring road in 3 days» så får eg definitivt med meg mykje meir enn alle som sitter i Reykjavik og ser på vêrmeldinga mens dei skjelver i ullstillongsane.

Island Ringveg dag 1

Eg blir trist når eg tenker på alle turistane som bruker ferien på å stå i dokø på handlesenteret i Vik istadenfor å oppleve Island. Altså verkeleg – oppleve – Island!

No er eg i Akureyri som ser ut som ein stor og fin by. Google-maps har ikkje fått med seg ei einvegskøyrd gate og ei anna gate er gravd vekk, så på grunn av navigasjonsproblemer, natteliv og rånere har ikkje eg og Akureyri det beste forholdet heilt ennå. Men eg krysser fingrene for litt søvn i natt og at Akureyri viser seg å være ein fin by den lille tida eg er her i morgon.

Eg har forøvrig bestilt «Romantisk dobbeltrom». Det har mange opptil fleire fordeler:
1. Eg kan spise pizza i den eine siden av senga og sove i den andre.
2. Siden det er dobbelseng og to dyner, så kan eg «spoone» dyna og putene eg ikkje bruker. Det er kanskje ikkje veldig romantisk, men det er ein veldig fin måte å sove på.

20180929_144605
Eg avsluttar med litt bil-porno dedikert til Olav Emil som liker den slags.

Og for ein gongs skuld slenger eg med eit «dagens spørsmål» til dei som gidder å bruke kommentarfeltet:

Kva i alle dagar er poenget med råning? Sånn seriøst liksom? Og er det verkeleg så gøy å gå i gatene og skrike høgt om natta?

Mållaus (og på reisefot igjen).

Ein gong for det som kjennes ut som veldig mange år sidan starta eg det som begynte som ein reiseblogg. Kor vellykka det var kan vel diskuterast.

Folk påstår at eg er flink å skrive og at dei liker å lese det eg skriv, men eg trur eg begynner å bli gammal, og bloggen er ikkje lenger det den ein gong var meint som, og lever definitivt ikkje opp til namnet sitt som betyr «leik og moro». Mens eg før kunne sitte oppe i timevis å skrive når eg var på tur, frister det no meir å legge seg tidleg (eller å drikke øl og legge seg akkurat passe seint) . Dessutan har livet definitivt flest kvardagar, og dei er dessverre ikkje mykje å skryte av for tida.

«Det er ikkje mykje kvalitet utan kvantitet» påpeika Olav Emil ein gong vi diskuterte bloggvanene mine, og der har eg definitivt mykje å gå på. No har eg vært nesten 6 dagar i det eg meiner er eit av verdas flottaste land, utan ein einaste oppdatering.

20180926_183914

(Eg tar det som ein sjølvfølge at alle forstår at eg er på Island når eg seier at eg er i eit av verdas vakraste land.)

For litt over ei veke sidan posta eg det vanskelegaste og mest personlege blogginnlegget eg nokon sinne har skrevet. Eit par dagar seinare satt eg på flyet til Island…

Den siste tida har vært ekstremt vanskeleg, og for første gong på lenge kjennes det ut som eg endeleg gjer noko rett; Både når eg omsider kan være open om alt vi skal igjennom og når eg «flyktar» til Island.

Det har vært altfor mange negative kjensler den siste tida. Eg har vært frustrert, livredd, sinna og bitter.  Å formulere det førre blogginnlegget utan at alle dei kjenslene skulle overskygge bodskapet var ekstremt vanskeleg.

Eg er framleis redd for prosessen vi skal inn i og alt det bringer med seg. Eg er bitter for at livet ikkje blei som eg ville og følgde tidsplanen eg såg for meg. Eg har i periodar vært sint og frustrert på folk og ting rundt meg, som konstant minner meg på at eg ikkje er der eg vil være i livet.

I tillegg til det finaste kommentarfeltet eg nokon sinne har lest har innboksen min blitt fylt opp med kjærleik, lykkeønskingar og tøffe, personlege historier. Eg er ekstremt audmjuk og takksam for alle som har tatt seg tid til å sende meg meldingar og delt kva dei sjølv har vært igjennom. Det betyr så mykje at eg ikkje klarer å setje ord på det!

Sjølv om eg veit at folk ikkje meiner det vondt når dei ber meg ta graviditetstestar når eg er sjuk, stiller dumme spørsmål når eg ikkje drikker og forteljar meg at den biologiske klokka tikkar, har det vært ekstremt vanskeleg å oversjå slike kommentarar samstundes som ein går igjennom ein så lang og vanskeleg prosess som vi er i.  Eg føler meg omsider litt meir klar til å forholde meg til folk og tinga dei nokon gonger seier og gjer som sårar meg. Det gjer godt.

Eg har fått mange meldingar frå folk som forteljar at dei føler på dei same forventningane som meg og får dei same kommentarane som eg har fått. Eg har sjølv ønska å vente med å være open om dette fram til eg hadde ein konkret tidsplan å forholde meg til. Mange blir aldri klare for å være opne om det dei går igjennom, og eg håper det er noko folk kan bli flinkare til å hugse på. Familieplanlegging er ein privatsak, og det er ikkje alle som ynskjer å fortelje naboen eller kollegaen om spontanaborten dei hadde for nokon veker siden, når det blir slengt ut ein kommentar om at «er det ikkje på tide å produsere ein baby snart?»

Det var dagens moralpreik. Uansett: Tusen millionar takk for alle fine meldingar!
Faith in humanity restored!

Island Ringveg dag 1

Tilbake til Island!

På måndag satte eg meg på flyet til Island med eit av dei finaste og tøffaste menneskjene eg kjenner. Vi har hatt nokon fantastiske dagar i Reykjavik og køyrd den berømte «Golden circle» som eg trur må få eit eiga innlegg, med bilder frå mesterfotografen som eg var heldig å ha med meg på turen.

20180924_190605

I går morges reiste Serina vidare til London på konsert, mens eg starta tidenes road trip.

Om du googler «Iceland roundtrip in 3 days» (eller bytter tre-tallet ut med 4,5 eller 7 for den del) er alle internettforumene klare på at turen eg no har lagt ut på er galskap. Amerikaneren som kom inn på turistinformasjonen i Reykjavik blei fraråda å ta turen til trass for at ho hadde 9 dagar på seg. Det var openbart at dei syntes eg var ein uvitande idiot som i det heile tatt tenkte tanken, med bare 4 døgn igjen før flyet gikk.

20180928_191011

Heldigvis tok eg valet å ikkje høyre på turistinformasjonen i Reykjavik, men heller høyre på ein meir fornuftig islending (Takk Stefan!) og satte kursen østover med mål om å køyre den islandske ringvegen, sjølv med begrensa tid til rådigheit.

Sjølvsagt skulle eg gjerne tatt den same turen med 3 veker istadenfor 3 dagar, for så flott er faktisk Island, men eg er overtydd om at dette er ein av dei beste måtane å sjå Island, med den korte tida eg har (når eg tar med i regnestykket at eg elsker å køyre bil og at eg har vært på Island før).

20180928_170625

Turen starta på morgonen i grått og trist vær, og etter eit par hundre kilometer i endelaust månelandskap og regn og lavt skydekke lurte eg på om eg hadde tatt rett avgjersle. Då gråværet gikk over blei det openbart at eg har tatt rett val. Vindstyrken i går var oppimot orkan nokon stader, men utsikten var fantastisk.
Dessutan er det god underhaldning å sjå asiatiske turistar som krøller seg saman og dytter kvarandre framover i forsøk på å ikkje blåse bort. Island er sikkert ingen spøk for dei som ikkje har opplevd skikkeleg vær før.

20180928_170340
Etter altfor mange timar i bilen (og litt utanfor) kom eg omsider fram til Egilsstaðir akkurat for seint til å ta inn på eit av dei mange gjestehusa, som stengte ca ein time tidlegare. Istadenfor natt-tur til Akureyri  tok eg valet å bruke ein solid slant med pengar på skikkeleg hotell. Etter ei god natts søvn i den beste senga på lenge tenker eg at det ikkje var så dumt.

20180928_220621

Eg trur eg har gått glipp av mykje fint, når eg måtte køyre det som kanskje er den finaste delen av turen etter at det var blitt mørkt, men då eg køyrde ned mot Egilsstaðir og nordlyset openbarte seg blei det fort gløymd.

Eg skulle sjølvsagt ønske at eg hadde med meg skikkeleg kamera på turen, men når mobilen min klarer å ta dette bildet, så tenker eg at eg omsider kan skryte på meg å ha opplevd nordlyset (på ekte, og ikkje bare sånn «vestlandsnordlys»).

No går turen vidare frå Egilsstaðir mot Akureyri. Kor langt eg skal i dag har eg ennå ikkje bestemt meg for, men det blir definitivt ikkje 733 km.

Eg har for lengst gitt opp å love nye blogginnlegg: livet og dagsformen er for uforutsigbart til det, men eg håper på overskudd til eit nytt blogginnlegg frå resten av reiseruta.

20180928_142640

Fred og kjærleik ❤

Drømmegraviditeten

Spoiler alert: Eg er ikkje gravid! Hvertfall ikkje ennå. Så spar deg for gratulasjonane.

Er det ikkje rart korleis livet ofte tar heilt andre vegar enn den du hadde tenkt? Og er det ikkje rart korleis vi forandrar oss på vegen mot det vi trudde var målet?

DSC06551

Då eg var tenåring såg eg for meg eit liv som evig singel.

Eg kjente meg annleis. Ikkje nødvendigvis på ein dårleg måte. Berre annleis liksom. Eg var meg sjølv. Eg viste ikkje kva eg ville med livet, men eg såg for meg at kva enn eg skulle, så skulle eg gjere det åleine.

Gutter og menn var stort sett noko dritt og kjærleiken var daud. Dessutan var det så mykje anna som var viktigare i livet. Redde verda til dømes.

Litt i seinaste laget fann eg omsider ut kva eg ville bli her i livet. Valet eg tok sendte meg til Os der eg måtte bu på hybel eit år. Då året var omme var planane om å være evig singel gått i vasken; Eg fann ein rar, skjeggete, langhåra fyr som plutseleg blei kjærasten min. Eigentleg var vi bare venner, men i eit svakt augeblik bestemte eg meg for å hoppe i det og gi kjærleiken ein sjanse til trass for dei 12 mila som var mellom oss i starten.

059

Folk som kjenner oss veit at valet vi tok ikkje var så dumt. Det har trass alt gått ganske bra. Vi gjorde sånn som kjærester ofte gjer; Kjøpte oss eit hus, gifta oss og skaffa oss ein søt liten kvalp.

Midt oppi alt dette begynte eg å bli sjuk og atter ein gong tok livet ein vending eg ikkje såg for meg; denne gongen i feil retning. Eg har ingen sjukdom som tar livet av meg, men ein sjukdom som steler livskvalitet, timar, dagar og år av livet mitt. Det er ikkje til å legge skjul på at det er svært vanskeleg å leve med at livet, med alt det potensialet eg ein gong såg, ikkje lenger blei som eg ville.

Årene etter at vi gifta oss har for meg vært ein berg- og dalbane med oppturar og nedturar og prøving og feiling med medisinar. Det har vært mykje frustrasjon når ting ikkje har gått bra, men desto meir glede på gode dagar og når ting har gått rette vegen. Dei siste åra har eg omsider fått god hjelp av medisinar som har heldt meg frisk i lengre periodar, utan alvorlege biverknadar.

På eit eller anna tidspunkt begynte biologien og draumen om meir enn bare hundekvalpar å melde sitt inntog. Spørsmåla hadde allereie vært der lenge; for ein kan vel ikkje forvente noko anna når ein giftar seg og kjøper hus så tideleg som vi gjorde det:
«Kva tid kjem ungane?»

For når passer det eigentleg å planlegge familieauka? Når ein er gift? Når ein har hus? Når kvalpen er blitt stor nok? Når ein har stasjonsvogn? Når ein har fast 100% stilling? Når ein studerer? Når ein har bygga nytt hus med 4 soverom? Når ein er ferdig å studere? Når ein er frisk nok?
Mange seier at ein aldri føler seg klar for å bli foreldre. Eg har ikkje tall på kor mange gonger eg har tenkt inni meg at dei tar feil.

057

Allereie som nygift 21 åring begynte spørsmåla å komme og ein draum oppstod i det fjerne. Joda, born må vi ha, men først fast jobb og arbeidserfaring. Men innan eg er 30: Definitivt!

Livet mitt blei ikkje som eg såg for meg og familieplanlegging er ikkje det som står øvst på lista når ein ligg på eit mørkt rom og vrir seg i smerte. I alle disse åra der eg har hatt meir enn nok med meg sjølv har eg vært vitne til at fleirtalet av dei eg kjenner på min eigen alder får born. På gode dagar har eg våga å drømme…

Eg såg for meg fleire born. 2 kanskje. Eller 3? Helst litt tette sånn at dei kan leika i lag. Og helst født sånn på året at det passer perfekt med barnehageopptaket, for det er vist viktig har eg lest. Og den første skal definitivt være født før eg er 30!

Eg har og sett for meg draumegraviditeten. Ha sex. Bli gravid. Ikkje bli sjuk. Ikkje ha masse plager. Ikkje si noko til nokon før det er gått minst 12 veker. Ikkje være ein sånn person som poster kvar einaste lille graviditetsdetalj på internettet. Bare ha det bra, være gravid og stråle (sånn som alle gravide gjør). As simple as that!

På eit eller anna tidspunkt for veldig lenge sidan gikk vi tom for unnskyldningar: Vi hadde hus, bilar, økonomi og kvarandre. Helsa var brukbar. Kva meir treng ein?

DSC07999

Atter ein gong har livet tatt ei uventa vending som 21 år gamle, nygifte Lina Kristine ikkje hadde sett for seg. Ikkje alle kan ha sex og bli gravide viste det seg. Ikkje alle kan sjå på kalenderen og telle månadane fram mot barnehageopptaket… Etter mange legebesøk, mange prøver og enda meir frustrasjon er det omsider eit faktum: Vi har gått frå planlagt ufrivillig barnlause til å «bare» være ufrivillig barnlause.

Eg får aldri draumegraviditeten min. Kanskje får eg ikkje draumebabyen heller? Og tanken på å produsere meir enn ein baby er meir enn nok til å gi meg angstanfall!

I sommar fikk eg mine siste botox-sprøyter. I løpet av hausten, ei stund etter den kroniske migrenen melder sin ankomst igjen skal vi og legane på Haukeland prøve å lage ein baby.

Snapchat-519178782

Når eg forteller folk dette pleier dei å lyse opp, på same måte som eg ser for meg at dei hadde gjort om eg hadde fortalt at eg var gravid: «Næmmen, så kjekt! Hurra!»

Det er ikkje kjekt! Det er faktisk heilt jævlig! Kun dei som har gått i våre sko veit kor mange tårer, kor mykje frustrasjon, kor mykje skyldfølelse og skam, kor mykje venting, kor mykje plikt-sex, kor mykje tissing på pinnar og kor mykje krangling og diskusjonar det ligg bak dette. For ikkje å snakke om alle legebesøka, blodprøvane, sædprøvane, dei gynekologiske undersøkingane, alle pengane det kostar og det endelause umoglege byråkratiet som sjølv ikkje legane forstår seg på. Og mange har kanskje hatt ein lengre veg enn oss med spontanabortar og andre kjipe ting langs vegen. For frå eit medisinsk perspektiv er vi i det minste heldige som er relativt friske. Sa eg frisk? Eg meinte frisk som at det ut ifrå eit medisinsk perspektiv er håp om at vi ein dag kan bli foreldre. Men før dette skjer kjem er til å bli veldig sjuk og veldig dårleg. Det gruar eg meg til!

Det blir utan tvil ein spennande haust og vinter, men realisten i meg er klar for at det blir veldig, veldig vanskeleg. Vanskelegare enn det har vært nokon sinne. Vanskelig har det vært lenge, men det er ikkje så mange som har vist om det. Ikkje fordi eg er flau eller noko, det har rett og slett bare vært for vanskelig å snakke om. Fram til no…

Det har tatt lang tid å venne seg til at vår (eventuelle) baby ikkje kjem til å bli til på same måte som babyer flest. Det har tatt enda lengre tid å klare å snakke om det. Å forholde seg til kva andre tenker, meiner og sier om situasjonen vi står i klarer eg framleis ikkje.

Snapchat-156927076

Men takket være andre som er opne om at dei er i same situasjon som oss har det blitt lettare og lettare. Det gir håp. Ikkje nødvendigvis håp om at vi ein dag får realisert draumen om ein familie som inkluderer egne, biologiske born, men eit håp om at det går bra til slutt uansett utfall og ein vissheit om at vi trass alt ikkje er åleine oppi situasjonen. Rundt ein av sju par defineres som ufrivillig barnlause i Noreg. Det betyr at du definitivt kjenner nokon med denne diagnosen eller merkelappen (med mindre du bur under ein stein langt ute i skogen). Det er ikkje sikkert dei som har denne merkelappen forteljar deg det, men dei er der likevel. Derfor vil eg avslutte dette dritkjipe innlegget med ein liten bøn:

– Kjenner du nokon i eit langvarig, fast forhold som tilsynelatande har alt på stell, men ingen baby på vei: Ikkje spør dei kva tid babyen kjem. Det er ikkje din sak.

-Kjenner du nokon med ein diagnose (som til dømes endometriose eller migrene) der du har høyrt rykter om at tanten til broren til kusina til barnevakten til naboen din ble betre av å få born: La det ligge! Personen du kjenner har definitivt høyrd det før, og om det er hald i teorien så vær så snill å stol på at legen til vedkommande har kontroll på dette. Sjølv om det for nokon diagnosar kan hjelpe så er det ikkje sikkert at vedkommande vil få, kan få eller er klar for å få born. Og for alt du veit kan det hende at dei prøver så godt dei kan.
Å heile tida få beskjed om at ein blir frisk om ein blir gravid er sårt. Både fordi det ikkje alltid stemmer og fordi ein ikkje alltid får det som ein vil.

– Kjenner du nokon med eit born som er 3, 5 eller kanskje 10 år gammalt, men ingen nummer to i sikte: Ikkje mas om kva tid nummer to kjem, bare fordi du treng noko å småprate om. Diskuter heller været, politikk eller ditt synspunkt på ananas på pizza og les deg opp på «sekundær infertilitet».

-Høyrer du at ei kvinne i fertil alder er sjuk, kvalm eller har lite energi: Ikkje spør om ho er gravid (med mindre det er du er legen hennar eller er den som kan ha gjort ho gravid). Dei fleste kvinner i fertil alder er klar over kva symptoma på graviditet er og treng ikkje ein mann til å spørje om det er på tide med ein graviditetstest (Jepp, det er definitivt menn som er mest ivrig på å oppfordre ein til å teste seg for graviditet).

-Treng du noko å prate om når du blir kjent med nye folk: Spør gjerne om kva dei jobbar med, om dei har familie og om dei likar hamburgaren sin best med eller utan sylteagurk. Ikkje fortel dei at det er på tide å produsere avkom fordi dei fyller 30, er gift og bygger hus med 4 soverom. Det blir fort klein stemning når ein må fortelje om eit ikkje-fungerande underliv før ein har blitt kjent med nokon.

-Høyrer du rykter om at nokon du kjenner er gravide? Dei forteller deg nok om det når tida er inne. Vær tolmodig! Om du ikkje høyrer noko er det enten fordi at
A: Ho er ikkje gravid.
B: Ho er gravid men føler det er for tideleg å fortelje om det.
Uansett kva av alternativa det er så setter du kvinna i ein ubehageleg situasjon. Spesielt om ho er i same situasjon som meg.

-Er du på fest med ei kvinne som ikkje drikk alkohol? La ho drikke colaen sin i fred. Entan ho er gravid, køyrer, er sjuk eller bare ikkje har lyst å drikke er ho (eller han) på fest for å kose seg, ikkje for å bli utsatt for drikkepress eller å svare på potensielt private spørsmål.

Snapchat-1088224008


Eg har lenge tenkt at dette er noko eg vil være open om. Likevel må eg innrømme at det sitter langt inne å dele dette på internett. Eg har mange dårlege dagar for tida og sjølv om eg ynskjer å være open om prosessen vi no går igjennom er det mange ting som er vanskeleg å prate om: Det er ikkje alt eg vil dele og det er ikkje alt eg vil dele med alle. Og på dårlege dagar orkar eg ikkje å forhalde meg til dette i det heile tatt. 

Eg er forberedt på at eg vil få spørsmål og kommentarar om dette, no når eg har valt å skrive om det. Eg håper folk har forståing for at dette er noko eg vel å prate om når det passar for meg. Det er ein ekstremt sakte prosess vi skal igjennom og vi har framleis månadar med venting framfor oss, så for alle som skulle ønske seg hyppige oppdateringar i framtida, så skjer det veldig lite frå den eine veka til den neste: Og om det skjer noko så får folk vite om det når vi kjenner at tida er inne. 

Om nokon lurar på noko eller ynskjer å dele erfaringar så tar eg gjerne imot meldingar. Eg ynskjer ikkje at folk kjem med råd: Det får legane ta seg av! 

Til slutt vil eg sende verdens største takk til alle som har støtta oss sålangt i prosessen og som har heldt ut med meg til trass for at humøret ikkje alltid har vært på topp det siste året. Takken går både til dei som for nokon månadar sidan fekk vite kva vi skal igjennom og til dei som får vite dette for første gang no.
Det har vært godt å ha folk å prate med som veit om dette og det har vært godt å ha venner som ikkje har vist noko, som har fungert som ein «fristad» der eg i periodar har kunne gløymd problema mine og snakka om alt anna enn dette. 
Uansett om du er i den eine eller andre kategorien, så er eg evig takknemleg for alle dei fine folka eg har i livet mitt!

Fred og kjærleik ❤  

Знаки життя з України.

20180812_155816Vi er omsider framme i Ukraina AKA України og ting tyder på at Murphy framleis er med oss. Sidan førre innlegg blei skrevet og delt har…

…Olav Emil blitt stukket av veps.
…Vi har stått i kø gjennom halve Tyskland.
…Vi har sprengt dingsen som lar oss lade ting (utanom mobil) i bilen.
…Vi har leita gjennom heile Polen etter matbutikk med parkeringsmoglegheiter for lastebil (noko som i praksis betyr at vi etter nesten eit døgn utan annan mat utanom chips og sjokolade enda med å parkere ulovleg).
…Vi fekk ikkje plass på «helikopterhotellet» (der vi hadde tenkt å sove).
…Istadenfor ei god natts søvn på «helikopterhotellet» tok vi for oss grensa mellom Polen og Ukraina.  Det tok 7,5 timer, før vi enda opp på «Rå biff- og blodvann hotellet» (Hotellene i Ukraina har, som du ser, relativt originale namn).
…Olav Emil «vært i kontakt med» Ukrainsk politi. Det kosta som vanleg både tid og penger.

Og for å ikkje verke altfor negativ så får eg vel nemne det eg kjem på som er bra sålangt og:
-Vegg- til vegg teppet på hotellet vi bor på i natt verker så reint at eg tørr å gå barbeint. Dessutan har dei både AC, leopardsofa, WIFI og superpent, rosa sengetøy!
-Ved hjelp av google translate og diverse anna forvirrande kommunikasjon klarte vi å skaffe meg vegetarisk pizza. Mozarella, ananas og sopp høyres kanskje ut som ein rar kombo, men eg har ein teori om at alt smaker likt når ein putter dill på uansett. Dessutan er det veldig positivt at pizzaen vi fikk denne gangen var utan sylteagurk. Pizza utan sylteagurk er faktisk noko av det beste eg veit!
20180812_202629
-Alle toaletta på vegen har vært overraskande bra. Så bra at det har vært meiningslaust å ta med seg mobilen inn for å dokumentere tilhøva.
-Polen-sida av grenseposten har fått opp eit fint skilt med toalett-etikette frå UK. Og doen var så rein at eg kunne spist middag der (Men eg tipper britene ikkje driver med den slags).
20180811_225304-Ukrainsk side av grensa var ikkje så rein at eg ville spist middag der (men kven spiser vel middag på do) og bestod av eit hol i bakken. For mange verker dette kanskje som noko som burde stått på lista over ting Murphy er skuld i, men eg vel å sjå på det som ein positiv ting; Eg har for første gang tissa i eit hol i bakken (noko som var på tide etter alle disse rare turane).
20180812_033439
#Doselfie!

Alt i alt har vi det superfint og storkoser oss på tur. Vi begynner turen heimover i morgon kveld, men sidan katolikkane (i Polen) skal feire at Maria stakk opp til himmelen tysdag kveld og heile onsdag med å forby folk å køyre lastebil er reiseruta framleis granske usikker.

Так довго і дякую за всі риби.

Har du spist pizza med sylteagurk i det siste? Eller tissa i eit hol i bakken? Liker du rosa sengetøy og leopardsofaer?

Murphy og meg

«Murphys lov er eit utsegn som slår fast at «noko vil gå gale i kvar ein situasjon om det får sjansen» (things will go wrong in any given situation, if you give them a chance). Vanlegvis vert lova referert slik: «Alt som kan gå gale, går gale», eller kortare: «[Er det ikkje] typisk». «Loven» blir ofte brukt humoristisk, til dømes for å hjelpa på ein irriterande situasjon. »
Kjelde: Wikipedia.

Murphy og eg har vært venner lenge, men den siste tida føler eg at vi har komen nærare kvarandre. Nesten bestevenner liksom…

Eg veit ikkje om eg er eit grusomt menneske eller eit levande bevis på at karma ikkje finnes. For to innlegg sidan lovde eg at neste innlegg skulle bli optimistisk. Hadde det ikkje vært for at helsenorge.no lanserte donorkort på nett veit eg ærleg talt ikkje kva positivt eg skulle skrevet om for dei siste månadane har vært over gjennomsnittet kjipe og trongen til å sutre har gjort det så godt som umogleg å skrive noko som egner seg for verda å lese.

Snapchat-1053481052

No høyres det ut som livet er heilt krise (og sånn kjennes det dessverre ut – innimellom), men for nokon som ikkje blogger om dagens outfit, silikonpupper og restylane så har det ikkje vært mykje å skrive heim om. (For eg kan jo ikkje bare skrive om Botox og organdonasjon lizzm.)

I tillegg til at livet har vært gjennomtrengande kjipt i det siste har Murphy stått trufast med min side heile vegen og passa på at kvar gong eg har spurt meg sjølv om ting kan bli verre no, så står han klar og seier «Bitch please! La meg vise deg.»

hold-my-beer-5aece7.jpg

Trur du ikkje på meg? Vel…

Dei fleste (som kjenner meg) veit at vi har bygd hus det siste året. På dag 3 i nytt hus dytter Murphy meg ned trappene og lagar bulk i veggen. Det blei eit par småbulkar i meg og.
20180619_225927

Som om ikkje det var nok:
Første dag i den etterlengta ferien blei feira med tur i skogen og spontanbad som enda på lækjarvakta med 3 sting i foten. Optimistisk som eg var (for ei gongs skuld) spurte eg legen om eg fikk lov å trene. Tanken på trening fordufta så fort bedøvelsen var ute og det er no 4 uker siden sist eg har vært på fjelltur (…and still counting.)

20180809_235651
Fremdeles høy på adrenalin.

Som om ikkje det heller var nok enda siste natt før eg begynte på jobb igjen med atter eit legevakt-besøk (og noko som minna så mykje om ei «friskmelding» at eg heldigvis kunne reise på jobb igjen dagen etterpå).

I tilegg til dette har eg satt rekord i legebesøk denne sommaren, punktert to dekk på mindre enn 6 timer og eg har laga roadkill av det eg trur var ei ugle. *Snufs*

Det er nok no!

20180808_163659

No er vi på veg til Ukraina og eg håper Murphy har blitt igjen heime. Det har hvertfall gått bra til no.

20180809_132841
Eit tilfeldig bilete frå eit av stoppa i Danmark.

Vi har til no overlevd to døgn på vegen og overnattar no på ein lastebilparkeringsplass i tropevarmen litt utanfor Berlin.

Sjølv om det har vært ein relativt kjip sommar veit eg utruleg godt kor heldig eg er. Eg trur eg kan takka turar som den eg er på no for det. Alle burde ha seg ein slik realitetsorientering ein gong i ny og ne.

For bortsett frå å betale skatt (som eg gjer med glede) har eg ikkje betalt ei krone for alle blodprøvene eg har tatt i sommar. For kvar av dei to legevaktsbesøka eg har hatt, har eg betalt ca ein halv timelønn for legeundersøkingar og materiell. For medisinar og oppfølging etter det siste legebesøket betaler eg ca ei timelønn. For botoxen som holder meg frisk i 12 veker betaler eg ca to timelønner og når den sluttar å verke veit eg at legen står klar og at eg har råd til ny behandling. Dette er faktisk inga sjølvfølge. For mindre enn ein tusenlapp har eg fått helsehjelp som veldig mange bare kan drøyme om.  Hadde eg ikkje budd i Noreg hadde livet mitt mest sannsynleg sett heilt annleis ut.

1385207_542553262494272_17849578_n
Bilde frå hospitering i Mexico: Eit av mange land der det første ambulansepersonellet spør deg om er «Kan eg få sjå forsikringspapria dine?» istadenfor «Korleis har du det? Kva har skjedd?» (Det seier forøvrig mest om systemet og ikkje personane som jobbar i det).

Det meste eg har opplevd i sommar går i kategorien bagatellar. Likevel er det godt å vite at til dømes lege, legevakt og AMK bare er nokon tastetrykk unna og at vi er sikra helsehjelp utan å måtte ruinere oss. Eg har opplevd mange pasientar som venter altfor lenge før dei ber om hjelp til alvorlege helseproblem, men ikkje ein einaste gong har eg høyrd nokon nemne at penger er ein grunn til at dei ikkje har våga å be om hjelp. I Mexico såg det å forlate pasientar som ikkje hadde råd til behandling ut til å være ein del av kvardagen. I mange land døyr folk av sjukdommar som enkelt kan forebygges med kunnskap, medisiner og kosthold.

Ein av grunnene til at livet er kjipt for tida er at eg står i sjukehus-kø. Sjølv om eg er utolmodig og ventetida er vanskeleg veit eg kor heldig eg er som bur i eit land med eit helsevesen som hjelper oss, også når det ikkje står om liv.

DSC07012

Eg hadde eigentleg bare tenkt å sende eit lite livsteikn frå ein truckstopp litt utanfor Berlin, men moralen her er kort oppsummert at sjølv om sommaren ikkje har gått heilt som planlagt og livet er litt kjipt, så veit eg kor griseheldig eg er som har tak over hodet og ein kropp som får hjelp når den ikkje fungerer. Har du tenkt over kor heldig du er?

I morgon går turen vidare til Polen og så til Ukraina. Takka være «Roam like home» så krysser eg fingra for at dette ikkje blir siste blogginnlegg på turen.

Fred og kjærleik

20180809_204323
(Eit lite Illustrasjonsbilete så du kan sjå for deg kor varmt det er her. Eg har satt mine bein på Mc Donalds for første gang på 15 år. Det er svært sansynlig at det går 15 år til neste gang igjen.)

Den vanskelege samtala – no i ei litt lettare utgåve!

For litt over 4 månedar sidan skreiv eg eit innlegg om organdonasjon og om utfordringane ein kan oppleve når ein tek opp dette med sine næraste pårørande. Sidan den gang har eg bevegd meg i høye hastigheter i trafikken på rasutsatte vestlandsveier, oppholdt meg over gjennomsnittet masse på ein byggeplass, nesten kræsja med teite gamle damer som ikkje overheld vikeplikta, ramla i trapper, sklidd i dusjen og drukket meg bittelitt full (heldigvis bare ein ting om gongen). Med andre ord: Eg lever livet! Og som vi alle veit: Livet er farleg, ein kan døy!

dsc02856
Illustrasjonsbilete av at eg lever livet og synes det er heilt ok!

Eg har og fått litt tilbakemeldinger på den super-fantastiske tatoveringen min:

«Den var stilig, men eg hadde ikkje putta den på kroppen sjølv»
«Ooooi, den var fin! Sånn burde alle hatt.»
«…Du går rundt ein ein påminning om at du skal døy…»

Og ikkje minst frå ei tatoverings-gruppe på facebook, ganske fritt sitert: 

«…Hvis du er utsatt for ei ulykke og du mister armen og ambulansefolkene ikkje finner den den igjen så er det ingen som veit at du er organdonor…»

(Årh, eg hatar når det skjer! Gjer ikkje du? #Denkjensla liksom.)

36062923_1639280136182066_8874885880880300032_n
Illustrasjonsbilete frå ein gong eg trudde eg skulle døy på byggeplassen AKA huset vårt, men heldigvis tok feil.

Men folkens gode nyhende:
Du treng faktisk ikkje å tatovere deg for å vise at du er organdonor! Og om du faktisk skulle være så uheldig at du roter vekk tatoveringen din så er det greit med ein plan B.

No kan du omsider legge donorkortet inn i kjernejournalen din. Veit du ikkje kva kjernejournal er seier du? Vel, det er ein relativt ny greie som raskt sikrer helsepersonell viktig informasjon om deg om du blir akutt sjuk. Medisiner du bruker, sjukdommar og allergier er døme på ting som kan stå i kjernejournalen din. Noko av informasjonen i kjernejournalen kan du leggje inn sjølv, mens andre ting kan du be fastlegen din om å leggje inn.

Donorkort er ein av tingene du no kan leggje i kjernejournalen sjølv. Eg vil ikkje nedsnakke det gode gamle donorkortet, men vi lever i 2018 og om du plutseleg befinner deg i vegetativ tilstand eller liknande og nokon har lyst å hauste organane dine er det mykje større sjans for at dei finner donorkortet om du har lagt det i kjernejournalen enn lommeboka. Mange trur at helsepersonell leiter gjennom appene på telefonen din og gjennom lommeboka di på jakt etter donorkort, om det skulle skje deg noko, men sånn er det stort sett ikkje. (Dette er likevel fine verktøy å bruke for å vise standpunktet sitt, så du treng ikkje å kaste donorkortet du har i lommeboka).

Så til det viktigste med dette innlegget; Korleis legge donorkortet i kjernejournalen?

1. Gå inn på helsenorge.no.
2. Trykk på «Logg inn» oppe i høgre hjørne.
3. Logg deg inn med bank-id på måten du foretrekker.
4. Når du har logga deg inn på helsenorge har du tilgang til masse informasjon muligheter. Her kan du finne timeavtaler og henvisninger, sjå på kjernejournalen din, bytte fastlege og mykje anna. Eit av alternativene du får opp heiter «Donorkort» og det er her eg vil at du skal trykke.

Donorkort
5. Inne på neste side bekrefter du at du ønsker å gi bort organer om du skulle døy. Du kan legge inn dine næraste pårørande og blir oppfordra til å prate med dei om valet du har tatt. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ynskjer dette (eller vil ha i pose og sekk) kan du og velge at helsenorge sender dine nærmeste pårørande ein SMS der det står at du har fylt ut eit donorkort.

6. Klapp deg sjølv på skuldera; Du har gjort ei god gjerning og kan potensielt redde 7 menneskjer den dagen du ikkje har bruk for organane dine sjølv.

7. Fortell nokon kva du har har gjort slik at også dei får moglegheita til å gi verdas viktigaste gåve!

20180609_203401
Atter eit illustrasjonsbilete av den finaste mannen i verda som ser på eit stup som eg var relativt nære kanten på.


Eg lovde i forrige innlegg at det neste innlegget (altså dette) skule være litt meir positivt. Organdonasjon er kanskje litt dystert, men dette er definitivt eit tegn på at verda går framover! Heia 2018!

Har du registrert deg som organdonor? Har du snakka med nokon om det? Er du redd for å miste tatoveringa di og at ambulansepersonell ikkje finn den igjen? Har du vært på kanten av eit stup i det siste? Eller har du ramla i trapper og laga bulk i veggen på det nye huset ditt? Er du tilhengar av vikeplikt?

Berg- og dalbanelivet

Vi er halvvegs i juni. «Migraine awareness month». Eller månaden for migrene-merksemd som eg ville sagt på godt norsk.

Og sånn ca no feirer eg 10 års jubileum. 10 år med sjukdommen som får meg til å sette så uendeleg pris på alle dei gode dagane eg har, men og forbanne det faktum at eg i det heile tatt ble født, på dei dårlege dagane. 10 år på det som nokon gonger kjennes som verdas raskaste berg- og dalbane mellom himmel og helvete.

Det finnes dagar og månadar for alt: Migrene, ME, fibromyalgi, brystkreft, prostatakreft, hepatitt, HIV… Alt. Lista er uendeleg. Men kva skal vi eigentleg med ein sånn dag eller ein sånn månad? Er det berre for at vi som er sjuke skal få drukne oss litt ekstra i sjølvmedlidenheit denne tida? For det er vel ingen andre som bryr seg? Det er vel ingen andre som legg merke til desse markeringane?

DSC00383

I går var ein berg- og dalbanedag.

Eg vakna opp etter altfor få timer med dårleg søvn på jobb. Etter eit par koppar kaffi kjente eg meg sånn passe klar for ein dag eg viste kom til å bli lang, men som eg håpte kom til å bli fin. Ca 14 mil, eit par kaffikoppar, eit par tablettar og nokon timer seinare står eg på Os, med den finaste, bestaste, mest tolmodige mannen i verda, klar til å overta nytt hus.

På veg til husovertakinga sender eg ein snapchat til venner og kjente at no skjer det snart. Vel framme i huset forsvinn internett-dekninga og timane går fort mens vi gjer sånne ting som ein gjer når ein overtar hus. Pirking på feil, planlegging og listeskriving.

Nokon timar seinare er vi ferdige og vi tar turen innom postkassen på veg til det vi dei siste 9 månadane har kalla heim.

Skjebnen vil ha det til at kvar gong eg går i postkassen og opnar kjipe brev, så skjer det på ein fredag etter kontortid sånn at eg ikkje kan gjere noko med kva enn dårlege nyhender eg har fått…

Når vi kjem attende til internett-dekning renn gratulasjonane og lykkeønskingane inn på telefonen. Kontrasten mellom det og brevet eg nettopp opna er enorm.

Livet er kjipt for tida. Sjølv om det er masse fint som skjer er det i stor grad prega av venting, legar som ikkje har tenkt å snakke saman og enda meir venting. Dessverre overskygger av og til det negative alt det fine som skjer i livet mitt. Brevet eg fekk i postkassen i går var ein legetime som kjem 5 veker seinare enn kva eg først var lova. Det høyrest kanskje bagatellmessig ut, men ein legetime, med behandling som kjem 5 veker for seint betyr at atter ein sommar skal brukas på å være sjuk. Når dette kjem oppå ein heil haug av andre problem og bekymringar opplevast det nærmast uhandterbart.

Eg er kjempeheldig! I motsetnad til mange andre migrenepasientar har eg funnet ein behandling som fungerer; som gjer at eg kan jobbe 100% og at eg ofte har overskudd til å ha eit liv utanom. Eg har ein nevrolog som eg er veldig nøgd med, og som alle andre fortener ho ferie i sommar.

DSC02227

Eg har for lengst gitt opp håpet om at folk som er friske skal klare å forstå korleis eg har det og korleis det er å leve med ein kronisk sjukdom og kroniske smerter. Samtidig skulle eg ynske at folk sjølv forstod at dei ikkje forstår. Eg må stadig bite tennene saman og prøve å takke høfleg mens folk kjem med tankar og meiningar om medisinbruken min, døgnrytmen min, stressnivået mitt… Livet mitt.

Med mindre du er lege eller har gått i mine sko er det lite sannsynleg at du klarer å komme opp med ein kur eller råd som eg ikkje allereie har tenkt på eller prøvd. Migrene er ein nevrologisk sjukdom; likevel har eg blitt fortalt at eg tenker meg sjuk.

Ja, ein månad for migrenemerksemd trengs definitivt. Migrene er sjukdommen som steler flest yrkesaktive år av livet ditt og reduserer livskvaliteten betydeleg. Eg skulle gjerne gått i tog og skreket ut HØYT at det trengs meir pengar til forsking og at kronisk sjuke pasientar ikkje automatisk blir friske, berre fordi det er sommar og fellesferie og sjukehusavdelingane som ikkje blir sett på som livsviktige er stengt. Eg skulle også kjempa for at fleire får prøve medisinen som har gjort meg nesten frisk, utan å måtte sloss mot det endelause byråkratiet.
Men no har eg dessverre meir enn nok med å holde hovudet over vatnet.

Eg skulle ønske at eg hadde blogglesere som hadde makt og satt på pengesekken som styrer det heile, men så heldig er eg nok ikkje.

Men om det «vanlege» blogglesar vil gjere ein forskjell er håpet mitt at folk ser begrensingane sine når det kjem til å komme med råd om korleis eg skal leve livet mitt samt medisinske råd. Og at folk senker forventningane til kva eg skal klare og korleis eg skal ha det i ein periode der veldig mykje opplevast som kjipt.

Eg er ekstremt takksam for at eg bur i eit så rikt land, har medisinar som fungerer, leger som hjelper meg (bortsett frå på sommaren), har ein fantastisk jobb, er gift og byggar hus med den finaste mannen i heile universet, har to nydelege hundar, fantastiske venner og familie rundt meg som er tolmodige når eg er dårleg. Eg er til og med takksam for perspektivet på livet denne sjukdommen har gitt meg, likevel opplevast disse dårlege periodane som ein enorm sorg over livet som ikkje blei slik som eg gjerne ville.

cropped-dsc003771.jpg

No skal eg flytte inn i nytt hus og nyte sommaren og livet så godt eg kan mens eg ennå er sånn akkurat passe frisk.

I mellomtida foreslår eg at «awareness-dagane» for alle kroniske sjukdommane flyttast til fellesferien. Om ingen høyrer på oss eller bevilger penger til forsking er det hvertfall då vi fortener og drukne oss i sjøvmedlidenheit; og det er då vi fortener og treng å bli sett.


Det er frustrerande å være sjuk og å ikkje ha det bra i ein periode av livet der alle forventar at eg skal gå rundt i konstant lykkerus over nytt hus. Sjølv om eg gruer meg til det som kan bli ein tung sommar så har eg heldigvis mange fine dagar. Neste innlegg kjem forhåpentlegvis snart og eg lover at det blir mykje meir positivt!

IMG_20180617_031337_733.jpg

Fred og kjærleik!

Den vanskelege samtala

Det var ein gong ei tenåringsjente. Ho kan ha vært 15, 16 eller kanskje 17 år. Som mange andre tenåringar var ho litt rebellsk, men også ganske idealistisk. Som ungdommar flest gjekk ho på skule. Fritida brukte ho på å prøve å redde verda, trene og synge i tensing-kor, alt med mindre hell.

Det var ein vakker dag og mora hennar ana fred og inga fare då dottera kom heim frå skulen denne haustdagen. Dei satte seg ned ved kjøkkenbordet, der middagen var servert. «Mamma, når eg døyr vil eg bli organdonor» kom det frå den eldste av husets to tenåringar. Det blei heilt stille.

«Lina Kristine…» sa ho med tårer i augene og tonefallet som bare kunne komme frå ei mor som såg livet til dottera passere i revy framfor augene hennar; «Dette orkar eg faktisk ikkje å snakke om.»


Hukommelsen min er desverre ikkje så god at eg kan skryte på meg at dette var nøyaktig det som skjedde ein dag for 10-15 år siden, men det er ca sånn eg hugser det når eg prøver å tenke attende på det. Samtala med pappa var heldigvis litt lettare. Mannfolk er fine sånn sett: Dei ser den fine tanken bak orda «Eg vil bli organdonor» framfor å sjå for seg 16 åringen som syklar utan hjelm, den lille turen ut i mørket utan refleksvest, bilen i fjellveggen eller den der festen der alt går galt… For det går jo stort sett alltid bra. Gjer det ikkje?

DSC08701
I Noreg finst det ikkje noko register der ein kan melde seg som organdonor. Ifølgje dei som har peiling er det like greitt: Statistikken over organdonasjonar er ikkje så verst. Samanlikna med andre land vel å merke.

Spania som heller ikkje har noko register og derfor kan samanliknast med Noreg, ligg på Europa-toppen i antall donasjoner. Noreg er ikkje så langt bak. Både Sverige og Danmark som har register er dårlegare enn Noreg.

Likevel døyr folk mens dei ventar på nye organ. Kva som er ei god løysing på problemet veit eg ikkje, men eg veit at den dagen eg døyr og ikkje lenger har bruk for kroppen min, så vonar eg at den kan være med å hjelpe nokon som treng det.

Å bli organdonor i Noreg er relativt enkelt; Alt du treng å gjere er å si det høgt til dine næraste pårørande.

«Eg vil bli organdonor»

Så lett men likevel så vanskeleg. For kven er dine næraste pårørande? Entan det er foreldre, ektefelle, søsken eller born så er det sannsynlegvis (og forhåpentlegvis) folk som er glade i deg og vil at du skal leve så lenge som mogeleg. Tanka på at vi ein gong skal døy kan være vanskeleg for mange. Når temaet kjem opp trur eg det går opp for mange at livet faktisk er sårbart og at vi kan miste kvarandre. Likevel trur eg det er viktig å bite tennene saman og ta samtala, uansett kor vondt det gjer.

For ein ting er sikkert: Den dagen du går heimefrå i mørket utan refleksvest eller gløymer bilbeltet og kræsjer i ein fjellvegg og får døydelege hovudskadar så kjem det ein enda vanskelegare samtale.

2013-09-08 15.41.52

I 2016 kom eit nytt lovverk som seier at dei pårørandes rolle er å stadfeste donorens standpunkt. Dei skal ikkje ta avgjørelsen for deg. Lova er omdiskutert av fleire årsaker, men om ein skal sjå på det positive tydeliggjør den viktigheita av at ein tar eit standpunkt mens ein ennå er i live og at så lenge standpunktet er tatt og kjent kan ein ifølgje lovverket gjennomføre organdonasjon utan godkjenning frå pårørande. I praksis er nok dette langt frå det som skjer, då det i stor grad blir tatt hensyn til pårørande, men eg synes likevel at det er fint at vi har ein lov som seier at det er ein sjølv som bestemmer over sin eigen kropp, også etter at ein er død.

Sjølv om eg har trua på at mine næraste pårørande klarer å fortelje kva ynske mitt er den dagen eg ikkje klarar det sjølv har eg valgt å forevige standpunktet mitt på kroppen.

(I tilfelle du ikkje kjenner igjen figuren er det Dunce frå «Dumb ways to die«. Han selger begge nyrene sine på internett og er kjempenøgd med den gode dealen han har gjort, uvitande om at han snart skal døy.)

Over 400 mennesker stod i donorkø ved inngangen til 2018. Ved å si ja til organdonasjon kan ein i beste fall redde 7 av disse. Ein gjennomsnittlig organdonor redder 4 menneskeliv!

Sjølv om dette er fine tall skal eg forsette å bruke refleksvest og bilbelte, tenke eigentryggleik når eg er på jobb, ikkje drikke meg for full på fest og ta vare på helsa så godt eg kan. Noregs elste organdonor er 90 år, og om eg tar vare på meg sjølv så blir eg forhåpentligvis minst like gammal – og ekstra tøff, med tatoveringer på kroppen.

DSC03727

Og du; Om du synes det er litt drastisk med organdonasjonstatovering kan du frå hausten av legge inn ditt standpunkt til organdonasjon i kjernejournalen din på helsenorge.no. Då vil sjukehuset umiddelbart ha tilgang til standpunktet ditt om det skulle være nødvendig og pårørande vil bli varsla om at du ynsker organdonasjon. Imens oppfordrar eg alle til å ta ein prat med dei yndlingsmenneskjene sine om organdonasjon!

Bruker du refleksvest og bilbelte? Vil du bli organdonor når du døyr? Har du prata med yndlingsmenneskjene dine om organdonasjon? Synes du 90-åringar med tatoveringar er tøffe og barske?

(Unnskyld mamma!)