10 Tips for ein aktiv (laste)bilferie

For ca 3 måneder siden, på eit hotellrom ein eller annan plass mellom her og Ukraina begynte eg å skrive på dette blogginnlegget. Då eg reiste til Ukraina var selvfølgelig håpet å komme heim med #bikinikroppen2015 (er det ikkje derfor vi alle reiser til Ukraina på lastebiltur?)

I anledning at mannen og svigerfar har reist til Ukraina igjen nå (dei luringane) tenker eg at dette er eit særdeles passande tidspunkt å poste «10 tips til ein aktiv lastebilferie». Om dei følger alle tipsa er det ikkje umulig at dei kjem heim med 6-pack og kvilepuls på 32!

Det har vært eit par saker i media i det siste om fagfolk som er kritiske til bloggere utan god nok utdannelse som gir råd om trening og kosthold. Ein av «ekspertene» meinte at ein ikkje burde gi konkrete råd, men heller si «Dette funker for meg»…

Eg kom ikkje heim med #bikinikroppen2015 (og det er kanskje like greit når ein er på jobb 24/7/nesten365) så konklusjonen er at tipsene under her ikkje funka for meg. Så om du ikkje vil prøve tipsene mine, så kan du jo gjøre det motsatte. Kanskje du ender opp med #sommerkroppen2016 og #bikinifitness2017?!

611e454aa8ebae0da10b343d370ad867
Denne kom eg over hos min gode venn «google» då eg søkte etter eit obligatorisk «motivasjonsbilete» (for alle treningsblogger har det!). Oh, the irony lizzm…


1. «If you fail to plan, you plan to fail»

Mens enkelte ikkje ein gang klarer å hugse passet sitt når dei skal på lastebiltur ut av EU (*kremthostolavemilhosthosthark*) er det andre som hugser alt. Treningstøy for eksempel!

Med baggen full av treningstøy er det stor risiko for at kjem heim med baggen full av reine klær, men uten baggen full av treningstøy er det stor risiko for at du har atter ein unnskyldning til å ikkje trene!
DSC07135
Bare eit lite bevis på at treningstøyet mitt blei brukt!

2. Ta med deg svigermor!
Har du ei svigermor? Ta ho med på lastebiltur. Sjangsen er relativt stor for at svigermora di ikkje veit kva bulgarsk utfall og dips er. Er ho like kul som svigermora mi kan du bruke ventetiden på den ukrainske tollstasjonen til å lære svigermora di dips, samtidig som du får litt gratis trening på kjøpet!
DSC06375
Illustrasjonsbilete av svigermor som er superfornøyd og superkul i superlastebilen!

3. If you didn’t document it, it didn’t happend.
2015-04-04 00.26.46
Skritteller er ein fin måte å måle fysisk aktivitet. Eg anbefaler veiene (utafor motorveiene) i Polen, Slovakia og Tjekkia. Der får ein ekstra mykje skritt på relativt få kilometer med køyretur. Ganske praktisk å kunne «gå» over 15 000 skritt når alt ein gjør er å bevege seg ut av lastebilen for å gå på do og for å spise.

Det teller så lenge det er dokumentert, sant?

4. Drikk nok vann

Nå trur du sikkert at eg kjem med den klassiske talen om kor viktig det er å holde seg hydrert osv. Neida, drit i det.

Poenget her er kort og godt: Det som går inn må og komme ut som bringer meg videre til neste punkt…
DSC06778
Illustrasjonsbilete av Vodka/водка som visstnok betyr vann.

5.Tren når du kan!
IMG_20150329_173044
Du ser eit skittent toalett. Eg ser ein fantastisk mulighet for litt statisk beintrening!
(…Og som nevnt i forrige post: Drikk mykje vann, og du vil få denne fantastiske muligheten OFTE!)

Uten navn12345
Atter eit motivasjonsbilete: «Legday is everyday» og alt er lov, sjølv om eg fraråder falling på skittne dogulv! (Trykk på bilete for å komme til sida eg stjal det frå).

6. «Oppkarbing» er viktig!
IMG_20150329_141930
Pek på masse tilfeldige ting på ein meny med russiske bokstaver, og vips så har du ein heil haug med karbohydrater (dette bilete er frå den eine gangen eg var så heldig at noko av karbohydratene kom i form av grønnsaker).

Eg har lest at karbohydrater er viktig før trening. Eller var det etter trening? Ev valgte hvertfall å være på den sikre sida: Ei uke med karbohydrater, joggetur på ca 5 km, og så nokon dager til med karbohydrater. Det funka ikkje 100%, så neste gang vurderer eg å trappe litt ned på karbogydratene og litt opp på treningsmengden (men det er sjølvsagt viktig å ikkje bli overtrent!)

7. Finn ein olympisk løpebane!
IMG_20150403_001541
.
..for dei er jo overalt!

8. Meld fra om kvar du går:2015-04-04 00.25.18
«Eg går til venstre» sa eg til Olav Emil før eg forsvant frå den relativt shabby delen av byen til den delen som såg litt meir ok ut. Joggeturen gikk blandt anna på skogsveien og på ein sti der eg løp slalom mellom tomme spritflasker og slitne, forlatte klesplagg frå byens løse fugler. Lurer på om Olav Emil hadde klart å gjette seg frem til kvar han skulle leite om eg hadde forsvunnet her…

9. Dropp prokrastineringa!

Neida. Dette er ikkje eit punkt som står der bare fordi eg er stolt over at eg kan eit så vanskelig, avansert ord. Viste du at prokrastinering betyr utsettelsesadferd? Appropo utsettelsesadferd, her er eit bilete av meg som tar selfies istedenfor å trene:
IMG_20150402_105813
Funfact: Ca. 90% av selfiesene mine blir tatt i prokrastinerede tilstand!

10. Slå en god gammeldags floke!DSC07066…Gjerne med ein glad polakk!


Og siden Olav Emil etterlyste dagens spørsmål for to innlegg siden får han viljen sin denne gangen:

Har du ei kul svigermor? Har du trukket vodka i det siste? Liker du å ta knebøy over skittne toalett? Når ramla du sist på eit skittent badegulv? Slo du deg? Har du vært bevistløs? Veit du kor lenge du var bevistløs? Husker du kva som skjedde før du ramla? På ein skala frå ein til ti, der ein er ingenting og ti er det verste du kan tenke deg, kor vondt har du akkurat nå? Har du nokon allergier? Har du vært på sjukehus i utlandet dei siste 12 månedene? 

#jobbmodus #jaeggledermegtilågåavvakt

«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

«Skru på sirenen og gje meg varige mèn»

IMAG7052
(Ein av grunnane til at det er umulig å sove ei heil natt i Mexico City utan øyreproppar! Funfact for folk som ikkje har peiling på sirener: I Noreg har dei fleste utrykkningskøyretøy to sirener som dei veksler mellom! I Mexico er talet uendeleg og dei har ein radio/megafon i tilegg!)

6 dagar med hospitering er gjennomført og statistikken sålangt ser sånn ut:

5 trafikkulykker (dei fleste mindre alvorlige)
2 tømminger av absess (!)
2 Idrettskader
1 mulig beinbrudd
1 overflytting frå sjukehus til sjukehus
1 psykiatri
1 skrubbsår
1 urinvegsinfeksjon
1 transport av sengeliggende pasient frå heim til bedrift for å skrive under på (ikke helserelaterte) papirer for så å køyre heim igjen.

Eg skal innrømme at eg forventa sjangsen for å treffe på pasienter med litt meir «spennende» tilstander var litt større i ein millionby enn i lille bygde-Noreg, men realiteten er vist ein heilt annan. Meksikanere har i det minste ein tendens til å få den minste lille ting til å virke spennende.

IMAG7048

Til nå har vi hatt 3 dager i ein privat ambulanse og 2 dager i ein offentlig ambulanse. Ein relativt stor andel av pasientene ville aldri vært i nærleiken av ein ambulanse om dei befant seg i Noreg, men fordi det er penger i bildet får dei hjelp av ambulansen likevel (ofte i form av ibux, voltarolkrem og enorme mengder bandasje, også på ubetydlige skrubbsår).

Vi har og vært vitne til at pasienter som (etter vår meining) burde få hjelp/legetilsyn etter ulykke ikkje får det på grunn av kostnadene.

I morgon er 2.siste dag i Mexico City og siste dag med hospitering (for min del) og atter ein gang prøver vi oss på ein ny teneste. Kanskje i morgon er dagen vi får sjå dei tinga som preger avisforsidene og gjør Mexico City til verdas 2.farligste by?

IMAG7038

 

MEXICO CITY!

2013-09-08 15.41.52

 

Ein oppdatering til alle som ikkje følger med på facebook: Etter ein dag på reise (og 7 frivillige + 6 ufrivillige døgn fanga i ferieparadis/drapshovedstad) er vi omsider tilbake i Mexico City. Bussturen tok litt over to timer meir enn vanlig men gikk overaskende greit. Nå håper vi at værgudene er på vår side, så vi slipper fleire rare, uventa utfordringer.

(Ein heil haug med bilder er lasta opp, så det kjem nok eit bildeinnlegg snart, sånn at folk kan se at vi ikkje har hatt det så ille som det blir fremstillt på nyhetene).

Deres hus/hotell brenner (og hei Emanuel!)

Nei, vi sitter ikkje i Mexico og spiller monopol (sjølv om det ikkje hadde vært å forakte i drittværet), men hotellet vårt brenner likevel og vi har fått vårt første møte med redningstjenesten i Mexico. HMS er vist eit relativt ukjent begrep her, så utan verneutstyr sprang brannmann Sam inn i det brennende rommet og røska med seg en brennende madrass før han kom hostende ut. Politiet stod sjølvsagt fullt bevæpnet og passa på. Og merkelig nok kom ambulansen ifrå det utan å måtte jobbe…

DSC06712

Det siste planlagte døgnet i Acapulco har strømmen kommet og gått, og internetten har bare gått. Vi har fått med oss akuratt nok nyheter til at vi skjønner at uværet vi befinner oss i har fått eit navn. Det synes vi er velfortjent når det har regna i over 4 døgn utan stopp (og da snakker vi SUPERregn med elver i gatene, og ikkje sånn pingleregn som finnes i Bergen).

DSC06740

Utan internett, på eit hotell der vi måtte rasjonere dopapiret begynnte vi å føle oss veldig klare for å starte livet i storbyen, sånn som vi egentlig hadde planlagt. Acapulco er ein nydelig by, men heilt klart mykje lettere å oppholde seg i utan konstant nedbør. To litt slitne jenter sjekker ut av hotellet og aner fred og ingen fare når de får beskjed om at vegen mellom Acapulco og Mexico City kanskje er stengt. Fulle av håp møter de likevel opp på busstasjonen og sitter i 12 timer med kryssa fingre før dei til slutt gir opp og tar inn på eit nytt hotell (der dei ikkje må rasjonere dopapiret.)

DSC06753

Utan mat og drikke, duger helten ikkje.

I dag har det omsider slutta å regne. Om det tar ein dag eller en uke før veien er åpen igjen aner vi ikkje, men vi krysser fingra for at vi kjem oss av gårde så snart som overhodet mulig! Vi krysser og fingrene for at timene på busstasjonen går fortere i dag: I går var vi vitne til forelska kjærestepar (med aldersforskjell som gjorde at vi først trodde det var mor og sønn) som ikkje hadde nok med 12 timer klining i full offentlighet: de klemte også kvisene til hverandre! Vi trøster oss med at det av og til er praktisk at matlysten ikkje er på topp…

(Og til alle som har tenkt å komme med «Det regner jo på vestlandet og»-kommentarer: Nyhetene melder om alt ifrå 13-21 døde dei siste dagene, så dette er eit par hakk verre enn det ein opplever heime).

IMAG6926

Sognesommer

Denne sommeren har bestått av:

Fine netter:
DSC05727

Fine dager:
DSC05712

Varme dager:
IMAG6562

Tåkete dager:
DSC05699

Bedre måltider:
IMAG6473

Ekstremt dårlige måltider:
IMAG6667

Barsk aleinebading i iskalde fjellvann:
IMAG6644

Tilsynelatende uoppnåelige fjelltopper:
IMAG6666

Røde postkasser:
IMAG6603

Lunsj frå naturen:
IMAG6630

Nokon andre sin middag til hausten:
DSC05728

Gul bil og uendeleg mange ferjeturar:
IMAG6474

Gnagsår:
IMAG6577

Fjelltur med familien (hvertfall deler av den):
DSC05776

Hopping:
DSC05800

Enda meir hopping:
DSC05831

Dritfin utsikt:
DSC05766

Posering på høgt nivå:
DSC05794

Balansering på akuratt passe nivå:
DSC05784

…Og til slutt ein god dose flaks (altså uværet som bryter løs idet du setter deg under tak etter nesten 6 timers fjelltur):
DSC05865

Ellers kan det nevnes at sommeren trenger meir av dette:

Skopuss:
DSC05777

Mannen:
DSC05225

Laffen:
DSC05021

Og sist, og faktisk minst:
IMAG4168
(Olav Emil: Føler du deg litt sånn som pusen ser ut på dette bildet, eller tar eg feil?)

Korleis er din sommar? Saknar du og pusen din? 

Hei Maputo!

I dag…
…har vi stått opp superubermongotidlig (4.30!!!) for å se på dyrene i Afrika og alt de har å gjøre.
DSC02409
…har vi reist frå Krugerparken i Sør-Afrika til Maputo i Mosambik.
DSC02502
..har vi fått atter eit stempel og eit superfint klistremerke (med bilde) i passene våre.
…har vi oppdaga at trafikken i Maputo er sjuk! Supersjuk!
…har vi atter ein gang bestillt tilfeldig mat frå ein meny vi ikkje forstod noko av, fordi vi ikkje kunne språket med likevel fått brukbar mat (denne gangen uten dill og sylteagurk).
IMAG5162
…har vi sett havet (og en ferje) for første gang på lenge.
IMAG5155
…har vi snakka med Laffen på skype.
laffen
…har Olav Emil blitt kalt for «Jesus Christ» av tilfeldige på gata.
…har vi ligget på ryggen i bassenget heilt aleine og sett på stjernene (alle ca 15 om ein legger godviljen til).

De siste tre dagene (siden forrige oppdatering)…
…har vi vært i Krugerparken i Sør-Afrika.
DSC02281
…har vi sett ein heil haug med spennende dyr.
DSC02477
…har vi spist ein heil haug med spennende dyr!
DSC02483

…har kona blitt sobrennt på venstrearmen, og mannen på høyrearmen.
DSC02514…har vi fått nytt yndlingsspill.
IMAG5142

Vi savner…
…Laffen!
…Norsk internett!

Og vi avslutter med atter eit av livets store spørsmål (dette er kanskje eit av dei aller største):
solskilleKorleis i alle dager klarer ein å få eit slikt solskille? Forslag mottaes med stor takk! (Ikkje fordi eg har lyst på eit sånn skille, men fordi eg nesten ikkje får sove fordi eg funerer sånn på at det går ann).

Sør Afrika og Botswana

Dagen før avreise gikk en svart katt over veien, på gangfeltet, mens han smile ondskapsfullt til meg!

DSC00794Dette bildet må dere nyte! Det tok nesten ein time å laste det opp…

Mannen har influensa og blør neseblod(kan nokon tipse avisene?), kona har vondt i hodet og 25 anonyme prosent av reisefølget har diare! (Nyttårsforsetter skal brytes!) Ellers er vi friske som relativt sjuke fisker. Vi er nesten tomme for paracet, ibux og malariaprofylakse og apotekdama prøvde å presse i oss antilykkemalariapiller. Bilen er eit kapittel for seg selv.

Her skulle det vært eit bilde av den tøffe, litt teite bilen.

Da vi kom ned hit var det første som skjedde at vi ikkje fikk start på bilen igjen etter det første bensinstasjonstoppet. Batteriet ble byttet og siden det har vi likevel kjørt runt uten batteri og naturlig nok uten kjøleskap, noko som er relativt upraktisk når man er på campingferie i Afrika. Relativt store deler av dagen i går har blitt brukt på å sitte på land rovers bilverksted for å bytte atter eit bilbatteri.

Her skulle det vært eit bilde av meg og Olav Emil i ekte fjortisstil, mens vi sitter på bilverkstedet og venter.

Den svarte katten fikk viljen sin. Nå er kjøleskapet omsider kaldt og eg er herved ferdig med sutringa!

Til tross for ødelagte bilbatterier, sjukdom, varmt vann og litt ekstra utfordringer på veien har denne ferien allerede klatra seg til toppen på den ikkje-eksisterende topp ti lista over tidenes beste ferie. Og vi er såvidt begynnt på turen.

Fredag 4. jan reiste vi nedover. Turen tok ca. ett søvnløst døgn. Olav Emil sov med åpen munn og flyselskapet stod for underholdning i form av skjermer med rare serier og passe bra musikk. Mannen som satt på rekka ved siden av oss sov hele natta, etter å ha drukket en respektabel mengde sprit, med hodet fremoverlent mot hodeputa (som en bevistløs person i ein bil med airbag etter bilulykke) og klarte nesten å vekke abulansearbeider-refleksene i meg.

Her skulle det vært bilde av fine, lille mannen med eit stort lass med bagasje.

På flyplassen i Sør Afrika møtte vi Lars Peder (OEs bror) og Eivind (the lady). Eivind slapp nesten ikkje gjennom tollen fordi han var «for hot». Etter hvert ble vi plukket opp av en fyr fra selskapet vi leier bil fra. Sjefen hadde blitt sendt heim frå jobb fordi han var overarbeida, så kurset vi var lova ble til eit minikurs, og vi ble sendt ut i den store vide verda i eit passe avansert køyretøy.

Her skulle det vært atter eit bilete av bilen.

Tilfeldighetene ville ha det til at det bare var 1/3 tank med drivstoff på monsteret, så vi stoppa på første bensinstasjon (heldigvis i gangavstand frå utleiefirmaet). Bilen ville ikkje starte og alarmen peip (…og peip og peip og peip og peip…) Etter litt om og men kom dei med nytt batteri til oss og reisen kunne forstette.

Etter litt køyring begynnte stakkars mannen å bli sjuk, og LP overtok. Det tok ikkje lang tid før vi blei vinka inn av politiet. (Det virker nesten som dei gir alle som er arbeidsledige i Sør Afrika ein politiuniform, som dei kan stå i grøftekanten å henge i, for eg har aldri sett så mye politi før). Politiet prøvde å overtale oss til å innrømme at vi smugla våpen, men siden vi ikkje gjorde det så gikk jo ikkje det. Vi slapp heldigvis unna utan problemer.

Her skulle det vært bilde av stakkars syke mannen, og av Eivind som smiler lurt mens han gjemmer våpen i baggen til LP. Evt. kunne eg og lagt inn bilde av ein av dei mange politikontrollene, om internettet hadde tilatt det…

Etter nokon timer med køyring kom vi frem til der vi skulle sove. Mannen hadde bestillt plass i «luksustelt» med badekar, så vi var relativt spennte på hvordan dette ble. Frå hovedveien og inn på campen (nokon kilometer) måtte vi tappe luft ut av dekkene for å komme oss frem. På vei ut traff vi på fleire dyr.

Her kan du se for deg eit bilde av masse spennende afrikanske dyr.

Vi kom frem til luksustelt med badekar, toalett og sengeplass til 4. Her bodde vi i to netter. Kjøring rundt i parken for å se på dyrene om dagen, bål og matlaging på kvelden og soving om natta. I løpet av kjøreturene har vi blandt annet sett levende zebra, død zebra, giraff, helikopter-øyestikkere, bæsjende struts og dyrene som drepte Mufasa (i løvenes konge). Eg har og sett ein enhjørning, men den var det ingen av de andre som fikk med seg, desverre…

Her skulle det vært bilde av ein daud zebra, tre levande zebraer og eit bilde av ein einhjørning kopiert frå google.

Køyringa rundtomkring i parken var minst like artig som alle dyrene (bortsett fra den bæsjede strutsen, for det er noko av det artigste som har skjedd nokon sinne!!!). Det er utrolig hvordan bilen er i stand til å komme seg frem.

Her skulle det vært bilde av ein struts ca 5 sekunder etter at den er ferdig med å bæsje (dumme, treige mannen)

Etter to netter i Sør Afrika reiste vi videre til Botswana. Her har vi satt av LP (OEs bror) og Eivind (the lady) som skal være her i praksis i 3 måneder (heldiggriser!). Så mens LP og Eivind sover i hus sover eg i bil med febermannen. Vi har nå hatt to netter i Francistown i Botswana. I dag morges våkna vi av at herr Nilson stod på panseret på bilen.

Her skulle det vært bilde av Herr Nilson.

I dag reiser vi nordover og vi blir nok utan dekning ei god stund fremover. Innlegg med bilder kjem forhåpentligvis når vi har nettdekning igjen.

Dagens funfact: Alle hundene i Afrika bjeffer om natta!